Søndag 29. oktober 2017: Zumbrota, MN; Westby, WI

I natt sov eg rimeleg bra, eg sovna i ti-tida i går kveld, nokså trøytt, eg vakna til i tre-tida, men sov så vidare til klokka var sju. Så kanskje eg klarer i finne den nye døgnrytmen nokså raskt denne gongen – eg håpar i alle fall det. Det synet som møtte meg i vindauget i dag tidleg var ikkje akkurat oppløftande, det var snøkvitt ute, og det var også kaldt – godt under frysepunktet og kald vind. Eg tok det litt med ro frå morgonen, såg litt i nettaviser, fekk meg litt frukost og hadde litt kontakt med gamlelandet. Deretter sette eg kursen ned mot Zumbrota sentrum for å sjå meg litt rundt. Som venta hadde ikkje denne småbyen så veldig mykje å vise fram, det einaste var kanskje den gamle brua over Zumbro-elva. Dette er ei bru med overbygd tak, noko som visstnok var vanleg på 1800-talet, no er dette den einaste overbygde brua som står igjen i Minnesota. Eg hefta ikkje så veldig lenge som bruarkitektur-student, å inspisere dette byggverket var unnagjort på mindre enn ti minutt. Deretter sette eg kursen mot Wisconsin for å ta ein liten tur på «memory lane» i La Crosse. Her må det ha vorte gjort mange store endringar, eller kanskje er det berre det minnet mitt som har gått igjennom ein litt hardhendt redigeringsprosess. Men eg fann da universitetet utan så veldig store vanskar, og eg fann også igjen huset der eg ein gong budde (og alt dette heilt utan å bruke GPS). Deretter sette eg kursen opp til Westby der eg skal vere dei neste dagane. Eg var innom Borgens og fekk meg «kjøttkakur» til lunsj – men det var ikkje kjentfolk å sjå der denne gongen. Eg sjekka så inn på Old Towne motel før eg kontakta Larry. Han var litt bekymra fordi han trudde at eg skulle kome dagen før, men vi avtalte å møtast for å ete «søppel» i 6-tida. Ettermiddagen vart roleg, eg var ein snartur bortom Viroqua for å hamstre batteri og kjøpe meg prærietøflar. Ut over det gjorde eg ingenting og eigentleg var det også litt godt, for i morgon startar feltarbeidet, og da er det jo greitt å vere litt utkvilt.

Litt før klokka seks tusla eg over til restauranten, og dei første som da kom inn døra var Sandra og Ron, og like etter kom Larry og Gary. Det var veldig triveleg å treffe dei igjen, å kome til Westby er nesten som å kome heim. Larry ville helst snakke norsk, men det er litt upraktisk når dei andre ikkje forstår så mykje av dette fantastiske språket. Han var i toppslag, og i løpet av stunda vi var der, fekk han gjort nye avtalar ned kjenningar på restauranten for dei neste dagane, i tillegg til dei han alt har skaffa. Vi møtte også Paulene, enka etter Howard, ein av grunnpilar-informantane våre her borte. Ho Pauline er sterk, men det er sjølvsagt ikkje lett å bli åleine.

I morgon klokka ni startar vi opp, og dette trur eg skal bli moro, det bruker jo gjerne å vere det. Det eg ser mest fram til, er ein familie i Readstown: Ron har vore i kontakt med dei, og dei vil gjerne møte meg – håpet er at vi får det til i morgon, viss ikkje får det bli ein av dei andre dagane. Det som gjer denne familien spesiell, er at det er mor og barn. Mora er teknisk sett 3-generasjonsinnvandrar (mora hennar var fødd i Broklyn, men flytta heim nokre år før ho returnerte igjen), dama er i 40-åra og snakkar norsk, og det gjer også barna hennar – og dei er i skolealder, den yngste meinte Ron måtte vere 6-7 år! Dette bør bli bra – håpar eg! Ron skal ringe på nytt i morgon tidleg for å gjere avtale, så da veit eg litt meir.

No har klokka her passert ni på kvelden, og eg tek til å bli trøytt – om ikkje lenge (men helst ikkje før ti dersom eg på ekspressfart skal klare å snu døgnrytmen her) er det nok sengetid for slike som meg. Dessutan må eg snart tenke på det vidare programmet, eg har husrom her i byen fram til onsdag, deretter hadde eg tenkt å flytte litt på meg. Lac qui Parle er ei mulegheit, Iola er ei anna. Vi får sjå kva det blir til.

Og slik går nu dagan ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *