Laurdag 28. oktober 2017: Halden, Minneapolis, Zumbrota

I vinter fekk eg nokre tusenlappar frå ISKF (kva no det eigentleg er) til å reise «over there» for å gjere meir feltarbeid. Og etter mykje fram og tilbake (og ikkje minst spekulering), bråbestemte eg meg for nokre veker sidan og bestilte tur. For desse pengane må brukast i dette kalenderåret, må vite. «Timinga» var absolutt ikkje den beste, det er ting som skjer på jobb, i tillegg til at vi har hatt ei litt større oppgradering av huset, så eigentleg burde eg ha vore heime og teke tilhengarlappen (har oppdaga at eg har hengar som eg ikkje har lov til å bruke), rydda og køyrd bort rusk og rask etter oppussinga (viss eg da hadde hatt denne lappen), mala og gjort ferdig i 2. etasje, i tillegg til å rydda opp i resten av kåken. Men med snill og tolmodig kone er det muleg å snike seg unna slikt og reise til Prærien i staden. Så klokka 6 i dag tidleg ringde klokka, snill kone køyrde meg på stasjonen ein liten time seinare, og i sjutida gjekk toget frå Halden. Reisa opp til Gardermoen er det absolutt ikkje noko å fortelje om, og Gardermoen baud heller ikkje på dei heilt store opplevingane. Litt venting her, litt venting der …

Denne gongen gjekk amerikaturen via Amsterdam, og nytt er at ein no må gjennom eit intervju før ein får sesse seg på flyet over Dammen. Det heile gjekk eigentleg nokså industrielt for seg og køen gjekk fort unna. Ein kan jo sjølvsagt lure på kor effektivt dette er i arbeidet med å stoppe tullingar med sprengstoff i handveska, det er nok mest for å kunne vise handlekraft. Eg slapp derfor igjennom. Turen over dammen tok rundt 8 timar, og det var veldig laaange timar. Eg var så heldig at eg hamna inneklemd på ei rad av fire seter, og på alle desse seta sat det røselege karar. Eg trur eg aldri har sitte så trongt. Og betra vart det ikkje da dama framfor meg la setet sitt bakover, da var eg fullstendig inneklemd. Og for å toppe denne opplevinga, fungerte ikkje lyden på TV-skjermen min, og det var så trongt at eg ikkje hadde plass til å lese. Oppvartinga på dette Delta-flyet var upåklageleg, rett som det var svinga dei rundt med trallene og serverte mat og drikk til folket, så flyvertane (som her framleis var vertinner) hadde nok å pusle med. Uvanleg vaksne var dei også, det var neppe ei under 60, og den eldste måtte vere godt oppe i 70-åra. Reiseruta var den same gamle, over Irland, over sørspissen av Grønland, inn over New Foundland, sør for Hudson Bay og så inn over dei amerikanske sjøane før vi sette hjula kraftfullt ned i tvillingbyen.

Verda går framover, og denne gongen var det passkontrollen som var nyvinninga: No har dei innført sjølvplukk-prinsippet der vi gjekk fram til ein automat, scanna passet, tok bilete, la fingrane på ein skjerm og svarte ja og nei på nokre spørsmål. Og som rett og rimeleg er, kunne ein velje norsk som menyspråk – noko eg gjorde – og etter ei stund angra litt på, for her har dei nok spara inn utgiftene til språkkonsulentar og korrektur: nokre av spørsmåla var usedvanleg krøkkete formulert. Omgangen min med maskina var på ingen måte vellukka, fotoet eg skulle ta av meg sjølv fekk med seg området mellom overleppe og tredje skjorteknapp, og fingeravtrykket mitt vart heller ikkje registrert, så for dosent Hjelde måtte dette gjerast på nytt etter gammalmåten. Uansett, eg kom meg igjennom, henta ut kofferten, fann fram til Dollar bilutleige og fekk henta ut bilen – ein riktig staseleg SUV av eitt eller anna slag (det må eg sjekke i morgon slik at eg klarer å finne han igjen når eg parkerer). Så venta ein dryg time sørover i Minnesota til Zumbrota, der eg har tinga motell. Her har eg vore fleire gonger, og sjølv om det ikkje akkurat er Hilton, så er det greitt nok for ei natt. Her forsto eg også at det er haust, det var kaldt og surt, og det var faktisk også litt snø på bakken. Ikkje mykje, men nok til at eg mista illusjonen om at eg hadde kome til «varmare land». Eg fekk meg ein matbit på restauranten her, og no er det snart sengetid, for klokka har passert ni.

Og slik går no dagan her i dette rare landet…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *