Måndag 5. november 2018: Glenwood, Spicer, Brooten, Willmar; Minnesota

I dag er siste dagen min med feltarbeid, og det står nok ikkje til å nekte for at eg ikkje heilt har hatt lykka med meg i eit og alt på denne turen, og det ha sjeldan stått lange køar av språkmektige norskamerikanarar ved mikrofonen min. Joda, det er framleis mange her som kan snakke norsk, men samstundes er det også veldig tydeleg at det tek til å tynnast ut i rekkene med folk som er flytande i ette gudegitte språket. Men slik er det berre, og betre blir det nok heller ikkje med tida. Vidare har eg lært at ein ikkje skal spøke med Kensington-steinen, runesteinen som den svenske svenske farmaren Ohman hevda å ha funne ute på «fila» si. For er det noko som ein ikkje skal tulle med her ute, så er det nettopp Kensington-steinen. Ja, og så Trump da, naturlegvis; sjølv om det også finst nokre frilynde her ute som kan finne på å kalle han Donald for eit «kålhuggu».

Eg starta dagen oppe på motellet i Glenwood, eg sov nokså lenge og klokka gjekk mot åtte før eg kom meg ut av senga. Og sidan eg hadde avtale først klokka eitt, hadde eg veldig god tid. Eg jobba litt på motellet før eg måtte sjekke ut der, deretter sat eg ei stund i resepsjonen og la litt planar for dei neste to dagane før eg reiste opp i byen for å få meg litt lunsj. Eg trudde at også den neste avtalen var i dette området, så eg tok meg god tid over djuptallerkenen med chili, og det var først da eg sette meg i bilen og skulle plotte inn adressa til den nye informanten at det gjekk opp for meg at eg ikkje skulle vere i Glenwood-området, eg skulle til Spicer, som ligg ein liten time unna. Dessutan kunne prærieskonnerten melde at det var uvanleg lite «gas» igjen på tanken. Litt småsveitt starta eg opp, stoppa i ein eller annan småby for å fylle drivstoff, og ein halvtime for seint kunne eg svinge inn framfor huset til denne nye informanten.

Han hadde også henta inn forsterking i form av ein gammal farmar som også snakka norsk. Karane var veldig ivrige etter å briljere med norskferdigheitene sine, men så var det denne snakkesalige kona da, som også gjerne ville ta del i samtalen, men som trass i norsk bakgrunn ikkje forsto eit kvekk av dette fremste av alle språk. Eg starta maskineriet, og trass i litt dårleg høyrsel og problem med trøndske palatalar og spørjeord, så gjekk jo samtalen rimeleg greitt – heit til kona blanda seg inn og ville vite kva vi snakka om. Da slo samtalen over til engelsk, og eg måtte da bruke tid på å få karane over til norsk igjen. Og slik gjekk det fram og tilbake ei lang stund. Karane ville gjerne snakke norsk, men så braut husfrua inn på nytt og ville vite kva vi snakka om, og da braut det heile saman igjen. Eg innbiller meg at det kanskje kan finnast andre prærielingvistar som kunne klare å setje skapet på plass, men akkurat det ligg nok dessverre ikkje i min natur. Så ville husfrua setje fram litt mat til oss, og da fekk vi nokre minutt med taletid, men konsekvensen av slikt er jo sjølvsagt at da måtte vi litt seinare avslutte for å kunne ete. Og ved matbordet var det også denne dama som dominerte, karfolka slapp nesten ikkje til. Ho hadde nemleg vore i Noreg ein gong, og der hadde ho sett mange endetidsteikn, både i form av mørklette muslimar og lommetjuvar. Og dette meinte ho samsvarte veldig godt med openberringa til Johannes. Og ho meinte også at det måtte vere frykteleg utrygt å vere i Noreg. Eg hadde litt lyst til å seie noko om drapsrater og skoleskyting i USA, men eg eg klarte å styre meg. Ei samla vurdering etter dette besøket var at neida, det var ikkje heilt katastrofe, men her var det opplagt meir språkstoff å hente.

Neste informant venta nede i Brooten (eller Bråten, som dei seier her), ein dryg halvtimes veg herifrå. Og Leslie var verkeleg slik eg vil ha dei – bortsett frå at han berre i liten grad høyrde – eller forsto kva eg spurde han om. Leslie har vore med på dette før, tidlegare har han vore med på dette i Sunburg saman med Janne, Eirik og Linn Irene for eit par år sidan. Han ville gjerne snakke om gamle dagar, og denne hallingen var ein kløppar til å snakke norsk. Han og kona hadde snakka norsk heile tida fram til ho døydde, og han meinte at både barna og barnebarna forsto norsk, sjølv om dei kanskje ikkje snakka det. Dette var ein herleg kar, og om han ikkje alltid høyrde og forsto kva eg spurde om, så ville han gjerne snakke. Og seansen vart avslutta med litt norsk-amerikansk musikk på grammofonplate, og Slim Jim var ein stor favoritt her i heimen.

Etter dette trivelege møtet, sette eg kursen ned til Willmar, der eg hadde tinga meg rom på Americinn, og det viste seg at dette er ein plass der eg har vore tidlegare, både Ipad og telefon logga seg inn heilt utan vidare. Og eg ser ikkje bort frå at eg også i 2016 hadde rom 206, det liknar frykteleg. Det som no står att, er å sikre materialet mitt ved å kopiere det over til harddisk før eg i morgon køyrer inn til Minneapolis. Da blir det ein dag med litt vandring i Mall of America, og sikkert også litt glaning på valvake-tv før eg onsdag kan sette meg på flyet austover og heim. Så om ikkje noko storveges skulle hende, blir dette det siste det siste innlegget frå denne turen.

Og sjølv om det ikkje vart samla inn så mykje materiale som eg i utgangspuntet hadde håpa på, så har eg hatt det veldig fint her, og om det skulle bli ein tur igjen, så er nok Glenwood ein plass der det bør gå an å leite litt vidare. Ute regnar det og bles, det er rett og slett ein sur haustkveld. Eg hadde eigentleg tenkt meg over til restauranten eit par hundre meter nedover gata her, men det var så surt at eg slo meg til på rommet med «påssåmat».

Og slik gjekk den siste dagen med feltarbeid her på prærien …..

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.