Måndag 22. november – tysdag 23. november 2021: Halden – Buenos Aires

I gamle dagar brukte Janne gjerne ringe utpå vinteren og lure på om eg hadde lyst til å bli med til Amerika på feltarbeid. Og når Janne ringde, vart det gjerne til at eg sa ja – for deretter å ha nokre opplevingsrike dagar eller veker der vi fekk møte godt vaksne folk som vaks opp med norsk og framleis kunne snakke det. Men så endra alt seg på tragisk vis – Janne var sjuk av kreft og døydde for eit drygt år sidan. Samtidig herje korona-viruset, landet stengde ned, noko som gjorde at mange av oss hadde heimekontor med seg sjølv som næraste – eller einaste kollega, grensene vart hermetiserte og det vart uråd å reise ut for å drive feltarbeid. Og eg må innrømme at eg rekna med at eg var ferdig som feltarbeidar «over there».

Men når Janne fell frå, så er det heldigvis andre som tek over og fører denne tradisjonen vidare, og no var det Kari frå Universitetet i Bergen som tok kontakt – ho skulle tromme saman eit lag for å gjere feltarbeid i Amerika – men denne gongen i heit ny jord – Argentina. Og når Kari ringer og vil ha meg med på slikt, så er det jo litt vanskeleg å seie nei, sjølv om usikkerheita som pandemien skaper, også gjorde det litt vanskeleg å tru at dette prosjektet ville bli noko av. Eg var heilt sikker på at eitt eller anna ville skje som ville sette ein stoppar for oss; i over eitt år har dette feltarbeidet stått på vent – men endeleg vart det. Ei av dei ruvande bøkene i den søramerikanske litteraturhistorie er jo El amor en los tiempos del cólera, som på norsk vart omsett til Kjærlighet i koleraens tid – boka Feltarbeid i pandemiens tid finst enno ikkje, men det kan nok tenkast at vi med denne turen legg grunnlaget for eit slikt verk. Vi får sjå kva det blir til

Så vi bestemte oss altså for å prøve å reise. Men å kome seg ut i verda no for tida er på ingen måte enkelt, måndag i ti-tida starta eg heimafrå med stor koffert inn til Oslo. Første stopp var Oslo Plaza – ikkje for å overnatte, men for å teste meg for Covid. Der hadde dei rigga opp eit lite rom med nokre stolar, og bak eit skjermbrett stod det sikkert noko avansert medisinsk utstyr som knurra og brumma med ujamne mellomrom. Og framfor dette brettet satt det to unge jenter som smilte etter beste evne – i den grad at noko slikt kan sjåast gjennom eit munnbind. Det var inga kø, så eg fekk sette meg ned og den eine av dei rigga på seg smittevernutstyr i form av visir, kvit frakk, hanskar og plastikkforkle, og så snart eg hadde fått løfta nasen min halvhøgt opp, var ho brennsnar med å trøske ein lang bomullspinne langt inn det venst renaseboret mitt – ja så langt inn stakk ho, at eg hadde aldri trudd at det skulle vere muleg å stikke så langt inn utan å dra med seg både tå-neglar og hjernemasse ut igjen. Men jenta smilte berre og tok med seg den lange punnen bak skjermbrettet. Og at ho smilte er heller ikkje så veldig rart når ho skulle ha to og eit halvt tusen for å vere ei sadistisk materialisering av «ungdommens råskap». Eit kvarter etterpå kom ho fram igjen med smilerynker, men utan munnbind og smil, og da stod det berre att å dra gullkortet og hente ut dokumentasjonen. Og med dette skrivet kunne eg så fortsette til Gardermoen.

Vel framme på Gardermoen kom hindring to i dette reiseprosjektet – å fylle ut det digitale innreiseskjemaet til Argentina, for dei gutane som hadde teke på seg oppdraget med å utforme dette (og det håplause handverket dei hadde lagt ned, indikerer at dette må vere gutar), hadde gjort dette unna på inga tid. Spørsmåla var knotete formulerte, svaralternativa heilt elendige, og i tillegg hadde dei lagt inn krav om at telefonnummeret måtte ha ni, og berre ni siffer (og det er jo fornuftig når mobilnumra heime berre har åtte. Så om det er dei same karane som hadde jobben med å utvikle registreringsskjemaet for pendlarbustad, så forstår eg godt at både partiformenn og stortingspresidentar fann dette alt for krevjande og derfor prøvde å jenke det til berre for å få sendt inn noko. Og hadde det funnist ei slik løysing for registreringa i den argentinske ambassaden, så hadde eg heilt klart teke ein slik snarveg sjølv. Men etter veldig mykje fram og tilbake og gladmeldingar av typen «økten avsluttes», klarte eg omsider å få dette til å gå opp (og her har eg erfaringsbassert kunnskap som kan kome kvar og ein til hjelp: spør skjemaet etter eit siffertal som ikkje finst, så er det heilt OK å leggje inn nokre mellomrom). Dermed kunne eg også sjekke inn (som har vorte mykje meir attestbasert enn kva det var i gamle dagar), gå igjennom kontrollen (som også er ei anna oppleving no sidan det er så lange sidan sist eg gjorde det) og kome meg til gate 13, trur eg det var. Og etter litt venting kom vi oss inn i flyet og ein halvannan time seinare var eg på Schiphol.

Der møtte eg etter kvart Marie og Kari, og sidan Veronica alt har reist til Buenos Aires, var no forskarteamet klart. Før vi entra flyet måtte vi igjennom ein ny helsekontroll, denne gongen litt meir rund i kantane: det var ei godt vaksen dame (men sikkert mykje yngre enn meg) som sprang rundt og tok tempen vår, og om ein var varmblodig, bråstoppa nok reisa her. Ingen av oss fall i den varmblodige kategorien, men det er kanskje også litt dumt å vere kaldblodig, for vi tok livet veldig med ro der ute ved innsjekking: vi hadde jo fast plass og det var ingen fare for at vi skulle kunne miste denne. Derfor venta vi til at køen hadde lagt seg litt. På ein måte er jo dette veldig lurt dersom ein reiser utan bagasje. Men vi hadde med oss eit solid lass med reiseeffektar, og no var alt av bagasjeplass over seta fylt opp. På mirakuløst vis klarte vi å presse og jekke litt rundt på det forgjengarane våre hadde lempa opp i desse romma, og dermed vart det nokre små luftlommer der vi kunne stappe nokre av tinga våre. Men det vart også ting til overs som ikkje let seg presse inn. Så det som ei tid framsto som lurt, viste seg altså i ettertid å vere mindre lurt sidan vi no vart sittande att med vesker mellom føtene. Og det er ikkje eit godt utgangspunkt dersom ein synest ein treng litt fotplass i all beskjedenheit. Flyet tok av, og straks vi var i lufta, la ho på plassen framfor meg setet sitt brutalt ned i fanget mitt, og meinte sikkert at slik kunne ein utnytte plassen betre – for seg sjølv. Dermed fekk eg også to gangjarn frå seteryggen pressa inn i kneskjelene mine, og det er lange sidan meniskane har får køyrd seg på ein slik intim måte.

I det heile er det ikkje heilt lett å få sove på ei slik reise – drygt tretten timar i lufta skulle det bli – for vi hadde motvinden. Vi måtte ha munnbind på under reisa, og ikkje fekk vi reise oss opp og bevege oss heller. Og ein får jo da god tid til å kjenne etter på alle dei stadane der ein etter kvart får vondt – eg merka meg at øyreflippane var forskåna, men elles var det nok av plassar å kjenne på. Å sove er heller ikkje så lett når ein sit så trongt, og med ei argentinsk dona nærast bretta ut over fanget mitt. Joda, eg duppa mykje, men gjekk aldri inn i ein tung søvn, og på store delar av overfarten var det turbulens; ikkje mykje, men det kunne minne litt om busstur på gruslagte bygdevegar heime i Trøndelag. Men alt har ein ende, også denne flyreisa, og i halv åtte-tida om morgonen lokal tid kunne vi ta eit fjellstøtt nedslag på argentinsk jord.

Resten av innreisa gjekk greitt, det er framleis ikkje så mykje trafikk, så turen gjennom passkontroll og tollkontroll gjekk kjapt. På førehand hadde eg skaffa meg dokumentasjon på vaksinasjon og test, men det det slapp eg å vise, det var nok å svare «si» når dei spurde om eg var vaksinert og testa. Dermed kunne vi setje oss i hotell-transporten som stod og venta på oss (eller rettare skulle stå – for venteståinga var det vi som måtte ta oss av, men det ordna seg jo relativt raskt). Og på tur inn mot byen fekk eg god mulegheit til å friske opp spansken min igjen, det er vel snart tre år sidan sist eg snakka noko særleg med spansk, og eg sleit med det meste. At dei her har litt annan uttale og at vokabularet heller ikkje er som på Den iberiske halvøya, hjalp heller ikkje. Så det er tydeleg at livet her kan kome til å by på språklege utfordringar for ein inntrønder. Men vi får sjå om ikkje inntrøndsk blir forstått her nede også, og om så er, kan vel ingen nekte for at dette må vere eit skikkeleg verdsspråk.

Etter mykje køkøyring, som inkluderte mykje gestikulering og småprat frå sjåføren, var vi framme på hotellet der vi skal bu dei neste vekene. Og hotellet er heilt greitt – kanskje ikkje Hilton, men absolutt bra samanlikna med mange av motella eg har teke inn på i Amerika. Veronica, som er frå Buenos Aires og som kom ned her for nokre dagar sidan, møtte oss for lunsj, og der fekk vi det første inntrykket av argentinsk kjøkken, og dette lovar bra. Og ikkje minst er prisane uvanleg konkurransevennlege, ein kjem veldig langt med ein hundrelapp når ein vil ha litt mat og drikke.

Eller hundrelapp – kroner er jo ikkje gangbar mynt her; i staden har dei pesos, inflasjon og dollar. Pesos er den lokale varianten, men økonomien her skrantar (som vanleg), og da blir dei plaga av inflasjon. Og for å stagge inflasjonen litt, er det mange som tyr til amerikanske dollar. Og dollar er gangbar mynt i veldig mange butikkar. Og så finst det pengevekslarar da, som vekslar dollar mot pesos – sikkert med ei aldri så lite forteneste. Og dette konseptet måtte vi prøve ut – i samsvar med den lokale tradisjonen, og det funka jo det, etter litt styr. Elles vart det ikkje nokon seinkveld med sarte tonar frå ein bandoneon og heftig tango, til det stakk jetleggen alt for djupt. Så det vart tidleg kveld med håp om ei lang og god natts søvn.

Og slik går nu dagan her på pampasen…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.