Onsdag 24. november 2021: Buenos Aires

Ja, natta vart god, og eg sov til klokka var rundt sju. Og i dag er første dag med feltarbeid her i Argentina, vi hadde avtale med den første informanten, ei dame midt i 80-åra i gammaldags barne-tv-tid klokka 6. Så formiddagen hadde vi på ein måte «fri», og da kunne vi bruke tida litt som vi ville. Eg tusla meg ein tur rundt i nabolaget i håp om å ramle over ein turistattraksjon – noko eg vel eigentleg ikkje gjorde, og det går opp for meg at også turistaktivitetar krev litt planlegging. Men det eg fekk ut av turen, var ei forståing av at Buenos Aires er ein rimeleg stor by – eller kanskje urimeleg er meir treffande. Innafor eit relativt avgrensa område her ved Rio Plata skal det altså bu 17 millionar, dette metro-området er litt mindre enn Porsanger kommune, men det er likevel litt vanskeleg å sjå for seg eit slikt folketal der i nord, særleg dersom vi har i minnet at det i denne Finnmarks-kommunen i dag bur knappe 4000. Så ei kommunesamanslåing mellom Porsanger og Buenos Aires kunne kanskje vere ein tanke å arbeide vidare med, Jan Tore?

Klokka to samlast vi til lunsj i det som alt er krona til stamrestauranten vår – i alle fall for ein dag eller to – og etter ein litt lang lunsj var det berre å kome seg tilbake til hotellet. Vi hadde tid til å teste opptaksutstyret vårt, og klokka fem kom gårdagens sjåfør og henta oss – vi skulle til ein forstad nord for byen. Og her er det kanskje på sin plass å sende første bekymringsmeldinga – kan feltarbeid utan eigen bil eigentleg klassifiserast som feltarbeid? For i Nord-Amerika har eg/vi alltid disponert eigen bil, og feltarbeid på prærien gjer ein liksom ikkje frå ein taxi – da må ein ha bil – og gjerne ein litt stor ein. Så det sit derfor veldig langt inne å måtte innrømme at feltarbeid med taxi er ekte feltarbeid. Men på den andre sida, når eg  etter kvart ser kor komplekst trafikkbiletet er, så ser eg fordelen av å finne alternative løysingar. Og enda meir sidan heller ikkje lokale utan vidare finn fram i den litt uoversiktlege kombinasjonen kreativ gatenummerering og einvegsgater. Men vi kom fram til slutt og vart møtt av ei dame  midt i 80-åra og dottera hennar, der ho siste tok på seg rolla som observatør.

Hovudpersonen var ei mangfaldig dame som treivst best når ho fekk drive med kunst, og maling og teikning var hovudaktiviteten hennar. Hu hadde også hatt fleire utstillingar, og det temaet som ho særleg fokuserte på no, var nordiske runer. Dessutan snakka ho godt norsk, og det var lett å sjå at ho likte å prate norsk, særleg når ho kunne fortelje om gamle dagar da norsk framleis vart brukt av ikkje så reint få her, om livet rundt den norske sjømannskyrkja og også om kvinneforeninga som det enno finst restar av. Ho fortalde at far hennar hadde strenge reglar om at der i heimen skulle det berre snakkast norsk, og det skein litt igjennom at han såg på segregering som ei dyd. Det var sikkert stussleg for ei lita jente å måtte vere inne og sjå ut gjennom gardinene når andre ungar var ute i gata og leika, men på den andre sida så sikra dette at norsk vart tradert og ikkje utradert. Språket var denne dama svært interessant sidan ho snakka norsk med sterke innslag av spanske gloser. Dessutan hadde ho vore gift med ein tyskar – og svigermora hadde gjort resolutte forsøk på å språkbade henne, og dette hadde også sett sine spor, for rett som det var så krydra ho det heile med ord frå dette språket også. Herleg! På ein måte likna ho på mange av dei som vi finn (eller fann?) på prærien, bittelitt rusten i norsken og med import av språkleg material, men samtidig med ein støding norsk grunnstruktur. Vi såg eigentleg for oss at vi skulle driver på eit par timar med oppak, men etter ein liten time meinte vertinna at det var tid for litt servering. Og ho varta da opp med te, snitter og kake, medan praten gjekk om dette og hint. Vi ville gjerne fortsette med opptak etter dette næringstilskottet, men det var tydeleg at vertinna no tok til å bli sliten, sidan ho tok til å prate om at vi kanskje burde bestille taxi tilbake til hotellet. Vi runda derfor det heile av med opptak av nokre minutt med spansk prat før vi pakka saman og dottera prøvde å finne drosje til oss.

Men det skulle vise seg å vere uråd å få tak i skyss, så enden på visa vart at ho køyrde oss til ein busstopp, og derifrå reiste vi kollektivt, noko som kosta oss i overkant av ei krone kvar. Kvelden vart runda av med nokre minutt på puben rett over gata, men feltarbeidarar er gjerne ikkje natteranglarar, så det vart som sedvanen er, tidleg kveld.

Å slik går nu dagan her sør for ekvator …

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.