Etter ei god natt vakna eg heilt av meg sjølv. I dag skulle vi bli henta klokka halv elleve, og dei første timane av dagen vart brukt til ulike typar småsyssel. Men svært så presist kom Raul i Postmann Pat-bilen sin, og så venta det ein halvanna time på vegen opp til ein farm der vi skulle møte ei ny norskspråkleg dame. Sjåføren hadde ikkje norsk bakgrunn, derimot hadde han fått fri frå jobben (med betaling, vil eg tru) for å vere privatsjåfør for oss pampaslingvistane. Og så snakka han engelsk, og med spanskkunnskapane mine så er heller ikkje det noka ulempe. Dette var ein sjømann som etter mange år på Dei sju hav hadde gått i land og no hadde funne seg anna arbeid, som da også kunne inkludere transport av feltarbeidarar. Raul hadde mykje å fortelje om, så det var triveleg selskap oppover. Han hadde som sjømann også vore i Noreg ein gong, kunne han fortelje, og da for å hente aluminium på ein plass som ut frå det han meinte å erindre, heitte noko slikt som Praksvertsfjurd – ein for meg svært så ukjend del av fedrelandet. Vi var utrusta med handteikna kart og detaljert beskriving av vegen, og vi klarte utan større vanskar å finne fram til la granja – farmen – der vi skulle møte desse. Her venta eit eldre ektepar på oss, og medan mannen hadde italiensk bakgrunn og derfor ikkje var så veldig stø på norsk, så var kona desto betre. Og ho ville at vi skulle starte besøket med mat – og skal ein ha mat – og ein i tillegg er på bygda i Argentina, så må det vere kjøt, helst indrefilet; og indrefiletar er jo best grilla. Og når ein har fagfolk i tenesta i form av kokke og «hyrakar», så er det heller ikkje innmari krevjande å varte opp med det meste frå grillen. Det er lenge sidan eg har smakt så godt kjøt, og Raul var ute i bilen og henta fram fleire flasker med drikke av ymse slag, både vanleg raudvin, men også raude bobler, og han var heller ikkje knipen som munnskjenkar. Deretter var det dessert – noko dei kalla Don Pedro, og som bestod av whiskey og iskrem, med nøtter på toppen (alt i rikelege mengder), og dette la heller ikkje nokon dempar på ei alt god stemning. Så da vi etter maten kom i gang med intervjuet, gjekk det norske snakketyet uvanleg laust og leding. Og dama snakka meir enn villing om livet sitt og oppveksten i eit norskspråkleg miljø. Ho kunne også fortelje at ho hadde ei tanta som var fødd i Grytviken, og sidan dette var ein svært så mannsdominert kvalfangarstasjon på Sør-Georgia, var ho den førstefødde der, og det er ikkje opplagt at det var mange som kom etter henne heller. I det heile virka det som om aktiviteten rundt kvalfangst i Antarktis var ein av grunnane til at nordmenn søkte seg ned til Buenos Aires, men neppe den einaste. Det norske miljøet ho beskreiv kunne også minne litt om den norske kolonien i Brooklyn ved at dei bevega seg litt fram og tilbake mellom Noreg og det nye landet og der utvandringa ikkje var eit absolutt brot med det gamle.
I heile dag har det regna, til tider ganske godt, men utpå ettermiddagen tok det til å klarne litt opp. Og når intervjuet var ferdig, ville dama vise oss småbyen dei bur ved – så med henne bak rattet krusa vi igjennom byen og såg på ulike ting, inkludert restauranten til ein av dei som var med på TV-tokt med Berserk før båten forsvann. Litt handling vart det også tid til, både på den lokale klesbutikken og på bryggeriet, der dei har satsa på årgangsøl som er lagra både tre og fire år. Etter denne runden var det tilbake til la granja, og der venta det ein ny runde med oppdisking, denne gongen i form av eplekake og te, og så var Raul framme med eit par flasker sjampanje, som han i kjend stil serverte raust av. Deretter venta ein siste tur inn i hovudhuset for å sjå på ulike maleri, mellom anna eit mala av bror til legendariske Don Pedro, den norskamerikanaren som verkeleg klarte å slå seg opp – han gifta seg med dottera til den argentinske presidenten, og det er også sagt at han vann toppgevinsten i det nasjonale lotteriet. Og vi veit frå reklamen at lottomillionærar kan finne på så mangt, inkludert å betale polarforskarar (som Amundsen) ut av konkurs. Dette har på alle måtar vore ein fantastisk dag, men no tok det til bli kveld og mørkt, og da starta vi tilbake til storbyen i bilen til Raul igjen. Inne i byen møtte vi eit enormt kaos med folk i store mengder som gjekk rundt i gatene, veiva med flagg medan dei song, hoia og skreik. I kveld er det fotballfinale i Buenos Aires, og da blir det verkeleg liv. Oppe ved hotellet var det også mykje folk og stor stemning, og humøret vart ikkje dårlegare etter kvart som kampen gjekk og TV-skjermane i barane rundt viste at måla tok til å rulle inn. Sjølv sneik vi oss inn på ei lita bule for å få ein bitteliten matbit og litt drikke før vi i god tid før midnatt rusla tilbake på hotellet for å sove litt. Og i morgon har vi ingen avtalar, så da blir det muleg å jobbe litt og sjå oss litt rundt – det er i alle fall planen.
Og slik går ny dagan her ved Rio Plata …