Den første natta i USA slokna eg tidleg, men til gjengjeld vakna eg også tidleg. Alt i tre-tida var eg nokså klar og vaken, eg brukte viljestyrke og klarte å døse fram til klokka fem, men da makta eg ikkje meir og karra meg opp. Folk som kjenner meg vil nok seie at denne iveren etter å kome seg ut av senga er eit heilt nytt personlegheitstrekk ved meg. Men det å vakne tidleg betyr ikkje nødvendigvis at ein får gjort mykje arbeid i morgontimane. Før eg reiste til Amerika fekk eg installert nytt oppsett til pc-en, og dermed forsvann også vital info for Skype, ulike drivarar og slike ting. Det hadde jo vore stas med litt kontakt med dei der heime slik at dei veit at det er liv i meg, men slik det er akkurat no, ser ikkje det ut til å vere muleg.
Janne og eg starta arbeidsdagen med å køyre ned til den svenske klubben der vi skulle snakke med to svenske damer. Og no vart ein ny standard for informantar sett i og med at vi fekk møte folk som ikkje var pensjonistar. Den eine av dei to var ei dame på rundt 40 som hadde vakse opp med svensk heime. Og i motsetnad til mange av dei norske informantane vi har hatt, forsto denne dama også inntrøndsk utan særlege problem. Vi hefta ikkje så veldig lenge der, straks opptaka var gjort, sette vi kursen ned til Sons of Norway-losjen. Der har dei noko som dei kallar «Kaffe stua» der folk møtest til ein kaffiskvett og ei brødskive. Vi er ikkje medlemmer og har i utgangspunktet ikkje lov til å kome inn der. Men her brukte vi «trondhjemspie»-knepet: I alle fall på 80-talet var det vanleg at jentene i Trondheim stilte seg opp ved køen framfor Studentersamfundet og gjorde seg lekre i håp om å få bli med ein mannleg student inn. Janne og eg stilte oss også opp, og sanneleg fungerte dette trikset også her, sjølv om rollane på sett og vis var snudd på hovudet: Vi fekk vere med ei ekte trondhjemspie inn, ei dame som snakka fintrønder og var i 80-åra. Sjølve «Kaffe stua» var eit nokså trist rom med murveggar og utan vindauge. Men inne var det stort sett berre norskspråklege pensjonistar, alle var førstegenerasjonsinnvandrarar. Vi sat der ein dryg time og prøvde å snakke med så mange som muleg. Her var det folk frå mange ulike stader i landet, og vi hadde ei veldig triveleg stund. Men vi hadde ikkje tid til å hefte så lenge, for i 12-tida skulle vi opp til “Nordic heritage museum” for å gjere opptak av ein nordlending.
Ved hjelp av GPS-en fann vi lett fram, og nordlendingen dukka opp samstundes med oss. Dette var ein mann i femti-åra med godt humør: han vitsa, smilte og lo heile tida. Det var tydeleg at han hadde mest sans for sin eigen humor, for det var nesten ikkje måte på kor mykje han lo, ikkje minst av sine eigne vitsar. Det viste seg snart at denne karen ikkje hadde lært norsk i Amerika, i alle fall ikkje så mykje. Men han hadde vore nokre veker på Hamarøy, og det hadde sett varige spor i språket hans – for han snakka med tydeleg nordnorsk aksent. I tillegg hadde han studert språket, og han arbeidde som norsklærar og organist. Likt med svenskane var elles ikkje denne karen heilt i målgruppa for arbeidet vårt, men det er ikkje dermed sagt at språket hans var uinteressant. Etter intervjuet sprang eg som snarast igjennom utstillinga i museet, deretter bestemte vi oss for å sjå oss litt rundt i Seattle.
Vi køyrde litt rundt i Ballard, den norske delen av Seattle, var innom eit indianarsenter (eit svært hus utan så veldig mykje innhald) og såg litt på utsynet over bukta før vi sette kursen net til slusene. Det var mykje aktivitet der nede av folk som arbeidde med å hente opp fisk i laksetrappa , og ikkje minst, trafikk i slusene med båtar som gjekk ut og inn. Veret hadde også letta no, og sola skein, så vi hadde ei fin stund der nede. Utpå ettermiddagen køyrde vi tilbake til motellet og gjekk ut for å ete middag.
Og så mykje anna enn det er det vel ikkje å berette, anna enn at når ein inntrønder på vandring i den store verda prøver å utvide det gastronomiske repertoaret til å omfatte litt anna enn berre kjøttkaker og trøndersodd, så kan det lett oppstå problem. Sidan vi ville ete i nærleiken av motellet, var ikkje utvalet av restaurantar så veldig stort, men vi fann til slutt fram til ein koreansk restaurant, og inn der strena vi. Vi bestilte noko som eg ikkje heilt forsto kva kunne vere, men eg meinte at det kanskje kunne vere steikt flyndre eller noko i den retninga. Og det var det faktisk, men det eg ikkje heilt hadde sett skulle kome, var at dette skulle fortærast med pinnar. Det var verkeleg ei finmotorisk utfordring – når ein som uøvd skal prøve å reinse beina frå flyndra, så har ein sitt å stri med. Og betre blir det eigentleg ikkje av at ein er småtrøytt og sikkert litt irritabel. Men med ein pinne i kvar handa fekk eg det da i meg på eit vis. Janne derimot har tydelegvis gjort dette før, ho sat der svært så elegant og beherska og tedde seg som om ho var barnefødd i Seoul.
Og slik går no dagan på Vestkysten.