Da har vi bite i det sure eplet, tilpassa oss reglane for monopol-spel og ”flytta tilbake til start”; til Madison, der vi for ei veke sidan samla oss for å leggje ut på denne herlege reisa i Det norske Amerika. Der har vi tilhald på Lowell-senteret inne på ”campus”, og etter netter på motell av litt ymse kvalitet, var det reine paradiset å kome inn der. Konferansen var fagleg interessant med mange fine innlegg, både om generell lingvistikk, så vel som om norsk og tysk språk i Amerika. I lang tid no har eg vore den einaste som har hatt ei spesiell interesse for det norske språket her i Amerika, og da er det flott å oppdage at også andre no ser ut til å vise interesse for dette. Eg hadde presentasjonen min utpå ettermiddagen fredag, og starten gjekk ikkje heilt som smurt. Lingvistikk-miljøet er Mac-dominert, og da eg kom med Bill Gates-utstyret mitt, ville sjølvsagt ikkje projektoren vere med på leiken. Eg sveitta og sleit med å få Powerpiont-presentasjonen min (som eg hadde brukt det meste av natta på å lage) til å vise seg på lerretet. Eg vart meir og meir sveitt, medan folk vart litt rastlause og begynte å forsyne seg med kaffi. Til slutt måtte eg kapitulere, og etter mykje om og men fekk eg flytta fila mi over i ”eplehagen”, og da kunne i det minste folk sjå. Kva eg i halvørska klarte å stotre fram på engelsk, er eg litt usikker på, men dei klappa no til slutt – kanskje for at eg i det heile klarte å bli ferdig, og dei var også høflege nok til å stille spørsmål. Etter denne økta venta det skummande øl ute på terrassen, og utpå kvelden var vi ute på restaurant og fekk oss mat, og det var i det heile ei svært så god stemning. Og det var faktisk litt rart å ta avskil med folk etter ein slik tur. Rett nok har vi berre vore saman ei dryg veke, og vi er på kvar vår måte nokså ulike. Men likevel har vi delt opplevinga av eit norsk Amerika, og det dette smidde oss saman desse dagane. I det heile, dette har vore ein svært så minnerik tur.
Og slik går no dagan i Midvesten.