20. september: Westby og Coon Valley

Dette er første arbeidsdagen på eiga hand, og eg starta da med frukost heime hos ”The Iversons”, leiaren i Sons of Norway her i byen, han og kona har lova ut å hjelpe meg med å finne fram til fleire informantar. Det eg særleg er på jakt etter, er ”ungdommar”; i denne samanhengen vil det seie folk fødde etter 1940. Og medan eg gafla i meg speilegg, ringte dei rundt og gjorde eit par avtalar etter klokka 12. Dessutan viste dei meg det siste nummeret av lokalavisa Westby Times; der var det eit innlegg skive av den eine av Haugen-karane på Sørryggen. Her skreiv han eigentleg om kvinnesak og peikte på at det var mange kvinnene i Amerika som i dei første tiåra av 1900-talet ikkje fekk dei rettane som han meinte dei burde ha hatt. Det eksemplet han brukte, var hans eiga mor. Ho var fødd i Amerika og derfor statsborgar her, men så gifta ho seg med ein norsk-amerikanar som enno ikkje hadde fått amerikansk statsborgarskap. Resultatet av dette var faktisk at ho også vart fråteke det amerikanske statsborgarskapet sitt, og det tok fleire år før ho fekk det tilbake og dermed på ny fekk stemmerett. Artikkelen var godt skriven; det er tydeleg at dette er ein svært oppegåande mann, sjølv om han no dreg seg mot nitti år.
Etter å ha takka for meg sette eg så kursen ned til Skogdalen og opp i museet i Norskedalen. Tidlegare brukte det gjerne å sitje nokre gamlekarar på benken ved inngangsdøra der og snakke norsk, men dei er nok borte no. Det var i det heile svært så stille der i dag, berre Tamy, ”basen” sjølv, var til stades da eg kom. Ho viste meg rundt i museet, serverte kaffi og vi drøsa litt om kva som har skjedd i dalen dei siste to tiåra sidan sist eg var der oppe. I det heile var dette ei triveleg stund.
Deretter sette eg kursen tilbake til motellet, der skulle eg møte Larry Leum klokka tolv, han skulle guide meg litt rundt. Larry hadde snakka med ein av Stavsli-karane som bur ute på countryet i retning Viroqua, og dit reiste vi. Igjen vart det ein ny runde med kaffi, og medan vi sat rundt kjøkkenbordet, gjekk samtalen laust og ledig, og da særleg om skoledagane. Begge desse karane er midt i seksti-åra; dei hadde gått på ”høgskolen” saman, og derfor hadde dei mykje å snakke om, så eg trur også opptaket vart bra. Deretter gjekk kursen over Løvåsryggen, Springdalsryggen og ned i Skogdalen igjen, der var det ei enke som skulle i bryllaup no til helga. Ho kunne berre nokre få ord på norsk, men grunnen at vi måtte innom henne, var at ho ville ho så gjerne seie noko til brudeparet på norsk. Eg oppretta da konsulentfirma på flekken og prøvde etter fattig evne å hjelpe henne med språkvask og uttaletrening før den store dagen. Dette skulle vere på ordentleg norsk må vite, Westby-norsk duger ikkje i ei slik høgtidsam stund. Verken brur eller brudgom kan norsk, så slik sett hadde det kanskje ikkje spelt så stor rolle kva ho sa og korleis ho sa det, så lenge dei to fekk inntrykk av at dette var noko på norsk. Men her skulle det altså gå retteleg for seg, og også for meg var det fint å kunne hjelpe til litt som ei lita gjengjeld for all den hjelpa eg får her.
Etter denne seansen køyrde eg på eiga hand rundt i bygda for å bli litt betre kjent på alle ”lortrådane” som går på kryss og tvers her gjennom dalane og over prærien. Eg reiste derfor først ned til Thrune-farmen, der Norskedalen-museet har samla saman nokre fleire hus. Det var i og for seg stengt der, men eg kunne fritt gå rundt og sjå på husa. Og eg kan ikkje anna enn vere imponert over alt arbeidet som er lagt ned for å bygge opp dette bygdemuseet. Heldigvis har dei god tilgang på eldsjeler som gjerne tek eit tak, og det blir tydelegvis resultat av slikt.
Deretter gjekk turen vidare opp på Sørryggen og inn på Bredebygda, der eg utan særleg problem kjente meg igjen. Deretter stoppa eg ved Vangskyrkja for å sjå på kyrkjegarden. Her var det mange norske namn på gravsteinane, men det var ikkje så veldig mange med inskripsjonar på norsk.
Frå Vangskyrkja gjekk vegen vidare austover gjennom Westby og til Viroqua, der eg var innom ”departmentståret” og kjøpte ein datakabel til kameraet mitt (På Westby-norsk heiter det sjølvsagt ikkje kamera, men ”portrett-maskin”, men det er ei anna sak).
I morgon skal eg innom Sons of Norway-”basen” Iverson igjen, deretter blir det nok ein tur for å intervjue gamle kjenningar som har flytta inn hit til byen. ”The Iversons” er svært hjelpsame, og når dei frå områ seg litt, kjem dei lett opp med mange namn på folk som dei trur enno kan snakke norsk.
Det er heldigvis ein god del her som framleis snakkar norsk, men det ser også ut til å vere nokså mange her fødde under eller etter krigen som vaks opp med norsk heime, men som ikkje snakkar det lenger. Men etter det dei seier, skal det faktisk finnast nokre få her som er fødde rundt 1960 og som snakkar norsk. Eg håper eg får høve til å møte desse. Elles ser det nesten ut til å vere slik at den eldste i barneflokken snakkar norsk, men ikkje dei yngre. Men om dette faktisk stemmer, veit eg ikkje enno. Uansett, slik det ser ut no, så kan det bli mange interessante møte i dagane som kjem.
Veret her er elles svært fint no i kveld. I dag tidleg var det kjølig, og det regna også litt. Men medan vi sat rundt kjøkkenbordet hos Stavslien, slo det om; himmelen vart plutseleg heilt klår og temperaturen steig sikkert med over ti grader. Så no i kveld er det vakkert her, luft er god og sval, og månen er nesten full. Eg håper berre det vil halde fram på same måten.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *