Tysdag 21. september: Westby

Eg er tidleg tilbake på motellet i dag, faktisk før klokka seks. Og eg har hatt ein interessant dag med møte med nye folk her i Westby. I dag tidleg såg det ikkje så veldig lovande ut, eg vakna av nokre heftige toreskrellar, og regnet pøsa ned. Og sidan eg no reiste til Amerika utan å ha med meg regnklede, såg eg for meg at det ville bli ein litt ufyseleg i ei søkkvåt t-skjorte. Heldigvis klårna det opp, og i ni-tida våga eg meg ut i bilen. Igjen måtte eg ty til hjelp frå ”The Iversons”. Dette er ekte ”norskear”, men dei snakkar ikkje norsk, sjølv om dei nok forstår mykje. Og som vanleg kasta dei seg rundt og hosta opp nye informantar til meg. Første sette vi kursen til sørbyen, der er det eit ”apartment-hus” der det bur fleire norskspråklege. Målet vårt var å snakke med Sam, han hadde farma på grensa ute mot Løvås-ryggen, og han hadde nettopp flytta inn. Derfor visste han heller ikkje av andre norskspråklege som budde der. Sam tok meg seg Mr Anderson, og vi sette oss inne på eit av fellesromma. Mr Anderson tok litt rolla som Tause Birgitte, han var mest oppteken av fisking og kunsten å kome seg opp før fire om morgonen for å sikre seg den beste fiskeplassen i Coon Creek (eller Kon-krikken, som det heiter i desse delane av verda). Å snakke norsk, brydde han seg mindre om. Men Sam vart fort varm i trøya, og samtalen glei lett oss imellom heilt til Irma dukka opp med gåstol og i morgonkåpe og crocs, og da tok ho raskt kommandoen. Også ho var ei gudegåve for ein feltarbeidar, her gjekk det på både innpust og utpust. Sam fekk smetta inn eitt og anna ordet, men elles var det Irma som sette standarden. Det kom også fram at eg faktisk har møtt Irma tidlegare: I 1997 vart eg tilsett ved Høgskolen i Østfold, og det tok nokre månader før heile familien flytta ned, derfor vart det nokre turar opp til Trøndelag. Og på ein av desse turane var eg innom Glomstad i Gudbrandsdalen for å få meg litt mat. Eg var åleine i matsalen der, men på tur ut til bilen møtte eg eit busslass med turistar. Dei fleste snakka engelsk, men så var det også to med eit språk som avslørte ein norsk-amerikansk bakgrunn, dei hoppa elegant mellom norsk og engelsk når dei snakka, og det var heilt klart noko kjent med måten dei brukte språka på. Eg kom i snakk med dei, og etter kvart kom det fram at desse var frå Westby, og den eine av deie var faktisk Irma. Så verda er neppe så stor som nokre vil ha det til.
Etter at vi var ferdige med opptaka, vart eg invitert med på rominspeksjon. Denne bu-komplekset er laga for pensjonistar, men eg synest det ser bra ut. Her har dei kvar sin bustad med stove, kjøkken, soverom og bad. I tillegg er det ulike fellesrom og ein ”kærteikar” som har litt tilsyn. Irma si leilegheit var stappfull av krimskrams; ho hadde katt, men katta forsvann nesten mellom alle desse tinga. På veggen hang det kruthorn til ”børsestoff”, gamle børser, og fiskefluer, i taket hadde ho fiskestenger. Bakgrunnen for mange av desse tinga er svært tragisk, ho mista sonen sin i kreft for eit par år sidan, og mange av desse gjenstandane hadde tilhøyrd han. Det mest morbide i denne samlinga var eit lite skrin med oska etter sonen. Det var svært sårt å sjå innom, og det mest overraskande var eigentleg det gode humøret hennar, ho skravla, smilte og lo nesten heile tida, og eg trur ho sette stor pris på å få snakke så mykje norsk igjen. Denne dama var verkeleg ein herleg framtoning, men det krev nok sikkert også eit godt humør for å klare seg gjennom ei slik tung tid. Deretter gjekk vegen innom leilegheita til broren hennar, fiskaren. Han hadde også stor sans for nips, men med ein litt annan stil enn søstera; her var det utstoppa fisk som dominerte. Om ein ikkje visste betre, kunne ein nesten tru at dette var fiskedisken til Meny på Tista-senteret, og ikkje ein heim her i Midtvesten. For her hang det store ruggar vegg opp og vegg ned, alle på eikeplakett med inskripsjon med dato og stad under. Og gubben såg ikkje bort frå at det med tida kunne kome fleire fiskar opp på veggen, om no Vårherre ville det slik.
Etter dette møtet sette eg kursen tilbake til sentrum igjen. Først var eg innom Degernes Scandinavian gift shop, ei fascinerande samling av norsk ”junk”. Deretter kryssa eg gata og fann meg ein plass på Borgens. Der fekk eg kjøttkaker med kaffi til, eg kjem kanskje til å sakne kaffikoppen til maten når eg er tilbake i Gamlelandet, eller kanskje ikkje ….
Deretter var eg ein snartur innom motellet for å ”skype” litt med dei som ventar heime. Og medan eg var der, ringte Iverson igjen, han lurte litt på korleis det gjekk med meg. Eg kunne berre seie som sant var eg hadde hatt ein fin dag. I to-tida køyrde eg ned dit, og da inviterte dei nabokona, ho kunne også litt norsk. Men det var umuleg å få henne til å snakke norsk, lydopptakaren min skremde nok aldri så lite. Men ho var veldig triveleg, vi sat rundt kjøkenbordet og drakk kaffi og småsnakka nokså lenge. Ho kunne fortelje at ho ei tid hadde arbeidd på gammalheimen Norseland, og der var det svært nyttig å forstå norsk. Fleire av gamlingane snakka mest norsk, og det slo seg lett vrange dersom dei ikkje vart forstått. Deretter kom Mrs Haakenson innom, ei dame på 79, og ho kunne snakke norsk. Ho er kanskje typisk for den siste generasjonen med norskspråklege her. Ho lærde eigentleg ikkje norsk heime, ho påsto at ho hadde studert litt på eiga hand, men eg har litt vondt for å tru henne, det er neppe så veldig mange lærebøker som fokuserer på dølamål. Denne enka var også veldig lettliva, og trass i at ho var godt vaksen, arbeidde ho framleis deltid i gravferdsbyrået Vossateig. Og samtalen vår kretsa derfor i stor grad rundt gravferdsskikkar og andre slike oppløftande ting. Men vi hadde det retteleg triveleg, ”The Iversons” serverte kaffi medan vi sat rundt kjøkkenbordet og snakka. I halv seks-tida var eg tilbake på motellet, eg gjekk da bortom ”grosseri-storet” til Hanson og kjøpte meg litt tørrmat, og no i kveld har eg kosa meg med rundstykke med salami, eit akseptabelt alternativ til pizza og burger. Og her har vi det retteleg triveleg, både ho Lena (husflua) og eg. Det einaste eg lurer litt på, er om Lena kjem til å overleve dette svært så platonske sambuarskapet, tida vil vise …

I morgon ventar noko som ser ut til å bli ein hektisk dag. Klokka ni skal eg på ”kvinneforening” heime hos Mrs Olson, deretter vil turen gå ned i Springdalen for å snakke med Larry. Og det eg trur kan bli høgdepunktet, er eit møte med Mr Hanson, ein ”ungfole” på rundt femti år. Ut frå det dei seier, vaks han opp med norsk heime, og han skal derfor vere god på norsken.

Og slik går no dagan her i Midtvesten

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *