23. september: Bad Axe og Coon Valley

I dag har eg hatt ein relativt roleg dag, og det var eigentleg litt godt å ikkje ha det så hektisk. Å heile tida skulle vere konsentrert, gjere seg forstått og få folk til å snakke lett og ledig, kan vere slitsamt. Men samstundes har eg ikkje tid til så veldig mange slike kvileskjær, no har eg faktisk berre tre, toppen fire dagar igjen her i dette området. Dagen starta som vanleg, med ein tur innom sekretariatet mitt, ”The Iversons” klokka ni. Og i dag var eg faktisk dobbelbooka, eg hadde gjort avtale om å sjå innom gammalheimen Norseland klokka ti, men samstundes hadde ”The Iversons” ordna det slik at eg skulle ned til Bad Axe-kyrkja, som ligg eit godt stykke vest for Viroqua (som på desse traktene blir kalla ”Værråki”, med tonelag to og hovudtrykk på første stavinga) . Det er nokre dagar no sidan eg sist testa om GPSen funkar, og eg satsa på kart denne gongen. Og vegen var svært så lett å finne, først inn til Værråki, deretter nokre mil på hovudvegen vestover før eg svinga av til venstre på County N-vegen. Dette var ein retteleg geitesti av ein veg, bratt og svingete – det er kanskje ikkje utan grunn at mange vestlendingar slo seg ned i dette området. Heilt i botnen av bakken låg det ei lite kvitmåla kyrkje, og der skulle eg møte to kvinner som skulle gå igjennom kyrkjebøker for området. Eg må med ein gong innrømme at eg hadde misforstått litt – eg hadde fått høyre at alle dei gamle protokollane i heile countyet var oppbevara her, men slik var det ikkje; det dei hadde å by på, var protokollane til denne eine kyrkja. Såleis fekk eg ikkje sett det eg eigentleg hadde håpa på, bøkene for Westby og Coon Valley. Men på den andre sida, så var det også mykje interessant å lese her. Damene forsto litt norsk, men dei kunne ikkje snakke anna enn ein og annan setningen. Men dei satt no med ordbok og stotra seg gjennom desse bøkene, målet deira var å gjere dette materialet litt meir tilgjengeleg for engelskspråklege lesarar. Og etter fattig evne prøve eg å hjelpe dei med ting dei ikkje forsto. Noko av dette var retteleg underhaldande lesnad, ikkje minst statuttane for ”Kvinde Foreningen”, for her skulle alt gå retteleg for seg. Dei hadde laga seg ein eigen ”rol” for serveringa, dei skulle berre varte opp med to sortar ”kakes” og tre sortar ”kokkis”, i tillegg til ”Suker Lumps”, kaffi skulle det derimot vere rikeleg av, nok til at alle fekk så mykje som dei berre lysta. Og dersom ein no skulle finne på å setje fram meir på bordet enn dette, vanka det ”fen” på femti cent. Ein kan berre tenkje seg korleis desse husmøta må ha eskalert til gedigne serveringskonkurransar mellom ”Kvindene” før ein fann grunn til å setje ned foten og innføre ”fen”.

Som ei slags takk for hjelpa kasta så damene seg over telefonen for å finne fram til nokre sogningar til meg. Og det klarte dei, så søndag klokka to skal eg få møte ein vaskekte sogning på rundt 80, og ei dame i førti-åra med røter til Nordfjord. Eg er litt spent på korleis det vil gå, norsk-amerikanarane er litt sensitive for dialektar annan enn deira eigen, så eg lurer litt på om eg klarer å kommunisere med dei. Eg tek til å få litt sving på ”Konvalle-norsken” no, men det spørst om det hjelper stort i møtet med desse Værråki-folka. Taim vill tell…

Deretter gjekk turen tilbake til Westby, der eg fekk nokre minutt til skyping med Gamlelandet før turen så gjekk ned til Kon Valle (Coon Valley). Der hadde eg ein avtale på Fjord Bar med Sunny, ein farmar på 67 år. Eg vart fortalt at det kunne vere lurt å møte han der, og dei hadde sikkert rett i så mååte. Da eg kom inn, sat han og venta, og han hadde korta tida med ein dram. Og Sunny var igjen ein draum for ein feltarbeidar, han hadde mykje å fortelje om det meste, og to drammar seinare var han retteleg i godlune. Det var berre oss to i baren, og eg gjorde opptaket der. Rett nok var det litt bakgrunnsstøy, men Sonny snakka så høgt at han nok kompenserte for litt slikt brå. Men brått fekk Sunny det travelt, han skulle sitje barnevakt klokka fire, vi tok kvarandre i handa og takka for ei triveleg stund, og så gjekk han. Og da var det eigentleg ikkje noko anna å gjere enn å takke for seg og reise tilbake til Westby igjen. Eg kjøpte meg litt mat, og sette meg så på motellet for å rydde litt opp i opptaka som eg har samla inn under denne ”treppen”. Sist eg dreiv feltarbeid, så brukte eg kassett-spelar, og da skreiv eg namn og dato på kvar kassett. No har eg konvertert til digitalismen, noko som er veldig praktisk, men som også fører til at ein berre sit med kryptiske filnamn. Så kvelden har altså gått med til å rydde opp i dette før eg gløymer namna på dei eg har snakka med.

Elles er det roleg på dette etablissementet no i kveld, i går regna det nesten ti centimeter her, og no i ettermiddag har det også vore ruskevêr, det er rett nok nokså varmt ute, men det regnar altså litt. No dei siste par dagane har det vore mange her på motellet som er her for å prøve fiskelykka i Coon Creek (Kon-krikken, som dei seier her), og desse er svært lite nøgde med alt regnet, da ville vassføringa blir for stor. Men samstundes har eg vondt for å forstå at dette bekk-siklet skal vere ein av dei beste fiskeplassane på desse kantane av verda. For dette er ikkje meir enn ein liten bekk, dei fleste plassane bør ein fint klare å hoppe over. Men det er tydelegvis ikkje alltid storleiken som tel når ein skal ut for å fiske.
Som sagt, det er stille og roleg her, og det ser også ut til at husflua Lena har pakka saman og reist sin veg. Eg skal på ingen måte seie at eg saknar henne, forholdet mellom oss var vore noko anstrengt den tida vi har hatt saman.
Og slik går no dagan…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *