24. september: Norskedalen, Skogdalen, Springdalen og Westby

Da er ein ny dag i ferd med å gå til endes, eg sit her på motellrommet og prøver etter fattig evne å fordøye alle inntrykka eg har fått i det siste. Og eg har hatt ein retteleg triveleg dag, anna kan ein ikkje seie om den saka. I går gjorde eg avtale med Larry, han er nyslått pensjonist og derfor litt rastlaus. For han var det sikkert godt å få vere heime og stulle dei første to-tre vekene, men no er meir enn klar for å finne på ting å gjere, og det ser ut til at det er her eg kjem inn i bildet. Larry har verkeleg vore til stor hjelp i arbeidet mitt, både gjennom å ta meg med til folk som er jamaldringar eller yngre enn dei ein gong staute karane i The Beatles, men også gjennom å hjelpe til med å halde ein samtale i gang når eg gjer opptak. Avtalen var at eg skulle møte opp heime hos han klokka tolv. Fram til da var eg på eiga hand, og det gjekk ikkje så bra. Planen min var å sjå innom Florence, ei herleg dame som bur oppe i Springdalen. Så like før klokka ni ringte eg til henne, men utan å få svar. Eg tenkte da at eg like godt kunne køyre bortom henne, berre for å sjå om ho var heime. Eg var innom henne saman med far til Larry for atten år sidan, og eg trudde eg skulle klare å finne fram, men det gjorde eg ikkje. For her er landskapet nokså krunglete, og det går småvegar (her kallar dei det lortrådar) på kryss og på tvers. Eg måtte derfor kapitulere, og derfor køyrde eg litt rundt for å sjå meg om, og eg tok også ein tur oppom Norskedalen for å sjå litt nærare på museet der. Eg var innom der for nokre dagar sidan, men da berre for å helse på, denne gongen gjekk eg gjennom samlinga med gamle hus. Og her er mykje endra sidan sist eg var her i 1992. Mange nye hus har kome hit, både tobakks-sjedd og utedass, i tillegg til at dei har bygd opp eit nytt tun. Mest synleg av alt er ei gammal norsk kyrkje. Igjen må eg seie at eg er imponert av alt det frivillige arbeidet som er lagt ned her. Det stemmer sikkert at museet i Decorah er det største etniske museet i USA, og at samlinga av gjenstandar av ymse slag er størst. Men samlinga av gamle hus i Norskedalen er gedigen samanlikna med det ein finn der borte. I dag var det full aktivitet der i dalen, for no i helga skal dei ha trøske-festival med demonstrasjonar av gamle arbeidsmåtar av ulikt slag. Om eg får tid, og finn allergimedisinen min, skal eg sjå nedom der da. Klokka tolv var eg tilbake hos Larry i Springdalen, og han vart først med meg opp til Lee-farmen. Der møtte vi den eine av Lee-karane i maskin-sjeddet, og der vart vi ståande å drøse, mest om farming, og da særleg traktorar. Eg må innrømme at eg ikkje akkurat er på heimebane når ein skal føre samtale om dei ulike modellane til John Deere, men her var Larry god å ha. Etter ein liten time med drøs med denne trauste farmaren, sette vi kursen oppom Springdalsryggen, der skulle vi sjå om Florence kanskje kunne vere heime. Og det var ho. Florence er ei av dei som vart videofilma i førre veke, noko som ho verkeleg ”enjåya”, og ho sa ikkje nei til ein ny runde med opptak. Grunnen til at eg særleg var interessert i henne, var talemålet hennar; ho er til no den einaste eg har møtt i dette området som har det korte rotstavingar i jamvektsord, et språktrekk typisk for den nordlege delen av Gudbrandsdalen. Eg ville derfor også sjå om ho hadde pre-aspirasjon i samband med geminerte konsonantar. Men her er eg litt usikker, eg må nok setje meg og høyre grundig på desse opptaka før eg kan gje eit eintydig svar på dette spørsmålet. Uansett, Florence er ei retteleg triveleg dame som ikkje står i beit for ord, så vi hadde ei herleg stund. Larry er ein hjartegod mann med omtanke for alle, i dag tidleg hadde han plukka bringebær, og han sette igjen ei korg hos Florence.
Deretter gjekk turen opp til Westby og til gammalheimen Norseland, har var det to eg gjerne ville møte, enkene Volden (uttala Vøllja) og Larson. Begge desse intervjua eg for 18 år sidan, og begge var enno i nokså god ”sjeip”. Eg fekk dei to med meg inn på fellesrommet på heimen, og eg var i ferd med å ta fram opptaksutstyret da ein stemme i høgtalaranlegget annonserte at ”all of you who can speak Norwegian are welcome to visit with a man from Norway and have coffee in the living room”. Eg pakka bort opptakaren igjen. For no kom dei trillande med den eine etter den andre, nokre var talatrengte, nokre høyrde ikkje, medan andre berre ville lese opp visdomsord frå ”Reader’s digest”. Sidan dei fleste her på heimen fall inn under kategorien norskspråkleg, vart det nokså folksamt inne på opphaldsrommet; eg ser eigentleg ikkje bort frå at pleiarane såg sitt snitt i å få eit lite pusterom i ein elles hektisk kvardag. Likevel, eg gjorde så godt eg kunne og prøvde å snakke med alle som møtte opp, sjølv om det ikkje alltid var like lett. For så snart eg klarte å få til ein litt fornuftig samtale, braut dama med Reader’s Digest av med eit av visdomsordet til president Woodrow Wilson om at ”Common sense is not that common anymore”. Det var eigentleg bra at ho ikkje ga seg til å sitere dei fjorten punkta som har gitt han ein plass i verdshistoria, da hadde eg nok vore der enno. Larry kom og henta meg, og vi var innom nokre andre av dei gamle, trauste norsk-amerikanarane, berre for å helse på. Og medan Larry trakterte bringebær, prøvde eg å småsnakke litt, med varierande resultat. Reint forskingsmessig var nok dette ein bomtur, dei fleste her var rett og slett for gamle. Men likevel ga denne ettermiddagen meg eit innblikk i kor sentralt det norske språket er for mange, kanskje ikkje minst i den fasen av livet som dei fleste av desse er i. Og som eg har sagt, det var herleg å sjå korleis Larry sjarmerte alle desse gamle damene med bringebær og småprat på norsk. Etter eit par timar på denne institusjonen køyrde eg Larry heim igjen, vi køyrde da over ”lortrådane” på Vestbygda og ned i dalen.
Vel tilbake på motellet trefte eg tilfeldigvis Buddy, ein av dei staute karane frå Skogdalen. Han køyrer skolebuss, hadde ein liten halvtime å vente mellom to av rutene, og han var derfor innom bensinstasjonen for å vente over ein kaffikopp. Eg vart med han inn, og over kvar vår kaffikopp, løyste vi i det minste nokre av problema verda har å stri med. Det må nok her skytast inn at Buddy og eg nok ikkje er einige i eitt og alt korleis slike problem best kan løysast. Men i denne samanhengen såg eg eigentleg ikkje nokon grunn til å framheve dette så veldig, her borte er eg mest glad for å kunne få snakke om amerikansk politikk på norsk.
Klokka seks hadde eg middagsavtale, ”The Iversons” hadde invitert meg med på den andre sida av byen, til ”Old Towns Inn” for å ete ”supper” (eller ”søppel” (med tjukk l), som dei seier her). Der var det stinn brakke, fullt av vaksne folk som ville ha seg eit glas og ein matbit før dei tok kvelden. Som eg kanskje har ymta frampå om tidlegare, så hadde eg eigentleg venta at det meste av norsk i dette området ville ein finne på gammalheimen. Men slik er det tydelegvis ikkje, Iverson ropte den eine etter den andre bort til bordet vårt for at eg skulle få møte norskspråklege. I tillegg peika han ut nokså mange i lokalet som han var heilt sikker på kunne snakke norsk. Til slutt fann vi eit bord saman med ein av ”county-klerkane”, ein mann tidleg i 60-åra med ei noko yngre dame. Og medan praten gjekk på ei blanding av norsk og engelsk, stappa vi i oss ein solid porsjon med biff. Før vi tok avskil, gjorde eg avtale med klerken om eit nytt møte ved nonsleite i morgon, da for å få gjort opptak av han.

Igjen må eg berre seie at eg er imponert av kor lenge det norske språket har vore i bruk her; det er ingen tvil om at det er heilt borte om nokre år, men det ser tydelegvis ut til at det framleis er nokså mange i arbeidsfør alder som kan snakke det. Før eg kom til dette området, venta eg rett nok å finne ein og annan som framleis kunne snakke litt norsk her, men ikkje at det skulle vere så mange, og heller ikkje at nokre av dei skulle vere relativt unge. Det heile er eigentleg litt utruleg.

Og slik går no dagan …

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *