Så er det på han igjen med ny tur «over there»; denne gongen er det først workshop ved Penn State University i Pennsylvania, deretter ventar ei knapp veke med feltarbeid i Minnesota og Wisconsin. Her skal vi delvis trampe på gamle tomter, men vi har også blinka oss ut nokre nye plassar, og vi håpar at vi skal klare å gjere gode og interessante opptak også denne gongen.
Oppstarten heimafrå var i folkeleg tid, nokre minutt før klokka 9 kunne junior skysse meg ned til stasjonen, og i tolv-tida var eg framme på Gardermoen. Her kunne eg etter kvart møte resten av den norske ekspedisjonen, og denne gongen stilte Tekstlaboratoriet ved UiO med heile to medlemmer: Janne og Eirik. Om reisa er det nok ikkje så mykje spanande å berette, vi fekk ein solid dose turbulens ut Oslofjorden, det var nok det einaste dramaturgiske høgdepunktet, om no slik risting i det heile kan kallast eit høgdepunkt. Amsterdam er som flyplassar flest, Delta er som flyselskap flest – eller nei, det siste er kanskje ikkje heilt korrekt: Her har dei framleis ikkje fått med seg at folk skal behandlast som kveg, dette selskapet kan faktisk framvise noko som med litt godvilje kan minne om service i den forstand at ein kan få både litt vått og tørt, og det er heller ikkje noko som tyder på at dei med det første vil ta betaling for do-besøk. Etter nesten ni timar i lufta landa vi i Detroit for å bytte fly. Og dette er heller ikkje ein flyplass som fortener så frykteleg mange orda i ein reiseguide, det einaste eg kan seie, er at eg også var her i 1987, og at alt, frå veggfargar til golvteppe, ligg til rette for at ein lett skal kunne kjenne seg igjen. Den siste flyturen, frå Detroit til College Park gjekk heilt utan problem, og rundt midnatt var vi framme på hotellet og klare for senga etter ei lang reise.
Torsdag vart nokså hektisk: Kristin frå NTNU og eg skulle da halde foredrag, og det er nok synd å seie at vi hadde finpolert manuskriptet vårt før vi reiste. Rett nok hadde vi gjort mykje grovarbeid; vi hadde gjort unna mykje på kvar vår kant før vi reiste, men delane var på ingen måte sydd saman på førehand. Derfor teikna det til at dette skulle bli ein veldig hektisk dag sidan vi skulle halde foredraget same ettermiddagen. Men samstundes må det her nemnast at Kristin meinte at vi hadde kontroll, noko eg derimot – rett nok i mitt stille sinn – stilte meg litt tvilande til. Og for å auke stressfaktoren litt, hadde ho mista kofferten sin på flyturen, og derfor antyda ho at det ville vere god prioritering av tida å gå på kleshandel for å komplettere dette tapet. Eg seier ikkje noko på at folk som er klelause føler behov for å kjøpe seg eit plagg eller to, men samstundes syntest eg at det viktigaste no kanskje var å gjere ferdig dette foredraget ut frå ein gammaltestamentleg tanke om at innhald er viktigare enn form. Kristin var usamd i dette, men heldigvis dukka kofferten opp rett etter frukost, og da kunne vi fokusere fullt og heilt på presentasjonen vår. Og like før opningsforedraget skulle begynne, hadde vi eitt eller anna på plass, sjølv om det neppe hadde skada med eit par timar til med førebuing, men skitt au. Konferansedagen var jo både innhaldsrik og interessant, sjølv om ei ikkje får med seg så frykteleg mykje før ein sjølv er ferdig med presentasjonen. Vi skulle til pers rett før fagautoriteten og hovudtalaren Lipski: og eg er usikker på om Wirkola-metaforen er heilt optimal her.
Uansett, vi kom oss igjennom det, den første konferansedagen vart avslutta, og deretter var det middag på ein indisk restaurant i sentrum av byen. Her hadde vi ei veldig triveleg stund med meir eller mindre seriøst fagprat over ein øl og ein buffet med mykje tikka eitt-eller-anna-mat. Og det var framleis folkeleg tid da vi vart henta av biltenesta til hotellet og kunne krype til køys, men når ein har jetleg, kan klokka ni kjennast nokså seint.
Fredag var ein ny dag med konferanse, og denne gongen skulle eg til pers med eit heller håplaust foredrag om forskingshistorie. Det er nok eit nokså dårleg teikn når ein som foredragshaldar ser korleis ein kunne ha gjort dette mykje betre alt medan ein står der stotrande på halvdårleg engelsk og held foredraget. Men vi var mange som hadde foredrag, slik sett har eg eit lite håp om at bidraget mitt drukna. Uansett, kvelden vart avrunda på ein svært minnerik måte med middag i ein amish-heim eit stykke utafor byen. Vi vart transportert dit i to bilar, og vel framme fekk vi eit ørlite innblikk i denne kulturen. Husfaren sjølv var ein tettvaksen kar med vadmålsbukser, bukkeskjegg og ein klassisk bollesveis. Men ulikt det eg hadde venta, var dette ein svært nysgjerrig og vital kar, og berre det at han opna heimen sin for oss, viser nok at han ikkje var av dei mest ekstreme pietistane. Heimen hans var faktisk ikkje så veldig mykje annleis enn andre heimar eg har sett i Midvesten, og det er godt å sjå at kjøkkeninnreiingar frå 70-talet ikkje ser ut til å vere beinvegen til fortaping i helvetet. Under middagen var gamlingen sjølv den som styrte med alt. Maten var god, men her hadde det nok også vore aktiv innblanding frå fleire andre i Amish-heimen, ikkje minst kona og dottera hans som styra på inne på kjøkkenet. Vi avslutta visitten med ein titt på låven hans, og det viste også at dette var ein kar med næringsvett, for her hadde han rigga til bruktbutikk. Dei fleste klarte å vri seg una utan å kjøpe noko, men Tor Anders såg sitt snitt til å skaffe seg ei ny blikksaks. Og så mykje anna skjedde ikkje den dagen.
Laurdag var siste dag på konferansen, og det er eigentleg ikkje så veldig mykje å berette. Foredrag fram til lunsj-tid, deretter ein liten runde på byen for å sjå seg litt rundt. Dagen vart runda av med festmiddag. Dermed er også konferansen over og del to av reisa ventar: feltarbeid. Det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal bli moro.