Dette vart ein nokså hektisk dag. Eg skulle reise saman med Janne og Eirik til Minnesota for å begynne feltarbeidet. Det starta med oppbrot frå hotellet i ti-tida, vi sjekka ut og fekk skyss ned til flyplassen. Der møtte vi «trønder-bataljonen» frå NTNU, som også skulle vere med flyet til Detroit. Flyplassen i College Park er ikkje rare greiene, og det er ting her som lett kan dra tankane til kortbanenettet heime. Eirik og eg klarte utan problem å sjekke inn elektronisk, men det var litt verre med Janne, ho hadde tydelegvis ikkje billett. Det var jo i og for seg rart, sidan ho hadde bestilt og betalt billett for oss alle tre. Men klerken bak disken var påståeleg, og eg skal ikkje nekte for at de spreidde seg ei aldri så lita uro i reisefølgjet. Men etter mykje akkedering og «rage against the machine», ordna det seg til slutt.
I Detroit hadde vi lunsj før vi tok avskil med gjengen frå NTNU, dei skulle heim, vi skulle inn i det norske prærielandet. Og etter ein ny flytur på rundt to timar var vi endeleg framme i Minnesota. Her fann vi fram til Dollar bilutleige, Janne drog kortet, og vips så fekk vi utlevert nøklane til ein tolleg røseleg og sølvblank prærieskonnert. Her må eg nok smette inn at trass i at ein kan håpe at Eirik vart bittelitt imponert over doningen, så har Janne og eg vore ute med slike farkostar tidlegare: Chevroleten var grei den, men vi har nok sett og hatt større monster tidlegare. Uansett, med denne skuta sette vi kursen sørover ned mot Goodhue county og stjørdalingane rundt Wannamingo og Zumbrota. Det står ikkje å nekte for at vi er heldige med veret, temperaturen var god, ettermiddagssola skein, og no tek også lauvtrea til å skifte farge, så det var svært vakkert på turen nedover. Vi var framme i Zumbrota i god tid, så vi tok ein ørliten avstikkar berre for å sjå oss litt rundt i dette åkerlandet. Deretter sette vi kursen heim til ekteparet Irene og Sigurd, to svært taleføre stjørdalingar med røtene opp til Skjelstadmarka. Desse hadde vi også i fjor, og da avslørte Irene at ho framleis hadde levande konjunktiv. Denne gongen hadde ho invitert tre andre norskspråklege, så vi konsentrerte oss om desse. Også dette var interessante folk, den som snakka best, var ein liten, spretten og relativt nygift kar tidleg i 80-åra. Han vart slusa ned i kjellaren, der Janne oppretta Studio 1, medan Eirik og eg styrte med Studio 2, og her kom det også ein svært interessant kar på over nitti år. Han var rett nok litt ustø i norsken, men samstundes hadde han ei fantastisk livshistorie å fortelje. Han hadde vore navigatør på amerikanske bombefly under krigen og var nok svært heldig som kom frå det heilskinna. Etter mange år i flyvåpenet dimitterte han og tok seg sivil jobb, men i 1962 måtte han dra på seg uniforma igjen og stille som navigatør på ein B-47 Stratojet stasjonert i Wisconsin, med to hydrogenbomber i bomberommet og Moskva som mål. «This was not a joke», sa han, og det tvilar eg ikkje på. Han kunne også fortelje at han i militærtida si hadde gjennomgått ein språktest for å finne ut kor godt han snakka norsk, intensjonen var vissnok å plukke ut kandidatar som liaison-offiserar i Noreg. Og dette hadde han god lyst til, men han gjorde det svært dårleg på denne testen: det dei testa, var riksmål – han snakka berre «trondhjemmer». Den tredje informanten var ein hesteinteressert kar midt i 70-åra. Han hadde hatt slag, og var slik sett kanskje ikkje den heilt perfekte informanten. For det meste glei han over på engelsk. Men har arbeidde målretta for å bli betre etter slaget, og han hadde eitt mål: å kunne reise ein siste gong tilbake til Trøndelag. For meg som trønder kan ein lett bli sentimental av slikt.
Etter eit par timar med intervju og litt drøs rundt kaffibordet sette vi kursen vidare sørover til Rochester, der vi hadde bestilt motellrom. Og klokka gjekk mot elleve før vi kunne finne romma våre.
Og slik går nu dagan i Minnesota.