I dag hadde vi gjort avtale med Larry Leum og resten av feltarbeidsgjengen om å møte på Borgen’s cafe i Westby klokka 11, og dermed hadde vi ikkje tid til så mange sprell på vegen. Motellet vi tok inn på, var av rimeleg god standard, og Janne kunne ta seg nokre rundar i bassenget, medan vi karane tok livet litt meir med ro på morgonkvisten. I åttetida hadde vi frukost, og den var heller ikkje så heilt ille, når ein samanliknar med vanleg standard her i dette merkelege landet. Deretter sjekka vi ut, lasta utstyret vårt inn i prærieskonnerten og sette kursen sørover. Dette er kjente trakter for meg, og eg har køyrt denne vegen mange gonger, sjølv om det er litt merkeleg å vere tilbake igjen. Vi kom etter ei stund ned til Mississippi-elva, og veret var også i dag godt, så turen ned langsmed elva var svært vakker. Vi kryssa deretter Mississippi og kom inn i La Crosse. Dessverre hadde vi ikkje så god tid, så eg fekk ikkje mulegheit til å stikke innom gitar-sjappa hans Dave. Slikt burde eigentleg vere straffbart, det bør ikkje vere muleg å reise gjennom denne byen utan å måtte stikke innom sjappa hans. Men her er det snakk om å ofre alt for å flytte forskingsfronten framover, og da får dessverre gitarbutikk vere gitarbutikk.
På Brogen’s var det stinn brakke da vi kom, Larry hadde funne fram til fleire informantar, i tillegg satt det fleire språkvitarar der, slik at vi no var seks feltarbeidarar til saman. Det var fleire som kom bortom bordet vårt for å helse på, og også gamle kjenningar som Ron Iverson stakk innom. Larry hadde også fått tak i ungdomsalibiet «Johan» på 51, han skulle kome klokka «halv over ølløv». Johan er den yngste eg nokon gong har møtt i dette området, og han er ein lun og humoristisk type. Etter kjøttkaker og lefse tok Larry og Johan oss med til tanta til Johan, ei litt sky dame som etter det nevøen sa ville like å snakke norsk. Larry, Luke og eg venta ute og løyste dei fleste verdsproblema medan resten av gjengen gjorde opptaksarbeidet her. Vi hadde det retteleg triveleg under lønnetreet, og det er kanskje litt synd at eg ikkje skrudde på opptakaren. På den andre sida, det må også vere muleg for folk å opne kjeften utan at ein skarve språkvitar skal stikke ein mikrofon opp i munnen på dei.
Etter denne seansen tok Larry oss med utover mot Sørryggen, der vi skulle få møte Verlin. Dette var også ein kar som snakka godt norsk, fram til det siste hadde han dagleg snakka norsk med bror sin på telefonen. Og her kunne Larry og Verlin snakke om laust og fast medan opptaksutstyret snurra og gjekk. Og det var sein ettermiddag da vi sette kursen mot motellet på Old Towne. Det geniale ved å ta inn her var at restauranten låg like ved: det vi ikkje tenkte på, var at dei hadde stengt på måndagar. Derfor måtte vi sette kursen til Viroqua for å få oss ein matbit på Pizza Hut. Det vart vi sitjande og snakke om språk i lang tid, i alle fall lenge nok til å finne ut at å markere bestemtheitssuffikset med apostrof i svensk er eit bombesikkert kjenneteikn på manglande danning. Noko verre kan ein vanskeleg finne. Det var sengetid da vi returnerte derifrå.
Og slik går nu dagan…