I dag starta vi dagen med «påsså», dette geniale prærielingvist-konseptet som Janne og eg introduserte i fjor: Tørrmat, pålegg og litt frukt i ein «påsså». Frukosten på dette hotellet er ekstremt amerikansk, dvs. søt og klissete, derfor fungerer påssån svært godt her. Deretter sette heile gjengen kursen nedover dalen til Stoddard, der vi skulle heim til Douglas. Vi kan vanskeleg seie anna enn at vi sleit litt med å finne fram, men det hang nok saman med at vi i litt for stor grad hadde etablert tiltru til den nye GPS-en vår. Men det glupe her borte er at kvart hus har eit individuelt «brann-nummer», slik at brannvesenet lett skal kunne finne fram. Og det er ikkje berre staute brannkonstablar som har glede av slikt, det kan faktisk også kome språkvitaren til gode. Douglas er ein pensjonert lærar som vi møtte i fjor, men da svikta teknikken litt (Når sant skal seiast, så var det kanskje meir menneskeleg svikt enn teknisk svikt, men det er ei anna histore som eg kan plage andre prærielingvistar med i mange år framover.) Douglas var svært stolt av å vise fram heimen sin, og det står ikkje å nekte for at han også budde svært så bra med eit sjarmerande hus og utsyn over dalen og over mot Minnesota. Etter ei kort tid her delte vi oss, Janne og Luke sette kursen tilbake til Westby, medan vi andre starta opptakssenansen. Det er ikkje nokon tvil om at Douglas har nytta tida godt sidan i fjor. Da sleit han verkeleg med å snakke, og eg har aldri sett ei slik kroppsleggjering av språktap. No sleit han også litt, men på ingen måte så mykje som han gjorde da: Det er tydeleg at han må ha trena litt, og det hadde han nok også, ikkje minst gjennom å skype med slekt og kjenningar i gamlelandet.
Etter eit par timar heime hos Douglas, skulle turen gå vidare til Borgen’s for å møte gamle kjenningar som Florence, Howard og Archie. Men her måtte eg dessverre melde pass. Etter at eg kom til Amerika, har eg hatt småproblem med magen min, men no tok dei til å bli heller plagsame. Så medan dei andre gjorde feltarbeid på Nordryggen, kunne eg gle meg over i fred og ro å studere porselensarbeid frå dette kontinentet medan eg «ropte på elgen» – eg skal ikkje gå i nærare detaljar her. Denne fauka stod på ei stund, men eg sovna etter nokre timar, og da eg vakna i seks-tida, var eg i rimeleg god «sjeip» igjen, og da gjekk eg meg ein runde opp til byen for å sjå meg litt rundt på gamle tomter. Det er utruleg irriterande å skulle bli småsjuk slik når ein er ute på feltarbeid, men dette er dessverre noko ein får finne seg i. Eg håper at eg er ferdig med slikt for denne gongen.
No sit eg på motellrommet og skriv, dei andre har sikkert lagt seg, og i morgon ventar ein ny dag med feltarbeid. Og etter ei solid økt med «Cairo Quickstep» i dag, er det nok best å krype til sengs no.
Og slik går nu dagan!