Så var det slutt med helg og og ein halv dag med latmannsliv, her nord på prærien gjeld ikkje arbeidsmiljølova, så det er berre å karre seg opp om morgonen og starte arbeidsdagen i rett tid. Etter den tradisjonelle frukosten på nabohotellet med egg og flesk venta arbeid med foredraget. Det skal på ingen måte nektast for at panikken tek til å bre seg no – dette kan umuleg gå særleg bra: eg har absolutt ikkje kontroll. Vi hadde avtale med Bjørn litt over 12, og på turen nedover stoppa vi i kjøpesenteret nede i sentrum for å handle med oss ein matbit. Som vanleg venta romsdalingen og flaska nede ved inngangsdøra, og som vanleg stilte han i nyvaska klede og bobla over av entusiasme. Utan Bjørn hadde det ikkje vorte rare feltarbeidet, er eg redd. Og som vanleg dreiv han folkeopplysning på veg nedover til kyrkja der vi skulle møte informantane.
Her var det alt nokre som venta da vi kom, og det vi trudde kanskje skulle vere ein eller to, viste seg å bli seks – åtte. Vi var raske til å få opp utstyret – det merkest at vi no tek til å bli varme i trøya. Janne tok med seg den første klienten inn i kyrkjeskipet, som fungerte som studio 1, medan eg tok med meg 97 år hamle Hanna inn i studio 2, som for anledninga var innreidd som Jerikos murar. Og på same måten som for mange tusen år sidan i Jeriko, vart lydnivået uforsvarleg høgt. Og her var det ikkje blåsing i basun som fekk murane til å riste, men stemmebruken min. For Hanna høyrde så godt som ingenting. Eg snakka høgt, og ho berre såg på meg og sa «hee?»; eg ropte, og ho sa berre «hee?»; eg brukte alt eg hadde av militær kommandorøyst, men trass i at eg kan vise fram eit vitnemål med karakteren 5+ i militær kommandoføring frå Luftforsvarets skoler i Stavern, var dette til lita hjelp for meg her, Hanna sa berre «Hee?». Eg prøvde så å variere tonehøgda litt i håp om at eg kanskje kunne streife innom eit eller anna frekvensområde som Hanna framleis kunne oppfatte, men det gjekk utruleg tungt. Omsider fann eg eit frekvensområde der det såg ut til at ein og annan amplituden sneik seg igjennom øyregangane. Eg klarte ikkje å intervjue Hanna, men eg klarte å få henne til å snakke norsk, og berre det syntest eg var ein prestasjon. Det gjekk etter kvart opp for meg at så lenge eg skreiv, så snakka ho, når eg slutta med skrivinga, slutta ho å snakke. Så for å få litt språk over til digitalt medium, sat eg på slutten og berre skribla på papiret, og så lenge eg skribla, så snakka Hanna. Etter ein halvtimes tid med slik skribling sa vi oss ferdige, og nestemann sto for tur. Det vart ein hektisk ettermiddag med fleire intervju og opptak av samtalar. Og Hanna venta tolmodig på at dei andre skulle bli ferdige medan ho sjølv no hadde kome i siget og snakka norsk til alle rundt henne. Og putseleg høyrde ho også alt som vart sagt rundt henne. Janne og eg prøvde også å vere litt sosiale og vise folkeskikk, kvar informant får litt juggel som takk for hjelpa, og det må jo førebuast, samstundes som vi må halde orden i papir og informantkodar. Og midt oppe i dette kaoset, gjekk det opp for oss at vi hadde gløymt ein av informantane i studio 1, i ein halvtime sat ho heilt åleine og venta tolmodig på oss, og ho var på ingen måte sur eller grinete på grunn av dette. Slik gjekk dagen, og i fem-tida kunne vi pakke saman, køyre Bjørn heim og setje kursen tilbake til motellet. Der venta ei ny økt med arbeid. Og med unntak av ein snartur ut for å hente heim ein pizza, gjekk kvelden med til å prøve å snekre saman noko som kan likne på eit foredrag.
Og slik går nu dagan ..