Så er det andre konferansedag – igjen tusla eg ned på restauranten for å få meg ein matbit, og som vanleg var det kjentfolk å treffe der og skravle litt med. Og sidan eg eigentleg er ferdig med pliktnummeret mitt – foredrag saman med Karoline pluss å vere «stol», så har eg eit litt avslappa forhold til resten av denne konferansen. Vi var ein gjeng som møttest i resepsjonen litt før ni for saman å gå til universitetsområdet, og for meg passa dette bra – i dag har dette sirkuset flytta lokale, og eg tviler eigentleg på om eg ville klare å finne fram på eiga hand. Men fann fram, gjorde vi, Silvina Montrul var også på plass no, og eg kunne handhelse takk for sist i Halden. Så starta programmet klokke 9, og som vanleg er innhaldet interessant, deretter var det pause for poster-presentasjon, og der var jo Janne og eg (pluss Ida) representert, før vi braut opp og gjekk på byen for å ete lunsj. I går hadde eg løksuppe, og det same landa eg på i dag: gørrgodt, som dei seier i Halden. Så var det ei ny langøkt med foredrag før Montrul runda dei heile av med ein skikkeleg «key note» – moro. Så vrt det ein bitteliten matbit før herrane Putnam og Salmons & fleire lokka meg med til bryggeriet Coppers Creek for å ete. Steikt fisk smakte godt, særleg med tanke på at vi no snart skal på prærien der pizza og burger er sikringskost. Og IPA-ølet var det heller ingen usmak på.
Akkurat no har eg trekt meg tilbake på hotellrommet, klokka har passert 10, og det er snart leggetid for slike som meg. Åkke som – så langt har denne amerikaturen vore fin, og snart blir det feltarbeid – det ser eg fram til!
Og slik går nu dagan på konferanse ….