Første konferansedagen er unnagjort, og det har vore ein interessant dag. Etter frukost sette eg meg til med arbeidet igjen for å få litt fasong på foredraget, og klokka 10 møtte eg Karoline nede i lobbyen, der vi snikra og lima saman delane våre: vi oppdaga også nokre store svarte, teoretiske hol som vi kanskje ikkje hadde teke høgde for da vi for fleire månader sidan tenkte ut dette foredragaet. Eg trur vi klarte å gøyme dei fleste av desse hola, men sikkert ikkje alle: ein vaken tilhøyrar vil lett oppdage kor det er litt vaklande empiri. På den andre sida, dette er jo eigentleg ein workshop, så det må vere rom for litt smårot i det teoretiske og/eller empiriske syskrinet. Vi brukte ein time på å gjere oss ferdig, deretter var vi ein snartur på byen for å ete lunsj før konferansen starta i 2-tida. WILA er eit fantastisk forum sidan det er så inkluderande – det er litt «family reunion» over det, og det er veldig bra. Karoline og eg var første par ute – og slik sett kan vi vanskeleg kallast buljongpar: og eg trur eigentleg at vi klarte rimeleg bra – det var kanskje ikkje eit foredrag som kjem til å endre lingvistikken heilt, men det var heller ikkje slik at folk kasta rotne egg på oss. Og uansett, det er alltid artig å ha foredrag saman med nye folk. Eg har aldri vore så tidleg ute med foredrag, og det var veldig godt – no kunne eg faktisk fokusere på kva dei andre hadde å kome med, og ikkje berre sitje og gruble over mitt eige stoff. Flott program og velorganisert konferanse, og når det i tillegg er sol og27 grader ute, så er det eigentleg fint når programmet er over også. Siste post på programmet den dagen, var besøk på eit ølbryggeri nede i sentrum, og der skulle det vere ølsmaking. Og dette var eit litt uvanleg konsept: det viste seg at bryggeriet ikkje har lov til å selje øl, men dei har lov til å selje glas, og når ein kjøper eit glas til 15$, så får ein også eit klippekort med seks påfyll. Og når språkfolk får litt øl i glaset, så blir det også snakkesalige, og når språkfolk blir snakkesalige, så vil dei jo helst snakke om språk, må vite. Ergo, ein triveleg kveld. Seinkveld vart det no rett nok ikkje, klokka var vel litt ogver ni da eg tusla heim og kraum under dyna. Trass alt så har eg jo jetleg enno, må vite.
Og slik går no dagan her i sør.