Tysdag 25.- onsdag 26. oktober 2016: Halden, New York, Atlanta, Athens (Georgia)

Javel, så vart det altså ein ny tur over blåmyra I år også – og dei neste to vekene får mastersøknad, FoU-leiing, lærarutdanning og oppussing i heimen få lov til å vere mastersøknad, FoU-leiing, lærarutdanning og oppussing i heimen utan at eg skal blande meg så veldig mykje inn i det. For igjen har Janne på Tekstlaben lagt opp til amerikatur og ein solid dose feltarbeid – og når det er snakk om feltarbeid på prærien kombinert med litt faglege samtalar og drøs ved ein eller annan amerikansk akademisk institusjon, så er eg lett å be. Eg er jo klar over at eg tek til å bli ein nokså gammal sirkushest no, som sikkert berre vil vere til plunder og heft når ungdommen skal elisitere seg opp og fram, men på den andre sida – å framleis få lov til å drive med dette 30 år etter at eg først slo inn på denne smale forskarvegen, er nesten utruleg – det er eigentleg berre synd og trist at få andre språkfolk har vist interesse for dette før no dei siste åra. Men slik er det vel med det meste, vil eg tru, det er først når det nesten er for seint at folk kjem strøymande til.

Åkke som, tysdag den 25. klokka 0530 ringde vekkarklokka i heimen, gamlingen stavra seg opp av senga, fekk på seg fillene, og ein dryg halvtime seinare satt han i drosje ned til Halden stasjon. Derifrå gjekk reisa med streikefritt tog – inkludert flytog – til Gardermoen. Joda, eg måtte vente litt på Oslo S før eg reist vidare, men denne halvtimen på Oslo S var heilt tilfeldig: om det er nokon som trur at eg gløymde pc-veska mi med det meste av teknisk utstyr på venterommet på Halden stasjon, og måtte vente på Oslo S til ein eller annan snill konduktør henta veska mi og tok henne med på toget som gjekk ein halvtime seinare, så tek dei heilt feil. Slikt skjer jo aldri med meg, og dermed basta – eg vil ikkje høyre meir snakk om dette. Så det så. Og om det er nokon som i tillegg kjem i skade for å nemne at eg (nesten) la igjen mobiltelefonen min på flytoget, så blir eg berre sint (når eg tenker etter, så trur eg nesten ikkje at eg nokon gong har vore skikkeleg sint, så det kunne jo eigentleg vere interessant å prøve korleis ein fører det når ein blir skikkeleg sint: arg – ja, men sint – trur eigentleg ikkje det … ikkje så langt i livet i alle fall – men det kan jo kome dagar etter dette.) Uansett, det må det må da vere lov å leggje frå seg mobilen for å ta på seg jakka utan at det blir oppstyr av det (at eg var på god tur ut av flytoget før dette oppstyret starta, var berre heilt tilfeldig. JA; DET VAR DET!!!!)

Flyreisa er det ikkje så mykje å berette om, eg møtte UiO-gjengen på Gradermoen litt over klokka ni, vi sjekka inn, og etter ei stund tok SAS oss til vers i ein stasleg Airbus, og vi kunne sette kursen vestover. Flyreisa var som flyreiser flest – det er lite å fortelje om. Og etter sju timar i lufta, landa vi i New York. Der var det ny runde med sjekking og venting før vi nokre timar seinare kunne fortsette i retning Atlanta. Igjen, her var det lite som skjedde, anna enn at vi måtte vente på buss vidare til Athens. Og nokså seint pp kvelden, etter over 20 timar på reisefot, kunne vi endeleg sjekke inn på hotellet. Dette må vere ein av dei mest langdryge amerikaturane eg har vore med på – eg skal ikkje seie noko stygt om turen, anna enn at han var langdryg: det tok nesten 24 timar frå eg gjekk ut ytterdøra heime i Halden til eg var på hotell i Georgia. Og eg veit at eg absolutt ikkje har nokon grunn til å klage – dei gamle utvandrarane brukte jo fleire månader frå dei reiste heimafrå til dei kunne «kleime» ein ny bustad.

Etter ei god natt i tilnærma koma, stavra eg meg ned i restauranten i 7-tida i dag, og der var det fullt av kjentfolk, både norske og danske. Og det siste var ikkje minst viktig, sidan eg i morgon skal ha eit foredrag saman med Karoline frå Københavns universitet. Og når sant skal seiast, så er det mykje ugjort på dette foredraget. Uansett, Karoline og eg fekk i det minste mulegheit til å snakke litt saman og legge noko som kan minne om ein plan, eg kunne forsvinne på rommet mitt for å arbeide vidare, medan ho jobba vidare med sitt, og litt utpå dagen kunne vi møtast igjen for å koordinere arbeidet vårt litt, og slik dreiv vi på. Eg må berre innrømme at så langt så har eg berre i veldig liten grad fått føling med at eg er ute i den store verda – eg har berre arbeidd med denne presentasjonen. I kveldinga gjekk vi alle ut for å ete litt, og det er godt å sjå at Karoline er så roleg – det ser ut til at ho har full kontroll – sjølv føler eg det ikkje slik. Med jetleg blir det jo tidleg kveld – eg prøvde å arbeide litt vidare, men eigentleg trur eg at akkurat det arbeidet var fånyttes, eg var stuptrøytt.

Uansett, slik går no dagan her i «the deep south» …

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *