Laurdag 27. november 2021; Buenos Aires, Posadas, Overa

I dag starta vi den verkeleg store utflukta vår, der vi skal inn i heilt ukjent landskap for feltarbeid. Å arbeide i Buenos Aires går greitt, vi har alle kjennskap til storbyar generelt og klarer å ta oss fram, og Veronica er jo fødd i denne byen, så da kan vi andre slappe av. Flatland med jordbruk er eit anna landskap vi har veldig god kjennskap til. Men i dag skulle vi altså inn i Misiones, og vi visste absolutt ikkje kva som venta oss. Avreisa var tidleg, i sjutida samlast vi i matsalen for litt frukost, men det vart lite dveling over brødskiva, for klokka halv åtte vart vi henta for transport til flyplassen. Eigentleg hadde vi sikkert veldig god tid sidan flyet ikkje skulle gå før litt før klokka ti, men i desse korona-tider veit ein jo ikkje kor fort ting går, dessutan var vi hotellistane usikre på kor stor denne flyplassen var og kor fort det ville gå unna. Ein argentinar ville neppe stille så tidleg, noko også Veronica viste, der ho troppa opp i litt meir folkeleg tid. Deretter venta knappe 90 minutt i lufta før vi kunne lande i Misiones, i byen Posadas.

Her vart vi møtt av røselege Sverre i siste del av 80-åra, sonen og sonesonen hans; dei to eldste stilte med kvar sin bil for å kunne transportere prærielingvistane vidare. For no venta knappe to timar i bil før vi var framme ved målet vårt, Overa. Det landskapet vi køyrde igjennom liknar ikkje noko som eg tidlegare har sett, trur eg. Det er frodig og grønt, og det er i stor grad skoglandskap. Jorda er raud, og sjølv ihuga fargeblinde kan sjå at dette er noko anna enn traust trønderjord. For oss skandinavane var planane for dagen litt vage, vi skulle visst få snakke med Sverre i løpet av dagen, og det skulle også vere noko grill-greier om kvelden, men elles var det meste litt uklart. Det einaste vi høyrde, var at verten syntest at vi hadde sett av alt for lite tid til verkeleg å få sett oss om i dette området, og det hadde han sikkert heilt rett i. Framme i Overa stoppa bilkortesjen framfor hotell Casino, og der vart vi lempa av med melding om at vi ville bli henta om et par timars tid. Vi sjekka inn på denne merkelege plassen, der det slik hotellnamnet indikerer var svære salar for pengespel, og lokala tok alt til å bli fulle av speleglade. Romma var også greie, og vi kunne slappe litt av før Sverre dukka opp til avtalt tid for å hente oss. No gjekk vegen ned til området der pionerane først kom, og der det no var ein skole. Og det var unekteleg litt rart å finne namnet Svea skriven inn å ein statue her i den argentinske «glesbygden». Neste stopp var kyrkjegarden, ein plass der mange skandinavar hadde funne ein siste kvileplass. Og igjen er det veldig rart å gå rundt på ein gravplass her på det søramerikanske kontinentet og sjå både skandinaviske namn, men også inskripsjonar på svensk og norsk. Og Sverre hadde mange historier å fortelje om dei som låg her. Så gjekk turen vidare på det dei i Wisconsin ville kalle «lort-rådar», og sjølv om hovudvegane her ser ut til å vere i god stand, er det eitt å anna å utsette på dei mindre bygdevegane. Og medan vi rulla igjennom dette landskapet, brukte Sverre tida til å fortelje om plassen og folka. Til slutt ende vi opp heime hos guiden vår, og medan han som vert blanda drinkar til oss, gjorde vi opptaksutstyret klart. Og Sverre, som sikkert hadde tenkt å sitje i stolen sin utafor inngangen, måtte i staden finne plass i stua, der vi hadde etablert studio. Eg tenkte at å vere fire feltarbeidarar inne samtidig kunne kanskje bli litt for overveldande, så eg tusla derfor ut og såg litt på den fantastiske hagen. Ikkje lenge etter kom kona Anna heim, og ho er svært ivrig hobbygartnar og viste gjerne fram det ho dreiv med. Dette er ei dame av dansk opphav, men ho snakkar ei merkeleg nordisk blanding. Og medan Ola frå Sandefjord i følgje songen brukte engelsk og norsk, kunne Anna varte opp med ei blanding av norsk, svensk og dansk. Dette må vel vere noko av det næraste ein kjem pan-nordisk.

Etter kvart kom det også fram at jada, her skulle det bli skikkeleg fest. Sverre og Anna har ei stor tomt, og rundt tomtegrensa har mange av etterkommarane og slektningane sett seg opp hus. Og på grunn av korona-restriksjonane har dei no rigga seg til med eit utadørs festområde med ein gedigen oppmura grill og eit heimelaga partytelt. Og der nede dreiv alt eit par karar på med å grille, og det var ikkje småting som skulle varmebehandlast – det var både store bryststykke av naut og halve grisar. Og det var heller ikkje tvil om at no skulle det bli fest, dei venta over tretti deltakarar.

Etter kvart vart intervjuet av Sverre runda av, og i nitida tok det til å strøyme på med glade slektningar med god, gammaldags «sendingskorg» med både mat og drikke. Og etter kvart som vi sessa oss rundt bordet, vart vi servert grilla kjøt i uhorvelege mengder, samtidig som dei heller ikkje var knipne med å slå i glasa. Og at dette er «norskear» (som dei seier på prærien) var det ingen tvil om, mange av dei hadde norske namn (meir om dette seinare, trur eg), og fleire av dei kunne også nokre norske ord og fraser. Og i godt lag går tida fort, og rundt klokka eitt var det på tide for oss prærielingvistane å kome oss tilbake på hotellet, og da fekk vi sjølvsagt skyss inn til byen. Dette er verkeleg gjestfrie folk. Og medan gamblinga inne i kasinoet var på det mest intense, trekte vi pampaslingvistane oss stille og roleg til romma våre – i morgon klokka 9 skal vi møte i kyrkja, og da er det jo greitt å få nokre timar på øret først.

Og slik gjekk den første dagen her i Overa.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.