Søndag 28. november 2020: Overa

I dag er det søndag, men det betyr ikkje kviledag i form av at ein kan liggje og dra seg utover formiddagen. For den første avtalen i dag var altså å møte i kyrkja klokka ni. I går var det godver, men på tur opp mot kyrkja tok det til å regne litt, og det var tydeleg at vi ikkje kunne vente så mykje sol i dag. Den lutherske kyrkja her i byen er kanskje ikkje eit praktbygg på høgd med Nidarosdomen eller Vatikanet, men så er det vel heller ikkje fjong arkitektur som er den viktigaste oppgåva til denne institusjonen. Sverre og Anna var her, og vi fire pampaslingvistane – og nokre til, men det var absolutt glissent med folk og veldig god plass mellom benkeradene her. Og det var også eit og anna ein som nordmann kunne dra kjensel på i messa, særleg eit par av songane. Og sjølv om korkje dei spede røystene eller det famlande piano-akkompagnementet  løfta taket, så meiner eg bestemt at eg kunne kjenne igjen ønskekonsert-favoritten Blott en dag. Etter messa vart vi vist rundt i kyrkja, og den svenske bakgrunnen var svært tydeleg. Framme i koret var det eit argentinsk og eit svensk flagg, og i fellesrommet ved sida av kyrkja var det hylle på hylle med svenske bøker av ymse slag, gardiner med falu-hestar (er det ikkje det desse trehestane blir kalla?) og flagg og andre etniske markørar. Og på veggane hang det foto av tidlegare prestar, og da gjekk det opp for meg at det var i dette området at filologen Gunvor Flodell dokumenterte det ho kalla «misiones-svenskan» på 60- og 70-talet; mannen hennar var den siste svenskspråklege presten her, og svensk vart faktisk i fast bruk i gudstenesta fram til i 1973, og det er jo ikkje så lenge sidan.

Etter denne omvisinga gjekk vegen tilbake til hotellet der vi gjekk kvar til vårt. Ute regna det og var torevêr, så det planlagde programmet som Sverre hadde laga, måtte leggjast om. Men klokka fire kom han og henta oss igjen, han ville vise oss litt rundt, og i tillegg skulle vi ein tur innom svenske Erik. Dette er ein merkeleg by som ligg i eit enda merkelegare landskap. Og den fleirspråklege, eller kanskje rettare fleirkulturelle identiteten til denne byen er svært synleg gjennom ulik skilt og namn. Etter kvart la vi byen bak oss (noko som ikkje tok så veldig lang tid) og bevega oss inn i meir rurale delar av dette landskapet. Her er det særleg te og yerva(er det slik dei skriv det, tru?) som dei dyrkar, og te-markene ser nesten ut som ein enormt stor stussa hekk. Vegstellet ute på bygda er ikkje så veldig imponerande, det er humpete jordvegar, og eg kan liksom forestille meg korleis desse blir når det styrtregnar. Og landskapet bølga opp og ned og delar av det er svært bakkete.

Til slutt kom vi fram til svenske Erik, og dette var ein kar som likte å fortelje og også å vise fram, og det han hadde å by på, var absolutt interessant. Mora hans hadde skrive to bøker om livet her i kolonien, og sidan desse kom ut i Sverige, bør dette vere lesestoff som det er muleg å få tak i heime. Sjølv hadde han vore i Sverige fleire gonger, mellom anna budde han ei tid i Stenungsund som gutunge. Dessutan var han gammal idrettsmann, på veggen i stua hadde han hengt opp både eit spyd og ein stav, det siste hadde samanheng med at han var med i OL i Mexico i 1968 som stavhoppar, og det er det jo absolutt ikkje alle som har vore. Kort sagt, det vart eit par interessante timar i selskap med denne taleføre svensken. KOna var også talefør, men ikkje på svensk, så eg trur kanskje at ho følte seg litt ignorert, men det får så vere denne gongen. Vi takka etter kvat for oss og reiste så tilbake til Sverre igjen, og no var det kona Anna som skulle dokumenterast – og igjen gjekk det veldig greitt med intervjuet. Dette er absolutt språkmektige folk, og på mange måtar er dei ulike dei vi finn i Midtvesten. For det første er dei vane med språkleg variasjon, så danskar, svenskar og nordmenn bruker morsmålet sitt her når dei møtest, og dermed forstår dei også oss litt betre. Dessutan finn vi mindre språkblanding (eller kva ein no skal kalle det) med spansk. Etter opptaka returnerte vi til hotellet før vi til slutt gjekk ut for ein liten matbit – i selskap med eit kobbel gatehundar i byen som sprang rundt bordet vårt og prøvde å gjere seg lekre.

Og slik går nu dagan ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.