I dag har eg hatt i stor grad brukt tida mi på å arbeide med foredraget som eg skal ha neste veke. Det tek etter kvart til å ta form, sjølv om det er ein del ugjort enno. Derfor har eg i stor grad halde meg på motellrommet og sett relativt lite av verda rundt meg. Sjølvsagt er det ikkje noko skrivebord på rommet mitt, men det gjeld å innrette seg som best ein kan; det er utruleg kor langt ein kan kome med ein stol og ein koffert.
Likevel, eg har ikkje sitte inne heile dagen – det skulle eigentleg berre mangle når ein er i utlandet og bruker av skattepengane til ”folk flest”. I ein av pausane gjekk eg meg ein tur til ”Dave’s guitar shop”, som ligg berre fire kvartal herifrå – og dette må nesten vere det næraste ein kjem himmelen her på jord. Eg kan ikkje hugse at eg har sett ei så stor gitarbutikk nokon gong – lokalet var retteleg stort, og her hang det Fenderar, Gibsonar, Rickenbackerar, Guildar og Gretchar overalt. Meter på meter, reol for reol. Kort sagt, ei heilt utruleg samling med strengeleikar – ”and that made my day” . Og eg må innrømme at eg i ein liten augneblink fekk litt forståing for korleis kvinner kan tenke, sjølv om eg nok er farleg nær stereotypien her. Når eg treng ei bukse, ja så går eg på Dressmann og kjøper meg ei bukse. Og treng eg ei skjorte, ja så gjer eg akkurat det same. Og dersom buksene på Dressmann ikkje passar på den kroppen som eg gjennom mange år har brukt ikkje så reint lite tid og pengar på å bygge opp, ja så går eg ein annan stad der dei har ei bukse som passar. Verre er det eigentleg ikkje. Kvinner ser ut til å ha ei anna tilnærming til dette problemet, dei skal gjerne gå frå butikk til butikk, og sjølv om buksa i den eine butikken passar dei aldri så mykje, så vil dei gjerne sjå på ei anna bukse i ein annan butikk, og dersom buksa der ikkje passar, så er det liksom inga krise. Målet deira ser i stor grad ut til å vere å sjå på alt det pene som finst, handel blir da liksom sekundært i så måte. Her eg er fullt klar over at det empiriske materialet mitt er litt for tynt til at eg kan dra ein alt for bastant konklusjon om kjønnsskilnader, og eg bed om orsaking for det. Men akkurat det var heller ikkje poenget, det eg vil fram til, er at eg i dag fann utruleg stor glede i berre å gå rundt og berre sjå. Mange hundre gitarar, og da gjerne den same modellen i mange ulike versjonar og nyansar. Eg ser ikkje bort frå at eg stikk ein tur bortom i morgon for å handle. Da skulle eg gjerne ha sikra meg ein Gretch Country Gentleman eller ein 12-strengers Rickenbacker, men pga bagasjerestriksjonane på Delta Airlines kjem eg nok i staden til å gå for eit sett bassgitarstrengar eller to.
Vidare måtte eg på klokkehandel i dag. Av ein eller annan grunn kunne eg ikkje finne klokka mi da eg skulle pakke. Så langt har eigentleg ikkje behovet for klokke vore særleg stort. Eg kan seie mykje stygt om dette motellet, men klokke har dei – eit stort monster med ein diameter på over ein meter som heng i gangen her. Så det er berre å gløtte på døra for å finne ut kva tid på dagen det er. Men samstundes kan det bli litt slitsamt å gå tre veker her i Midtvesten utan å vite om ein skal stå opp, eller om ein heller bør legge seg. Så det låg derfor an til klokkehandel. Så eg sette kursen opp til det største kjøpesenteret i byen – Valley View Mall. Men også der var det meste endra. I gamle dagar var dette ei stor openberring for ein inntrønder som ikkje var van med stort anna enn Domus på Verdalsøra. Men når eg kom opp dit no, så hadde eg vanskar med å forstå at eg kunne bli imponert av slike ting, det var ikkje stort større enn kjøpesenteret verdalingane har skaffa seg på det gamle meieriet. Og her var det heller inga klokke å finne. Da var det å setje kursen tilbake til sentrum igjen, til gode, gamle K-mart. Og joda, der hadde dei klokker. Dama bak disken var hjelpsam, og etter litt fram og tilbake fann eg ei snerten digitalklokke frå Casio til litt i overkant av 30 dollar. Ein rimeleg god handel, tenkte eg. Eg spurte litt forsiktig om ho kanskje kunne hjelpe meg med å stille klokka. Ho smilte litt usikkert, men sa ”Sure, are you in a hurry?”. Neida, eg hadde tid til å vente, eg. Ho prøvde seg litt fram, men fann til slutt ut at ein titt i instruksjonsheftet kunne gjere susen. Og dette heftet var eigentleg ikkje eit hefte, snarare ei bok på drygt to hundre sider. Dama bak disken las og småsvetta, trykte på knappar og vart enda litt meir svett. Til slutt kapitulerte ho og foreslo at vi kanskje skulle gå til elektronikkavdelinga for å få hjelp der. Det tykte eg var ein god idé. Der sto det ein ungdom som smålo og meinte at ”sure”, dette skulle ikkje by på særleg store problem. Med arrogant iver kasta han seg over klokka, men også han sleit litt, måtte slå opp i instruksjonsboka og etter mykje om og men klarte han å stille inn på lokal tid for Chicago. Det var jo i og for seg ikkje dårleg, men det hadde seg no ein gong slik at vi var i ei anna tidssone, og dit klarte han altså ikkje å flytte tida. Bak kvisene dukka det etter kvart opp ein svært så eplefrisk raudfarge; men pågangsmote skal ein på ingen måte kritisere han for. Etter ein liten halvtime prøvde eg meg med ein spøk om at det enklaste kanskje ville vere om eg flytta til Chicago. Dama småhumra, medan elektronikknerden vart enda raudare og trykte enda meir desperat på dei mange knappane på klokka. Til slutt ymta dama frampå om at vi kanskje burde sjå på ei anna klokke. Eg tok poenget raskt, og medan denne elektronikknerden framleis bladde desperat i handboka og trykte på dei ulike knappane, sette vi kursen ned mot klokkeavdelinga igjen, denne gongen på jakt etter analoge klokker. Og den enklaste klokka ho hadde, var eit lommeur til 12 dollar. Neppe ei særleg god klokke som vil gå i arv i mange generasjonar etter meg, men likevel ei klokke det går an å stille og som det er rimeleg å tru vil tikke og gå dei tre vekene eg skal vere her. Og best av alt, dette uret var heilt utan brukarrettleiing – betre kan det vanskeleg bli. Dama pusta letta ut, eg pusta letta ut, og medan nerden i elektronikkavdelinga framleis sto og sveitta over Casio-klokka, gjekk eg glad og letta ut av K-mart, endeleg har eg verkty som kan seie meg om det er dag eller natt.
Vel tilbake på motellet med klokka fekk eg sjå den dansk-amerikanske Vietnam-veteranen igjen. Som sagt, livet stryk ikkje alle på kinnet med vakkerhanda. Slik heller ikkje her på motellet i 4th street. Stakkaren hadde fått motorstopp, og det siste eg såg av han og bilen, var at bilen vart henta av ein røsleg kar frå verkstaden med ei handtralle. Ja faktisk, det kom ein mann med ei handtralle, løfta opp bakenden på bilen, og så gjekk dei to med bilen framfor seg. Eit merkeleg syn. Only in America – trur eg i alle fall.
Elles kan eg også melde at kvaliteten på klientellet her på motellet ser ut til å ha teke seg opp litt i dag. I ettermiddag kom det ein gjeng staute karar på motorsykkel, og no i kveld er det garden party på parkeringsplassen her, karar som samlar seg rundt ein grill medan dei klimprar på ein gitar og utan skamvett underheld dei andre som bur her. Det er berre all biltrafikken som legg ein dempar på den gode stemninga. Men etter kvart som kvelden legg seg over byen her, får dei kanskje arbeidsro som utøvande kunstnarar.
”Og slik går no dagan …”