I dag gjekk start-skotet for den store innspelingsekspedisjonen. Etter ei god natt i Madison, i eit reint rom og ei rein seng, sette vi oss i sving i halv ni-tida. Målet var Blair, ein liten norsk-amerikansk småby i Trempealeau county, mest kjent for fabrikken som lagar lefse. Dessutan skulle det også vise seg at dei dreiv med vinproduksjon der også, i kor stor grad dei har hatt suksess på det feltet, kjem eg tilbake til så snart eg har fått tak i ein korkeopnar.
Turen oppover tek to til tre timar, og vi skulle møte ei gruppe med norskspråklege i kyrkja der. Turen gjekk i og for seg udramatisk, med unntak for at GPSen, som eg har betalt blodpengar for, plutseleg vart svart. Heldigvis hadde eg kart med meg, og vegen frå Madison til Blair er ikkje alt for komplisert. Men likevel er det litt surt å betale dagpengar for noko som ein ikkje har glede av. I Blair rota eg også. Det viste seg at det er to norske kyrkjer i denne småbyen med litt i underkant av 2000 innbyggjarar. Og sjølvsagt fann eg fram til feil kyrkje. Men eg fekk hjelp av prsten og fann til slutt fram.
I forsamlingsrommet i kjellaren på kyrkja var det mobilisert ei gruppe på mellom ti og femten godt vaksne norsk-amerikanarar som hadde møtt fram for å bli intervjua. Vi var i alt 7 nordmenn der som sprang rundt med mikrofon og gjorde opptak, det må ha vore svært så overveldande for dei, dei opna knapt kjeften før vi stod der klar til å stikke ein mikrofon opp under nasen deira.
Men igjen blir ein imponert over kor gode nokre av desse er til å snakke norsk. Ikkje veit dei noko om folket som kom over, ikkje veit dei kor dei kom ifrå og ikkje veit dei når dei kom. Men språket til dei fleste er framleis flytande og velfungerande, og det er også svært interessant å høyre kor stor vekt dei legg på å rekne seg som norske. Dei varta opp med norskprega mat, kjøttkaker og lefse, rosettar og kransekake. Og tida gjekk fort i slikt lag.
I firetida sette vi kursen tilbake mot Decorah. Da sleit eg litt igjen, det må eg innrømme: Utan GPS og utan å sjå sola hadde eg litt vanskar med å orientere meg. Men etter litt filing fram og tilbake fann eg vegen mot Mississippi-dalen til Minnesota, og etter karthandel i La Cresent, kunne vi relativt trygt bevege oss inn i Decorah, Iowa via Spring Grove. Dette er ein veg eg kjørde fleire gonger for tjuefem år sidan, men denne gongen var eg heilt avhengig av kart for å finne fram. Og no er det seinkveld her på motellet, i morgon blir det ein hektisk med stramt program.
Og slik går no dagan i Midtvesten.