Denne siste dagen i Minneapolis hadde vi tenkt å bruke til å sjå oss litt rundt, men dagen vart ikkje heilt som vi hadde tenkt. Rett etter frukost gjekk eg innom rommet for å prøve å snakke litt med familien, som no er i Spania, og i samband med dette sjekka eg også e-posten min. Og der låg det ei lita kosemelding frå Icelandair: “Dear customer. Due to industrial action your flight to Oslo has been cancelled. For rebooking and further info please call +354 50 50 100 or visit Icelandair.com “. Eg sette da kursen nedover gangen og mot rommet til Janne, der eg møtte henne i døra; og det var tydeleg at ho også hadde fått den same meldinga.
Ja Icelandair er sanneleg noko til selskap, vi sjekka dette telefonnummeret, og vi var innom heimesida til dette fortreffelege selskapet, men ikkje fekk vi svar, og ikkje fann vi informasjon. Vi fekk da den glupe ideen at vi kanskje kunne ta turen ut på flyplassen, der var det sikkert nokon som kunne hjelpe oss. Men igjen var det tydeleg at dette selskapet har reindyrka taktikken med å låse døra, dra ned rullgardina, dra ut telefonledningen og så å håpe at det heile vil gå over av seg sjølv. Om sider fann vi ei dame som i alle fall var villig til å undersøke litt for oss. Det var ikkje så veldig mykje ho fann ut, anna enn at det ikkje gjekk noko fly frå Island til Oslo; ei ny ventetid der oppe var vi ikkje så veldig sugne på. Utrusta med eit nytt telefonnummer reiste vi tilbake til hotellet igjen og rigga oss til ved telefonen. Og her låg det an til venting, og det er tydelegvis ein eller annan glupingen som har funni ut at ventetida blir ei så mykje meir positiv oppleving berre ein pøser på med søt musikk. Eg trudde kanskje storheitstida til hammondorgelet med rytmeboks forsvann på same tid som LP-platene, men dette stemmer ikkje heilt, det er snarare slik at dette stasmøbelet har flytta frå grammofon til telefon. Uansett, etter ein dryg times venting i selskap med veldig søt musikk, kom vi endeleg igjennom. Og dama i den andre enden var svært så snakkesalig – eg kan godt forstå at det vart lang ventetid for å kome igjennom til henne. For å gjere ei lang historie kort, vi fekk til slutt booka over til Delta si rute via Amsterdam. Og etter å ha brukt mykje av dagen på å ordne opp i dette billett-rotet, kunne vi endeleg gå ein runde for å sjå på denne metropolen. Eg har vori i denne byen før, men eg hadde berre svært vage minne om kva det var å sjå her. Og eigentleg var det ikkje så rart at minna var vage, for det var vel eigentleg ikkje så mykje å glane på. I det heile, det litt amputerte programmet vi fekk som turistar, var eigentleg langt nok. Vi gjekk derfor tilbake til hotellet igjen for å arbeide, dvs. ordne opp i alt videomaterialet som vi har samla, og også sikre at vi har kopiar av alt. Det ville vere for ille om vi skulle miste det vi har samla desse dagane. Og i morgon reiser vi heim, vi skal berre ein snartur innom Mall of America først, og da er jobben vår gjort her i Midtvesten. På andre sida av havet ventar jetleg, klesvask, kontor og andre kvardagslege ting.
Og slik gjekk no den siste dagen her i Amerika.