Endeleg ein litt rolegare morgon, for i dag trong vi ikkje køyre på timevis for å kome fram til informantane, og da slapp vi også å stresse så mykje for å kome oss vidare. Da vi sjekka inn på motellet i går, åtvara dama i resepsjonen oss mot frukosten som dei serverte. Dette var nok ei dame som visste kva ho snakka om, for frukosten var svært så skrale greier. Motell-frukostane er stort sett svært enkle, rista brød med syltety på er liksom standardmenyen i dette landet, men på dette motellet mangla det rista brød, og da vart det ikkje så fælt mykje igjen. Vi gjekk derfor ned til Paula’s igjen for å bli oppvarta, og der fekk vi ein solid frukost. Deretter pakka vi saman og sette kursen mot nabobyen Portland, der vi skulle møte ein «kniv-halling». Han var ute og klipte plen da vi kom, og han og kona budde i eit gammalt hus i Broadway Avenue. Denne bustaden er nok noko eigedomsbyråa ville ha marknadsført som «villa med særpreg», for her var det mange detaljar som viste at snikkararbeid av høg kvalitet. Vi rigga oss til ute på verandaen, og mannen var snakkesalig og hadde mykje å fortelje om. Etter ei tid kom det ei anna kvinne bortom, og ho kunne også norsk. Vi vart på denne plassen eit par timar før vi pakka saman og gjorde oss klare for neste avtale: Janne var også innom dette området for to år sidan, og no skulle vi møte ein av informantane frå den gongen. Denne mannen hadde ein vakker heim eit stykke utafor Hatton, og det skulle ikkje så mykje fantasi til for å sjå at dette måtte vere ein nevenyttig norske. Han tok imot oss på gardsplassen og viste oss straks rundt alt det norske som han hadde. Han hadde m.a. laga eit stabbur i ein litt ubestemmeleg stil, og der hadde han samla saman mange ulike «norske» ting. Mannen var heller ikkje åleine her, han hadde invitert eit lite titals personar med norsk bakgrunn. Nokre av dei kunne snakke norsk medan andre var med for å sjå litt nærare på oss to tullingane frå Noreg. Vi gjekk inn, og interiøret var også über-norsk, og særleg hadde han spesialisert seg på sitjegrupper av sjølvlaga kubbestolar med innskorne motiv i tradisjonell norsk-amerikansk stil. Her brukte vi finstova som studio, medan «frontrommet» fungerte som venterom. Ein etter ein kom dei inn og snakka med oss, og no var det absolutt ingen tvil om at dette var Nord-Dakota-norsk vi fekk møte, og igjen kunne eg føre ein lett og ledig «agronomish» samtale om blower, disc og combine. Tida gjekk fort her, og Janne og eg bytta på om å gjere opptaka. Da denne seansen var over, varta verten opp med lapskaus. Litt utpå kvelden kunne vi takke for oss og setje kursen mot Fargo. Her fann vi oss eit motell og gjorde oss klare for den siste dagen med feltarbeid.
Og slik går nu dagan i Nord-Dakota.