I dag tidleg forstod vi kor dumme vi var som hadde slått oss ned i Eau Claire: no hadde vi avtalar i Ettrick og Osseo, noko som betydde at vi måtte bruke over ein time på å køyre tilbake og forbi området vi var på i går. Dessutan gjekk det opp for ei av oss (eg viser diskresjon og nemner ikkje namn) at ho kanskje ikkje hadde gjort endelege avtalar med informantane vi skulle til. Mobilnettet her borte er av same kvalitet som det norske naudnettet, sannsynlegvis levert av Motorola, og derfor er det berre av og til at mobilen vår fungerer her – meir av enn til, faktisk. Vi slumpa etter kvart til å få så mykje dekning at vi kunne ringje den eine informanten (som vart overraska over at vi likevel skulle kome), men før vi rakk å kome i kontakt med den andre, mista vi dekninga igjen. USA kan faktisk vere eit teknologisk møkkaland! Vi fann utan problem fram til den første informanten, og han hadde på kort varsel mobilisert tre andre karar. Og da vi duva inn på gardsplassen med prærieskonnerten vår, møtte vi gamle kjente: To av informantane som vi hadde i Blair for to år sidan, var også varsla. Og inne sto verten klar med kaffi og «malassi-kokkis».
Her fann vi det best å arbeide litt maskinelt, vi rigga opp to kamera, eit i kvar stove, så kunne kjøkkenet fungere som venterom. Der inne var det god stemning, og informantane som eg hadde under behandling var også greie å ha med å gjere og ikkje uvillige til å snakke, sjølv om det ikkje alltid var like lett å få dei til å snakke norsk. Når eg såg meg litt rundt i rommet, såg eg at omgjevnadene oste maskulinitet og viste få teikn til kvinneleg påverknad. Men her er eg nok på litt tynn is, eg har på ingen måte brukt kvantitative metodar for å få innsyn i kva som er kvinneleg smak når det gjeld interiørarkitektur. Eg veit berre at dersom eg hadde insistert på å dekke store delar av stoveveggen heime med utstoppa dyrehovud eller velvaksne fiskesluggar av ymse slag, så hadde det nok resultert i ei aldri så lita ekteskapleg meiningsutveksling. Og eg hadde nok heller ikkje sanka så veldig mange plusspoenga dersom eg på permanent basis hadde dekt stovegolvet med eit imponerande utval av jaktutstyr. Men det er godt muleg at amerikanske kvinnfolk har ei litt anna tilnærming til dette, kva veit eg ….
Så snart vi var ferdige med opptaka, ville informanten James vise oss litt rundt i området, og han tok oss da med til gravsteinen sin, der han alt hadde fått skrive inn namnet sitt; farmen sin, der han dreiv oppdrett av fjordingar, og også til ein heim der dei hadde bygd opp eit «norsk» stabbur. Det er alltid interessant å få innsyn i korleis amerikanarar tenker og korleis dei har det, og eg innser at vi som driv med denne typen feltarbeid, er svært privilegerte. Det er neppe så mange norske turistar som får sjå slike aspekt av amerikansk åndsliv.
Deretter måtte vi vidare til ein heim utafor Osseo. GPSen tok oss dit, og da vi kom fram, var det heller ikkje nokon tvil om at vi hadde kome rett. For her vaia det norske flagget over farmen, og gardsplassen var full av bilar, det kunne nesten minne om parkeringsplassen på samfunnshuset heime når Røra idrettslag har bingo. Og det var særleg imponerande sidan heller ikkje desse fekk bekrefta besøket vårt før berre eit par timar før vi dukka opp. Her har dei tydelegvis svært gode varslingsrutinar.
Vertsskapet tok imot oss i døra, kona snakka ikkje norsk, men det gjorde derimot mannen. Og inne i hagestova var det fullt av folk som sat og venta på oss. Det var eit litt uoversiktleg landsskap å orientere seg i for oss, for i starten var det litt uklart kven som kunne snakke norsk, og kven som var her berre for å sjå på. Men i det minste var det 5-6 karar her som kunne dette gudgjevne språket, og det kunne også hende at vi kunne klare å lokke ei eller to av kvinnene til å sitje framfor kameraet.
Dei hadde eit stort og fint hus med fleire stover, så igjen kunne vi rigge oss til i to rom og drive maskinelt feltarbeid. Vertinna hadde også diska opp med lunsj til oss, og har var det fleire interessante rettar som ein kanskje kan prøve å introdusere heime. Ein av favorittane var brødskive med smøreost dekt med knust potetgull. Kreativt! Når eg kjem heim, bør eg kanskje prøve å imponere familie og vener med kneipbrød med leverpostei og ostepop som pålegg – eller kanskje ikkje.
Vi prøvde å vere så effektive som vi berre kunne og hadde eit høgt tempo i arbeidet vårt. Vanlegvis liker eg å ha god tid når eg snakkar med norsk-amerikanarar, det er først da at ein kjem litt under huda på folk. På den andre sida, vi hadde venta å finne to eller tre her, dei var seks eller sju. Og vi hadde ei lang reise inn i Minnesota framfor oss, derfor måtte det gå litt kvikt unna, samstundes som vi måtte prøve å dokumentere sentrale sider ved språket deira. Men eg trur nok at ettertida kan ha ein kritisk merknad eller to til tempoet vårt, men det får stå sin prøve, når den tida kjem er eg sikkert så gammal at eg berre kan ta ut batteriet i høyreapparatet når kritikken blir ubehageleg. Utpå ettermiddagen tok det til å tynnast med folk, og vi kunne pakke saman og gjere oss klare for turen vidare – det venta oss rundt tre timar før vi var i Minneapolis. Men før vi reiste, ville verten vise oss den gamle homestead-farmen som han dreiv og restaurerte. Også det var interessant.
Deretter venta asfalt, etter ein times tid passerte vi Eau Claire, det vart mørt og vi kryssa grensa til Minnesota, og i kveldsmørket såg vi storbyen framfor oss. Vi hadde ikkje bestilt noko hotell, så vi skulle prøve å finne noko i Minneapolis. Igjen må eg gjenta at GPSen er eit makelaust hjelpemiddel når ein veit kor ein skal, men det er nesten ubrukeleg når ein berre vil vite kor ein er. Kart er mykje betre, men i Minnesota kjem ein ikkje så veldig langt med eit Wisconsin-kart, om det er aldri så detaljert. Uansett, vi kom fram til eit bysentrum, og vi meinte også at vi kjente igjen oss, så vi tok til å leite etter eit motell som vi hadde i fjor. Men utan hell, til slutt berre køyrde vi rundt i håp om å finne noko. Som eit Soria Moria-slott dukka da Embassy Suits and Inn opp, og Janne gjekk inn for å sjekke prisen. Det var relativt dyrt, men dei hadde rom, så vi slo til. Så dette blir plassen der vi skal «spenne» dei siste to nettene i Statane for denne gongen. Vi forsto også no kvifor vi ikkje heilt klarte å finne det motellet vi leitte etter, og forklaringa var svært enkel (men også utruleg pinleg): vi var i feil by! For dette var St. Paul, og ikkje Minneapolis. Men desse to byane blir kalla «Twin cities», så det spelar inga stor rolle, anna enn at Eirik no fekk innsyn i kor håplause vi to gamlingane er: Så langt har vi anstrengt oss for å gi inntrykk av at vi er lommekjente her borte – ja, sure, you bet, der forsvann nok den illusjonen, ja …
Hotellet var av ein litt annan standard enn det vi hadde i Westby, med galleri mot atriet og suitar. Men det var også ørlite slitt. Vi gjekk ned i baren for å få oss litt mat (som ikkje var så veldig god) og eit glas øl (som smakte betre), deretter tusla vi opp til romma våre. Sjølv om vi no er i ein amerikansk storby som sikkert har noko som kan kallast eit natteliv, var tanken på noko slikt ikkje så veldig fristande. Dagen har vore svært lang og krevjande, og i morgon har vi nye avtalar i Mindekirken klokka 9.
Og slik går nu dagan …