Søndag 8. september og måndag 9. september 2013: Halden, Denver og Saskatoon

Ja, så var det på han igjen, da. For når Janne på Tekstlaben ringjer og fortel at ho har skaffa både reisepengar og nye norskspråklege informantar på andre sida av «Blåmyra», skal det ikkje så veldig mykje til for å overtale ein gammal prærielingvist til å slå følgje. «Sutkeisen» vart pakka, opptaksutstyret henta fram, og søndagsmorgonen klokka 10 sat eg på toget nordover til Gardermoen.

Togturen er det lite å fortelje om, forskarteamet vart fulltaleg ved at eg møtte Janne til Gardermoen. Sidan vi på heimvegen frå Amerika skal innom Reykjavik for å vere med på konferanse der, hadde vi ikkje anna val enn å reise med Iceland Air – eit selskap vi har uvanleg dårlege erfaringar med. Ikkje nok med at dette er eit selskap som har gjort manglande service til eit konkurransefortinn, men vi har tidlegare vorte ståande fast både i Reykjavik og ute på prærien fordi dette selskapet tydelegvis gjerne har eit litt avslappa forhold til slike ting som reiseruter og tidsplanar. «Viss du har det så travelt, kvifor reiste du da ikkje i går?», ser ut til å vere haldninga til denne gjengen. Men underets tid er tydelegvis ikkje over: Innsjekkinga gjekk greitt, og sidan islendingane denne gongen verken kunne varte opp med vulkanutbrot, streikevillig bakkepersonell, motortrøbbel eller andre aparte ting, hadde vi heller ingen problem med å kome oss til Reykjavik. Og etter ein kort stopp på Keflavik kunne vi gje oss i kast med neste etappe – til Denver, Colorado. Heller ikkje denne turen var fullpakka av sterke opplevingar. Vi prata litt, sov litt, las litt, arbeidde litt, og slik gjekk dei vel sju timane unna, heilt utan dramatikk og nesten utan turbulens. Dersom ein er lettskremd, kunne vi kanskje ha hengt oss litt opp i at dataskjermen som viste reiseruta vår, insisterte på at vi skulle til Paris, eller at piloten ti minutt før landing kunne melde at vi på grunn av uver måtte sirkle litt rundt i grenseområda mellom Nebraska og Wyoming, men vi merka ikkje noko til uveret, og vi slapp også å vente så veldig lenge før vi fekk lov til å lande. Vi kom oss greitt igjennom passkontroll og toll, og i åtte-tida på kvelden lokal tid, som for ein norsk skrott var klokka fire om natta, kunne vi sjekke inn på hotellet vårt. Og det vart på ingen måte ein seinkveld, etter ein liten matbit tok vi kvelden.

Vanlegvis har eg eit velutvikla talent for å sove, eg har spisskompetanse på å sove veldig tungt, og på ein god dag kan eg også finne på å sove tungt veldig lenge. Men desse kvalitetane fekk eg ikkje heilt til å utnytte i natt: Eg vakna fleire gonger og klarte aldri heilt å gå i koma. Og folk som kjenner meg, bør også vite at eg aldri ville finne på å stå opp før klokka er fem om morgonen dersom det ikkje var noko heilt spesielt. Det var det ikkje, likevel klarte eg ikkje å sove vidare, så eit par timar før det var dagslys, kravla eg meg opp, henta meg eit stort beger med kaffi og sette meg til å arbeide litt. Litt over åtte tusla eg ned i matsalen, og ikkje lenge etter dukka også Janne opp. Programmet for dagen var i og for seg svært enkelt, vi skulle fortsette reisa vår opp til Saskatoon. Sidan det var eg som bestilte hotellet via nettet, kan eg jo sjølvsagt ikkje seie anna enn at Red Lions Inn er eit makelaust etablissement, særleg når det gjeld omfanget på døropningar og ikkje minst evnene til å få eit stor og i og for seg OK rom til å bli svært upersonleg og sterilt. Men rett skal vere rett, frukosten var faktisk svært bra etter amerikansk standard og kunne by på meir enn berre tynn kaffi og ein søt, klissete smultring med sjokoladetrekk og strøpulver. Og sidan rytmen i kroppen var litt i ulage, var det frykteleg godt å ta seg god tid ved måltidet. Bussen frå hotellet skulle gå klokka ni, og nokre minutt før kunne eg sjekke ut og ta med bagasjen min bort til bussen. Eg trudde eg hadde veldig god tid, men sjåføren hadde ei litt anna syn på den saka: han ville gjerne kome seg i veg med ein gong. For meg kunne det i og for seg vere greitt, men så er det no ein gong slik at det er Janne som rår over pengane for denne moroa, og ho dukka ikkje opp. Sjåføren tok til å bli utolmodig og ymta frampå om at han hadde ei køyrerute som han måtte halde seg til. Men Janne hadde god tid. Snart gjekk sjåføren og sette seg bak rattet og starta motoren. Framleis hadde Janne god tid. I heimen er eg kjent for å vere ekstremt avslappa og flegmatisk – noko som sikkert kan vere ei utfordring for dei fleste som lever under tak saman med meg. Men samstundes: her trudde eg faktisk at eg hadde møtt ein overmann, for ikkje å seie overdame; for det var ei svært så avbalansert Janne som til slutt dukka opp i dørgløtten med reiseeffektane sine. Det viste seg at Janne hadde stilt klokka si meir etter gefühlen enn etter Système International d’Unités. Men ho kom seg da med. På flyplassen måtte vi gjennom nye rundar med innsjekking, gjennomstråling, sjekking og hjelpelaus leiting etter rett utgang. Men vi fann fram, og vi hadde også god tid før flyet skulle gå, så eigentleg kunne vi ha følgt det gefühl-stilte armbandsuret til Janne.

Flyturen nordover til Saskatoon gjekk også bra – og det er lite å fortelje om frå desse 150 minutta, anna enn at dette på ingen måte var ein jumbojet – på ingen måte; og eg forsto plutseleg at når vi i gym-timane hadde ei øving som gym-læraren kalla «å gå gås», så skulle også det kome til praktisk nytte ein dag, for her var det uråd for XXL-folk å gå på folkeleg vis. Sidan Newtons lov også gjeld i Canada, kom vi oss ned, det vesle flyet rulla bort til terminalen, og der venta ein ny runde med passkontroll. Amerikanske grensevakter er gjerne skeptiske tøffingar som legg all prestisje i å leve eit liv i prinsippfast nulltoleranse. Dei manglar heilt humoristisk sans og har derfor også ein svært dvask og utrent smilemuskelatur. Vaktene i Canada ga eit heilt anna inntrykk. Janne og eg vart sendt inn i kvar vår gate – eg møtte ein smilande kar som meinte det måtte vere toppen av lykke for ein filolog å få lov til å reise rundt i Canada og snakke med norskspråklege. «Have a nice vaccation», ropte han etter meg. Og Janne gjorde verkeleg kuppet: Grensevakta som kontrollerte henne, var medlem av Sons of Norway, og ho hadde også foreldre som ho meinte kunne snakke norsk. Avtale om opptak vart gjort på flekken. Vi kom oss gjennom alle kontrollpostane, og ute i hallen venta kontaktpersonen vår, ein godt vaksen og svært vital herremann med romsdalsk arvemateriale og ei oksygenflaske over skuldra. Han kunne fortelje at han ikkje brukte oksygen til vanleg, berre når han var retteleg «eksaita», og det var han altså over at vi skulle kome. Han skal vere gaiden vår dei neste åtte dagane, og han har også laga vekeprogrammet for oss. Vi håper at denne staute romsdalingen har klart å finne fram til gode informantar – det vil vi finne ut i morgon når vi skal møte dei første. Deretter tok vi avskil med gubben og oksygenflaska og gjekk for å hente ut leigebilen, noko som ikkje var heilt utan problem: Den biltypen vi hadde bestilt hadde dei ikkje inne, og dei var også tomme for GPS-ar, eit hjelpemiddel som vi avhengige av for å finne fram her i litt urbane strøk. For å kompensere litt, skulle vi få låne den største SUV-en dei hadde, og dei skulle kontakte oss så snart dei hadde fått inn ein GPS. Og kontakta oss gjorde dei: ein dresskledd kar med GPS i handa kom i fullt firsprang bort til oss medan vi dreiv med å laste inn i bilen. Dermed var vi «all set» og kunne setje kursen til hotellet vårt.

Hotellet var i og for seg OK, men det ligg midt i eit heller trist industriområde. Janne har vidare lagt seg til slike vanar at når ho er på hotell, skal ho helst ha tilgang til basseng. Og basseng hadde dei, det sjekka eg da eg bestilte, men eg undersøkte derimot ikkje om dei har vatn i det. Og det siste har dei sjølvsagt ikkje, så Janne får klare seg som best ho kan på fast grunn i morgon tidleg. Og det ser ikkje ut til at ho kan sjå fram til så mykje badeliv under resten av opphaldet her borte heller. Sjølv om vi skal vere her i Saskatoon heile tida, hadde eg berre bestilt hotell for den første natta, overnatting bruker jo å ordne seg så greitt her borte i Amerika. Dessverre har eg berre erfaringsbakgrunn frå USA, her i Canada ser det ut til å vere litt annleis. For da vi sette oss til med å leite etter overnattingsplassar for resten av opphaldet her, var det svært lite å finne. Joda, dersom ein var villig til å bla opp eit par tusenlappar for ei natt, så var det eit par etablissement å velje i. Men reisebudsjettet vårt toler ikkje slik luksus. Vi fann rett nok eit relativt billig eit, men kommentarane får tidlegare gjester var ikkje særleg lovande: «I’d rather sleep in my car», var det ein som skreiv, og samanlikna med nokre av dei andre kommentarane, så var det nesten som eit komplement – for det må jo bety at i det minste så er ikkje parkeringsplassen heilt ubrukeleg. Etter mykje søk og slit, fann vi omsider noko som ut frå både pris og kommentarar ser ut til å vere akseptabelt, i morgon får vi sjå om dette også er eit rottereir.

Resten av dagen skjedde det ikkje så mykje, vi fann oss ein restaurant og kjøpte fish and chips; vi handla batteri og andre småting, vi la litt planar for feltarbeidet, og ikkje minst så var vi stuptrøytte. Klokka var derfor berre litt over åtte da vi kapitulerte og gjekk kvar til vårt. I morgon startar feltarbeidet, og før det skal vi visst også intervjuast på TV – akkurat det siste er absolutt ikkje mitt påfunn. Trøysta er at det er lite kjentfolk her ute på viddene som kjem til å glåme på oss når vi er på lufta.

Og slik går nu dagan her i Canada.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *