Framleis er eg ein døgnvill mann, og sannsynlegvis rekk eg akkurat å finne den amerikanske rytmen før eg reiser heim, og da må eg igjennom den same prosessen igjen. Ja, prærielingvistikk er sanneleg slitsam moro. Igjen vakna eg i firetida, eg prøvde å sove vidare, men makta det ikkje heilt, så i femtida kom eg meg i kleda og prøvde å arbeide litt – eg innser at det tek til å haste med å få eit foredrag ferdig til Island. I sjutida banka Janne litt forsiktig på døra og lurte på om eg kanskje ville vere med ned på frukost, noko kroppsrytmen min var meir enn klar for. Vi hadde ein svært solid frukost og tok oss god tid, vi var jo alt ferdige med ei god arbeidsøkt. Etter dette samlingsstunda gjekk vi kvar til vårt igjen og arbeidde litt vidare, før vi i elleve-tida måtte snurpe saman pikkpakket vårt og sjekke ut frå hotellet, neste stopp var eitt eller anna TV-studio nede i sentrum, som vi ikkje hadde ei adresse til, anna enn at det låg på eit hjørne like ved ei Harley Davidson-sjappe. I gamle dagar ville nok dette ha fungert, men for oss i GPS-generasjonen, var dette informasjonsgrunnlaget litt tynt, så vi var ørlite usikre på om vi i det heile ville finne fram. Men med ein heldig kombinasjon av litt flaks og litt flaks, fann vi faktisk fram utan å slite så veldig. Og utafor studioet sto romsdalingen med oksygenflaska og venta på oss, klar for å lose oss vidare til eit nytt liv i eteren. Eg må innrømme at eg ikkje heilt visste kva eg gjekk til – når sant skal seiast, trudde eg at dei ville lage eit lite redigert innslag, og at en da kunne rekne med at all hosting, nysing og stotring ville bli redigert bort, og at ein dermed slapp i blamere seg heilt på ei riksdekkjande sending. Vel inne i studio gjekk alvoret opp for meg: Vi skulle vere med i eit direktesendt nyheitsprogram. I seg sjølv var det jo interessant å sjå korleis dette gjekk for seg – men eg var mest oppteken av å angre som ein hund på at eg hadde vorte narra med på dette. Etter nokre innslag om politikarar som hadde sagt noko meir eller mindre fornuftig, at godveret skulle halde fram og eit par andre viktige saker, var det altså vår tur. Programleiaren, som heitte Rogstad og som kunne seie eit par norske ord, stilte oss nokre spørsmål – eg klarer ikkje heilt å erindre om kva, og vi ga frå oss nokre stortrande svar medan vi flakka med blikket og vrei oss i stolen – eg har heilt fortrengt kva eg sa. Det einaste eg har eit klart minne om, er kor innmari lyst eg hadde til å nyse medan dette sto på – kombinasjonen direktesendt fjernsynsunderhaldning og lett pollenallergi treng ikkje alltid vere ei suksessoppskrift. Men eg klarte heldigvis å spare dei canadiske fjernsynssjåarane for ei slik rystande oppleving. Så var det plutseleg reklamepause igjen, det kom ein jente og tok av oss mikrofonane og losa oss ut, og eg må innrømme at dette er første gongen eg verkeleg har sett pris på reklameavbrot – og eg skal aldri meir seie eit vondt ord om fjernsynsreklame – i alle fall ikkje på ei stund. Vi gjekk så ut saman med romsdalingen og oksygenflaska, og vi fekk nesten med ein gong bekrefta at media har makt og at vi no hadde hatt det som Warhol omtala som «15 minutes of fame». For plutseleg stoppa det ein bil på sida av oss, sjåføren veiva ned vindauget, vinka til oss og sa: «I saw you guys on TV just now». Slik er det altså å ha kjendis-status.
Neste post på programmet var å møte nokre norskspråklege i ei av kyrkjene her i strøket. Romsdalingen dirigerte oss gjennom byen og til rett stad, og her skulle vi gjere opptak av dei tre første, to kvinner og ein mann. Eg merka at det er eit år sidan sist vi gjorde dette, å rigge opp utstyr og få det til å fungere tok meir tid enn det burde. Men vi kjem sikkert raskt inn i rutinen igjen. Vi delte oss inn i to lag, Janne var inne i kyrkjeskipet, og eg inne på møterommet. Eg hadde Gjertrud under behandling, og dette var ei triveleg dame som klaga på at ho var så lite snakkesalig. Men norsk kunne ho, og at ho hadde røter til Skudeneshavn, var heller ikkje så vanskeleg å høyre. Denne dama hadde arbeidd som sjukesøster i mange år, og banda til Noreg var også sterke. Både ungane hennar og barnebarna hadde vore på folkehøgskole i Noreg, og det hendte derfor rett som det var at ho snakka litt norsk med avkommet. Deretter var det turen til røslege Tor, ein tidlegare lærar og politimann med bakgrunn i Morgedal og Valdres. Og i samvere med slike folk gjekk tida fort, klokka gjekk mot seks da vi tok avskil, pakka saman og køyrde inn mot sentrum igjen.
Den neste utfordringa vår var å finne fram til det nye motellet. Og eg skal ikkje nekte for at eg var spent – og det hadde eg i og for seg grunn til å vere også. For dette var ikkje rare greiene, det var eigentleg eit motell slik ein kjenner dei frå utallege filmar, der ein parkerer bilen rett utafor rommet, og inngangsdøra til kvart rom er rett frå gardsplassen. Dette er også slik eg hugsar motell frå 80-talet da eg reiste rundt i Minnesota og Dakota-statane på jakt etter inntrønderar. Enkel møblering, slitt og kanskje ikkje heilt prima teppegolv, sannsynlegvis reine, men slitte sengeklede, ei velbrukt og ikkje så veldig komfortabel seng, slitte møblar, eit bad som også har sett sitt beste og med ein innestengt eim som er forsøkt kamuflert av kjemisk furunållukt på sprayboks. Dette er absolutt ikkje ein plass der ein bør kaste bort tida ved å slå om seg med kritiske blikk, for da er det fort eitt å anna så hengje seg opp i. Snarare bør ein ta av seg brillene og tenke på at her bur ein for å tene Konge og Fedreland, og at ingen offer da er for store. Joda, eg svartmåler kanskje litt, men det er ikkje så mykje her som inspirerer til kvitmåling heller. Jo forresten, det er ein ting: restauranten. For vi måtte jo ha oss mat, og da fann vi ut at vi skulle prøve restauranten her. Her hadde dei også eit merkeleg regime. Dersom vi budde på motellet kunne vi få maten til sterkt redusert pris mot at vi åt på rommet. Dersom vi i staden ville ete i sjølve restauranten, var det nesten norske prisar. Tanken på å ete på rommet var ikkje så veldig fristande, og alternativet var da å ete i sjølve restauranten. Men det var også tydeleg at det fanst kundar som ikkje heilt hadde fått med seg denne skilnaden. Bak meg sat det eit italiensk par, og eg kunne etter kvart høyre litt halvhøg munnbruk og ane skyggen av gestikulering med hender. Men sidan eg har folkskikk nok til ikkje å snu meg for å glane, vil dete vere andrehandsinformasjon, simultanreferert av Janne som sat betre til eg eg. Joda, den italienske kavaleren hadde bestilt billigmat for dei to – i tillegg til vin. Og dei vart litt overraska når dei fekk maten – pakka i isoporbrett og det tok så smått til å demre for dei at dei hadde gjort ein aldri så liten gastronomisk tabbe, for maten kunne dei ikkje ete inne i restauranten. Samstundes hadde dei også kjøpt to glas med vin som dei ikkje fekk lov til å ta med ut. Kattepine med andre ord. Endskapen på visa vart at dei, etter mykje intern krangling for å fastleggje ansvaret, og også forsøk på litt diplomatisk argumentasjon, endte opp med å slå vinen over i plastbeger, og med raske skritt forsvan dei ut. Dessverre såg eg lite av dette, men Janne er faktisk ganske flink til som munnleg referent i slike situasjoner.
Maten her var faktisk bra, men som i USA opererer dei med svært så rause porsjonar her borte. Så sjølv om ein er oppdregen til å ete opp maten sin, blir dette litt i overkant. Og dette var eigentleg slutten av dagen, akkurat no sit eg og kjempar ein heroisk kamp for ikkje å sovne, ein kamp som eg kjenner eg er på god veg til å tape, så det er nok best å krype i loppekassa.
Slik går nu dagan i det norske Canada.