I dag hadde vi ein relativt roleg start på dagen. Som vanleg vakna eg lenge før vekkarklokka, men no klarer eg å dra meg fram til klokka er over seks før eg står opp. Det betyr vel at kroppsrytmen tek til å bli tilpassa lokal tid. Og sidan det er dårleg stell med frukostservering her, var vi oppe i restauranten på det andre hotellet for å ete. Tida fram til 12 gjekk med til litt arbeid i ro og mak – Bjørn var innom sjukehuset på kontroll i dag tidleg, og sidan helsevesenet i dette landet er som slike vesen bruker å vere i mange andre land, tok dette si tid. Men omsider var han ferdig, og vi kunne setje kursen opp mot North Battleford, som ligg knappe to timar herifrå. Køyringa gjekk greitt, vi starta på breie motorvegar og endte opp på smale (men svært så rette) grusvegar, medan romsdalingen heile tida underheldt oss. Eg blir berre meir og meir imponert over denne mannen. Vi fann også farmen der vi skulle, og der venta det tre personar, vertinna (som ikkje snakka norsk) og eit farmarpar som kunne litt norsk. Men før vi i det heile kunne starte arbeidet, måtte vi sjølvsagt ha «a little lunch», noko som er uhorveleg svære greier her borte. Deretter måtte vi bort i gammalhuset der vi skulle serverast kaffi og dessert, noko som også var uhorveleg svære saker, og først når vi var så godt som sprekkeferdige, meinte vertinna at det var på tide å snakke litt norsk. Med strekk-skadde vomskinn måtte vi no drive ulike gymnastiske øvingar for å ta fram utstyr og rigge opp kamera. Eg forstår godt at Grethe Roede aldri starta opp og dreiv det til noko stort som feltarbeidar i Det norske Amerika. Janne tok hand om mannen, som var halling, og det gjekk jo retteleg så bra, Men svake batteri i høyreapparatet og amerika-norsk språksjargang, for det var tendensar til litt «goddag mann, økseskaft». Janne lurte litt på kva mannen hadde arbeidd med, og det var neppe ei veldig stor overrasking at han kunne opplyse at han var farmar. Men i tillegg hadde han også drivi med pæsskontroll. «PASSKONTROLL», sa Janne, «har du drivi med passkontroll?» Ja, det hadde han gjort. «Nede på grensa, da?», spurte Janne. «Nei, beint her». «HER?». «Ja, her». «PASSKONTROLL HER??». «Ja, beint her!». Og slik dreiv dei på, heilt det det gjekk opp for feltarbeidaren at pæsskontroll ikkje var passkontroll, men pest control.
Deretter var det min tur, og da var det kona frå Bardu sin tur. Og det gjekk også greitt unna, og om det er slik at eg kanskje kunne gjere ein aldri så liten tabbe som feltarbeidar, så kjem eg sjølvsagt ikkje til å gjere noko stort poeng av det. Men skulle ein feltarbeidskollega derimot finne på å vere litt uheldig, ja så må ein jo vurdere om det ikkje kan ha allmenn interesse….
Etter at opptaka var unnagjort og utstyret pakka saman, tenkte vi at det var på tide å kome seg tilbake til hotellet. «See you at the Co-op», sa dei berre. For dit skulle vi innom for å ha “litte søppel”.
Javel, da sette vi kursen dit, og igjen fekk vi oppleve at også canadiske porsjonar ikkje er for småmette folk. Det var ikkje måte på kor mykje dama lessa på til oss, og folkskikk har vi jo, så ete, det måtte vi jo. Så prøvde vi oss med eit nytt «Tusen takk for oss», men da fekk vi høyre at vi berre måtte setje oss, for vi skulle vere med på møte. Når Battleford endeleg hadde slike fjernsynskjendisar innom, så måtte ein jo arrangere møte i Sons of Norway. Bjørn viste veg, og inne i lokalet var det fullt av gråhåra norsk-amerikanarar. Så song dei nasjonalsongane, hadde ein stor sesjon med referat frå dei ulike direktørane i laget, det var vel knapt ein av dei som ikkje var direktør for eitt eller anna. Og det er ikkje sagt at formannen i laget hadde så frykteleg mange studiepoeng i «organisasjonsledelse» frå HiØ, for møtet stampa i veldig tung sjø medan tida gjekk. Og så kunne vi jo også sjå fram til ein ny runde med kaffi og kokkis, og det lysta vi jo veldig på akkurat da. Men vi fekk det da ned. Klokka tok til å bli mange da vi reiste derifrå, og det gjekk mot midnatt før vi var tilbake på motellet igjen.
Og slik går nu dagan her i dette halvmerkelege landet…