Onsdag 2. november 2016: Westby, Norskedalen, La Crosse og Stevens Point

I dag hadde vi ikkje noko program anna enn at vi skulle flytte på oss, og vi skulle også vere bittelitt turistar og sjå oss litt om. Etter standard præriefrukost frå «påsså» sjekka vi ut og reiste opp til Dregne’s, ei fantastisk samling med ulike typar norskamerikansk krims-krams. Deretter gjekk turen til gammalheimen Norseland for å ta farvel med Florence. Igjen vart dette ei veldig fin stund, og vi kunne prate litt og vere «friends from Norway». Kvar gong eg reiser frå Westby så har eg trudd at dette er siste gongen, men empirien tek til å vere nokså eintydig på at det ikkje er tilfellet. Så no når eg reiste ut av byen, så var det absolutt med eit lite håp om å få kome hit igjen ein gong. Ikkje fordi at dette er ein så fantastisk by (fordi det er det absolutt ikkje), men fordi folka her er fantastiske og fordi det er veldig rart å kunne snakke norsk med innfødde på eit anna kontinent.

Vi køyrde ned Skogdalen og opp til Norskedalen, der ein av dei frivillige (som dagen før hadde snakka med oss som journalist i Westby Times) skulle vise oss rundt. Det var ein vakker haustdag, og også Norskedalen er ein veldig triveleg plass å kome tilbake til. At eit så lite samfunn som Coon Valley og Westby klarer å halde dette oppe gjennom frivillig arbeid, er jo heilt utruleg! Og ikkje berre held dei dette oppe, dei har også klart å byggje det ut og gjere det større. Ja, dette er eit arbeid som det står all respekt av! Etter ein rundtur på dette anlegget og litt aktiv bruk av kredittkort på «giftståret», kolonnekøyrde vi til Coon Valley, der vi stoppa på «etarplassen» Legacy. Her var det muleg å få dekt kaloribehovet for ei lita veke i berre eitt måltid, og det måtte vi jo gjere. Eg skal ikkje nekte for at det på ingen mte er nokon usmak på det dei serverer her, men sikringskost er det nok neppe.

Etter dette måltidet, så delte vi oss opp etter tradisjonelt kjønnsrollemønster: Jentene ville gjerne sjå på gravsteinar og slike ting medan vi gutane hadde frykteleg lyst på å ta turen ned til Dave’s. Det ville jo vere for ille om ikkje Alex skulle få oppleve Dave’s. Og med to bilar var det lett for oss å få viljen vår – Dave’s. For ein plass! Dette er verkeleg paradiset for gitartullingar som oss: her har dei det meste, inkludert ein Strat som Eric Clapton ein gong la handa si på. At noko slikt skal finnast i ein så liten by som La Crosse er også veldig merkeleg, trass alt kan det ikkje vere så veldig mange Gibson ES 175-arar som kvar dag blir impulskjøpte her, men samtidig så er det tydeleg at denne butikken går godt, og no bygger dei faktisk på. Det er moro å vere saman med Alex, ikkje minst fordi han har så lett for å kome i kontakt med folk. Han går rundt og beundrar gitarar, ser han ein annan som gjer det same, så tek han kontakt og slår av ein prat, og når sjølvaste Dave viser seg, så tek han kontakt og startar ein laus og ledig konversasjon om ulike gitarmodellar. Det må også seiast at Dave’s er ein uvanleg triveleg gitarbutikk, her heng ikkje gitarane berre til stas, her kan vi også få prøve dei. Og igjen, vi er ikkje tunge å be. Alex plukka ned ein artig liten sak som av alle stader er bygd i Sparta, Wisconsin. Prislappen var i høgste grad internasjonal – 100.000 kroner skulle dei har for vidunderet. Eg var meir beskjeden, eg prøvde eit par artige «django-gitarar» til ein meir folkeleg pris. Også dei var artige strengeleikar, og å tukle litt med dei minte meg på at no må eg snart kjøpe meg ein ny gitar.

Tida går fort når to raringar som Alex og eg er på gitarbutikk, og klokka fem gjekk det opp for oss at vi burde kome oss vidare – trass alt er det fleire timar opp til Stevens Point, der vi skal overnatte. Den første delen av turen var vakker, da kunne vi sjå naturen, inkludert delar av Mississippi-elva. Den siste delen var grei, men da var det mørkt, og eg fokuserte veldig på å sjå etter hjort i veggrøfta. For hjort er eit trafikkproblem her, i vegkanten ligg kadavera på rekke og rad. Vi fann motellet vårt (som utan tvil tek seg betre ut på foto enn «live» (Westby var nesten luksus mot dette). Men greitt nok, vi får jo det vi betaler for, og dette var tolleg billeg. Så gjekk vi til restauranten for å ete før eg kontakta «Iola-mannen» for dagen i morgon. Eg trur dette kan bli bra, men no er det også sentgetid.

Og slik går no dagan her i Wisconsin

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *