I dag skal vi altså gjere feltarbeid i det som gjerne blir omtala som «Indi-landet» – området rundt Iola. Starten på dagen var litt brå, kan ein kanskje seie – Stevens Point er ein av dei få plassane der eg har dekning på mobilen, og sjølvsagt måtte naboen min i Halden ringe meg litt før 5, og etter det sovna eg ikkje igjen. I sjutida kravla eg meg opp av senga, kanskje ikkje heilt utkvilt, men skitt au, slik er no ein gong det tøffe livet til ein prærielingvist. Etter kvart så var vi alle samla på restauranten rett over plassen her, og ein ny dose med tung og feittrik præriemat vart konsumert. Så vart bilane lasta opp, GPS-en stilt inn og bilkortesjen med prærielingvistar rulla i veg. Vi fann Iola lett, og derifrå var det berre å følgje County-vegen vestover til vi fann hus-nummeret til kontakten vår Dale. Også dette er ein fantastisk kar, og sjølv om han som rørleggar har meir enn nok å bruke arbeidstida si på, så tek han altså fri resten av dagen for å vere med oss rundt. Det same gjorde han i fjor da eg var her, og dette er jo heilt utruleg! Men han seier at han ser verdien i det arbeidet vi gjer, og at han vil gjere sitt til at også det norske språket i Iola blir dokumentert på ein skikkeleg måte. Vi starta feltarbeidet i «sagmølla» til Julian i Norske, ein heilt fantastisk plass. Om det er noko som fortener namnet man-cave, så må det vere dette. Denne kulturelle institusjonen ligg litt inne i skogen, og i tillegg til sjølve sagbruket, så står det eit mange vrak av ymse slag spreidd rundt omkring, mange bilar, inkludert eit bar retteleg gamle Fordar, Case-traktorar, ulikt jordbruksmaskineri, bikubar med radio som skal halde bjørnen på avstand – you name it. Det meste av dette utstyret står fram i ulike sjatteringar av rustbrunt , det er veldig prega av at det var mange år sidan dei var i bruk. Det stod også ei bordbu av ei varmestove der, og her skulle vi gjere opptak. Dette er altså paradiset til sagbruksmeister Julian på godt over 80 år – her kan han verkeleg vere herre i eige hus. Dette lokalet var absolutt ikkje prega av overdrive støvtørking, rydding og vask, her satsa ein på at alt ordna seg heilt sjølv. Trivselen vart skapt av varme i omnen og kaffi i kjelen. Snart kom det også fleire trauste karar innom, nokre kunne snakke norsk, medan andre berre hadde observatørstatus, og intervjua kunne ta til. Kor stø dei var som språkbrukarar var kanskje litt ymse, men dei er alle nyttige som informantar, og det er gjerne dei som språkleg sett er mest rustne som er mest interessante i samband med språkforsking. Og som seg hør og bør, vart denne økta avslutta med trekkspellmusikk og tamburin, og til slik underhaldning måtte sjølv dei to lettkledde kalenderjentene på veggen få lov til å smile søtt ned på musikantane.
Så var det nonstid og tid for litt mat i vomma igjen, og vi sette kursen til den «norske» restauranten i byen, og her pynta store flagg og foto av Geiranger opp det meste av veggplassen. Om vi hadde vore i tvil tidlegare om at Iola er ein norsk stad, vart all tvil fjerna her inne. Og maten vart jo klassisk igjen, med eit nytt solid påfyll av animalisk feitt i ymse former. Etter maten gjekk turen til den siste informanten vår i dag, ein godt vaksen kar som ein gong hadde vore med i Korea-krigen. Dette var ein retteleg spreking, og det var lite i måten han førte seg på som indikerte at han måtte vere nesten 90 år gammal. Og det var også tydeleg at han likte å snakke norsk, det var ingenting som indikerte at han vart sliten, og heller ikkje mengdetrening med språklege «games» gjorde at han gjekk i stå. Etter over to timar med slik behandling var det kanskje heller prærielingvistane som vakla ut døra og sette seg i bilen med kurs mot det fantastiske hotellet i Stevens Point. Der fekk vi oss «litt» middag, eit måltid som på mange måtar løfta «Swedish meatballs» inn i ein ny liga for smaklaus mat. Måltidet var ikkje vondt, men det var ikkje så veldig godt heller. Resten av kvelden har eg vore her på rommet og forsøkt å kontakte folk, utan særleg hell. Den mest interessante ville vere den siste gjenlevande informanten til Einar Haugen, men eg får ikkje svar. Derimot så fekk eg ei melding frå ein kontakt langt inne Minnesota om at han lett kunne hoste opp eit 20-tals informantar til oss, og det er jo ikkje dårleg. Vi får klare at han kan ha dette på plass til laurdagen.
Og slik går nu dagan her i Indi-landet…