Laurdag 5. november 2016: Marshall, Hendricks, Singsaas, SD.

Flott start på dagen, på ein måte: Sekken til Alex har kome til rette – men på motellet i Stevens Point. Så no er det berre eit spørsmål om korleis han skal løyse denne floka – i det minste bør det vere muleg å ordne dette på eitt eller anna vis.

Så var det frukost – og sidan amerikanske porsjonar er heller solide, forsøkte eg meg med nok som såg litt mindre stort ut – og denne gongen fekk eg det verkeleg til. Det eg såg for meg skulle vere eit par brødskiver med speilegg på, viste seg å vere litt egg lagt på ein halvbrent toast. Eg blir aldri klok på dette landet, men heldigvis har eg da eit lag(er) med opplagsnæring, så det var på ingen måte krise. Så sette vi kursen vestover, Alex måtte ta nokre telefonar for å ordne veska, så Janne og han vart igjen for å ordne dette medan vi andre køyrde til Hendricks. Vi skulle møte folket på skolen der, og informasjonen vi hadde fått, var at det ville vere lett å finne denne skolen. Og i byar med ei hovudgate og to tverrgater skal det eit stort talent til for å gøyme bort ein heil skole – vi fann lett fram.

Framfor skolen møtte Jay oss, og dette var ein fantastisk kar, det var ikkje måte på kor viktig han syntest det var at vi gjorde det vi gjorde. Og inne i fellesrommet på skolen var det alt møtt fram fleire «norskear», og det var tydelege at i det minste nokre av desse var gode til å snakke norsk. Vi var raske med å rigge oss opp, og med tre klasserom til disposisjon ville dette bli reine språkfabrikken. Så snart det tekniske var på plass, kunne eg ta den første «pasienten» under behandling. Dette var ein svært så snakkesalig herremann med røter i Singsås-området, og det var også veldig godt å kunne få snakke «ekte trønder» igjen. Vanlegvis snakkar eg jo trønder, men her på prærien er folk gjerne så vare på dialekt at ein som feltarbeidar må prøve å akkommodere litt, men her kunne heile det trønderske smørgåsbordet brukast lett og ledig utan at det skapte vanskar. Herleg. Klient nummer 2 venta eg også skulle vere litt i same sjangeren, men det viste seg at han hadde bakgrunn frå området rundt Oslo, i tillegg til at han var svensk på den eine sida, så det var det ikkje like enkelt å halde dampen oppe. Men samtalen gjekk da på eit vis, og det var jo bra. Deretter vart eg sendt til ei dame som levde sør i byen, og det var også tydeleg at dette var ei dame som ein gong var god på norsk. Problemet var berre at det ver veldig lenge sidan ho hadde snakka det, dessutan hadde ho raskt oppdaga at denne raringen frå Trøndelag forsto engelsk, derfor var strategien hennar enkel: English only. Som sagt, ho forsto alt og ho hadde sikkert også klart å snakke det om det hadde vore andre til stades, men slik er det no ein gong. Dette vart ikkje noko langt eller godt intervju, men det kan like vel vere OK at dette blir teke vare på med tanke på framtidig forsking. Tilbake på skolen så venta det to nye, ein av dei var veldig god, den andre var nokså ustødig. Og dagen i dag har vore veldig effektiv, for i tillegg til meg har også Yvonne og Alexander hatt kvar sin stasjon der dei på same vis som eg har gjort feltarbeid.

Etter det eg føler har vore ein veldig lang dag med feltarbeid, tok Jay oss med for å vise oss litt rundt, mellom anna måtte vi jo sjå på Singsaas-kyrkja. Dette er for ein nordmann eit nokså fascinerande landskap, og sjølv om nederlandske Yvonne seier «do you call this flat?», så er det verkeleg det for oss norskingane. Greitt nok at det nokre stader er ei lita dump, men dette er verkeleg flatt! Etter denne rundturen kunne vi setje kursen til motellet og naborestauranten for å få eit mål mat. Og da tok eigentleg kvelden til å gå mot slutten. Men sidan prærielingvistar ikkje kan kaste bort tida, testa Kari og eg ut vaskemulegheitene på motellet, og ein dryg time seinare kunne vi gå på romma våre med eit lass reine klede, rykande varme frå tørketrommelen.

Og slik går nu dagan…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *