Søndag 6. november 2016: Marshall, Hendricks, Willmar

I går fekk eg ei liste av Jay i Hendricks over køyreplanen for «oppsopet», og dette ser jo skikkeleg heftig ut, lista var lang, og dersom alle desse snakka godt, så vil dette verkeleg dra ut i langdrag. Men det er jo dette vi er her for, og skal ein først improvisere feltarbeid, så må jo ekte prærielingvistar planleggje godt og skaffe seg opplagsnæring så dei ikkje treng mat, og dette gjeld forresten ikkje berre mat; dei skal heller ikkje sove meir en eit par-tre timar i strekk. Eg meiner å hugse frå eit tidlegare liv som grønnkledd at kyniske strategar reknar med at ein soldat i strid skulle klare seg i fire veker med fire timar søvn i døgnet, men da er ein nok ikkje så veldig nøye med kva kjemiske substansar ein sprita opp soldatane sine med. Og etter ein slik periode ved fronten måtte dei kvile og sove ut ei veke eller så før neste økt. Og med redusert søvn var det viktig å fylle etter med mat, drikke og klede. Og sjølv om vi ikkje er ved fronten, er det vel omtrent i dette området at også vi ligg no: kaloriane får vi inn – i rykk og napp, vi frys ikkje – til det er novemberveret for ekstremt, men søvn er det verre med for meg, eg er konstant trøytt: men samanlikna med soldatar ved fronten så skal eg like vel ikkje klage – eg klarer sikker å skrape saman opp mot fem timar i døgnet, og det får halde til eg er heime , men da er det skikkeleg payback time.

Uansett, i dag sto vi altså plutseleg med avtale i både Sunburg og noko litt lausare i Hendricks. Ved frukostbordet vart strategien lagt, og Kari var da den som viste mest risikovilje: for utan tvil så ville det vere enklast å få gjort opptak i Sunburg der vi alt har mange «gamle» informantar, gjengen i Hendricks var alle «nye» – om dei i det heile ville kvalifisere som informantar. Så det var ingen tvil om at det å reise til Hendricks igjen ville vere litt risikosport, men om vi ser på oss sjølve som eit team, så ville dette vere fornuftig, så nokre vandra inn på gamle spor med sikkerstikk-informantar, medan andre da kunne våge seg ut på litt usikker is. Kari, som faktisk driv med fjellklatring, viste prærielingvist-mot, og kakka seg saman med meg – og for oss to venta vel eigentleg «terra incognita» i den forstand at vi ikkje visste (men nok kunne frykte) kva som venta oss. I så måte var dei andre heldige, dei hadde gamle kjentfolk klare til å ta imot dei. Og reisa til Hendricks var veldig artig, ikkje minst fordi Kari ville øve seg på å bli trønder. Og medan den eine «kornfila» etter den andre passerte oss, prøvde Kari å få slike nyttige småord som «ka», «kæm» «kess» og «kor» på plass, og det mestre gjekk eigentleg greitt heilt til kari sa at no var ho veldig flau – ho klarte plutseleg berre å snakke trøndsk! Flau av det – tullprat!!! Det kan da ikkje vere anna enn ei gudegitt gåve å beherske eit så prefekt språk som trøndersk, det får da vere måte på …

Uansett, med ein slik ekstrem disharmonisk stemning i bilen (der latter er disharmoni) kom vi etter kvart inn til Hendricks – og det skal jo seiast at Kari etter trugsmål om å få prøve seg som østlandsk fotgjengar på eiga hand her ute på prærien til slutt synest at palatalar, apokope og jamvekt  var heilt topp. Og ho skulle derfor vere godt rusta for å møte den første informanten vår,  ei dame i det vi heime kallar omsorgsbolig som tok imot oss. Og dette var et fantastisk dame, den einaste skavanken eg kan peike på , var at ho ikkje snakka norsk. Men ho forsto det, og Kari og eg gjorde det beste vi kunne for å få henne over på engelsk, men utan hell – dama var veldig prinsippfast, dessverre. Vi innsåg begge at vi her ikkje ville kome nokon veg, Men dama sette veldig stor pris på besøket vårt, ho var nesten på gråten da vi gjekk. Så om vi ikkje har med oss språkmateriale derifrå, så gjorde vi kanskje ei god gjerning – trur vi i det minste. Etter ein så lite vellykka start, sette vi kursen til gamleheimen. Men her måtte vi gjere vendereis i døra – for her på prærien er det mattid mellom 11 og 12. Dette retta vi oss etter, og sette sjølve kursen ned til kafeen i hovudgata (som eigentleg er den einaste gata) medan vi venta. Og her vart det ein solid dose med mat igjen, denne gongen satsa vi på  kalkun og kaffi. Så gjekk ruta vår tilbake til institusjonen igjen, med håp om timar med opptak. Her fann vi først fram til ei godt vaksen dame, og ho vart veldig glad når vi kom og slo med ein gong over til singsås-mål, det var ikkje måte på. Dette kunne ikkje bli anna enn bra. Det var berre ei urlita hake – dama høyrde absolutt ingen ting. Stemmen min dekte eit frekvensregister som var heilt daudt, ho forsto ingenting. Karis stemme slo inn på eit lite område der det var bittelitt aktivitet, men berre litt. Vi prøvde og prøvde, dama prøvde også, men vi kom berre ikkje igjennom. Til slutt så ga vi opp, takka for oss og gjekk vidare til ei ny dame på mangeognitti. Denne dama sov da vi kom, men ho vakna da vi kom inn, og ho vart veldig glad for å få besøk. Ho starta på norsk, men det glei raskt over til engelsk, og der var ho heilt «støkk» – vi sleit veldig med å få særleg norsk frå henne. Igjen prøvde vi å gå vidare, men dama ville vere med oss ut, og da kunne vi vanskeleg skjule at vi hadde tenkt å sjå innom andre også – og no hadde vi eskorte. Neste på lista var ein godt vaksen mann, også dette skulle vere trønder. Men denne karen ville helst sjå fotball med Green Bay Packers på TV, og han hadde lyden på topp og viste lite vilje for å skru denne ned. Her var det altså lite å hente. Neste stopp var ei dame rett over korridoren, men heller ikkje her var det noko språkleg materiale å få tak på. Kari prøvde nesten i desperasjon å elisitere litt av eskortedama vår, men det var visst berre halvveis vellykka. Så konklusjonen var at dette var bomtur – men slikt veit ein jo ikkje før ein prøver (på den andre sida, gammalheimar er sjeldan ein god plass å drive feltarbeid). Vi hadde ein lang tur til Willmar framfor oss med meir enn nok tid til å vere havarikommisjon.  Og bilturar er jo som bilturar er her borte, rette vegar og mange timar. Vel framme i Willmar kunne vi sjekke inn på motellet (som var veldig bra) og straks etter kom også dei andre. Så vart det debriefing over matbordet før vi tok kvelden.

Og slik går no dagan her på prærien.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *