I dag delte vi oss igjen, og denne gongen gjekk eg solo til Lac qui Parle County, eit område eg turnerte for 30 år sidan og møtte slike fantastiske karar som Floyd, Berdeen og Selmer, alle karar med styr på palatalar og dativ. Men tida har gått, og mykje har endra seg. Og eigentleg hadde eg ikkje gode kontaktar denne gongen. I fjor var eg her ein laurdag og søndag på leiting, men eg fann lite og ingen tok telefonen når eg ringde frå Skype. No var det måndag, eg har ringt fleire, men igjen er det ingen som tek telefonen. Kvifor har folk telefon når dei ikkje orkar å svare, lurar eg på? Uansett, mens dei andre igjen sette kursen til Sunburg, reiste eg inn i eit nokså ukjent landskap igjen, nesten likt den mytiske filologen Rune Staven, på jakt etter «lokativar og stungen d». Første stopp var Milan, der eg hadde håp om å finne folk. Men kontaktpunktet mitt her, museet «Arv hus» (heritage house) var dessverre stengt. Deretter sette eg kursen mot Appleton, i håp om å finne ein av dei gamle kontaktane mine frå 80-talet, men her var det folketomt – i dette landet og i dette veret er alle ute på «fila» med plog og «førtelaisar». OK, da var neste mulegheit Madison. Her køyrde eg eit par rundar opp og ned gatene i håp om … ja, kva var det eigentleg eg håpa på? Bunadskledde jenter som hoppa rundt og kasta rundt seg med jamvekt, apokope og palatalar? Staute karar i mannskor som står på «saidvåken» med flagg og syng «Kan du glemme gamle Norge?» medan dei friskt og freidig kastar rundt seg med dativ? Eg forsto fort at dette var berre tull, og sidan biblioteket var ope, så gjekk eg dit, presenterte meg og sa fram ærendet mitt: eg er norske som leitar etter andre norskingar som snakkar norsk. Her vart eg sendt over gata til lokalavisa; eg gjentok remsa mi, og der vart eg sendt ned til «county-museet». Også her la eg fram saka mi, og museumsdama kasta seg med ein gong over telefonen for å hoste opp folk til meg. Det ville berre ta ein liten halvtime, trudde ho. Medan eg venta, såg eg meg litt rundt, og det som var retteleg fint her, var at dei hadde fått skrivestua (inkludert boksamling) til poeten Robert Bly. Eg må berre innrømme at eg har veldig stor sans for Bly, så dette var fantastisk. Snart kom dei ei dame tuslande inn i museet, ei som var fødd på/i (kva er rett preposisjon?) Røa, og ho flytta hit ein gong etter krigen. Men det gjekk ikkje så mange minutta før trønderen dukka opp, og da gjekk samtalen litt i stå. Heldigvis var det bergingsvon, den lokale helten – verdsmeisteren i lutefisketing (med pers på over 4 kg lutefisk) skulle kome, saman med ein godt vaksen kar. Den siste kom først, og han var faktisk veldig god – Stjørdal-dialekten var fjellstø, og her var det meste av målmerka på plass. Lutefisketaren dukka også opp, og han var ein nokså stille kar. Eg spurte om han snakka norsk, og da sa han «ja», og det var vel eigentleg alt av norskspråkleg materiale som det var muleg å få rista ut av han. Det som kanskje var litt verre, var at han ved å vere ved bordet også fekk den andre til å slå over til engelsk. Om ikkje anna, så er det mykje kodeveksling på dette opptaket. Den gamle måtte heim igjen, kona hans var på sjukehuset, og han ville sjå innom henne. Men først ville han gjerne introdusere meg for ein annan norskspråkleg på apartment-komplekset. Og dette var verkeleg eit funn. Han sat og åt «spikkjikjøtt» da eg kom, men han ville gjerne snakke norsk med meg. Og dette vart verkeleg ei flott stund som tok meg tilbake 30 år i tid. Gamlingen berre snakka og snakka, eg måtte berre kaste inn eitt og anna spørsmålet for å halde seansen i gang. Herleg! Men så vart klokka nesten 6, og han ville ha «søppel». Og når norskamerikanarar vil ha «søppel», så er det vanskeleg å seie nei. Eg fekk berre pakke saman og sette kursen mot Willmar. Og etter nesten to timar på «råden» kunne eg parkere framfor hotellet, der eg møtte dei andre, som var veldig klare for å gå ut for å ete. Det var eg også, når alt kom til alt, så hadde eg ikkje hatt mat sidan frukost, så eg var faktisk veeeldig klar. Og fangsten var eigentleg ikkje så verst, trass alt var dette nokså nytt landskap for meg. Utfordringa i dag er jo å finne nye informantar, det er på ingen måte lett. Når ein først har dei, er det ingen stor kunst å få gjort gode opptak. Og om intervjua mine ikkje er særleg gode, så har eg ingen andre å skulde på enn meg sjølv.
Kvelden vart avslutta nokså intimt, med heile gjengen samla i/ved ei seng samstundes som vi såg første delen av Troells fantastiske film Utvandrarna. Det set ting litt i perspektiv: av og til trur eg at eg har vore veldig lenge i denne bransjen: lenge, men ikkje så lenge at eg har hatt høve til å snakke med folk som Kristina og Karl Oscar, dessverre: eg har derfor ikkje noko nytt å melde i den såkalla Moberg-debatten, disputten mellom Haugen, Moberg og andre på 60-talet. Og sjølv om vi var veldig ambisiøse i ønsket om å sjå film, så måtte vi bryte av lenge før filmen var ferdig – faktisk lenge før det var snakk om utvandring – ein time inn i filmen var vi knapt ferdig med innleiinga, og vi var stuptrøytte og måtte gå kvar for oss for å sove litt.
Og slik går nu dagan her i den nye verda ….
Måndag 7. november 2016: Willmar, Milan, Appleton og Madison, MN
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.