Dagen i dag starta litt tidleg for min del, litt før klokka 5 ringde telefonen, det var ei på jobb som lura på noko og som ikkje var heilt orientert om at eg var på rundtur i den store verda. Det er jo triveleg at folk vil rådføre seg med meg, men kanskje ikkje så veldig heftig å få slikt kasta over seg så tidleg på dagen. Og etter dette var det uråd å få sove meir, særleg sidan eg hadde planlagt ein tidleg start på dagen. Eg låg litt og kanskje dorma litt etter dette, men særleg søvn vart det ikkje. I halv sju-tida karra eg meg opp og pakka rasket mitt, og etter å ha lese nyheitene berre for å få bekrefta at presidentvalet her var så tullete som det ved sengetid såg ut til å vere, sjekka eg ut frå motellet. Eg måtte innom bensinstasjonen for å fylle drivstoff og kjøpe meg noko å ete på, og så stilte eg GPS-en på Madison, MN og sette kursen sørover. Trafikken i Fargo var jo nokså tett, men etter kvart så opna det seg, og det meste av trafikk såg ut til å gå nordover – det såg nesten ut som om det var amerikanarar som var på tur mot Kanada for å søke eit meir frilynt liv. Reisa mi var jo lang, og underhaldninga var valsjokk-program på radioen. Og medan den eine valanalysen etter dan andre vart kasta fram, pløgde eg meg gjennom mil etter mil med prærielandskap.
Eg kom fram til museet i Madison til avtalt tid, og da eg kom inn døra, fekk eg høyre at ein av informantane hadde vore innom nokså tidleg, men så hadde han gått – han måtte jo ut på «fila» i godveret, må vite. Dette var synd, for etter det dei sa, så skulle denne kroppen vere svært så flytande på trøndsk! Derimot var dama frå Røa der igjen, og denne gongen fekk eg gjort eit betre opptak med henne. Så kom kontaktfolket mitt innom med mat, og mannen her er ein som også er god på å snakke norsk. Så stakk tannlege Kevin innom, og dette var ein kar eg gjerne ville gjere opptak av. Kevin er sonen til ein av dei som eg gjorde opptak av på 1980-talet, og han vaks opp i eit svært så norskdominert miljø, der både bestefar og far snakka norsk «mæsta heile tida». Og Kevin kunne fortelje at da han begynte på skolen, vart han sporenstreks sendt til logoped for uttaleterapi – han hadde så veldig sterk norsk aksent når han snakka engelsk. Derimot var det i dag ikkje så veldig mykje att av norsken hans, han kunne mange ord, men han makta ikkje heilt å setje desse saman til fraser og velforma setningar. Men samstundes var han dyktig til å bruke det han hadde i repertoaret sitt, så det var fullt muleg å kommunisere med han. Det kan bli interessant å sjå nærare på språket til denne karen. Sistemann ut var ein ny stjørdaling, denne gongen frå nabobyen Dawson, og dette var verkeleg ein kar som kunne snakke norsk. Det var svært morosamt å snakke med han, og han hadde mykje å fortelje. Feltarbeidet her har såleis vore rimeleg bra, men det er alltid litt surt når ein veit at det finst fleire potensielle informantar i området som ein av ulike grunnar ikkje får gjort opptak av. Men om det no skulle bli ein neste gong, så kunne det vere fint å ta turen hit igjen.
Eg pakka ned utstyret mitt og gjorde meg klar til å reise inn mot Minneapolis, men ho som styrte med dette museet insisterte på at eg absolutt burde sjå innom eit pottemakeri søraust for byen. Eg må innrømme at eg veit ikkje meir enn passeleg lysten på å sjå på lysestakar og halvskjeive kaffikrus no, eigentleg var eg litt sliten. Men dama heldt på sitt – dette måtte eg berre sjå, og eg vil jo helst ikkje vere vanskeleg. Og med papirkart over Lac Qui Parle County på fanget (GPS-en tok ikkje adressen), navigerte eg meg til slutt fram til denne farmen. Og dette var faktisk interessant, eg må litt motvillig innrømme det; dama var av irsk avstamming, men ho var gift med ein norsk-amerikansk kunstnar, og dei hadde begge teke kunstutdanning i Noreg. Prosjektet til dette paret var å overføre norsk treskjærar- og rosemalingstradisjon til leire. Vidare var mannen ein habil knivmakar, og knivsamlinga hans måtte eg også sjå på. Det var som sagt interessant å vere her, og ikkje minst hadde ho fleire gode analysar og kommentarar til valresultatet. Eg var der på farmen ein times tid før eg takka for meg, og da visste eg eigentleg ikkje kva eg skulle gjere. Eg kunne køyre heile vegen inn til Minneapolis og ta inn der, eller eg kunne stoppe på vegen. Valet fall på Willmar, eg fann vegen lett, og eg fekk også ordna meg motellrom igjen. No er altså feltarbeidet unnagjort for denne gongen, i morgon blir det ein litt roleg dag i storbyen, og da møter eg også resten av «kruet». Og det skal bli godt med ein roleg dag no.
Og slik går nu dagan på prærien…