I går (torsdag) hadde vi ingen avtale om å gjere opptak. Derimot hadde vi ein lunsj-avtale: for eit par dagar sidan var vi tre hotellistane ute og gjekk ein liten tur i nabolaget, og da meinte Kari og Marie bestemt at dei tydeleg kunne høyre ei dame snakke norsk til eit lite barn. For å vere ærleg, så trudde eg kanskje at dei tulla litt med meg, men Kari tok mot til seg og strena inn i kafeen der dei to hadde gått in og tok kontakt. Og joda, dette var ei norsk dame, gift med ein argentinar, som var ute og lufta seg og sonen på rundt tre. Og da vart det oppretta kontakt, og i går skulle vi altså møtast på ein ute-restaurant like ved biblioteket. Og det vart ei triveleg og interessant stund saman med denne Andrea – og etter kvart også ei venninne. Andrea er statsvitar og kan ta på seg desse analytiske brillene, og ho kunne derfor gi eit relativt kvalifisert bilete over stoda her i dette merkelege landet. For Argentina er verkeleg eit merkeleg og eigentleg dysfunksjonelt land der lite fungerer etter intensjonen, men der folk har lært seg til å innrette seg og gjere livet leveleg sånn litt på kanten av det meste. Av dei tinga vi har merka oss, er pengesystemet her. Den offisielle kursen er at ti pesos er rundt ei krone, men vekslar du dollar på svartebørsen får du ein mykje betre kurs der krona ligg nær tjue pesos. Og i husannonsane er prisane berre i amerikanske dollar – og det har nok samanheng med ein nokså hissig inflasjon. Eg forstår berre ikkje korleis eit så rikt land som Argentina kan ha rota det så ille til for seg.
Lunsjen var som sagt triveleg og interessant, og klokka seks hadde vi ein intern avtale av ikkje-lingvistisk karakter, og no turnerer vi metroen som om vi skulle vere banefødde i denne byen. Avtalen var å møte Kari utafor ein restaurant – ho hadde vore heime hos Veronica for å laste opp nokre file via internett. Og vi fann både Kari og restauranten, og denne restauranten var uvanleg anonym, det var berre ei ringeklokke med eit lite skilt som indikerte at her var det mat å få. Vi prøvde forsiktig å ringe på, en utan noko resultat. Vi prøvde ein gong til, og snart kom det også fleire som gjorde ein liten innsats på ringeklokka. Men som sagt, utan resultat. Vi innsåg derfor at dette neppe ville bli ei suksesshistorie og sette derfor kursen mot meir sentrumsnære strok. Og på vegen dit kom vi over ein liten triveleg restaurant der vi fann ut at vi ville ete. Og på spansk vis delte vi på dei ulike matrettane, som inkluderte både spansk pølse og blodpølse. Pølsa ver veldig god, men blodpølsa heldt dessverre ikkje spansk standard, så det siste var ein liten nedtur. Kvelden vart avslutta med busstur tilbake til hotellet.
I dag, fredag, kunne Marie melde at ho ikkje var heit i form og at ho derfor helst ville bli igjen på rommet. Men vi hadde som vanleg avtale om intervju i dag også – og the show must og on – så Kari, Veronica og eg tok på seg denne oppgåva (dette er ein av fordelane ved å vere så mange på feltarbeid, da blir ein litt mindre sårbar). Denne gongen skulle vi møte informanten vår i 12-tida og litt på utsida av sentrum, i dei litt meir røffe nabolaga. Denne karen skulle vere å finne på eit kontor, var forståinga vi hadde. Vi fekk Uber-transport til denne adressa, og det var ein verkstad med ulike kontor. Og det viste seg at han vi skulle møte, var sjølvaste eigaren, ein triveleg og snakkesalig kar på rundt 70. Og her dreiv dei og laga pakningar, eller sim-ringar til hydraulikkpumper og oljeindustrien. Han viste oss rundt i produksjonslokalet, og her var det verkeleg litt av kvart å sjå seg hag i. Ikkje minst hadde han dreiebenkar, men det fanst også ulike presser, inkludert ei esse i det eine hjørnet. Og historia til denne karen var litt annleis enn det vi har høyrt så langt. For det første hadde han bakgrunn frå «dei andre», foreldra hadde utvandra like etter krigen av grunnar som han var svært open om. Far hans var ingeniørutdanna frå NTH i Trondheim, og her nede hadde han møtt Oskar Schindler, og Schindler hadde så kopla denne ingeniøren med ei litt ugrei fortid med ein jøde som dreiv eit lite firma. Og desse litt umake kompanjongane hadde da bygd opp eit firma på over femti mann som produserte ulike mekaniske ting, og da kanskje særleg hydrauliske pumper. Og no var det sonen som dreiv dette vidare, rett nok i noko nedskalert form. Men det såg ut til at denne karen dreiv godt trass i dei økonomiske vanskane ein elles finn i dette landet. Han hadde mellom anna hatt eit tett samarbeid med svenske firma, som Volvo og Hägglund, og han påstod at han kunne snakke svensk også. Kort sagt, her fekk vi høyre ei noko anna livshistorie enn dei vi har møtt så langt.
Etter intervjuet ville han ta oss med ut for å ete lunsj, og da tok han oss med til ein eldre, ærverdig restaurant ikkje langt unna verkstaden. Også dette var ei oppleving med veldig god mat og vin, og også mange nye historier frå livet her i Argentina. For oss var dette verkeleg eit ekstraordinært møte som nyanserte biletet vi så langt har danna oss av det norsk-amerikanske samfunnet her nede. Og med dette ebba dagen på ein måte litt ut. Marie følte seg litt betre utpå kveldinga, så ho kunne bli med ut for å ete middag på ein bar i nabolaget til hotellet.
Å slik går nu dagan…