Torsdag 9. september 2010: La Crosse, Sparta og Madison

No er eg trygt på plass i Madison etter ein dag på vegen. I 9-tida tok eg avskil med motellet i Madison. Eigaren av motellet var no på plass ved disken, og da var stilen med eitt stramma opp litt. For denne karen, som var skotte, var både nyvaska og rein i kleda. Triveleg var han også, så det er godt muleg at eg har vore litt for streng i å dømme dette etablissementet nord og ned. Og ved frukostdisken kom eg i prat med ein annan triveleg kar, ein finsk-amerikanar. Han hadde mykje å fortelje om området, og det vart reine høgtidsstunda over speilegget og kaffikoppen.

Så var eg ein runde opp til Madison street, berre for å sjå huset der eg budde på 80-talet, før eg sette kursen til Coon Valley. Eg hadde ingen avtalar der, eg ville berre sjå plassen. Eg stoppa ved kyrkjegarden, og sjølv om eg har vore der fleire gonger tidlegare, er det alltid ei spesiell oppleving å gå forbi alle gravsteinane med norske namn, mange av dei har også norske inskripsjonar. Det regna litt, og derfor vart ikkje stoppen så veldig lang før eg sette kursen opp til Sparta, der hadde eg avtale med ein 93 år gammal mann med røter frå Nordfjord. Eg hadde avtale om tid, med hadde ikkje adressa hans, eg rekna med at i Sparta kjente alle kvarandre. Men det var heilt tydeleg eit mistak. Rett nok var dette ein småby, men det var optimistisk av meg å tru at alle dei 8000 som bur der skulle kjenne kvarandre. Eg kom da på at eg hadde telefonnummeret hans, men mobilen min var lite samarbeidsvillig – eg fekk berre feilmelding. Eg tenkte da å gå innom postkontoret, der bruker dei gjerne å kjenne mange. Men på vegen dit, stakk eg innom biblioteket, og der kunne dei hjelpe meg. Og utrusta med adresse, kart og gode råd om himmelretningar, fann eg da fram til gammalheimen der han budde. Mannen var hyggeleg han, men heilt umuleg å kommunisere med. Sjølv om han hadde sett nye batteri i høyreapparatet, fatta han lite av det eg sa. Eg prøvde først med litt trøndsk, det forsto han ikkje. Så prøvde eg etter fattig evne å snakke nynorsk til han. Heller ikkje det var til stor hjelp. I desperasjon slo eg over til engelsk. Heller ikkje det nytta. Eg måtte til slutt rope slik at store delar av nabolaget sikker fekk middagsluren forstyrra – utan at det heller hjelpte så veldig mykje på kommunikasjonen. Det var tydeleg at han var stø på norsk, men kva hjelper det når ein ikkje høyrer. Så samtalen (om ein kan bruke eit slikt uttrykk om det som skjedde) likna svært mykje på ”God dag mann – økseskaft”. Eg snakka om mitt, og han snakka om sitt.

No i kveld er eg altså framme i Madison, eg har sjekka inn på hotellet – og her er det faktisk reint og fint – og i 6. etasje har eg eit flott utsyn utover Lake Mendota.

Og slik går no dagan her i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

8. september 2010: La Crosse

I dag har eg hatt i stor grad brukt tida mi på å arbeide med foredraget som eg skal ha neste veke. Det tek etter kvart til å ta form, sjølv om det er ein del ugjort enno. Derfor har eg i stor grad halde meg på motellrommet og sett relativt lite av verda rundt meg. Sjølvsagt er det ikkje noko skrivebord på rommet mitt, men det gjeld å innrette seg som best ein kan; det er utruleg kor langt ein kan kome med ein stol og ein koffert.

Likevel, eg har ikkje sitte inne heile dagen – det skulle eigentleg berre mangle når ein er i utlandet og bruker av skattepengane til ”folk flest”. I ein av pausane gjekk eg meg ein tur til ”Dave’s guitar shop”, som ligg berre fire kvartal herifrå – og dette må nesten vere det næraste ein kjem himmelen her på jord. Eg kan ikkje hugse at eg har sett ei så stor gitarbutikk nokon gong – lokalet var retteleg stort, og her hang det Fenderar, Gibsonar, Rickenbackerar, Guildar og Gretchar overalt. Meter på meter, reol for reol. Kort sagt, ei heilt utruleg samling med strengeleikar – ”and that made my day” .  Og eg må innrømme at eg i ein liten augneblink fekk litt forståing for korleis kvinner kan tenke, sjølv om eg nok er farleg nær stereotypien her. Når eg treng ei bukse, ja så går eg på Dressmann og kjøper meg ei bukse. Og treng eg ei skjorte, ja så gjer eg akkurat det same. Og dersom buksene på Dressmann ikkje passar på den kroppen som eg gjennom mange år har brukt ikkje så reint lite tid og pengar på å bygge opp, ja så går eg ein annan stad der dei har ei bukse som passar. Verre er det eigentleg ikkje. Kvinner ser ut til å ha ei anna tilnærming til dette problemet, dei skal gjerne gå frå butikk til butikk, og sjølv om buksa i den eine butikken passar dei aldri så mykje, så vil dei gjerne sjå på ei anna bukse i ein annan butikk, og dersom buksa der ikkje passar, så er det liksom inga krise. Målet deira ser i stor grad ut til å vere å sjå på alt det pene som finst, handel blir da liksom sekundært i så måte. Her eg er fullt klar over at det empiriske materialet mitt er litt for tynt til at eg kan dra ein alt for bastant konklusjon om kjønnsskilnader, og eg bed om orsaking for det. Men akkurat det var heller ikkje poenget, det eg vil fram til, er at eg i dag fann utruleg stor glede i berre å gå rundt og berre sjå. Mange hundre gitarar, og da gjerne den same modellen i mange ulike versjonar og nyansar. Eg ser ikkje bort frå at eg stikk ein tur bortom i morgon for å handle. Da skulle eg gjerne ha sikra meg ein Gretch Country Gentleman eller ein 12-strengers Rickenbacker, men pga bagasjerestriksjonane på Delta Airlines kjem eg nok i staden til å gå for eit sett bassgitarstrengar eller to.

Vidare måtte eg på klokkehandel i dag. Av ein eller annan grunn kunne eg ikkje finne klokka mi da eg skulle pakke. Så langt har eigentleg ikkje behovet for klokke vore særleg stort. Eg kan seie mykje stygt om dette motellet, men klokke har dei – eit stort monster med ein diameter på over ein meter som heng i gangen her. Så det er berre å gløtte på døra for å finne ut kva tid på dagen det er. Men samstundes kan det bli litt slitsamt å gå tre veker her i Midtvesten utan å vite om ein skal stå opp, eller om ein heller bør legge seg. Så det låg derfor an til klokkehandel. Så eg sette kursen opp til det største kjøpesenteret i byen – Valley View Mall. Men også der var det meste endra. I gamle dagar var dette ei stor openberring for ein inntrønder som ikkje var van med stort anna enn Domus på Verdalsøra. Men når eg kom opp dit no, så hadde eg vanskar med å forstå at eg kunne bli imponert av slike ting, det var ikkje stort større enn kjøpesenteret verdalingane har skaffa seg på det gamle meieriet. Og her var det heller inga klokke å finne. Da var det å setje kursen tilbake til sentrum igjen, til gode, gamle K-mart. Og joda, der hadde dei klokker. Dama bak disken var hjelpsam, og etter litt fram og tilbake fann eg ei snerten digitalklokke frå Casio til litt i overkant av 30 dollar. Ein rimeleg god handel, tenkte eg. Eg spurte litt forsiktig om ho kanskje kunne hjelpe meg med å stille klokka. Ho smilte litt usikkert, men sa ”Sure, are you in a hurry?”. Neida, eg hadde tid til å vente, eg. Ho prøvde seg litt fram, men fann til slutt ut at ein titt i instruksjonsheftet kunne gjere susen. Og dette heftet var eigentleg ikkje eit hefte, snarare ei bok på drygt to hundre sider. Dama bak disken las og småsvetta, trykte på knappar og vart enda litt meir svett. Til slutt kapitulerte ho og foreslo at vi kanskje skulle gå til elektronikkavdelinga for å få hjelp der. Det tykte eg var ein god idé. Der sto det ein ungdom som smålo og meinte at ”sure”, dette skulle ikkje by på særleg store problem. Med arrogant iver kasta han seg over klokka, men også han sleit litt, måtte slå opp i instruksjonsboka og etter mykje om og men klarte han å stille inn på lokal tid for Chicago. Det var jo i og for seg ikkje dårleg, men det hadde seg no ein gong slik at vi var i ei anna tidssone, og dit klarte han altså ikkje å flytte tida. Bak kvisene dukka det etter kvart opp ein svært så eplefrisk raudfarge; men pågangsmote skal ein på ingen måte kritisere han for. Etter ein liten halvtime prøvde eg meg med ein spøk om at det enklaste kanskje ville vere om eg flytta til Chicago. Dama småhumra, medan elektronikknerden vart enda raudare og trykte enda meir desperat på dei mange knappane på klokka. Til slutt ymta dama frampå om at vi kanskje burde sjå på ei anna klokke. Eg tok poenget raskt, og medan denne elektronikknerden framleis bladde desperat i handboka og trykte på dei ulike knappane, sette vi kursen ned mot klokkeavdelinga igjen, denne gongen på jakt etter analoge klokker. Og den enklaste klokka ho hadde, var eit lommeur til 12 dollar. Neppe ei særleg god klokke som vil gå i arv i mange generasjonar etter meg, men likevel ei klokke det går an å stille og som det er rimeleg å tru vil tikke og gå dei tre vekene eg skal vere her. Og best av alt, dette uret var heilt utan brukarrettleiing – betre kan det vanskeleg bli. Dama pusta letta ut, eg pusta letta ut, og medan nerden i elektronikkavdelinga framleis sto og sveitta over Casio-klokka, gjekk eg glad og letta ut av K-mart, endeleg har eg verkty som kan seie meg om det er dag eller natt.

Vel tilbake på motellet med klokka fekk eg sjå den dansk-amerikanske Vietnam-veteranen igjen. Som sagt, livet stryk ikkje alle på kinnet med vakkerhanda. Slik heller ikkje her på motellet i 4th street. Stakkaren hadde fått motorstopp, og det siste eg såg av han og bilen, var at bilen vart henta av ein røsleg kar frå verkstaden med ei handtralle. Ja faktisk, det kom ein mann med ei handtralle, løfta opp bakenden på bilen, og så gjekk dei to med bilen framfor seg. Eit merkeleg syn. Only in America – trur eg i alle fall.
Elles kan eg også melde at kvaliteten på klientellet her på motellet ser ut til å ha teke seg opp litt i dag. I ettermiddag kom det ein gjeng staute karar på motorsykkel, og no i kveld er det garden party på parkeringsplassen her, karar som samlar seg rundt ein grill medan dei klimprar på ein gitar og utan skamvett underheld dei andre som bur her. Det er berre all biltrafikken som legg ein dempar på den gode stemninga. Men etter kvart som kvelden legg seg over byen her, får dei kanskje arbeidsro som utøvande kunstnarar.

”Og slik går no dagan …”

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

7. september 2010: La Crosse, Wisconsin

Da er eg tilbake på gamle tomter igjen – i La Crosse, Wisconsin. Og eg skal ikkje nekte for at det er litt rart å vere tilbake. Det er eitt eller anna med redigeringsfunksjonen til minnet mitt som forundrar meg. I denne byen har eg budd i nesten to år til saman, først eit halvanna år i 1986-87, og deretter nokre månader hausten 1992. Og reint mentalt hadde eg eit veldig klart bilete av korleis denne byen skulle sjå ut, og eg hadde store forventningar om eit herleg gjensyn. Og det var triveleg å kome tilbake igjen, det skal eg på ingen måte underslå. Men eg kan ikkje hugse at det kunne vere så surt og kaldt her på ein tidleg septemberdag, at delar av sentrum er eit lite vakkert syn der industribygg og parkeringshus dominerer, at så store delar av sentrumsområda er rydda for hus slik at det blir plass for folk til å setje frå seg bilen sin – ja, at det eigentleg er så daudt her. I det heile, reint estetisk er det ikkje så veldig mykje å gle seg over her i området rundt 3rd street. For i minnet mitt var dette ein liten sjarmerande småby med eit yrande liv og mange trivelege plassar der ein kunne gå for å møte folk og dele ein ”pitcher”. Det gjekk da opp for meg at alle dei gode minna frå denne staden eigentleg er knytt til alle dei trivelege folka som eg vart kjent med, og ikkje sjølve staden. I dag tidleg gjekk eg ein runde i sentrum, men det var svært lite eg kunne nikke gjenkjennande til. Merkeleg, trass alt! Men universitetet fann eg da fram til, men det var også nesten alt. Eg gjekk ein runde i korridorane der, men det var ikkje ei kjent sjel å sjå. I dag var det studiestart her, så det meste var kaos, men lell. Det gamle kontoret mitt var til overmål også fjerna. Men universitetsbokhandelen fann eg, om ein no kan kalle dette ein bokhandel. Joda, eg fekk da kjøpt ei skrivebok og ei penn, men  det var også noko av det mest akademiske dei hadde å by på: I realiteten var dette ein klesbutikk, og manefaktur var dei tydelegvis gode på, skjorter og jakker av ymse slag hadde dei plenty av, meter på meter, hylle på hylle. Men eg overdriv ikkje når eg seier at det står fleire bøker på kontoret mitt enn kva dei hadde i denne bokhandelen.

No i tre netter skal eg bu på eit motel midt i sentrum av byen. Der har eg budd eit par netter tidlegare, og eg må seie at om ingen annan stad, så ligg alt til rette for at ein skal kjenne seg igjen her. Rett nok har dei sikkert bytta på senga nokre gonger sidan sist eg var her, men eg trur kanskje at det avgrensar seg til det. For her har dei verkeleg lite som minner om aggressiv iver etter å pusse opp og halde ting i ”shape”. Og ein treng ikkje å drive rominspeksjon a la befal på ein rekruttskole for å sjå at dette ikkje er heilt prima. På gymnaset hadde eg ein kompis som var på ferietur til London, derifrå kom han tilbake med ei hårreisande forteljing om ein pub som heitte Dirty Nelly. Dette skulle vere ei bule som på prinsipielt grunnlag brukte manglande reinhald til å byggje opp eit image og dra til seg dumme turistar. Det kan sjå ut som om dei her på motellet også prøver ut det same konseptet. Her ligg støvlaget tjukt på møblane, i taket heng det lange og store dottar med kongrovev, golvteppet er flekkete, og badet vil eg eigentleg ikkje gå nærare inn på. Det einaste positive eg kan seie om dette etablissementet, er at dei her tenker på miljøet og satsar på kaldvatn i dusjen. Men sjølv om dette motellet på ingen måte er blankpolert, så skal det ikkje nektast for at det kan vere eit og anna interessant å oppleve her også. I kveld vart eg ståande ei lang stund og snakke med ein ”gjestene”, ein gammal dansk-amerikansk veteran frå Vietnam-krigen. Det er tydeleg at livet nok ikkje har stroke alle over kinnet med vakkerhanda.

I dag har eg elles vore i Ferryville, ein liten stad som ligg ein dryg halvtime ned langs Mississippi-dalen. Det må trygt seiast at denne plassen på ingen måte har vore brautande når det gjeld å finne seg plass i landskapet. Der møtte eg to norsk-amerikanarar, ei dame på 94 og ein mann ein stad i 50-åra. Sjølv om begge kunne noko norsk, var det nesten umuleg å få dei på glid, det kom ei og anna setninga no og da. Begge hadde vestnorske røter, men dei forsto knapt kvarandre. Og når dette vart konfrontert med trøndsk apokope og palatalar, var det språkvitskaplege utbyttet litt magert. Forsøka på norskspråkleg samtale kunne til tider minne om ”The Danish language” på youtube. ”Kamelåse!” Eg håper berre at eg ikkje har bestilt 500 gallon med mjølk. Likevel var dette ei retteleg triveleg stund. Det som mangla av språkleg samhandling vart kompensert gjennom musisering. Heimen til 94-åringen var full av musikkinstrument av ymse slag. Og den godt vaksne kona var utruleg vital, trass i litt skrantande helse. Ho var på ingen måte tungbedd som musikant og varta opp med både salmar og jazz på orgel og piano, i tillegg til folkemusikk og sjølvkomponerte slåttar på trekkspell. Også 50-åringen var ein habil musikar med stort teknisk raffinement, han trakterte både gitar og piano på ein eminent måte. Herleg!

Elles har eg ikkje så mykje å berette etter eit døgn i Wisconsin, flyturen over var både lang og kjedeleg, men udramatisk. Det einaste som overraksa meg litt, var reiseruta: vi kom inn over Hudson bay og entra Minneapolis frå nord. Bilturen frå tvillingbyane var også grei. Eg har ein leigebil desse dagane, og amerikanske bilar er gjerne fulle av knappar. Komfort heiter det visst. Så delar av turen gjekk med til å orientere seg i denne knappejungelen. Men eg fann ut av det etter kvart (at handbrekket må vere ein pedal, seier seg jo sjølv, og at den tiande (eller var det tolvte) knappen i panelet på døra er til å opne bagasjerommet, burde eg jo ha teke på intuisjonen). Heldigvis oppgraderte eg bilbestillinga til å omfatte GPS, noko som gjorde at eg kom meg heilskinna ut av storbyen utan eigentleg å vite kor eg var. Til slutt gjekk det opp for meg at GPS-en tok meg gjennom eit amerika-trøndsk landskap som eg burde kjenne veldig godt. Før eg visste ordet av det, passere eg gamle kjenningar i Goodhue county som Wannamingo og Zumbrota, område der mange frå Trøndelag slo seg ned for rundt 150 år sidan, og der eg reiste rundt med bandopptakaren min vinteren 1986-87. Eg får sjå om eg ikkje stikk innom desse plassane på turen heim.

”Og slik går no dagan”, det einaste eg kan føye til, er at eg framleis er temmeleg døgnvill og vaknar tidleg om morgonen. Men delen av naturen min skal eg nok med tida tukte, det føler eg meg nokså trygg på.

Skrevet i Uncategorized | 48 kommentarer