Søndag 18. oktober 2015: Westby, Rockton

Da er det søndag, og som vanleg her på prærien kom eg meg opp av senga i sju-tida. Frukosten her på motellet er svært så enkel, banan og litt kaffi. Men når ein i tillegg har «påsså» med brød og ost kjøpt på «ståret» i Veroqua (eller Værråki som dei gjerne seier her), så klarer ein seg lenge. Eg byrja dagen med å skrive litt, det er ein artikkel som skulle ha vore ferdig for eit par veker sidan som ligg og gneg, og litt før ni ringde Ron og spurde om eg hadde lyst til å vere med i kyrkja. Og det kunne jo vere interessant – ikkje minst fordi ein då kanskje kan kome over folk som kan snakke norsk.

Klokka 10 henta Ron og Sandra meg, og så bars det til Vaniljekyrkja, som ligg like ved Sjokoladekyrkja: Gudstenesta var sikkert som ho bruker å vere på desse kantar, men songrepertoaret var ukjend; som Mister Bean drog eg til av full hals så snart det dukka opp ein eller annan halleluja. Så mykje norskprat vart det nok ikkje, men eg møtte ei dame frå Bodø som hadde budd her eit par mannsaldrar, problemet var eigentleg at ho meinte trønderar er frykteleg vanskelege å forstå, så samtalen vart nokså kort. Akkurat no driv dei med å pusse opp kyrkja, og da gjeld det å samle inn pengar – og da er eg straks på heimebane: På jobb har vi av og til vinlotteri, og slike ting kan ein tydelegvis også drive med her, med velsigning frå både prest og menigheit. Det slo meg at dette må vere nokså nytt, da eg først kom hit for nesten tretti år sidan, var heile byen tørrlagt, det var ikkje muleg å få kjøpt seg ei aldri så lita flaske med lettøl, om ein da ikkje reiste rett utafor bygrensa, for to fot utafor denne grensa hadde dei bygd seg bar med alle rettigheiter. Men der burde helst ikkje rettelege folk setje foten sin …

Etter kyrkja lurte Ron og Sandra på om eg kanskje kunne ha lyst til å vere med dei til Rockton for å ete middag. Eigentleg hadde eg tenkt å skrive vidare, pluss kanskje også å sjå innom Erma i Sørbyen. Men på den andre sida, det var søndag og det er ei stund sidan eg har teke heilt fri, så eg takka ja. Og dermed sette vi kursen mot Kickapoo-landet nord for byen. Kickapooingane har rykte på seg for å vere rare, nesten som «hillbillisar», og landskapet her var ulikt det meste som eg har sett av Wisconsin med tronge dalar og kuppert landskap. Ron ville vise fram det meste, og det gjorde at vi utan GPS brukte uvanleg lang tid oppover, men vel framme i Rockton kom vi til den restauranten som dei tala så vakkert om. Her serverte dei grilla kjukling, og som vanleg er det solide porsjonar dei har å by på. Planen var eigentleg å ete ut, men vi innsåg raskt at sjølv om det var solskin, så var vinden for sur. Etter eit godt og kalloririkt måltid, så sette vi etter ein snartur innom skinnsjappa i dette – litt mislykka forsøket på å etablere ein småby – kursen heimover, og da var det veldig tydleg at det var søndag og at dette er amish-land. Det var fullt av hest og boggi på «råden», og det var også mange som var ute og gjekk i finstasen; ungane berrføtte, kvinfolka med svartserk og kyse og mennene med langt heilskjegg, hatt og svart ulldress. Dette er verkeleg ei underleg oppleving, som å gå eit par hundre år tilbake i tid.

Vel tilbake i Westby sette eg meg på motellet for å arbeide litt, men klokka seks hadde eg ein ny invitasjon til Iversons, for Greenbay Packers spelte fotballkamp, og da står tida stille her i Wisconsin. Deretter trakterte Sandra pizza før eg sette kursen tilbake til motellet for å avslutte dagen med litt småarbeid.

Og slik går nu søndagan….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 17. oktober 2015: Westby, Coon Valley, Veroqua

I dag hadde endeleg Larry skaffa folk, og det vart ein nokså hektisk dag. Eg sjekka ut frå motellet i dag tidleg sidan det ikkje var ledige rom no i kveld. Heldigvis kunne eg søke husrom på Old Towne Inn i Sørbyen, så det var i og for seg ikkje «a big deal». Og i halv ni-tida bars det tilbake til Larry i Springdalen. Larry varta opp med krutsterk kaffi, eg rigga opp utstyret, og i ni-tida dukka det opp ein kar frå Sørryggen som kunne snakke norsk. Og i to timar sat vi og snakka om laust og fast. I starten hadde eg kandidaten heilt for meg sjølv, men det gjekk ikkje så veldig lenge før Larry slo lag, og det vart ei fin stund med prat på norsk om både det eine og det andre. Flott!

Da denne karen var ferdig var det tid for lunsj, og da var vi innom gamle Stockman (som no har fått eit nytt namn som eg ikkje hugsar) i Coon Valley. Der arbeider slektningar av Larry, så vi vart teke «godt kær tå». Etter eit måltid med amerikansk sikringskost (burger) sette vi så kursen opp på Jore-ryggen, der ein ny kar venta på oss. Dette er arbeidskameraten til Johan, som også driv med å «waterproofe beismentsan» i området, og no var det rolege tider fordi det var ei stund sidan sist det regna. Men han hadde håp om betre tider, for over helga skal det visst regne. Dette var ein kar som kanskje ikkje var så veldig pratsam, men han var god til å snakke norsk. Men slik er vi jo forskjellige, og det kan ein eigentleg gjere lite med. Og etter ein time med «det gikk på engelsk og norsk» der, så gjekk kursen vidare til Grønvold-farmen på Sørryggen. Og karen her var til gjengjeld svært så pratsam. Her var det berre å kaste på ein 5-cent, og ein fekk verkeleg prat for pengane. Og det er litt vemodig å høyre på at han i mange år har hatt ein stor drøym om å reise til Noreg, og at han no meiner at det er for seint. Og Larry passa på å gni salt i såret ved å melde at «treppen til Norje er det smartaste e har gjort i heile mitt livstid». Så var det eplepai og kaffi før vi utpå ettermiddagen sette kursen mot Viroqua. Der meinte han at han endeleg hadde funne fram til ein sogning. Og da eg fekk høyre kva han heitte og at han levde i eit «trailerhus», forsto eg at eg også tidlegare hadde møtt denne karen, og at Janne og eg den gongen hadde vurdert det til å vere lite å hente her. Men vi kom da dit, og mannen, som på ingen måte har fått oppleve så veldig mange godversdagar i livet, var svært glad for å få besøk. Og denne gongen gjorde eg lydopptak av han. No hadde han fått lungebetennelse, og det gjorde det vanskeleg for han å snakke, likevel var det greitt å få dokumentert ein av flekkefjordingane om ein gong hadde tilhald i området mellom dølane rundt Westby og sogningane i Veroqua. Vi art ikkje så lenge, men Larry liker å prate, og da er han god å ha når ein skal prøve å framprovosere laus og ledig samtale. Dei ville gjerne by på pai, men denne gongen mått vi berre takke nei – det er trass alt ei grense for kor mykje ein røsleg feltarbeidar klarer å stappe i seg. Og etter ein liten time i denne trailerhus-heimen, returnerte vi, Larry vart levert i Springdalen, og sjølv returnerte eg til motellet.

No har eg vore nede i restauranten og fått meg eit måltid steikt fisk, og har sett litt meir på artikkelen, og det er snart på tide å krype til køys. I morgon er Larry på barnedåp i Madison, men eg har nokre gamle kjenningar som eg tenkte å sjå innom. Sjølv om dette har vore ein litt slitsam dag med nesten ti timar med feltarbeid, så innser eg utan problem at eg er utruleg privilegert som kan reise rundt, prate med interessante folk og samstundes få kalle det betalt arbeid. Så får vi sjå kva morgondagen har å by på.

Og slik går no dagan i dette merkelege landet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 16. oktober 2015: Westby – Coon Valley

I dag tidleg starta eg ned til Larry og var der klokka ni. Det viste seg da at han ikkje hadde klart å skaffe folk – alle var visst «busy». Derimot hadde han mange på lista til i morgon, så da så. Og Larry hadde det også litt travelt, han og kona skulle bort på eitt eller anna klokka 12. Men han hadde jo tid til å snakke norsk, det har han alltid, og eg nytta da mulegheita til å teste ut elisiteringsverktyet som vi (mest kollega Linda) har snikra saman. Og Larry likte seg, han sette saman Ferdnand-serien utan problem og kasta rundt seg med tematiserte setningskunstruksjonar med V2. Også leddsetningstesten som vi eigentleg har stole frå kollega Gisela fungerte på Larry, så dette kan bli bra. Eg sat der oppe til i 11-tida, da sette eg kursen vidare til Norskedalen. Ein kan aldri ta turen til dette området utan å sjå innom Norskedalen. Og der var det folksamt, i billett-luka sat det ei vaksen dame som vart veldig «æksaita» over å få snakke med ein norske, og ho testa da ut norskkunnskapane som ho har plukka opp på eitt eller anna norskkurs. Dessverre var ho også veldig interessert i slektsforsking – og for å gjere eit ekstra inntrykk, to ho fram «kampjuter’n» sin og viste med ein digitalisert versjon av slektstreet sitt. Og når ein meiner å kunne føre slekta si heilt tilbake til slaget på Re i 1177, blir det fort veldig mange formødre og forfedre å imponere med. Heldigvis kom det andre kjentfolk som eg kunne henge meg på før ho var ferdig med å fortelje om alle dei 2.147.483.648 deltakarane i eit slektstre som dekker 30 generasjonar. Men eg hadde ei sterk kjensle av at vi rakk å dekke svært mange av dei. Og kjenningane var legendariske Norskedalen Trio, dei var her for å underhalde eit busslass med amerikanarar frå sørstatane som ville sjå kor opphavet deira først slo seg ned, og dermed vart eg raskt ein del av underhaldingsprogrammet. Etter at trioen hadde levert sine banebrytande nytolkingar av Nidelven (som ut frå framføringa no må vere lagt i røyr), ein jodlar-polka (som ei stund fekk meg til å lure på kor grensa mellom vibrato og jodling eigentleg går) og ein annan polka med vokal (der framføringa stilte Olga Micaelsen i ein flaterande lys), skulle altså eg og Tim snakke norsk saman. Og det kunne vi jo trygt gjere, ettersom det var ingen av gjestene som forsto eit ord norsk. Og til stor applaus kunne eg så snike meg ut og tusle litt rundt på museet. I det eine rommet dreiv Clarence på med lefsebaking, og da vart det ei ny mulegheit til å snakke norsk – han er også svært stø på norsken sin og set stor pris på å «lage» litt norsk. Etter ein triveleg stund i vakkert (men litt kjølig) haustver, sette eg kursen vis Skogdalen og til Westby, der eg kjøpte meg litt mat.

I fem-tida bestemte eg meg for å sjå innom Florence, som no har hamna på gammalheimen i Westby. Dette er ei flott dame på godt over 90 som også liker å snakke norsk. Eg var så optimistisk at eg tok med meg opptaksutstyr, men eg fekk på ny erfare at det nok ikkje er så mykje språkmateriale å hente frå dei som har hamna her. Dessutan skulle dei snart ha mat, så det var uro i lokalet. Men Florence ville gjerne snakke norsk, og når eg bytta rolle frå feltarbeidar til besøkande, så vart det triveleg, og eg snakka med fleire. Særleg den tidlegare postmeisteren i Coon Valley ville ha kontakt med meg, og eg vart sessa ved matbordet hans. Han ville svært gjerne spandere middag på meg, og han hadde vondt for å tru at eg ikkje var svolten – for det var eg absolutt ikkje etter den kaloririke porsjonen oppe på Central Express. Men ein kopp kaffi kunne eg ta. Alderdom kan absolutt vere mangt, og for dei som framleis er klåre kan ikkje dette vere ein særleg triveleg plass – uttrykket «å nyte sitt otium» passar dessverre dårleg her. Ja, det er sanneleg ikkje greitt. Men eg får sjå innom Florence ein gong til før eg reiser herifrå, og da skal eg ikkje møte opp i feltarbeidar-modus.

Resten av kvelden har eg vore på motellet, prøvd å skrive litt, lese litt og i det heile teke livet litt med ro. Det kan vere godt det og, sjølv om det ikkje blir så mykje opptak av slikt.

Og slik går no dagan her på prærien …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 15. oktober 2015: Zumbrota, MN – Westby, WI

Vanlegvis når eg kjem til Amerika, så vaknar eg tidleg om morgonen. I dagtidleg sov eg heilt til litt over seks – så kanskje eg klarer å snu over rytmen svært raskt denne gonegen? Eg starta dagen med å skrive litt, i sju-tida gjekk eg ned i «matsalen» (Tre kjøkkenbord og servering av rista brød med syltety og kaffi til). Der sat det ein godt vaksen kar alt. Han hadde lyst til å prate, og han lura da på kor eg kom frå og kva han gjorde i denne delen av verda. Eg måtta da fortelje at eg var frå Noreg. «Snakkar du norsk?», sa han. Fantastisk! Her i Zumbrota slepp ein altså å leite etter informantar, dei kjem for eiga maskin til prærielingvisten: Muhammed og fjellet, altså! Så i ein augneblink såg eg for meg at her skulle det bli opptak og utspekulert elisitering for å få fram topikalisering og leddsetningar med negasjon. Kan livet her borte bli enklare? «Ja, snakke du åsså norsk?», sa eg. «Nei», sa han. Og det var den planen… Det viste seg at mannen hadde vakse opp i området rundt Duluth, han hadde folket sitt frå Vestlandet, men foreldra ville ikkje lære han norsk. Dei hadde sjølve berre snakka norsk fram til dei starta skolen, og det brutale møtet som dei hadde hatt med engelsk i skolen, ville dei spare han for. Derfor forsto han berre litt, og det norskspråklege repertoaret hans var å kunne lire av seg nokre svært få setningar. Og når han i tillegg hadde det frykteleg travelt med å kome seg vidare, vart det ikkje noko av opptak. Nestemann ned i matsalen var ein kar rundt 60, ein «salesman». Denne karen reiste rundt og selde eltemaskiner til bakeri rundt i Midtvesten. Også dette var ein artig kar, han hadde master i historie med tidleg innvandring som spesialitet. Han delte villig kunnskapen sin om desse «pilgrimane» til dei som var i rommet saman med han, og det var no berre ein gong berre eg, det. Og sjølv om detaljnivået kanskje ikkje var tilpassa ein skarve prærielingvist, så var det til tider interessant å høyre på han. Etter dette lynkurset i amerikansk historie, gjekk eg på rommet for å skype heim, og også starte arbeidet med å finne fram til informantar. Planen min hadde eigentleg vore å gjere eit intervju i Zumbrota, reise til Westby ein dag for å gjere planar der, og så reise opp til «Indilandet» rundt Iola i Wisconsin. Kollega Åshild har ei tante som av alle stader har ei hytte der oppe, og gjennom henne har eg fått namn til ein kontaktperson. Eg kontakta han, og han var meir enn villig til å hjelpe meg, men han såg helst at eg ikkje kom før tysdagen, for det ville ta tid å organisere slike ting. Og det er jo forståeleg. Likevel bestemte eg meg for å reise til Westby i dag for å møte Sandra, Ron og Larry og setje dei i sving med å finne informantar.

Eg raska derfor saman sakene mine, og sette kursen til Westby, ein tur på dryge to timar. Veret var fint, og ettersom eg no tek til å bli lit van med leigebilen min, så saknar eg ikkje SUV-en så veldig. Dette er jo landskap der eg for tretti år sidan køyrde både titt og ofte, så eg hadde vel eigentleg ikkje hatt bruk for GPS-en, men det er ei anna sak. Eg kom meg til La Crosse, men ein kan vanskeleg køyre forbi Dave’s Guitar Shop utan å stanse, og dette er verkeleg ei utruleg sjappe. Eg har vore her fleire gonger dei siste åra, men kva gong blir eg like imponert over kva dei har å vise fram her – det meste er for sal, men noko er mest for å vise fram. Eg skal ikkje gå i detalj, men det er vel berre bagasje-restriksjonane på Iceland Air som får meg til å oppføre meg fornufting. Du store tid…!

Vel framme i Westby var eg først innom Borgens Cafe, delvis fordi eg hadde håp om å treffe på kjenningar der, men mest av alt fordi eg var svolten og hadde lyst på kjøttkaker. Deretter var eg innom motellet i Nordbyen og fekk ordna meg rom. Så sette eg kursen ned til Springdalen og Larry. Han dreiv med vedklyving da eg kom og var glad for å få seg ein liten pause. Vi sat og prata litt, og eg fekk ein guida tur inn i snikkarrommet hans, ein uvanleg innhaldsrik del av Wisconsin. Akkurat no er det sanneleg ikkje lett å vere Larry, og det merkest på han. Det siste året har han mista veldig mange nærskylde, og tyngst er sølvsagt tapet av sonen. Larry var svært ivrig etter å hjelpe meg, og sjølv om eg prøvde å seie at no i helga hadde eg eigentleg mest lyst til å ta turen inn i Minnesota på leit etter norskspråklege der, var det svært tydeleg at han helst ville at eg skulle bli i Westby da. Han hadde alt vore i kontakt med nokre nye informantar, og han skulle finne fleire for meg, det skulle ikkje vere noko problem. Han sa at alt som tok tankane hans bort frå det som hadde skjedd den siste tida, gjorde han godt, og da er det frykteleg vanskeleg å seie nei. Etter å ha «laga» litt saman med Larry, sette eg kursen til Sandra og Ron, og som vanleg var det eit triveleg gjensyn. Det er godt å sjå at alt er som vanleg med dei – og at dei nettopp har vorte oldeforeldre. Så tok eg turen til Viroqua for å handle inn batteri og minnekort før eg returnerte til motellet igjen.

På Central Express motell er dei tydlegevis svært effektive – så effektive at dei medan eg var borte hadde losjert inn ein annan kar på rommet mitt. Det er jo triveleg med besøk, men eg veit ikkje heilt om eg set pris på å finne ein framand kar med heilskjegg liggjande i det eg trur skal vere senga mi. Men alt ordna seg til slutt gjennom at eg fekk eit nytt rom. Så her går det tydelegvis ei grense sjølv for meg. Eg kan bli påprakka ein skranglete japansk bil når eg eigentleg har bestilt ein skikkeleg prærieskonnert, og det utan å verbalisere dette så veldig kraftig. Men å finne ein framand kar med heilskjegg i senga mi, finn eg meg rett og slett ikkje i – og her er det absolutt ikkje heilskjegget som gjorde utslaget. Njet!

Klokka seks reiste vi alle (Ron, Sandra, Larry Garry og eg) ned til Old Towne Inn for å ha supper, og det var også ei triveleg stund. Og her var det fullt av folk, og Ron kjende dei fleste, såg det ut til – faktisk så godt at eg fekk to nye informantar (trur eg i alle fall): «My dad talks Norwegian, and I am sure he would be very glad to participate», var det ei som sa. Og på veg ut møtte vi også Bonnie, ei av dei yngste her rundt som kan snakke norsk. Og ho sa seg også viljug til å hjelpe til. Så om eg ikkje har fått samla eit einast sekund med opptak i dag, så har eg skaffa folk. Og i morgon klokka ni skal eg kontakte Larry igjen, da skal han ha program klart for meg. Luksus!

Og slik går nu dagan her i Nordbyen…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 14. oktober 2015: Halden – Zumbrota, MN

Da vart det amerikatur i år også, og det er litt uverkeleg på mange måtar. Av ein eller annan grunn så fekk eg pengar til ei slik reise frå eitt eller anna fond ved Universitetet i Oslo, og tanken var da å slå lag med gjengen frå Tekstlaboratoriet som skulle til statane eit par veker i månadsskiftet mai-juni. Men slik mai og juni vart for min det, så hadde eg rett og slett ikkje tid, eg måtte vere heime og passe butikken. Og sidan staten er staten, og eit budsjettår er eit budsjettår, så må jo pengane brukast til formålet (det skulle berre mangle), og det vart altså no i staden. Så her er eg på prærien heilt åleine, så får vi sjå korleis det går.

Reisa har i det minste gått bra, tog frå Halden klokka 10.05, fly frå Gardermoen til Minneapolis via Reykjavik kl 14.45, og så skulle eg vere framme i halv sju-tida. Ok turen er det ikkje å fortelje om, det heile gjekk roleg og fint for seg, Og sjølv om Janne og eg har litt blanda erfaring med dette vesterhavs-selskapet frå tidlegare, så viste deg fram godsida si i dag. I tillegg var det nokså glissent med folk på flyet, eg hadde ei heil seterad heilt for meg sjølv. Mat serverer dei ikkje, men no går dei i det minste rundt og spanderer både vatn, juice og kaffi, så det er ikkje så heilt ille, trass alt. Det er vel slik at ein får det ein betaler for.

Eller å få det ein betaler for ja, kanskje ikkje – for i dag trur eg nok eg har betalt for noko som eg ikkje har fått: Vel framme i Minneapolis kom eg meg etter mykje venting gjennom passkontrollen (første gongen dei ikkje tok bilde + fingeravtrykk av meg – betyr det at dei no tek til å kjenne meg igjen?) Deretter henta eg leigebilen, eg hadde bestilt og betalt for ein mini-SUV. Og da eg kom fram til skranken kunne dama der fortelje at dei var tomme for slike mini-SUV-ar. Derimot kunne eg få oppgradering til ein «full sized car», heilt utan tillegg i prisen. Og det var jo veldig generøst, tenkte eg, og takka sjølvsagt ja. Ho ga meg nummeret på parkeringsplassen og peikas i retning av eit heilt forferdeleg stort monster av ein bil. Eg vart nesten litt skeptisk til om eg hadde førarkort for eit slikt monster. Vel framme til dette monsteret såg eg at det sto på feil parkeringsplass, og på det plassnummeret eg vart vist til, stod det ein stussleg Toyota. Eg gjekk tilbake for å snakke med dei. «Well, you accepted the offer, and this is a full sized car, sir» sa dama. Jaja, slik er det når ein ikkje behersker alle nyansane i engelsk vokabular – så da er det vel slik det er, da. Akkurat da kjente eg meg fryktlege einsam her ute på prærien, og eg forsto med ein gong kvifor eg aldri ville ha klart å brødfø meg som kramkar (ikkje det at eg har prøvd så hardt på det heller, men det er ei anna sak. Og sjølv om eg altså har betalt overpris for denne skranglekassa, så prøver eg no å rettferdiggjere det heile med at eg sparer bensinpengar, eg er usikker på om eg i løpet av turen kjem til å tru på dette sjølvbedraget.

Akkurat no har eg etablert meg på eit motell i Zumbrota, ein times biltur sør for Minneapolis. Kanskje ikkje Hilton, men for ei natt får det hyre. Mat fekk eg også tak i, så no er eg god-demt, døgnvill og stuptrøytt. Og i morgon blir det Wisconsin – trur eg …

Å slik går nu dagan her ute på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 27. oktober: Minneapolis

Så har vi faktisk kome til den siste heildagen her i Midtvesten for denne gongen; da vi laga det først utkastet til ein plan for dette opphalden, så var denne måndagen tenkt som fridag – vi meinte verkeleg at vi fortente ein heil dag med slaraffenliv etter ein hektisk periode med både lett improviserte foredrag og enda tyngre improvisert feltarbeid. Men da Janne og eg møttest til frukost i halv ni-tida i dag, forsto vi at det var mykje arbeid som måtte gjerast før vi kunne seie at fridag var fridag. Det viste seg nemleg at vi stort sett hadde videoopptak av dei fleste intervjua, men det var ikkje alle desse opptaka der lyden var god: og på nokre av opptaka var det frykteleg mykje skurring. Backup-løysinga vår her var at vi også gjorde separate lydopptak, men no viser det seg altså at vi også hadde nokre opptak der lyden svikta på videoopptaket samstundes som vi også mangla lydopptak. Ille ille, med andre ord! Kort sagt, vi brukte fleire timar på å finne ut av kva vi hadde gode opptak av og, også kva vi mangla. Dette er svært uheldig, for å seie det mildt. Og sjølv om desse hola i materialet ikkje er ekstremt store – kanskje på rund ein time eller to med opptak – så er dette frykteleg irriterande. Om det skulle bli ein neste gong, så må vi få sjekka utstyret før vi reiser og eventuelt fornye utstyr som ikkje fungerer. Og vi kunne sikkert brukt resten av dagen til å sture og vere skikkeleg sure for at det meste gjekk oss imot.

Men slik er heldigvis ikkje vi: i halv to-tida hadde vi fått litt oversyn over arbeidet vårt, og da var det på tide med litt shopping. Vi sette kursen ned til Mall of America (Amerikas største kjøpesenter). Dette er eigentleg ein fryktelege plass for inntrøndske karfolk: Her er det fullt av butikkar og mykje folk, og særleg når ein ikkje er kjent, er det nesten uråd å finne det ein er på jakt etter. Men samarbeid er vegen å gå: ein heimføing frå Inntrøndelag og ein urbane professor gjorde ein heroisk innsats etter «shop til you drop»-prinsippet, så no kan vi kle opp kvar vår ungeskokk i siste mote frå prærien. I åtte-tida var vi tilbake på hotellet, og starta så ut for å ete; eigentleg skulle vi ha satsa på festmiddag med mange rettar og god vin, men vi begrensa oss til eit nokså enkelt måltid meksikansk mat med ein ølskvett til, og det var greitt nok.

Og da gjekk den siste dagen her i Midtvesten mot slutten. I morgon skal vi ta flyet til gamlelandet via New York, og da er det slutt på moroa for denne gong – heime ventar mykje ugjort arbeid og sikkert også ein frykteleg plagsam jetleg.

Slik gjekk nu den siste dagen her ute på prærien …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 26. oktober: Westby, Coon Valley, Minneapolis

I dag hadde vi gjort avtale om å treffe folk klokka ni oppe på Borgen’s Cafe, og sidan dette er rett oppe i gata, tok vi det litt med ro på morgonskvisten, noko som også gjorde det muleg å bruke nokre minutt på Skype med dei som er heime. Frukosten på dette motellet er rett og slett elendig: også i dag slurpa Janne i seg litt av desse slagna «cornfleiksa» med piss-ly mjølk, medan eg viste standhaftigheit og meinte at her går det faktisk ei grense for kvas ein kan finne seg i av tarvelegheit, og at det beste var å vente til ein kom til litt meir siviliserte strøk, dvs. på Borgen’s. Så snart Janne var ferdig med å slurpe i seg desse forferdelege cornflacesa, og eg kasta innpå eit beger med dårleg kaffi, lempa vi pikkpakket vårt inn i bilen, sjekka vi ut og køyrde til denne über-norske kafeen inne i byen, og på bakrommet venta det eit langbord med kjenningar: Larry og Gerry var der; Sandra og Ron hadde møtt opp, det same hadde Douglas frå Stoddard og ikkje minst John med familie: Alle tok det for ein sjølvsagt ting at vi skulle samlast her for å snakke litt norsk (sekundært) og ikkje minst få i oss litt frukost (primært). Men Janne hadde ein heilt annan agenda, for her skulle det primært drivast feltarbeid og utspekulert elisitering i stor stil. Det ho kanskje ikkje hadde tenkt på, var at i dette merkelege landet et ikkje folk frukost før dei reiser heimafrå, og dessutan skal dei gjerne få med seg gudstenesta ein søndags føremiddag. Denne kulturkollisjonen råka særleg Johan, som heller ikkje hadde ete noko tidlegare på dagen, og som i tillegg hadde tenkt seg innom gudstenesta i vaniljekyrkja: møtet med Janne sendte han rett inn i fastetid og 5+2-dietten. For skal ein drive forsking, så skal ein drive forsking, og da kan ein ikkje ta omsyn til Maslovs behovspyramide og faktorar som næringsbehov og tørst etter gudsord. Fem minutt før messa starta, vart han dimittert; han raska da med seg ein lefserull med kjøttmat i, takka for seg og småsprang deretter ut døra. Deretter var det Douglas frå Chaseburg sin tur, han hadde fått i seg mat medan han venta på tur, og han hadde heller ikkje planar om å gå i gudstenesta, derfor fekk Janne litt betre tid med denne litt agnostiske klienten. Og Douglas gjorde så godt han kunne; det han ikkje makta å gjennomføre av språkleg flyt og finesse, tok han igjen gjennom tydeleg mimikk og heftig gestikulering.

I elleve-tida dukka kontakten vår frå Madison opp på Borgen’s, og da var det på tide å vere sosial og ete lunsj, og over ein ny matbit fekk vi høyre nytt frå Det norske Amerika. På ein slik hektisk søndagsmorgon var det godt å få eit bittelite friminutt frå forskarkvardagen. Men her er friminutta gjere korte, og snart henta kvardagen oss inn igjen, og turen gjekk ned til Coon Valley, der vi henta Florence i den nye bustaden hennar. Tidlegare budde ho i eit trailerhus oppe på Løvåsryggen, men no hadde ho flytta inn på ein gammalheim. Janne og eg har sett litt av kvart av slike institusjonar ute på prærien, men denne hadde verkeleg god standard, og her såg det ut til at Florence hadde fått det godt – og er det nokon som fortener ein fin livskveld, så er det Florence – det er vanskeleg å ikkje bli glad i slike som henne. Og med Florence i bilen gjekk så turen opp til Moilien-farmen på Nordryggen, og her var det alt samla to trauste norsk-amerikanske farmarar som var meir enn ivrige etter å snakke norsk.

Tida på Moilien-farmen var eigentleg litt knapp ut frå kva vi hadde tenkt å gjere, så Janne var kjapp med å rigge opp studio i bakrommet der den kreative elisiteringa skulle gå for seg; oppgåva mi var å gjere lydopptak av samtalen mellom dei andre inne i stova. Og slik gjekk mykje av dagen, Janne elisiterte og kartla pronomenbruk, genustilordning og setningsstrukturar, medan eg gjorde så godt eg kunne for å få til ein lett og ledig samtale om dei tre favoritt-emna som folk her gjerne vil snakke om: farming, farming og ikkje minst farming. Først i fem-tida tok vi til å bli ferdige, og da sette vertinna fram eit matbord av solid amerikansk standard: kjøttpai med gele og krem, i tillegg til mange andre godsaker. For ein nordmann er dette ein nokså uvanleg kombinasjon, men her borte er det ingen som synest det er merkeleg å kombinere kaloriar på slike kreative måten.

Det tok til å mørkne da vi takka for oss, no venta det tre timar i bil før vi var tilbake i Minneapolis igjen. Bilturen oppover var uproblematisk, vi sleit litt med å finne hotellet, for GPS-en søkte opp ei anna adresse – midt i eit jernbanespor, men vi fann da fann til slutt, og etter to netter på eit litt shabby motell i Westby var det godt å sjekke inn på eit skikkeleg hotell i Minneapolis. Her avslutta vi dagen med å gå igjennom delar av materialet som vi har samla inn og prøve å systematisere det.

Og slik går nu dagan i denne metropolen …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 25. oktober: Westby og Coon Valley

Bortsett frå at eg fekk ei veldig god natt – eg sov heilt til klokka var halv ni – så fekk denne dagen ein heller dårleg start. For det første drøsa eg litt under den daglege økta med personleg hygiene, slik at klokka var fem over ni da eg var nede i resepsjonen: og frukosten var da alt stengt. Janne kunne gjennom ei blanding av kvinneleg sjarm og myndigheit (kanskje mest av det siste) snakke seg til ein papptallerken med cornflakes, men slagna cornflakes og piss-ly mjølk var ikkje akkurat det som frista meg mest. Vidare kunne Janne fortelje at kontaktpersonen vår her ikkje hadde skaffa oss informantar for laurdagen, berre for søndagen. Det er i og for seg ikkje så veldig vanskeleg å finne informantar her i byen, for vi har møtt mange andre før, men så var det dette med telefonsystemet her i dette landet da. For det første: mobilane våre klarer ikkje å kople seg på mobilnettet her. Vidare er det slik ordna at for å kunne ringje frå Westby til Coon Valley, ein avstand på rundt 10 kilometer, så må ein ha «long distance call», og det er ikkje utan vidare muleg å gjere frå eit motell. Etter mykje fram og tilbake, kom vi til at vi skulle ta turen opp til Borgens Café, ein av dei «norske» restaurantane her, der hadde vi håp om å få låne ein telefon – og for meg var det også eit aldri så lite poeng at eg kunne få meg noko å ete. Vi raska saman utstyret vårt og sette kursen inn mot byen, og på Borgens var det verste frukost-rusjet alt over da vi kom. Vi fekk oss eit bord, og eg fekk bestilt Borgen’s special, som i realiteten er egg, flesk og «hash browns». Så fekk vi låne telefonen der, men heller ikkje han fungerte. På ny tok Janne fram blandinga av sjarm og myndigheit (mest v det første denne gongen) og spurte folka på nabobordet vårt om ho kunne få låne telefonen deira. Dermed fekk vi kontakt med gode, gamle Larry; han var heime åleine og var sett til å rake lauv, så han var meir enn villig til å ta imot oss. Vi takka for oss på Borgen’s, var ein snartur innom Dregne’s, som ein gong i tida var ein jarnvarebutikk, men som no har spesialisert seg på norsk juggel. Her plukka vi med oss nokre småting før vi sette kursen mot Springdalen. Å møte Larry er alltid veldig triveleg, og han liker tydelegvis veldig godt å snakke norsk. Vi sette oss ved kjøkkenbordet, utstyret vart rigga opp, kaffikoppar vart sette fram, og dermed var vi i gang med desse «geimsa» og timar med elisitering. Larry viste stort tolmod, sjølv om han etter ei tid erklærte at han nok var litt kjei – «det var messom som på skolen att, da veit du», sa han. Men slike småting tok ikkje staute forskarar som oss omsyn til, for få ting er så viktige som å samle inn forskingsdata når forskingsfrontar skal flyttast.

Omsider vart vi da ferdige med intervjuet, vi braut opp og sette kursen mot Borgens igjen for å ete, deretter reiste vi ned til Norskedalen ein tur. Det er alltid triveleg å kome til Norskedalen, sjølv om benken med gamle gubbar som snakka norsk no er tom. Dessverre skulle dei snart stenge, så vi hadde ikkje tid til å sjå på sjølve museumsområdet, men gavebutikken hadde vi tid til å stikke innom. Så køyrde vi opp dalen og til hopp-bakken, vi ville berre gå oss ein liten tur, og eit skianlegg skulle jo vere perfekt for slike uteaktivitet. Sjølvsagt var det ingen med ski der oppe, men det var mange andre ting som skjedde der, da det var mange bilar parkert der nede. Dei fleste var nok innom skjenkestova og tok seg ein øl før kvelden, nokre gjekk rundt og drassa på ein golfbag, medan andre igjen avreagerer på andre måtar. Vi kom i snakk med ein triveleg tysk-amerikanar som var der saman med dotter si – og dette var nok ivrige NRA-folk, for faren gjekk med ein 9mm Springfield i beltet, medan jenta var der for å prøve ein sivil M16-modell i kaliber 5.56 (eller .223 som det heiter på desse kantar). Tyskaren var svært snakkesalig og vennleg, og han la ut i det vide og breie om våpen og kampsport. Og sjølv om det no var i tusmørkret, ville han meir enn gjerne demonstrere skyteferdigheitene sine. Først svidde han og dottera av nokre skudd med rifla, deretter tok han fram pistolen og fyrte av nokre skot med han. Til slutt fekk eg prøve nokre skot med pistolen hans – det er no 29 år sidan sist eg løyste skot med ein pistol, og det er veldig tydeleg at gamle ferdigheiter ikkje varer evig. Men eg skal absolutt ikkje nekte for at det var moro å prøve igjen og at eimen av krutrøyk vekte mange gamle minne. Elles var tyskaren svært oppteken av å lære jentungen korleis ein skal handtere skytevåpen på ein sikker måte, men samstundes gjorde han ting som ville vere heilt utenkeleg på ein norsk skytebane. Å leggje frå seg ei ladd rifle med patron i kammeret for så å gå fram og sjå om ein har treft – det gjer ein berre ikkje. Den gode, gamle våpeninstruksen med hukseregla TA-LEGG-SIKT-TRO-HUSK hadde i alle fall ei sterk meining om dette med å LEGGje frå seg ladde våpen. Men i møte med slike folk som driv med kampsport og stridsskyting fann eg det best å ikkje vere alt for belærande.

Deretter køyrde Janne og eg opp til motellet og sette oss så i resepsjonen for å arbeide litt. Eg må innrømme at det har vore utruleg godt å ha ein slik ettermiddag utan intervju der vi kan arbeide litt med det vi har samla inn. Vi visste jo at vi måtte arbeide med å rydde i og sikre dette. Og denne gongen har vi også hatt uvanleg mange tekniske problem med lyden på video-kamera, og det er frykteleg dumt. Heldigvis køyrer vi også med eigen lydopptakar, men likevel bør ikkje slike ting skje: så om det skulle bli ein annan gong, bør vi sjekke utstyret skikkeleg før vi reiser heimafrå.

Utpå kvelden gjekk vi over gardsplassen og til restauranten her og fekk oss eit bord. Som vanleg var det veldig fullt og stemninga var god; men eg må likevel innrømme at no i siste del av oktober er det ikkje nok å hengje opp litt julepynt eller setje fram eit juletre i plast for at eg skal kjenne at julefreden senker seg. Så om det ikkjer er sant at «jula varer helt til påske», så er det tydelegvis sant at i denne delen av verda så startar jula i god tid før Halloween.
Akkurat no sit Janne og eg i lobbyen, eg bloggar litt medan ho kopierer opptaka våre frå kameraet og inn på harddisken sin (eller var d et drop-box). Men framleis er eg kveldstrøytt, og det dryger nok ikkje så veldig lenge før eg må kapitulere.

Og slik går nu dagan her på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 24. oktober: Twin cities (Minnesota), Westby (Wisconsin)

Igjen hadde vi ein litt roleg start på dagen, eg vakna nokså tidleg og fekk ikkje sove vidare, deretter sette eg meg til å arbeide litt, og i 8-tida skypa eg med dei der heime i gamlelandet. Skype er ei heilt utruleg oppfinning; for 20 år sidan kunne eg ikkje ein gong ringe direkte heim frå USA, eg måtte gå vegen gjennom «the operator», i dag kan eg berre starte PC-en, så får eg både sjå og snakke med dei der heime i «gamlelandet». Og når vi er inne på utrulege ting sett i perspektiv, så er det også noko merkeleg over at eg kan sitje her midt i USA og betale rekningar som har dukka opp medan eg har vore borte: Internett er ei merkeleg oppfinning.

Etter det dei kalla ein «buffet breakfast» – som i hovudsak besto av toast, syltety, juice og kaffi, gjekk vi på romma våre, sjekka ut og gjorde oss klare til ein ny runde med feltarbeid. Og ved hjelp av GPS-en fann vi fram utan spesielle problem, og her møtte vi familien og ikkje minst ho som interesserte oss – den gamle dama på over 90 år.

Vi var raske med å rigge opp utstyr for vi tenkte at gamla sikker ville blir trøytt ganske raskt. Så starta vi opptaka, og etter nokre minutt med litt språkleg famling tok norsken hennar seg opp nokså raskt. Og dette var dame som gjerne ville prate. Vi prøvde å hinte at vi kanskje burde ta ein aldri så liten pause (fordi prærielingvisten måtte så gjerne på do), men slike trivialitetar stoppa på ingen måte gamlemor, ho ville berre fortsette. Samtalen og intervju gjekk heilt greitt, men eg var redd for at den litt meir strukturerte delen av oppgåva ville bli for vanskeleg, men neida, sjølv med Jannes «Arbeit mach frei»-tilnærming gjekk det bra. Gamla var tydelegvis veldig sliten, men ho hadde også veldig stor glede av dette. Da vi endelege var ferdige, sa ho: “Can we do some more tomorrow? ‘Cause this was great fun”. Ja, det var moro, men samstundes veldig tidkrevjande moro. Først når klokka var tre kunne vi setje kursen vidare med bilen ned mot La Crosse. Bilturen gjekk greit, Janne sov litt under den første delen av turen, deretter la vi ein grovplan for ein framtidig artikkel, og før vi visste ordet av det var vi, eller kanskje rettare eg, på gamle tomter. Og gamle tomter I denne samanhengen er La Crosse, og når ein kjem på gamle tomter opplever ein ofte diskrepans mellom erindring og realitet. For vi ville gjerne ein liten snartur innom eit “gråsseristår” før vi forsette turen vår. Men dette ståret var ikkje heilt der eg meinte å erindre at det skulle vere. Eg smilte derfor kjekt og sette kursen mot eit slikt står som eg var heilt sikker på kor det skulle vere – eg fann denne siste plassen, men det var abstolutt ingenting som minte meg om gamle, gode Quillins, absolutt ingenting.

Vegen vidare til Westby gjekk heilt utan problem og den gamle lokalkunnskapen min kom til sin fulle rett. Det er muleg at Janne vil hevde at eg rota meg litt bort og sleit veldig med å finne vegen vidare til Westby, men det er berre tull: Eg budde lenge i dette området og derfor kjenner eg det like godt som mi eiga bukselomme; dessutan var det veldig mørkt, og da må ein jo rekne med å rote litt. Vegen vidare gjekk heilt greitt, og klokka gjekk mot åtte da vi kom fram til Old Towne Inn i Westby. Også dette motellet er trygt innafor sjangeren «gamle tomter», eg er nesten sikker på at eg har hatt dette rommet tidlegare. Og her legg dei også stor vekt på at ein verkeleg skal kjenne seg igjen og dermed føle seg heime, eg trur ikkje det er gjort ein einaste ting her sidan eg første gongen tok inn her i 1992. Deretter gjekk vi over gardsplassen til restauranten, og der var det heilt fullt. Og etter ein matbit og litt småprat over datamaskingene tok vi kvelden, livet som prærielingvist er vanskeleg å kombinere med natterangling.
Og slik går nu dagan her på prærien ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 23. oktober: Fergus Falls, Coon Rapids og Minneapolis

Ein ny dag her på prærien, og veret her borte er heit fabelaktig med tanke på at vi no er i slutten av oktober. I dag hadde vi avtale med nokre oppe i Coon Rapids, like nord for Minneapolis. Vi hadde relativt sein revelje, og vi hadde ikkje frukost var ikkje før klokka var nesten ni. Som vanleg er frukosten her borte svært enkle saker; kornflaces eller toast med juice og kaffi til. Men her fekk vi i det minste eit bord å sitje ved. Så sjekka vi litt e-post, pakka tinga våre, sjekka ut, sette oss i bilen, kom på at vi sikkert ville få bruk for eit hotellrom i Minneapolis, kopla oss opp på nettet og bestilte eit litt på måfå, stilte inn GPSen til den nye adressa; så kunne vi endeleg setje kursen austover. Turen gjekk fint, vi hadde ikkje tid til å stoppe for å få oss mat, men igjen viser «påsså»-prinsippet seg å vere heilt eminent. Janne diska opp med brødmat og medan eg prøvde å halde stø kurs, fekk vi i oss litt næring. Litt forsinka kom vi fram til Norway Street, og der var det tre som venta på oss. Vi rigga oss opp relativt raskt, og vi forsto at vi hadde litt dårleg tid, for desse folka skulle på lutefisk-supper klokka fire. Og medan eg rigga opp utstyret, fortalde Janne dei kva det er vi driv med: Så var de fram med spørjeskjema, og etter kvart også noko av ein eller annan grunn kallar «Games» ein eufemisme som kanskje kan minne bittelitt om «Arbeit macht frei» – eit sett med uhorveleg langdryge testar der målet er å hente inn info om syntaks, genus og pronomenbruk. Så langt har vi akka oss over det heilt meiningslause i at Einar Haugen kunne bruke opp mot fjorten timar på å intervjue informantane sine da han gjorde feltarbeid på 1940-talet. Vi er kanskje ikkje heilt der enno, men vi er på god veg. Og også vi vil vel snart oppfatte informantane som svært utolmodige – på same måten som Haugen. Uansett, vi var godt inn i den fjerde timen med feltarbeid før vi endeleg forsto at det kanskje var på tide å seie takk for seg – dei hadde jo trass alt denne lutefisken som dei gjerne ville pakke i seg.

Vi tok deretter ein liten snartur innom Coon Rapids High School, eit område der eg for nesten tretti år sidan prøvde meg litt som utpågangar – med godt resultat faktisk, gift som eg er. Eg må også innrømme at eg ikkje kjende meg igjen, og det betyr vel at det var andre ting som interesserte meg enn amerikansk småbyplanlegging og skolearkitektur frå tidleg 1970-talet. Men no i ettertid ser også eg at dette ikkje akkurat er eit arbeid av Frank Lloyd Wright – på ingen måte.
Så var det å stille inn GPS-en igjen for å finne hotellet vårt nede i sentrum. Det var mykje trafikk, og det skal også seiast at GPS-en ikkje er laga for oss fargeblinde: den raude pila som eg jo skal forsøke å følgje forsvinn litt i ein litt rotete bakgrunn. Fordelen med langdryge intervju er jo at det meste av rushtrafikk er unnagjort når ein sjølv skal ut på vegen, og det gjer ting mykje enklare. Vi fann derfor veldig lett fram til det området der vi trudde at dette hotellet skulle vere. Problemet var berre at vi ikkje såg noko hotell. Vi stoppa og leitte, køyrde litt rundt kvartalet, leitte litt igjen – og undra oss veldig. Omsider fekk Janne auge på eit litt anonymt hotell-skilt; vi køyrde da ned i parkeringshuset, sette frå oss bilen og tok heisen opp i lobbyen: Og da forsto vi kvifor dette hotellet var så vanskeleg å finne – resepsjonen låg langt oppe i dette høghuset. Vi sjekka inn og gjekk så til romma våre: og om vi sist natt hadde litt enkle kår, var dette noko heilt anna, eg veit ikkje sist eg hadde eit så bra hotellrom. Planen vår var at vi skulle gå ut for å få oss middag, men Janne var rask til å gjere endringar i denne planen: no skulle vi ete på hotellet for sidan å bruke rommet til å arbeide. Vi sette deretter kursen ned i baren, og i ein bar får ein jo berre barmat, noko som var OK for oss. Etter eit måltid som heilt sikkert dekte kaloribehovet vårt i minst to dagar framover, gjekk vi på rommet mitt og fortsette arbeidet med å systematisere og sikre materialet som vi alt har samla inn, i tillegg til at vi også måtte leggje planar for morgondagen. Da har vi kontakt med ei dame i St. Paul som har ei mor på over nitti som snakkar norsk: denne kontakten vår har sendt oss e-post om at ho har reist ned til Sacred Heart for å hente mora slik at vi kunne intervjue henne her i byen i morgon. Det er heilt fabelaktig kor mykje hjelp vi kan få i arbeidet vårt. Etter å ha gjort dei siste avtalane over nett gjekk vi kvar til vårt – det er utruleg kor sliten ein kan bli av litt prærielingvistikk.

Og slik går nu dagan i storbyen Minneapolis..

Skrevet i Uncategorized | 5 214 kommentarer