Søndag 12. oktober 2025: Faribault, Northfield, Wanamingo, La Crosse og West Salem

Ein litt roleg søndag i dag, og etter ein standard motellfrukost med toast, vaffel, juice og kaffi, sat vi litt og jobba nede i matsalen. Men vi var vel også samde om at dette etablissementet kanskje ikkje akkurat oste av kos og heimehygge, det var heller litt småsjuskete og nedslitt, så derfor vart det tur til college-byen Northfield, der mellom anna St. Olaf’s College ligg.

Her fann vi oss ein kafe, og det var ei lita oppgradering. Altså, det var søndag i nonsleitet, og så var denne plassen nesten full av studentar som sat med kaffikoppen og las og studerte. Det er jo mykje ein kan seie om Amerika no om dgen, men det ga verkeleg von for framtida å sjå studentar som verkeleg jobba sjølv på ein søndag. Slike vil eg også gjerne ha heime hos oss! (Men eg må nok i ettertankens lys innrømme at unge Hjelde heller ikkje brukte kvar søndag formiddag til å studere, i alle fall ikkje i oktober når det framleis var leeenge til eksamen. Berre så det er sagt, liksom).

I eitt-tida pakka vi saman rasket vårt og prøvde å sikte oss inn på Wanamingo, men det gjekk berre halvveges bra, for det viste seg at den vegen som GPS-en ville ta oss, var stengt. Og til ville protestar frå damestemma i boksen, så endra vi kurs og følgde instinktet vårt, og sidan alle vegar fører til Roma, og nokre sikkert også til Wanamingo, så tok instinktet vårt etter kvart oss sørover, og forbi plassar med namn som Sogn og Urland, noko som jo peiker mot meir heimlege trakter.

Irene var heime i Wanamingo og stod klar til å ta imot oss, og på ny leverte denne dama varene. Ho seier at ho nesten ikkje snakkar norsk, men det er verkeleg ein fryd å høyre henne snakke Hegramål. Vi rigga oss raskt til, og etter nokre innleiande runder vart det også elisiteringsoppgåver som heller ikkje skapte vanskar. Artig! Og det kan vel seiast at motet i forskargruppa steig aldri så lite, også i dag fekk vi forskingsdata av veldig god kvalitet. Etter ein kaffipause held denne seansen fram, og eg trur Irene likte å leike seg med språkkompetansen sin, sjølv om ho kommenterte at dette kanskje var litt «kindergarten» – og det var det jo. Vi kom oss igjennom programmet vårt, pakka saman sakene og starta opp stridsvogna – no skulle vi ta oss inn i Wisconsin. Turen austover skjedde utan at så mykje skjedde, det var ein vakker ettermiddag og kveld, og når eg køyrer ned mot elva, får eg alltid kjensla av å kome heim – i alle fall «second home»; her ved Mississippi-røveln har eg budd i nesten to år til saman, og det er mange gamle minne som dukkar opp her. Den gongen budde eg i La Crosse, men der var hotellprisane uvanleg høge, så vi fann oss noko billigare i West Salem, som ligg litt nordaust for La Crosse, like ved motorvegen. Men først måtte vi jo ha mat, og da er det vanskeleg å ikkje reise ned på 3rd Street. Her hadde vi sikta oss inn mot ein Thai-restaurant, og menyen her var nok eit stykke unna kva ein vanlegvis får servert heime i Trøndelag. Og det var heller ikkje så veldig lett å vite kva eg eigentleg bestilte. Men maten var jo god den. Etter denne feststunda betalte vi (noko som på tur betyr David), kom oss tilbake på motorvegen I-90, sjekka inn på motellet, og til slutt runda vi av med småprat over ein aldri så liten ølskvett på rommet til Sophia.

Og slik går nu dagan.

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Søndag 12. oktober 2025: Faribault, Northfield, Wanamingo, La Crosse og West Salem

Fredag 11. oktober 2025: Fargo, Billings, Faribault.

I dag måtte eg sjølvsagt sovne av, og dette uhellet heng nok saman med litt lite søvn reint generelt, i tillegg til at eg trur eg har ei forkjøling som har starta å plage meg litt. Det må her seiast at det ikkje er store ting ut over litt ukontrollert hosting og nysing, og eg føler meg nokså trygg på at eg i løpet av ein dag eller to er gulle god igjen.

I dag var det litt «Rykker tilbake til start» sidan vi skulle ned til Brookings i Sør Dakota igjen, men sidan det er fleire tiår sidan eg turnerte dette området, så tok eg på ingen måte stor skade av dette, for det var i dette området eg ein gong i tida surra rundt på leit etter inntrønderar. Den største skilnaden må kanskje seiast å vere fartsgrensa, for førti år sidan var det 55 miles i timen, no er dette heva til 70! Som sagt så sovna eg heilt av i dag, og det gjorde veldig godt (sjølv om det sikkert irriterte reisefølgjet mitt aldri så lite). Ein liten time etter planen kunne vi sette oss i bilen og køyre dei rundt tre timane sørover til Brookings. Der skulle vi møte ein prest med vestnorsk bakgrunn, og dette var ein kar som var god på norsk, han var nordfjording, og han var også nokre år yngre enn meg. Så det var verkeleg ei triveleg stund i sakristiet. Og det mest utrulege var at denne karen hadde begge utgåvene av Einar Haugen i bokhylla. Og for å toppe det, hadde han skrive masteroppgåve om det norske språket i Amerika. Så mykje betre enn dette er det vanskeleg å kome. Så ja, turen innom Billings var verdt omvegen vi tok.

Etter at vi takka for oss, gjekk kursen vestover: i morgon er planen å møte Irene i Goodhue County, og deretter skal vi krysse «Mississippi-røvel’n» inn i Wisconsin. Bilturen austover var i og for seg interessant; vi passerte Oppdal church, og også småbyen Tyler, som berre må vere dansk; her var det både Kronborg bar og «Æble skiver days». Og om vi hadde hatt tid, kunne vi sikkert ha sjekka litt grundigare om det er skandinavisk-språklege her. Etter ganske så mange timar i bilen, tok vi til å nærme oss dei meir austlege delane av staten. Vi passerte både Minnesota-elva og New Ulm, namn som gjev sterke assosiasjonar til indianaropprøret i 1862.

Eter kvart kom vi endeleg fram til Faribault, som det kanskje er litt vanskeleg å kalle ein sjarmerande småby, men ein urbanisasjon er det jo. Etter at vi sjekka inn på motellet (som må seiast å halde ein i høgste grad moderat standard som i høgste grad må vere innafor det økonomiavdelinga ser på som moderasjon), tok vi turen innom næraste «grosseriståret» for å kjøpe med oss litt tørrmat. Og resten av kvelden var vi gjester på «pikeværelset» til Sophia. Men igjen, så vart det ingen seinkveld, som døgnvill er det veldig krevjande å halde seg vaken litt utpå kvelden, og her ute på viddene er eg berre heilt hjelpelaus som nattmenneske, eg håpar berre at eg snart har funne ein grei døgnrytme igjen.

Og slik går nu dagan her på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 11. oktober 2025: Fargo, Billings, Faribault.

Fredag 10. oktober 2025: Fargo, Morehead

Så er det ein ny dag her på prærien, og finveret er det same. Og når eg ser ut av motellrommet, er det lett å sjå at hausten er på gang: lauvet tek så smått til å bli gult, og lufta er veldig klår. Dagen starta svært roleg, eg låg fram mot sju før eg stod opp, jobba så litt med diverse «kontorting» før det var frukost. Og frukosten her på AmericInn er som det bruker å vere på slike plassar; mykje søte småbrød, men også toast og vaffeljarn, og da blir det gjerne dei to siste. Med juice og kaffi til. Klokka 10 hadde vi avtale med to trauste karar, og denne gongen her på hotellet. No tok vi oss tid til å gjere utstyret klart, og karane kom veldig presist, slik dei bruker å gjere i desse delane av verda. Gordon hadde teke vegen frå Ulen, medan David var kortreist frå Fargo. Og igjen kan David på nittito levere varene, og samtalen og elisiteringa med han var uvanleg lett.
Gordon har mindre språkleg kompetanse, og dermed også sjølvtillit. Og når slike straks melder at dei helst vil snakke engelsk, så veit ein jo kva veg det går…. Men ja, dette kunne heilt klart ha vore verre, og som vanleg var det veldig triveleg å snakke med desse to. Og sidan dei var to, så kunne vi også ta mindre pausar og gå til resepsjonen for å småprate litt medan den andre var under behandling. Kort sagt, for meg var dette eit godt gjensyn. Utruleg nok har David delvis aner til Vang på Inderøya, noko eg også har, så her er det kanskje litt å grave i med tida 😊

Etter at vi hadde teke avskil med desse to trauste «norskerane», så bestemte vi oss for å gå på meksikansk restaurant for å få oss litt mat, noko som gjorde godt, Deretter vart det litt «kontorarbeid» før vi bestemte oss for å krysse «lina» for å sjå «Hjemkomst-museet». Sjølvsagt måtte jo det vere stengt da vi kom dit, med stavkyrkja fekk vi med oss. Vi (kanskje mest eg) hadde også lyst til å sjå Ivar Aasen-statuen på Concordia college, men denne viste seg å vere uråd å finne, vi leitte litt, men når sant skal seiast, så anstrengde vi oss kanskje ikkje så veldig.

Deretter vart det ei tur til «grosseriståret» for å få tak i litt «påssåmat», og kvelden gjekk deretter med til å ete noko av dette på «pikeværelset» til Sophia, samtidig som vi prata og høyrde litt på musikk. Men denne forbaska «jet-leggen» sit i og det vart ein tidleg kveld.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 10. oktober 2025: Fargo, Morehead

Torsdag 9. oktober 2025: Marshall, Hendricks, Sioux Falls og Fargo

I dag er det på dagen 200 år sidan 53 nordmenn steig i land i New York og dermed også vart dei første norskamerikanarane. Rett nok hadde jo Leif Erikson sett foten på amerikansk territorium tusen over tidlegare, men det gjeld på ein måte ikkje (sjølv om dagen i dag blir markert som Leiv Erikssons Day). Og vi tenker vel neppe på Leif som ein ordknapp, traust og sidrumpa norskamerikanar som primært ville drive med matproduksjon. For om eg har forstått historia rett, så var Leif meir hissig etter å svinge sverdet og dermed gjere gjennomsnittshøgda til den mannlege befolkninga her oppe litt stuttare, men hypping i nepeåkeren og avl av nye potetsortar kanskje ikkje var heilt hans domene. Poenget er at vi i dag markerer dette 200-årsjubileet, og sjølv om det begynner å bli veldig lenge sidan dette skjedde, så ser vi framleis sterke spor etter desse pionerane no når vi beveger oss rundt  i dei gamle norske «settlementa».

Som vanleg har vi opplevd mykje utan at vi kanskje kan skryte av den heilt store fiskefangsten. Men så er det også slik at vi no tek til å skrape botnen i den forstand at dei gjenlevande språkbrukarane tek til å nærme seg – eller alt har passert hundre år med god margin. Kontakten vår i Hendrikcs hadde ordna eit par taleføre for oss i dag også. Først skulle vi inn til Hendricks for å møte ein av dei vi snakka med i går; da snakka han nokså godt, men tok nok på slutten til å bli sliten, og vi ville derfor prøve løypeoppgåva til Sophia, der eg skulle fungere som oppgåvepartner. I dag snakka denne mangeognitti-ringen mykje betre og sleit ikkje med å finne ord på same måten som i går. Oppgåvene gjekk da også på eit vis, sjølv om eg trur ingen av oss to heilt forstod kva vi eigentleg skulle gjere. Vi vart veldig produktorientert (å kome seg i mål), og ikkje prosessorientert (å finne rett veg), og derfor er eg usikker på om desse data eigentleg kan brukast til så mykje etterpå. Etter at dette var ferdig reiste vi dei nesten to timane ned til Sioux Falls for å møte ei dame på hundreogto. Og dette var ei uvanleg oppegåande dame, både fysisk og mentalt. Også her var det ikkje heilt lett å få henne til å snakke flytande norsk, det var mange år sidan sist ho hadde snakka noko særleg. Men det var eigentleg utruleg kva som kom når ho vart litt varm, og det slo meg at det fonetiske eigentleg var lite prega av attrisjon og forfall, den store utfordringa var særleg dette med å leite fram dei orda ho trong. Den frie samtalen på norsk gjekk ganske bra, når ein tek omsyn til år og alder, men elisiteringa gjekk treigare, og da var det veldig mykje engelsk som vart henta opp. Kartoppgåva hadde tydelegvis den same utfordringa som oppe i Hendricks. Så det er muleg vi må ha ein liten «havarikommisjon» her for å finne ut korleis vi skal få dette til å gli litt betre.

Og etterpå var det kaffi med «keiks» og «kokkis», og det er jo alltid triveleg å sitje rundt eit norkamerikansk kjøkenbord og småsnakke. David, som jo har amerikansk gane, kunne i etterkant melde at han syntest banankaka var i drygen kreativ, sidan det var blanda inn kirsebær. Eg tenkte ikkje så veldig mykje på det, i så måte synest eg det meste av «keiks og kokkis» her ute er rimeleg kreativt, og somme tider kan ein jo lure på om hovudmålet med bakinga er å få pressa så mange kaloriar som muleg inn i bakverket. «Kaloriinstappen», ville dei kanskje kalle det på nederlandsk. Elles kan eg legge til at denne dama no hadde flytta inn i ein eldrebustad, og standarden her var veldig bra, det var faktisk ei leiligheit med to soverom, og det var ingenting som indikerte at dette var ein institusjon. Fellesområda var også fine, og dei som budde her såg ut til å vere nokså oppegåande.

Etter denne seansen i Sioux Falls venta drygt tre timar i bil opp til Fargo. Og å køyre bil i Amerika er vel stort sett som å køyre bil andre plassar, kanskje med unntak at rattet nesten er overflødig, for vegane her ute er heilt rette. Vi køyrde oppover Red River-dalen og passerte gamle kjenninga som Renner og Baltic, plassar eg var fleire gonger på 80-talet. Veret dei siste dagane har vore veldig fint med klår himmel og temperaturar opp mot 20 grader på dagtid. I 9-tida var vi framme på hotellet, vi bestilte pizza som vi to med på rommet, og dagen vart avslutta med å fylle vomma med mat og ein liten ølskvett.

Og slik går nu dagan her ute på prærien ….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Torsdag 9. oktober 2025: Marshall, Hendricks, Sioux Falls og Fargo

Onsdag 8. oktober 2025: Marshall, Hendricks

I natt sov eg tungt og godt og vakna først i sju-tida. Eg tusla da ned til resepsjonen og fekk meg typisk præriefrukost. Brødtoastar hadde dei, og også vaffeljern, og alt dette tekniske utstyret måtte jo prøvast. Etter ei stund dukka også Sophia og David opp, og vi kunne etter kvart legge litt planar for dagen og framtida. Denne gongen har vi med oss eit heilt batteri med utspekulerte elisiteringsoppgåver som vi har god grunn til å tru vil flytte forskingsfronten mange steg framover. I dag hadde vi ikkje avtale før «early afternoon», så vi kunne ta ting litt med ro og også stikke innom Wallmart og kjøpe med oss litt småting som vi sikkert kjem til å trenge her borte.

Klokka elleve sette David seg bak rattet, fyra opp prærieskonnerten (ein SUV som vi synest er uhorveleg stor, men som likevel blir ein liten pusling samanlikna med mange av dei andre bilane ein ser her på prærien), og sikta seg inn mot Hendricks, og etter litt rot grunna vegarbeid og stengte vegar, var vi framme i denne småbyen ein liten time etterpå. Her hadde vi tid til ein liten matbit og ein siste gjennomgang av sytrategien vår før vi skulle møte opp på sjukehuset, der det var reservert plass til oss. Jay hadde som vanleg gjort ein god jobb og på kort tid samla saman ei lita gruppe med norskspråklege. Dette er eit område der mange i frå Singsås og Haltdalen for over hundreogfemti år sidan slo seg ned her, og fram til no har dette sett eit tydeleg stempel på denne plassen. Første mann inn var ein som eg har møtt tidlegare, da eg i 2015(?) var her saman med Janne, Kari, Alexander og Yvonne. Og som alle andre hadde også denne karen vorte nokre år eldre på denne tida, og no var han godt oppe i nitti-åra. Og samtalen gjekk da etter måten greitt, sjølv om høyrsla nok var noko redusert og det var ei stund sidan han sist hadde snakka norsk. Vi fekk også prøvd ut ein del av elisiteringsoppgåvene, og nokre fungerte, medan andre nok ikkje gjorde det. Men vi vart ikkje ferdig med alle oppgåvene, og mannen vart nok også sliten av all denne elisiteringa, så vi håper å kunne fortsette praten med han i morgon. Medan vi snakka, arbeidde Jay med å samle saman fleire folk, og nestemann på programmet hadde runda hundre med veldig god margin. Også han hadde ein gong i tida vore ein kløppar på å snakke norsk, men no gjekk det tyngre, ikkje minst fordi han sleit med å forstå meg og/eller høyre kva vi sa. Det vart derfor til at vi slo oss til ro med at vi her i beste fall ville få samtaledata, og at vi dessverre var eit tiår eller to for seint ute for å drive med elisitering. Deretter var det søstera hans sin tur, ei ungjente på rundt 90. Også her gjekk det litt trått. Eg hadde liksom trudd at i møte med sørtrønderar, så ville det inntrøndske registeret mitt passe ypparleg, men slik er det dessverre ikkje; dama klaga på at «trondhjemmera» var så «harde» å forstå, og da kan ein jo berre tenke seg kva tankar ho hadde om slike som meg. At ho i tillegg hadde lagt igjen høyreapparatet heime, gjorde det heller ikkje betre. Igjen viste det seg å vere tungt nok å halde ein samtale gåande, å drive elisitering ville dessverre vere uråd. Og den siste på deltakarlista representerte heller inga stigning i programmet, sjølv om denne nittiåringen gjerne ville prate – men ikkje makta å prosessere meir enn nokre få norske ord i gongen. Når det er sagt, så var dette ei veldig triveleg stund, og eg håpar at også deltakarane fann glede i å møte oss og snakke litt norsk. Det er opplagt at vi no er for seint ute for å hente inn gode data for fonetiske finanalysar, men likevel fekk vi høyre eitt og anna som kan kome godt med i arbeidet med å flytte denne forskingsfronten. Og dette arbeidet er litt som Askeladden da han skulle målbinde prinsessa, vi må raske med oss alt vi kjem over, for det aldri godt å vite kva vi ein dag kan få bruk for. Så vi får i det miste også i det vi samla no kan finnast ein «blei» som på ein eller annan måte kan kome til nytte. At dette ein gong var eit sterkt norsk samfunn, er det ingen tvil om, det er berre så synd at ingen var her eit par tiår tidlegare. Her må eg nok også i god, gammaldags AKP-ML-stil drive sjølvkritikk: For 38 år sidan var det ein relativt ung Hjelde som forvilla seg innom denne småbyen på jakt etter inntrøndsk språkmateriale, men sidan han her kunne konstatere at det berre var ein gjeng med sørtrønderar, såg han ingen grunn til å kaste bort tida si med å gjere opptak av slike. Tulling, er vel det mest dekkande sjølvkritiske begrepet her. Dessverre!

I sekstida kunne vi pakke saman og i måneskin køyre mot Marshall, der vi stoppa på Perkins for å få oss ein matbit. Men det er tydeleg at vi var ein sliten gjeng, og alle gjorde ein heroisk innsats for ikkje å sovne med gaffelen i handa. Så etter dette måltidet ville vi alle berre heim på motellet og sikte oss inn mot senga. Eg prøvde å gjere litt småarbeid før sengetid, men det var uråd, eg var for trøytt.

Og slik går nu dagan…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 8. oktober 2025: Marshall, Hendricks

Tysdag 7. oktober 2025: Halden, Minneapolis, Marshall

Så skulle det blir amerikatur i år også, nesten tre år etter eg sist surra rundt her på prærien på jakt etter norskspråklege amerikanarar. Og det strir jo eigentleg mot det meste; omlag på denne tida for trettini år sidan pakka eg amerikakofferten for første gong på jakt etter slike merkelege språkbrukarar, og da eg var der da, var eg ikkje i tvil om at dei norskspråklege var godt vaksne og at dei ville ta med seg språket i grava. Eg kunne den gongen vere dristig og spå at den siste amerikanske talaren av arvenorsk ville gå ut av tida rundt årtusenskiftet, Kanskje ein og annan hardhausen kunne klare å klamre seg fast litt tid, men ikkje lenge. Så da Janne fekk den heilt meiningslause tanken om at det også i 2010 måtte vere muleg å finne norskspråklege på prærien, så stilte eg meg veldig tvilande. Joda, kanskje det kunne vere muleg å finne ein eller to, men da skulle ein verkeleg ha flaks. Så feil kunne eg altså ta; etter den første turen saman med Janne har det vorte mange fleire, og også etter at Janne gjekk bort har det vorte nokre turar, både til prærien, men også til pampasen. Så arven etter Janne lever i høgste grad.

Denne gongen var det David ved UiS som hadde fått støtte frå NFR, og han er ikkje snauare enn at han kostar på reise og opphald for meg og Sophia frå UiO. No skal vi tre farte rundt i dryge to veker på jakt etter tonelag og intonasjonsmønster i amerikanorsken. Sophia og David reiste alt måndagen, og klokka sju dagen etter stod eg på perrongen på Halden stasjon og venta på togskyss nordover til Gardermoen. Togturen var heilt uproblematisk og gjekk faktisktisk utan slike spanande ekstratilbod som «buss for tog» og anna plunder og heft heile vegen til flyplassen. Men der snudde reiselykka seg litt, sidan flyet til Schiphol var forsinka. Først med eit kvarter, deretter ein halvtime, og så igjen med ein time. Og akkurat dette stressa meg litt sidan eg hadde relativt kort overgang i Amsterdam til amerikaflyet. Men da kunne David melde at han fann info på nettet om at også dette siste flyet heller ikkje ville gå etter planen, så da var det framleis håp. Ein halvannan time etter planen kunne vi endeleg gå om bord, og framme på Schiphol skulle det vise seg at det ville bli meir venting. Nesten tre timar etter planen sette nederlendarane i gang med det dei så dekkande kallar «instappen», altså «boarding». Denne prosessen gjekk relativt raskt, og no er amerikanske tenestemenn med utspekulerte spørsmål borte frå det obligatoriske programmet, noko som gjer at ting går fortare. At eg likevel vart trekt til side og grundig sjekka, er ei anna sak. Eg måtte både tømme sekk og lommer og vise at eg ikkje har for vane å drasse med meg sprengstoff om bord.

Det er ingenting interessant å fortelje frå nesten ni timar i lufta, anna enn at reiseruta var litt uventa. Tidlegare har vi gjerne sneia sørspissen av Grønland og kome inn over Hudson Bay, men no hadde vi ei meir sørleg rute, over Irland og inn over New Fondland. Det funkar tydelegvis det også.

På flyplassen i Minneapolis (eller er det St. Paul?) gjekk alt veldig kjapt, eg kan ikkje hugse sist eg kom meg så kjapt gjennom kontrollen. Og der dukka etter kvart David og Sophia opp, vi var ein tur opp til Budget bilutleige for også å registrere meg som sjåfør, og så kunne vi endeleg sette kursen ut på prærien. Da vi planla denne turen heime i Noreg, var det med tanke på at flytrafikken skulle vere i rute, og at det skulle vere flust med norskspråklege der ute på viddene. Men flytrafikken er ikkje alltid i rute, og naturen går også sin gang og gjer sine innhogg ute på prærien, så det viste seg litt for seint at i Fargo var det berre ein som kunne møte oss slik vi hadde tenkt, slik at vi måtte sikte oss inn på Hendricks i staden. Og derfor venta det oss no ein biltur på over tre timar til Marshall, der vi hadde tinga hotell. Etter ei kort rådslaging kom vi fram til at eg var den minst trøytte og skulle køyre, og det seier nok ein del om «jetleggen» til det andre alternativet, altså David. I klårver og måneskin pløgde vi oss gjennom mil etter mil med flatt åkerland. Sophia i baksetet gjorde ein stoisk innsats med å halde meg vaken gjennom heile tida å kaste inn nye samtaletema. Og kombinert med ein vaskebjørn som med dødsforakt kryssa vegen rett framfor bilen vår, så fungerte det, eg var uventa vaken det meste av vegen. Unntaket var den siste halvtimen, den var tung; men ein liten stopp og litt lufting i kjøleg haustluft hjalp godt. Marshall er ingen storby akkurat, og utan særlege problem fann vi hotellet vårt og rundt klokka eitt kunne vi endeleg finne senga.

Og slik går nu dagan her ute på prærien.

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Tysdag 7. oktober 2025: Halden, Minneapolis, Marshall

Onsdag 30. november 2022: Cafayate, Salta, Buenos Aires

I dag er siste dagen vår i dette merkelege landskapet, og rundt klokka 9 kom Anders og kona med pickupen for å ta oss tilbake til flyplassen. Eg har heile tida hatt litt dårleg samvit for at han bruker tida si på oss, men no skulle han altså vere med kona inn til ein doktor i byen, og da er det litt lettare å definere seg inn som gratispassasjer. Og dette er også den siste dagen vår med feltarbeid, eg reiser ikkje tilbake til gamlelandet før fredag, men i morgon er eg nok berre turist i Buenos Aires, og derfor bli nok dette også den siste dagen med blogging her frå pampasen i denne omgang. Men berre så det er sagt, eg har hatt fem retteleg fine veker på vegen/roaden både her i Argentina og i Midtvesten. Eg forstår at eg er heldig som i det heile har mulegheit til å reise slik eg gjer – og som også får lov til å oppleve dette: Life is good – som dei seier 😊

 

Som vanleg kom Anders til avtalt tid til hotellet, og vi fekk lasta opp koffertane våre. Så venta rundt tre timar på litt varierande vegar nordaustover: og vi bevega oss gjennom eit landskap som vi såg og fotograferte for nokre dagar sidan, det var framleis like storslått, men no visste vi også litt meir om kva som verkeleg var storslått, og kva som berre var bittelitt storslått: det er tydelegvis stor skilnad på det. Elles var dette også ei danningsreise i argentinsk trafikk-kultur: på turen hit var bilen ny og Anders køyrde i stor grad slik eg (reint intiutivt) ville ha gjort, men no var han og bilen skikkeleg «brothers in arms», og da gjekk det verkeleg unna. I Misiones sleit eg  litt med å forstå dette med fartsgrenser, men her fekk eg vel eigentleg svaret: det er fullstendig innafor å gonge fartsgrensa med to: så står det 60, så er 120 heilt OK. Dette er jo eit enkelt system å forstå, men på svingete fjellvegar, så har det absolutt mange utfordringar (som at dei i baksetet kan bli bittelitt bleike om nebbet). Men etter knapt tre timar var vi tilbake i Salta, kunne ta avskil, og også sjekke inn på flyplassen. Etter nesten tre intense døgn var det nesten litt rart å ta avskil med Anders og folka hans.

Etter kvart kunne vi også sjekke inn og ta flyet til Buenos Aires. Det var venta veromslag i Salta med vind og regn, men dette slo eigentleg ikkje inn før vi var i lufta, og det to timane austover gjekk utan problem. Men det er mykje som kan skape problem, og i Buenos Aires fekk vi erfare kor krevjande ein fotballkamp kan vere: for den siste Argentina-kampen i VM gjekk samtidig med at vi landa, og da var det for det første veldig lang kø av reisande, og også veldig få taxiar (sidan dei aller fleste hadde stoppa for å få med seg kampen). Joda, i militæret lærte eg jo å stå i kø, men dei greiene dei klarte å skrape saman på Gardermoen, Stavern og Andøya var småplukk samanlikna med dette.

Åkke som, etter å ha venta nokså lenge, kom vi oss tilbake tilhotellet. Og den nest siste kvelden i denne byen vart runda av på ein restaurant her i nabolaget, og da gjorde vi eigentleg ein liten tabbe: vi bad om eit bord ute, og dei fleste borda hadde tak – med unntak av vårt, som berre dekte nokre av oss (les: ikkje meg). Og sjølvsagt begynte det å regne nokså heftig: eg fann ly inne i restauranten, medan dei tre Bergens-damene tydelegvis hadde det som «fisken i vannet» – dei fann ly under  taket. Men da det vart tid for dessert og ein kaffiskvett, så søkte dei også inn under skikkeleg tak.

Og slik slutta den (nest) siste dagen min her i Argentina: I morgon skal eg berre vere turist og reise ned til bydelen Boca, og sidan dette er ein blogg om feltarbeid, sluttar eg her denne gongen.

Og slik går nu dagan…..

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 30. november 2022: Cafayate, Salta, Buenos Aires

Tysdag 29. november: Cafayate

I natt hadde vi eit skikkeleg regnver, det starta litt da vi var på tur heim frå restauranten i går kveld, og det tok seg skikkeleg opp fram mot midnatt. Og dette hotellet, eller i alle fall rommet mitt (som liksom er eit anneks), er ikkje så veldig godt lydisolert (for å seie det mildt), så når dråpane trommar på blikktaket, så skal ein ha veldig redusert høyrsel for ikkje å få det med seg. Men i dag tidleg var det klårver igjen, gartnaren dreiv på med litt småarbeid i hagen, himmelen var veldig blå, fjellsidene var (for meg som fargeblind) grøne, mens det også i dag låg nysnø på dei høgste fjelltoppane sør for byen.

Etter frukost dukka Anders etter kvart opp, og no skulle vi ut på vingarden hans, som ligg berre nokre kilometer vidare ned (eller er det opp?) i dalen. Og dette er ein kar som har ambisjonar og som det ryk litt av når han hoppar og spring rundt, og sjølv om han no er nærare 70 enn 60, så legg han store planar for framtida her. For meg som halvgammal er det godt å sjå at ein enno ikkje treng å ha så stort fokus på duemating-i-parken-menyen, framleis er det altså ting det er moro å drive med og bygge opp – sjølv om åra går… Og vingarden er absolutt eit arbeid «in progress», han har vinrankene på plass ( i alle fall det han treng så langt), han har bygd seg eit badebasseng inne på eigedommen, og ved vegen har han sett opp ei bygg som primært skal brukast til å underhalde turistar på ymse måtar; den eine dottera hans har også sett seg opp hus her, og han har ambisjonar om å med tida bygge sjølv, dessutan ser han for seg at resten av arverekka etter kvart skal slå seg ned her.

Men no i dag var det altså feltarbeid som stod på planen, og like ved bassenget hadde han også eit skur med myggnett der vi lett kunne slå oss ned, og her i skuggen starta Marie og June språkdatafabrikken sin, først med litt småprat, men deretter målretta elisitering. Og her var det faktisk litt konkurranseinstinkt som vakna; sidan bror til vinbonden alt hadde gjort desse testane, så ville gjerne vinbonden vere vinnar. Så det var eigentleg god stemning her i myggnettbua. Men så kom det telefon frå kona, ei gruppe turistar, som eigenteg skulle vere der i halv eitt-tida, var alt på plass, og sidan eg delvis vaks opp på butikken til onkel heime i Trøndelag, så veit eg jo veldig godt at kundane alltid har rett. Derfor måtte vi i all hast pakke sakene våre og sette kursen tilbake til vingarden. Og der var det eit britisk ektepar som stod og venta og gjerne ville bli skolert i argentinske vindruer, og for å vere heilt ærleg: dei visste verkeleg ikkje kva som venta dei. For er det noko Anders gjerne vil snakke om, så er det vindruer generelt, og ikkje minst hans eigne vindruer. Så derfor så vart det ei veldig lang forelesing nede mellom alle vinrankane; det var absolutt interessant, men for oss som er fødde same året som Jurij Gagarin besøkte verdsrommet (og derfor held oss med ulike vondt-ar av ymse slag), så kunne jo dette utvikle seg til å bli litt krevjande. Og når ein står slik og kjenner på alle dei ulike plassane det gjer vondt når ein berre står roleg og høyrer på at andre snakkar (og snakkar og snakkar), så var det eigentleg litt godt å sjå at denne briten (som altså er fødd same året som meg) først bøygde ryggen, deretter gjekk ned i kneståande før han på ulike måtar signaliserte at vertikal fosterstilling var neste post på programmet. Men trass i dette vart det ikkje gjort store endringar i den munnlege presentasjonen – Anders tok seg svært god tid og gjekk veldig grundig igjennom korleis ein bør drive vindyrking i denne delen av verda (medan denne stakkars briten fekk større og større smerter).

Etter denne brutale danningsreisa skulle vi ned i kjellaren for å lære om korleis dei lagar musserande vin – og her bruker dei den tradisjonelle champagne-metoden: Sikkert litt gammaldags, men veldig interessant og moro: Og no hadde briten fått seg ei vintønne å kvile ryggen sin på, så han kunne også samstemme med salige Syse om at «nu går alt så meget betre». Etter ei ny danningsreise gjennom champagne-laging og vinkjellar-teknikkar, vart det lunsj oppe i restauranten. Og her var det altså mat og vinsmaking: og som inntrønder kan eg berre seie at maten var frykteleg god (kjøtt som alltid), og vinen var absolutt ein høynare. Kort sagt, det var veldig godt!

Etter denne seansen ville Anders bade, og da er det berre å henge seg på, men av dei ulike tinga som eg IKKJE pakka med meg, så var badebukse høgt oppe på lista: her har eg eigentleg reist gjennom fire ulike årstider, og kofferten min tok seg nok reint vektmessig best ut utan badebukse. Men Anders og damene tok seg eit bad, og det var triveleg og godt med ein liten time utan noko å gjere. Deretter var vi ein snartur innom vingarden til Anders igjen for å kjøpe med oss nokre vinflasker heim før han køyrde oss tilbake til hotellet igjen. Og slik slutta vel eigentleg ein ny dag her i Argentina.

Og slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Tysdag 29. november: Cafayate

Måndag 28. november: Salta, Cafayate

I dag skulle turen vår gå til Cafayete, der Anders har vingarden sin. Avtalen vi hadde, var at han skulle bruke morgonen til å handle inn diverse utstyr, og så snart han var ferdig med det, skulle han kome og hente oss. Han meinte at han skulle vere klar i 9-tida. Men samtidig hadde han fortalt oss at her i Salta lever dei livet seint, ting går i makeleg tempo og han meinte også bestemt at folk her går mykje seinare enn folk i Buenos Aires. Slik sett er vel eg også ein Salta-væring og burde finne meg godt til rette her. Klokka var nærare ti da pickup-bilen dukka og for å hente oss, men vi hadde ikkje køyrt mange kilometrane før det kom ein liten smell frå motoren, bilen mist motorkraft medan det kom ein litt hylande lyd når ein auka turtalet. Dette var på ingen måte ei glad-nyheit. Anders har ein fast verkstad her i byen der han bruker å få service på bilen sin, og som han blidgjer med nokre vinflasker i ny og ne, og dit køyrde vi i sakte fart. Og sidan det nok ikkje var så veldig lenge sidan den siste vinflaska vart levert her, fekk vi prioritet på første klasse, og ei gruppe karar kasta seg over pickupen. Og dommen var kjapt klar – det var turboen som hadde ryki og bilen var derfor ikkje køyrbar, særleg sidan vi skulle over ein fjellovergang der det var langt mellom hjelpestasjonane. Så da stod vi der, da, med koffertane våre. Anders meinte at vi no måtte ta bussen, men vi fann raskt ut at det ikkje var ei optimal løysing. Vi sjekka så leigebilar på nettet, men heller ikkje der fann vi noko. Men verkstaden kunne låne oss ein bil, men her møtte norske byråkratiske krav vike for argentinsk tradisjon, for er det noko som ein vanskeleg får her i landet, så er det kvitteringar. Og utan kvittering, så er det uråd for oss å få refusjon. Og dersom ein får kvittering, så er det med ein mykje høgare pris enn utan. Så det skjer nok svært mange transaksjonar rundt om i dette landet som ikkje Staten får innsyn i. Men som alltid, det ordna seg for oss, og ein time seinare kunne vi laste opp tinga våre og bevege oss inn i eit nytt landskap. Vi køyrde ut frå Salta og inn i eit frodig landbruksområde der mellom anna tobakksdyrking var ei viktig næring. Og synet av tobakksplantar vekte gamle assosiasjonar hos meg, sidan da eg på 80- og 90-talet køyrde rundt i Wisconsin på jakt etter nordmenn, så var synet av tobakksplantar eit sikkert teikn på at eigaren var norsk. Men slik er det nok ikkje her. Etter kvart vart landskapet litt karrigare og vi kom til slutt inn i eit fantastisk fjell-landskap som kunne minne mykje om Grand Canyon med svært mange ulike fjellformasjonar. Vi stoppa fleire gonger for å fotografere, men ein innser jo at når ein er i eit slikt landskap, så er det heilt uråd å feste dette storslagne på film, det blir berre ei svært bleik attgjeving. Men dette var verkeleg eit storslått!

Til slutt opna landskapet seg litt igjen, og vi var inne i ein dal omkransa av veldig høge fjell. Dalbotnen er på rundt 1700 meter over havet, og fjella hevar seg opp mot 5000 meter. Og på nokre av fjelltoppane låg det litt nysnø. Byen Cafayate er ikkje stor, rundt 15.000 innbyggarar, men det er ein triveleg småby. Og hotellet som vi skal bu på dei neste to nettene, må seiast å ha sjarm (i tillegg til frykteleg dårleg internett). Anders hadde mykje å gjere, så han sette kursen ut til vingarden, medan vi tre pampaslingvistane innretta oss litt og slappa litt av før vi utpå kveldinga gjekk ut for å få oss litt mat. Bak kyrkja fann vi ein svært triveleg restaurant, og der avslutta vi kvelden.

Og slik går nu dagan her oppe i fjella….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Måndag 28. november: Salta, Cafayate

Søndag 27. november 2022: Buenos Aires, Salta

I dag måtte vi opp i rett tid, for Marie, June og eg skulle reise opp til Salta, der vi skal møte to norskspråklege brør. Flyet skulle gå i 9-tida, og vi måtte også sjekke ut frå hotellrommet før vi reiste. Taxien kom presist, og vi hadde veldig god tid da vi kom til flyplassen – sjølv om køen i skranken var veldig lang og gjekk veldig seint. Men da hadde eg i det minste tid til å sjekke at eg hadde med meg passet, og det hadde eg heldigvis – etter litt grundig leiting. Sidan vi måtte sjekke ut frå hotellet før frukost, var flyplassen staden å få seg ein matbit medan vi venta. Men så er det eitt eller anna med tempoet på slike stader. Ein skulle jo tru at på ein flyplass veit dei at folk gjerne har litt dårleg tid og at det derfor er lurt å ha litt tempo i serveringa. Men slik tenker dei tydelegvis ikkje her – vil folk ha mat, så får dei sanneleg kome i god tid, viss ikkje, så får det heller vere. Så det som ein gong var god tid vart plutseleg dårleg tid før vi hadde fått serveringa. Men vi rakk det med margin, og flyreisa på to timar gjekk heilt utan dramatikk.

I Salta vart vi møtt av Anders, ein kar midt i 60-åra som saman med broren vaks opp med norsk heime. Og denne karen hadde lagt planane for oss, først vart vi tekne til hotellet, der vi sjekka inn. Deretter var det tid for litt mat og litt «aleinetid» før han litt utpå ettermiddagen kom og henta oss igjen og tok oss til huset som han har her i byen, for no skulle vi få møte broren Tore. Og Tore er ein pratsam kar av det litt «gamle» typen, ein kar som liker å fortelje, og som også er god til å snakke norsk. Og i to timar snakka vi med Tore, og han baud på seg sjølv. Men Tore er ein mann som snart er 80, og han hadde eit par timar å køyre før han var heime, så derfor braut han opp i sju-tida. Neste post på programmet var fjelltur: Anders ville ta oss med opp på ein fjelltopp og utsiktspunkt der vi kunne få fullt utsyn over byen. Men det var det tydelegvis mange andre som hadde tenkt også, så det var fullt trafikk-kaos oppe på toppen. Her slutta vegen plutseleg, og da var det om å gjere å prøve å lirke bilen rundt utan å bulka alt for mange av dei andre bilane som var der. Men utsikta var flott, det må eg seie. Og når ein køyrer rundt i gatene her, er det lite som minner om ein storby slik ein vanlegvis kjenner desse, men no i kveldinga såg vi lyset som skein over eit veldig stort område, og først da forstår ein at dette er ein by med rundt 600.000 innbyggjarar. Så var det tid for litt mat igjen, og dette vart ordna enkelt med ein take-away-pizza heime hos Anders. Og deretter vart vi skyssa tilbake til hotellet. Det vil seie, ungdommen var slitne og ville legge seg, så for dei var dette siste post på programmet. Men det er ein folklore-festival i gata her, og det ville eg gjerne sjå litt nærare på før eg tok kvelden. Så eg rusla meg ein liten tur for å høyre på den lokale folkemusikken og sjå på dei som dansa. Det var artig å oppleve, men samtidig er det tidleg dag i morgon, og derfor var eg fornuftig og gjekk og la meg før det vart så alt for seint.

Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Søndag 27. november 2022: Buenos Aires, Salta