Fredag 17. juni: Decorah, Westby

Da er konferansen over, folk reiser kvar til sitt, og det måtte vi også gjere. Og etter at vi no har vore mange samla, er det Janne og eg som skal ut på vegen på jakt etter norskspråklege. Etter avslutningslunsj, takketalar og slike seremonielle ting oppe på campusen til Luther College, og ein snarvisitt innom Vesterheim-museet, sette vi kursen nordover i retning Minnesota. På tur nedover hadde vi køyrd gjennom amish-land, og dette ville vi gjerne ta ein nærare titt på før vi kryssa Mississippi-elva. På vegkanten stod det ei amish-dame ved sida av ei vogn med varer av ymse slag. Vi stoppa, mest for kanskje å få eit bilete, men det var sjølvsagt ikkje aktuelt,så pass burde vi vel eigentleg ha forstått. Men denne dama var svært snakkesalig, og ho kunne også eit norsk ord: Uffda – eit ord ho rett nok ikkje fekk lov til å bruke av mora si fordi det kunne vere å finne i skjellsordboka hans Tor Erik. Elles var vi svært usikre på kor gammal ho var, det som stakk fram mellom kragen og den svarte kysa var svært ubestemmeleg i så måte. Ho kunne vere tenåring, og ho kunne vere førti. Ho hadde også mykje rart å by fram: hermetiserte varer av ulikt slag og gryteklutar såg ut til å vere salsvinnarar. Etter ein interessant samtale sette vi kursen mot Spring Grove, der vi hadde ein kort stopp for å sjå på “Giants of the Earth”-senteret før kursen gjekk vidare mot Wisconsin og Westby. I La Crosse gjorde vi ein kort stopp for å sjå på mine gamle tomter i Madison Street, og vi var også ein snartur oppom Grand Dad’s Bluff for å sjå ut over byen og elvedalen. Så først litt utpå kvelden var vi framme i Westby.

Dette er utan tvil den dagen det har skjedd minst, men etter mange veker med hektisk program, var det eigentleg OK med ein litt roleg dag også.

Og slik går no dagan.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 15 og tordag 16: Decorah

Konferansar er jo konferansar, noko denne også er: Nokre av presentasjonane er svært interessante, andre er kanskje mindre interessante for oss språkfolk, nokre folk er gode til å presentere, andre er mindre gode til å presentere, nokre klarer å halde tida, andre klarer det ikkje, nokre prøver å halde tida, andre prøver ikkje … Ut frå det eg har høyrt, skulle det i gammal tid gå ganske heitt for seg når hallingane hadde stevne rundt Spring Grove og Decorah, og både knyttnevar og knivblad kunne få ein aldri så liten luftetur på vegen mellom bukselomma og ein storkjefta sogning. Slik sett er denne samlinga vår i Decorah både harmonisk og fredfull, sjølv om det også her kan vere litt fagleg usemje og litt temperatur. Denne konferansen har vori svært godt organisert, og eg skal ikkje bruke tid på å beskrive han nærare ut over å nemne eit par minneverdige episodar.

Onsdagen ved nonsleite var vi på utflukt til Washington Prairie-kyrkja, som ligg eit stykke utafor Decorah. Denne kyrkja er kjent for fleire generasjonar med Koren-prestar, og kanskje ikkje minst for prestfrua, Elisabeth Koren, som sat her ute og skreiv dagbok og elles prøvde å få tida til å gå som best ho kunne. For ein som ikkje har ei spesiell interesse for tyskinspirert kyrkjearkitektur, ser denne kyrkja ut som mange andre kyrkjer her borte. Og det er heller ikkje kyrkjearkitektur eg har tenkt å skrive om her. Derimot har eg lyst til å ofre nokre binære teikn på lunsjen dei serverte oss. Dette skulle etter det dei sa vere ein typisk kyrkjelunsj. Ein gong for mange år sidan var eg inne i Wisconsin og fekk servert kjøttkaker, lutefisk og rømmegraut på same tallerkenen, ein kombinasjon som eg da opplevde som svært så banebrytande i høve til det eg var van med frå kjøkenet heime i Inntrøndelag. Men det vi fekk oppleve no, var fullt på høgde: her serverte dei noko dei kalla Slappy Joe (hamburgarbrød med steikt kjøttdeig blanda opp med ein eller annan udefinerbar kjemisk substans), pastasalat, sukkergelear, fruktkrem, potetsalat og piska krem. Dette er visst noko som høyrer naturleg saman her borte og som har sterk appell til amerikanske ganar. Men eg fekk det da ned.

Torsdagsmorgonen skulle vi språkfolka til med foredraga sine. Janne var først ut, deretter var det min tur før ungdommane frå Madison runda av. Det er alltid vanskeleg å vurdere korleis ein blir oppfatta av andre, for det står nok ikkje til å nekte for at vi språkinteresserte er litt framande fuglar i dette historie-interesserte selskapet. Og dersom ein er så uheldig å nemne noko slikt som dativ, så kan det lett føre til mange spørsmål og krav frå første benk om privatundervisning og lynkurs i kva denne dativ-greia eigentleg er. Men alle vi fire overlevde utan å møte trugsmål om juling, og det bruker jo gjerne vere eit godt teikn på desse kantar. Det som står att no i etterkant blir å arbeide vidare med noko av dette stoffet slik at levebrødet til arbeidsfolket på Saugbruksforeningen heime i Halden også blir sikra.

Etter endt dyst var vi på boklansering i det lokale “bok-ståret”. Forfattaren Johan Harstad er i Amerika og presenterer boka si om Buzz Aldrin (dvs. det er kanskje ikkje Buzz som er hovudpersonen her, men det er ei anna sak). Igjen ei litt merkeleg oppleving – å sitje på første benk på eit anna kontinent og møter ein norsk forfattar som les frå boka si på engelsk. Og på første benk sat også eit anna merkeleg fenomen, ein norskamerikanar tidleg i 20-åra som snakka flytande norsk. Ut frå det han sa, hadde han lært seg norsk gjennom å gå på norskkurs oppi Minnesota. Utruleg. Måtte vi alle få tilbod om slike kurs!

Og slik går no dagan her i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 14. juni 2011: Wanamingo, Decorah

Første arbeidsdagen i Midtvesten, og dagen starta med tur til Wanamingo. Igjen imponerte eg med vidløftig GPS-bruk: eg skreiv inn byen Wanamingo i adressefeltet – gateadresse tok eg heilt på slump ut frå at dette er ein by med ei hovudgate og to sidegater. Og kunne vi berre sjå vasstårnet til denne småbyen rage opp over prærien , så skulle nok det meste vere gjort. Joda, vi starta jo opp, og vi gjorde akkurat slik som kvinnestemma i GPS-en sa, og da ho meldte at vi var framme, sto vi midt i ein åker – det var ingen teikn til sivilisasjon nokon stad. Javel, så var det fram med notatar og finne nøyaktig adresse, og da vart det tydeleg at vi ikkje akkurat hadde teki snarvegen. Vi passerte namn som Asphaug og Holden, men til slutt kom vi da fram og kunne begynne å leite etter “siviksenteret”.

Denne byen er ikkje store greiene, men noko slikt senter var ikkje å finne. Til sist såg vi ein kar som gjekk nedover den eine av de få gatene, og da måtte vi jo kunne spørje om vegen. Vi køyrde bort til han, og Janne tok mot til seg, opna vindauget og spurte om han visste kor dette senteret var. “No, I don’t know , I’m just visiting here”, svara han på ein litt famlande engelsk med svært sterk norsk aksent, og det var tydeleg at han ikkje følte seg så komfortabel med å snakke dette verdsspråket. Ein liten augneblink lukta eg ein liten språkvitskapleg sensasjon, at denne mannen i 60-åra var ein norskamerikanar som var svært ustø på engelsken og som til gjengjeld var ein kløppar til å snakke norsk. Så svært oppglødd prøvde eg med “Men kor du kjæm frå, du da?” “Stjørdalen”, svara kroppen, “æ e ut fer å sjå ætti nå dialæktfølk æ, sjuddu”. Der brast den illusjonen, men i det minste kunne han hoppe inn og hjelpe med å finne dette bygget der det skulle sitje “ei kjærring som spælle piano”.

Vi fann vegen, fekk rigga opp utstyret, og klokka ni dukka dei første klientane opp. Twila, formannen i lokalhistorielaget og kontakten vår, hadde laga eit stramt program der dei skulle kome to og to kvar time fram til klokka 12. Janne og eg delte folkemassen i to, ho hadde eit bord i den eine enden av rommet, medan eg sat i den andre. Og folk kom, dessverre viste det seg at dei folka som hadde ord på seg til å vere retteleg stødige i å snakke norsk, hadde betre ting å bruke dagen på enn å småsnakke med to språkinteresserte tullingar frå Noreg. Og av dei som dukka opp, var også språkferdigheitene litt varierande. Det kunne virke som om eit par av dei møtte opp mest for å sjå på. Men rett skal vere rett, nokre av dei snakka godt norsk, særleg dei som hadde vore innom St. Olaf. Og talemålet til mange var tydeleg farga av trøndermål, men tida med norskopplæring på St. Olaf hadde tydelegvis i nokre høve også sett sine spor. Eg ser heller ikkje bort frå at Janne viste storsinn mot ein stakkar eksil-trønder ved å sende dei beste trønderane over til meg, medan ho sjølv tok seg av dei litt meir vaklevorne. Og særleg ei av dei, ei retteleg triveleg dame tidleg i 80-åra, varta opp med både dativ, palatalisering av velarar, i tillegg til at ho hadde eit gammalmodig vokalsystem. Det er eigentleg heilt utruleg å sitje i eit anna kontinent og kunne bruke min eigen dialekt som om det skulle vere retteleg eit verdsspråk. Det vart nokre trivelege timar, og folka fortalte om laust og fast frå eit langt liv på prærien.

Det var begrensa kva vi rakk over på desse tre timane, men det var da eitt og anna å bite seg merke i om både livet og dauden her borte. Etter denne seansen var vi ein tur innom gavebutikken til den eine informanten, eller «giftståret», som det heiter i denne delen av verda. Og denne kremmaren hadde mange merkelege ting i hyllene sine, inkludert Mors flatbrød og Vangsgutane i harde permar. Eg blir aldri heilt klok på korleis næringsdrivande her ute på prærielivet resonerer.
Tidleg på ettermiddagen gjekk turen til Decorah og konferanse – denne gongen med GPS. Og opninga av denne konferansen er jo som opninga av slike konferansar bruker å vere, noko anna er det ikkje å seie om det. På kvelden var det ei samlingsstund ved museet i Decorah, og der var det både underhaldning med norsk folkemusikk og anna oppbyggeleg for kropp og sjel. Og medan vi var der, dukka ein av informantane frå i haust opp, og vi hadde eit retteleg triveleg stund.
Med jetleg blir det tidleg kveld her borte, så på veg tilbake til Winnishek- dukka det opp enda ein gammal kjenning. Å gå i gatene i Decorah er jo nesten som å traske i gågata i Halden – har ein talent for “preking”, så har ein verkeleg mulegheita her borte.

Og slik går no dagan i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 13. juni 2011: Zumbrota, MN

Dette har vore den lengste Amerika-reisa eg har vore med på. Eg starta heimafrå pinsedagen med toget klokka 9. Og for å gjere ei svært lang historie veldig kort, så skal eg nemne berre nokre stikkord: NSB, buss for tog, Lillestrøm stasjon, forsinka tog frå Lillestrøm… Men eg kom meg da omsider til Gardermoen, og ikkje lenge etter var heile reisefølgjet samla ved at Janne frå Tekstlaboratoriet ved UiO kom med “buss for flytog” (eit genialt forretningskonsept dette også, spør du meg: 170 kroner for ein simpel bussbillett).

Eg hadde eigentleg trudd at det meste av kaos var unnagjort så snart ein hadde kome seg til Gardermoen, men slik var det ikkje. For det var der problema våre starta til gangs: manglande informasjon frå Icelandair (dette ser verkeleg ut til å vere eit selskap som låser dørene, dreg ned gardinene, tek ut telefonkontakten og som satsar på at alt går over berre ein ventar lenge nok). Det gjekk jo fly til Reykjavik, og det var også fly frå Reykjavik til Minneapolis. Problemet var at det var ein eller annan “gå sakte-aksjon” på Keflavik-flyplassen, og enden på visa vart at vi vart ståande fast på sagaøya. Ikkje heilt etter planen, kan ei trygt seie. Joda, det ordna seg jo med rom på Luftleidir-hotellet i Reykjavik, og fiskemåltida var kvar for seg heller ikkje eit grunnlag for høgtlesing frå skjellsordboka hans Tor Erik. Men likevel … Og det er utruleg kor tamt det kan bli når ein står på ei øy og berre ventar på å kome seg vidare. Og det verste var at vi hadde gjort avtalar om intervju i Wannamingo måndagsmorgonen, og det ville vi ikkje klare. Uansett, etter mykje venting, matbongar, hektisk redigering av foredrag og frisk nordavind kom vi oss endeleg vidare frå Island til Midtvesten utpå måndagsettermiddagen. Og det er ikkje så veldig mykje å berette frå ei flyreise på nesten seks timar, ikkje eingong maten kan ein rakke ned på, for slike ting serverer dei jo ikkje utan vidare på dette selskapet, må vite. Eg hadde aldri trudd at Ryanair skulle fortone seg om eit lett luksuriøst selskap, men slik er det nesten. (Men berre nesten.) Uansett, vi kom oss da over Blåmyra, og landa i sekstida.

Reisa vidare gjekk heilt utan problem, vi fann rask vegen til leigebilselskapet, Janne slo på stortromma og vi kunne straks etter hente ut ein retteleg uhyre av ein Ford SUV. Eg har eigentleg mine tvil om at førarkortet mitt gjeld så store doningar, og sjølv om eg ein gong i tida var utstyrt med militært førarkort, hadde eg ikkje lov til å køyre tanks. Men vi let det stå til og satsa på at norsk aksent vil kunne sjarmere «stat troopersane» om dei skulle finne på å bli nysgjerrige på oss. Det er eit knep eg har hatt glede av tidlegare også.

 Deretter skreiv vi inn Zumbrota i GPSen, men vi (les: eg) rota litt og vi endte opp ein eller annan plass ute på countryet (Eg må nok litt beskjemma innrømme Janne hadde heilt rett i at det til tider kan vere lurt å følgje køyreruta til GPS-en). På den andre sida førte denne avstikkaren til at vi kunne øve oss litt i kunsten å lese norske namn på postkassane medan bilen er i fart. Til slutt kom vi kom vi på rett kurs og fann utan større problem fram til motellet. Reservasjonen vår var eit døgn gammal, men også det ordna seg. Og folk som kjenner Zumbrota, blir sikkert ikkje overraska over at dei der kan ha ledige rom til ferdafolk – det kan ikkje vere så frykteleg mange andre enn oss som har eit ærend på denne plassen.

Og slik går no dagan i Midtvesten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

27. september: Westby, Minneapolis

27. september: Westby, Minneapolis
Vel, da er eg i Minneapolis, og meir eller mindre pakka og klar for returen. Eg kom hit til Motellet no i kveldinga, og har i grunnen hatt ein grei dag. Det starta med frukost saman med The Iversons og Larrys oppe på Borgens cafe. Og der serverer dei solide saker, speilegg og stekt flesk; mat ein kan leve nesten ein heil dag på. Så kom tida for å ta avskil, desse folka har alle vore trivelege og hjelpsame med meg, så det var litt rart å seie farvel. Turen frå Westby gjekk via La Crosse, så rett vestover til Rochester, før eg braut av nordover med retning mot Minneapolis. På vegen oppover svinga eg innom dei trøndske bygdene rundt Zumbrota, Wannamingo og Kenyon, men eg fann nokså raskt ut at det nok ikkje hadde nokon hensikt å begynne å leite etter norskspråklege her. For eit kvart århundre sidan var det muleg for meg å finne norskspråklege gjennom å spørje seg litt fram; i dag treng ein nok kontaktar, særleg når ein har knapt med tid. GPS-en vakna også til liv igjen, og da gjekk turen inn i byen som ein leik. Eg stakk innom Mall of America med tanke på at eg kanskje burde kjøpe med nokre småting til dei som ventar heime. Men dette kjøpesenteret, som skal vere verdas største, er heilt klart for stort for meg. Og eg var svært glad da eg fann vegen ut frå denne fryktelege staden for å finne meg eit motell.

Så mykje anna er det eigentleg ikkje å seie om denne dagen. No ventar berre Delta Airlines, jetleg, og sikkert uhorveleg mykje arbeid som har samla seg opp oppe på høgskolen. Det kan ein seie blir ein liten overgang, ja…

Og om det ikkje hender noko veldig spesielt i morgon, er nok dette det siste Amerika-brevet på denne bloggen.

Og slik gjekk no den siste dagen her i Amerika

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 26. september: Westby

I dag har eg avslutta innsamlingsarbeidet her, og finalen som feltarbeidar vart ikkje så ”grand” som eg eigentleg hadde håpa på.

Dagen starta bra, klokka 10 var eg nedom Mr Iverson for å hente han, vi skulle på messe i ”Vanilje -kyrkja” her i byen. Det er to opphavleg norske kyrkjer her i byen, det andre er ”Sjokolade-kyrkja”. Grunnen til at det er to slike kyrkjer her i byen, er litt uklar for meg, men det har nok noko å gjere med ueinigheit og uvennskap av eit eller anna slag for rundt hundre år sidan. Norsk-amerikanarane har ikkje alltid gjort livet lett for seg sjølv. Sjølve gudstenesta har eg ikkje så mykje å seie om, anna enn at det var ei gudsteneste slik slike gudstenester gjerne bruker å vere. Det einaste er kanskje preika sentrerte rundt noko Archie i Skogdalen hadde sagt til presten for nokre dagar sidan. Archie er tydelegvis ein klok mann. Dessutan ga salmemelodiane meg litt andre assosiasjonar enn kva dei andre sikkert fekk. Dei starta med bordverset, deretter kom ”Påskemorgen”, og dei runda av med ein julesong.

Etter at messa var ferdig, vart eg introdusert for nokså mange norskspråklege, og dei fleste av dei var svært så stø i norsken. Alle klaga på at dei ikkje har nokon å snakke norsk med lenger, men det synest eg er litt rart, sidan alle rundt meg snakka norsk da. At dei også kanskje kunne snakke norsk til kvarandre, var tydelegvis ein utenkt tanke. Deretter gjekk turen opp til Borgens for å ete middag, og igjen møtte eg nokså mange som kom bortom og gjerne ville snakke norsk med meg. Så i dag har eg sikkert møtt eit lite tjuetal med norskspråklege som eg ikkje kjente til frå før. Dessverre reiser eg i morgon, elles skulle eg ha gjort opptak av nokre av desse også.

Etter middagen køyrde eg tilbake til motellet, der skulle eg få besøk av fire vossingar, men berre to av dei dukka opp. Det litt sørgjelege var at dei to som eg var mest interessert i, ei dame i 40-åra og far hennar, som hadde bakgrunn frå Nordfjord, ikkje kom. Førtiåringar som har vakse opp med norsk her i Midtvesten, er ikkje kvardagskost i dag. Dei som dukka opp, var ein 87-årig sogning frå Viroqua, i tillegg til kontaktpersonen min der, ei dame i 50-åra som hadde lært seg nokre ord, hovudsakleg gjennom å ta kurs. Interessant her var sogningen, men det gjekk ikkje meir enn høveleg bra. Han kunne rett nok snakke litt, men han sleit med å finne ord når han skulle snakke, og da glei det fort over til engelsk. Dessutan forsto han lite av det eg sa, sjølv når eg prøvde å diftongere vokalar som opphavleg var lange i norrønt. Likevel var det interessant å høyre at når sogningane i Viroqua ville ha engelsk i standen for norsk i kyrkja, så kom det av at dei ikkje forsto presten og det norske kyrkjespråket. Vi sat ein times tid her og snakka, men som sagt, dette vart ikkje heilt som eg hadde vona. Etter at dei hadde reist, ringt eg til ein som eg hadde prøvd å kontakte tidlegare, ein farmar som budde utafor Westby. Men han var lite lysten på å få stemmen sin foreviga, så han takka høfleg nei til noko slikt.

No i kveldinga har eg så smått gjort meg klar for å reise herifrå. I morgon har eg ikkje noko program anna enn at eg er invitert på frukost til The Iversons. Dei har verkeleg gjort det dei kan for meg desse dagane. Dessutan bør eg ta ein tur innom Larry i Springdalen for å ta avskil med han også. Ut over det veit eg ikkje heilt, anna enn at eg skal ta vegen i retning mot Minneapolis da. Om eg køyrer heilt fram, eller om eg tek inn på eit motell på vegen, veit eg ikkje heilt enno.

Og slik går no dagane mot slutten her i Westby.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

25. September: Sørryggen, Norskedalen og Westby

Da er det kveld igjen her på Express Inn-motellet i Westby, og ein ny dag går mot slutten. Dagen starta litt brått, The Iversons ringte meg kvart over åtte. Og i dag sovna eg faktisk av, slik at eg vakna av telefonen. Litt i ørska fekk eg da svara, og som så ofte før hadde dei funne fram til ein ny informant til meg, Robert på 78, ein røsleg pensjonert farmar med Stetson-hatt. Eg fekk kjapt i meg motellets standard-frukost, smultringar og kaffi, før eg køyrde over til West Avenue for å møte han. Joda, mannen kunne norsk, men han hadde det litt travelt, kjerringa hadde kokt mange ”gallan” med rømmegraut som skulle opp i Norskedalen. Samtalen vår vart derfor relativt kort, om lag så lang som det tek å belme i seg eit krus av Mrs Iversons kaffi. Men vi avtalte å skulle møtast seinare oppi Norskedalen for å gjere opptak. Eg køyrde tilbake til motellet, og tok det litt med ro; eg hadde ein ny avtale med county-klerken Ron først ved nonsleite. I halv tolv-tida sette eg derfor kursen mot Sørryggen for å møte han, og da presterte eg sjølvsagt å køyre feil; og kjem ein først feil ut på dei mange vegane her, så skal det ikkje så veldig mykje til før ein rotar. Og det gjorde eg altså. Eg køyrde fram og tilbake der oppe, og møtte faktisk folk med hest og vogn, kledde i hatt og vadmålsklede, og eit heilskjegg som ZZ Topp kunne misunne dei. Det er nesten noko uverkeleg ved det å møte amishar når ein sjølv duvar fram i ein stor, amerikansk ”pensjonistbil”. Og norskamerikanarane her har eit litt ambivalent forhold til desse nye innflyttarane. Dei likar dårleg at dei ikkje tek del i samfunnslivet og lever så sært. Men samstundes beundrar dei arbeidsmoralen deira og sett pris på at farmane blir haldne i hevd. I tillegg blir dei brukt som relativt billig arbeidskraft, så når norskamerikanarane prøver seg som vindruefarmarar, så er det amishane som blir hyra inn som drueplukkarar.
Vel, eg fann da omsider fram til farmen til klerken, men da var han ikkje heime. Litt slukøra sette eg derfor kursen over til den andre sida, opp i Norskedalen. Der er det ”Old-Fashoned Threshing bee” denne helga, og slike ting må ein jo få med seg. Det var ikkje så verst med folk der, og eg sprada rundt og såg på ulike demonstrasjonar av gammalt maskineri av ymse slag. Mykje av dette var utstyr som eg aldri har sett heime, så slik sett var det interessant. Nokre av kallane sprang rundt og justerte hjul og hendlar og smurte ulike niplar med olje, medan andre mata med halm og mais. Det støva og rauk rundt dei, maskinene hoppa og rista, men kallane hadde tydelegvis gjort dette før.
På ein benk satt det ein gubbe eg meinte eg drog kjensel på, sjølv om dei fleste ser nokså like ut med blå overallar og grøne skyggeluer frå coop-en. Eg spurte forsiktig om han ikkje var norsk, joda, det var han. Eg våga meg vidare i innsirklinga ved å spørje om han kanskje kunne vere frå Skogdalen. Litt overraska måtte han jo innrømme det. Eg spurte så om han ikkje høyrde heime oppi Berjedalen. ”Kinne du meg da?”, spurte han. ”Du skulle vel aldri heite Kenneth?”, svarte eg. Joda, Kenneth var ein av informantane mine frå tidleg 90-talet; eg slo meg ned, og vi hadde ein triveleg prat. Kenneth er av den sorten som ikkje seier meir enn det ein eigentleg treng å seie, så ”small talk” er ikkje det store talentet hans. Men likevel, nokre ord veksla vi. Eg takka for stunda, og sette kursen vidare for å sjå etter Robert med Stetson-hatten. Og røslege karar med Stetson-hatt er eigentleg ikkje så vanskelege å få auge på. Eg tenkte først at vi kanskje kunne sette oss på ein benk ute for å gjere opptak. Men vi fann fort ut at det ikkje var ein veldig god ide, for like bak oss skulle det vere demonstrasjon av gamle, tomanns motorsager. Og sidan dette ikkje akkurat var aktivitetar som inviterte til innestemme, sette vi kursen mot bilen min, der ville vi i alle fall få arbeidsro. Og sjølv om heller ikkje Robert var av dei mest taletrengte, så satt vi jo der og snakka ein liten time. Da måtte Robert hente kjerringa og den tomme grautkjelen, og eg sette kursen opp på Sørryggen igjen for å sjå etter klerken Ron. Og joda, no var han heime og dreiv og stabla ved. 62-åringen hadde det litt travelt, han skulle snart bortom dama si, må vite. Det var derfor ikkje tid å kaste bort, her måtte opptaksutstyret fram. Ron var ein triveleg mann, men ivrig politikar, og portrettet av fru Pallin som han hadde ståande framme, ga nok eit nokså klart bilde av kor han står i amerikansk politikk. Etter at den tilmålte tida var omme, sette eg på ny kursen tilbake til motellet.
Etter å ha fått meg litt ekte amerikansk mat i restauranten på motellet, ringte eg eit par av dei potensielle informantane som eg hadde fått namnet på. Ein av dei svarte ikkje, men den andre tok telefonen. Kona kunne da fortelje at mannen ikkje var heime, men at ho skulle kontakte han og be han sjå innom meg på turen heim.
Og i åtte-tida banka det på døra mi, og der sto det ein kar som lurte litt på kva eg ville. Eg fortalte om kva eg var ute etter, men det virka nok som han misforsto meg litt, han trudde helst at eg var ute etter namn på andre, og at han ikkje sjølv var interessant i denne samanhengen. Derfor insisterte han på at eg først måtte ringe Charles, ein av dei eg hadde snakka med tidlegare, og også Hildur, ein førstegenerasjonsinnvandrar frå Bodø. Bodø-dama var triveleg ho, ho utvandra like etter krigen. Og det var tydeleg at norsken hennar var litt rusten etter alle desse åra. Norsk snakka ho ikkje i dag, det var få her i Westby som forsto dialekten hennar, og i dag brukte ho også engelsk når ho snakka med bror sin, som også bur her. Ho kunne ikkje seie sikkert kvifor dei hadde slutta å bruke norsk når dei snakka med kvarandre. Men det kom fram at ho hadde eit søskenbarn i Halden, og da er det i og for seg greitt at ein berre ringer lokalsamtale. Deretter fekk eg nokre minutt med opptak av gjesten min, men han hadde det litt travelt, dessutan var det så lenge sidan han hadde snakka norsk. Så han var nokså rask med å takke for seg og setje kursen heim; han hadde nok ikkje hatt stunder til å ete ”søppel” enno.

Dette er i grunnen alt som har skjedd i dag, og her på motellet er alt roleg. Lena har dukka opp igjen, eg er litt usikker på kor ho har opphalde seg dei siste to dagane. Eg prøvde meg med eit par daskar, men ho er kjapp i snuen, den dama.
Og slik går no dagan her i Westby…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

24. september: Norskedalen, Skogdalen, Springdalen og Westby

Da er ein ny dag i ferd med å gå til endes, eg sit her på motellrommet og prøver etter fattig evne å fordøye alle inntrykka eg har fått i det siste. Og eg har hatt ein retteleg triveleg dag, anna kan ein ikkje seie om den saka. I går gjorde eg avtale med Larry, han er nyslått pensjonist og derfor litt rastlaus. For han var det sikkert godt å få vere heime og stulle dei første to-tre vekene, men no er meir enn klar for å finne på ting å gjere, og det ser ut til at det er her eg kjem inn i bildet. Larry har verkeleg vore til stor hjelp i arbeidet mitt, både gjennom å ta meg med til folk som er jamaldringar eller yngre enn dei ein gong staute karane i The Beatles, men også gjennom å hjelpe til med å halde ein samtale i gang når eg gjer opptak. Avtalen var at eg skulle møte opp heime hos han klokka tolv. Fram til da var eg på eiga hand, og det gjekk ikkje så bra. Planen min var å sjå innom Florence, ei herleg dame som bur oppe i Springdalen. Så like før klokka ni ringte eg til henne, men utan å få svar. Eg tenkte da at eg like godt kunne køyre bortom henne, berre for å sjå om ho var heime. Eg var innom henne saman med far til Larry for atten år sidan, og eg trudde eg skulle klare å finne fram, men det gjorde eg ikkje. For her er landskapet nokså krunglete, og det går småvegar (her kallar dei det lortrådar) på kryss og på tvers. Eg måtte derfor kapitulere, og derfor køyrde eg litt rundt for å sjå meg om, og eg tok også ein tur oppom Norskedalen for å sjå litt nærare på museet der. Eg var innom der for nokre dagar sidan, men da berre for å helse på, denne gongen gjekk eg gjennom samlinga med gamle hus. Og her er mykje endra sidan sist eg var her i 1992. Mange nye hus har kome hit, både tobakks-sjedd og utedass, i tillegg til at dei har bygd opp eit nytt tun. Mest synleg av alt er ei gammal norsk kyrkje. Igjen må eg seie at eg er imponert av alt det frivillige arbeidet som er lagt ned her. Det stemmer sikkert at museet i Decorah er det største etniske museet i USA, og at samlinga av gjenstandar av ymse slag er størst. Men samlinga av gamle hus i Norskedalen er gedigen samanlikna med det ein finn der borte. I dag var det full aktivitet der i dalen, for no i helga skal dei ha trøske-festival med demonstrasjonar av gamle arbeidsmåtar av ulikt slag. Om eg får tid, og finn allergimedisinen min, skal eg sjå nedom der da. Klokka tolv var eg tilbake hos Larry i Springdalen, og han vart først med meg opp til Lee-farmen. Der møtte vi den eine av Lee-karane i maskin-sjeddet, og der vart vi ståande å drøse, mest om farming, og da særleg traktorar. Eg må innrømme at eg ikkje akkurat er på heimebane når ein skal føre samtale om dei ulike modellane til John Deere, men her var Larry god å ha. Etter ein liten time med drøs med denne trauste farmaren, sette vi kursen oppom Springdalsryggen, der skulle vi sjå om Florence kanskje kunne vere heime. Og det var ho. Florence er ei av dei som vart videofilma i førre veke, noko som ho verkeleg ”enjåya”, og ho sa ikkje nei til ein ny runde med opptak. Grunnen til at eg særleg var interessert i henne, var talemålet hennar; ho er til no den einaste eg har møtt i dette området som har det korte rotstavingar i jamvektsord, et språktrekk typisk for den nordlege delen av Gudbrandsdalen. Eg ville derfor også sjå om ho hadde pre-aspirasjon i samband med geminerte konsonantar. Men her er eg litt usikker, eg må nok setje meg og høyre grundig på desse opptaka før eg kan gje eit eintydig svar på dette spørsmålet. Uansett, Florence er ei retteleg triveleg dame som ikkje står i beit for ord, så vi hadde ei herleg stund. Larry er ein hjartegod mann med omtanke for alle, i dag tidleg hadde han plukka bringebær, og han sette igjen ei korg hos Florence.
Deretter gjekk turen opp til Westby og til gammalheimen Norseland, har var det to eg gjerne ville møte, enkene Volden (uttala Vøllja) og Larson. Begge desse intervjua eg for 18 år sidan, og begge var enno i nokså god ”sjeip”. Eg fekk dei to med meg inn på fellesrommet på heimen, og eg var i ferd med å ta fram opptaksutstyret da ein stemme i høgtalaranlegget annonserte at ”all of you who can speak Norwegian are welcome to visit with a man from Norway and have coffee in the living room”. Eg pakka bort opptakaren igjen. For no kom dei trillande med den eine etter den andre, nokre var talatrengte, nokre høyrde ikkje, medan andre berre ville lese opp visdomsord frå ”Reader’s digest”. Sidan dei fleste her på heimen fall inn under kategorien norskspråkleg, vart det nokså folksamt inne på opphaldsrommet; eg ser eigentleg ikkje bort frå at pleiarane såg sitt snitt i å få eit lite pusterom i ein elles hektisk kvardag. Likevel, eg gjorde så godt eg kunne og prøvde å snakke med alle som møtte opp, sjølv om det ikkje alltid var like lett. For så snart eg klarte å få til ein litt fornuftig samtale, braut dama med Reader’s Digest av med eit av visdomsordet til president Woodrow Wilson om at ”Common sense is not that common anymore”. Det var eigentleg bra at ho ikkje ga seg til å sitere dei fjorten punkta som har gitt han ein plass i verdshistoria, da hadde eg nok vore der enno. Larry kom og henta meg, og vi var innom nokre andre av dei gamle, trauste norsk-amerikanarane, berre for å helse på. Og medan Larry trakterte bringebær, prøvde eg å småsnakke litt, med varierande resultat. Reint forskingsmessig var nok dette ein bomtur, dei fleste her var rett og slett for gamle. Men likevel ga denne ettermiddagen meg eit innblikk i kor sentralt det norske språket er for mange, kanskje ikkje minst i den fasen av livet som dei fleste av desse er i. Og som eg har sagt, det var herleg å sjå korleis Larry sjarmerte alle desse gamle damene med bringebær og småprat på norsk. Etter eit par timar på denne institusjonen køyrde eg Larry heim igjen, vi køyrde da over ”lortrådane” på Vestbygda og ned i dalen.
Vel tilbake på motellet trefte eg tilfeldigvis Buddy, ein av dei staute karane frå Skogdalen. Han køyrer skolebuss, hadde ein liten halvtime å vente mellom to av rutene, og han var derfor innom bensinstasjonen for å vente over ein kaffikopp. Eg vart med han inn, og over kvar vår kaffikopp, løyste vi i det minste nokre av problema verda har å stri med. Det må nok her skytast inn at Buddy og eg nok ikkje er einige i eitt og alt korleis slike problem best kan løysast. Men i denne samanhengen såg eg eigentleg ikkje nokon grunn til å framheve dette så veldig, her borte er eg mest glad for å kunne få snakke om amerikansk politikk på norsk.
Klokka seks hadde eg middagsavtale, ”The Iversons” hadde invitert meg med på den andre sida av byen, til ”Old Towns Inn” for å ete ”supper” (eller ”søppel” (med tjukk l), som dei seier her). Der var det stinn brakke, fullt av vaksne folk som ville ha seg eit glas og ein matbit før dei tok kvelden. Som eg kanskje har ymta frampå om tidlegare, så hadde eg eigentleg venta at det meste av norsk i dette området ville ein finne på gammalheimen. Men slik er det tydelegvis ikkje, Iverson ropte den eine etter den andre bort til bordet vårt for at eg skulle få møte norskspråklege. I tillegg peika han ut nokså mange i lokalet som han var heilt sikker på kunne snakke norsk. Til slutt fann vi eit bord saman med ein av ”county-klerkane”, ein mann tidleg i 60-åra med ei noko yngre dame. Og medan praten gjekk på ei blanding av norsk og engelsk, stappa vi i oss ein solid porsjon med biff. Før vi tok avskil, gjorde eg avtale med klerken om eit nytt møte ved nonsleite i morgon, da for å få gjort opptak av han.

Igjen må eg berre seie at eg er imponert av kor lenge det norske språket har vore i bruk her; det er ingen tvil om at det er heilt borte om nokre år, men det ser tydelegvis ut til at det framleis er nokså mange i arbeidsfør alder som kan snakke det. Før eg kom til dette området, venta eg rett nok å finne ein og annan som framleis kunne snakke litt norsk her, men ikkje at det skulle vere så mange, og heller ikkje at nokre av dei skulle vere relativt unge. Det heile er eigentleg litt utruleg.

Og slik går no dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

23. september: Bad Axe og Coon Valley

I dag har eg hatt ein relativt roleg dag, og det var eigentleg litt godt å ikkje ha det så hektisk. Å heile tida skulle vere konsentrert, gjere seg forstått og få folk til å snakke lett og ledig, kan vere slitsamt. Men samstundes har eg ikkje tid til så veldig mange slike kvileskjær, no har eg faktisk berre tre, toppen fire dagar igjen her i dette området. Dagen starta som vanleg, med ein tur innom sekretariatet mitt, ”The Iversons” klokka ni. Og i dag var eg faktisk dobbelbooka, eg hadde gjort avtale om å sjå innom gammalheimen Norseland klokka ti, men samstundes hadde ”The Iversons” ordna det slik at eg skulle ned til Bad Axe-kyrkja, som ligg eit godt stykke vest for Viroqua (som på desse traktene blir kalla ”Værråki”, med tonelag to og hovudtrykk på første stavinga) . Det er nokre dagar no sidan eg sist testa om GPSen funkar, og eg satsa på kart denne gongen. Og vegen var svært så lett å finne, først inn til Værråki, deretter nokre mil på hovudvegen vestover før eg svinga av til venstre på County N-vegen. Dette var ein retteleg geitesti av ein veg, bratt og svingete – det er kanskje ikkje utan grunn at mange vestlendingar slo seg ned i dette området. Heilt i botnen av bakken låg det ei lite kvitmåla kyrkje, og der skulle eg møte to kvinner som skulle gå igjennom kyrkjebøker for området. Eg må med ein gong innrømme at eg hadde misforstått litt – eg hadde fått høyre at alle dei gamle protokollane i heile countyet var oppbevara her, men slik var det ikkje; det dei hadde å by på, var protokollane til denne eine kyrkja. Såleis fekk eg ikkje sett det eg eigentleg hadde håpa på, bøkene for Westby og Coon Valley. Men på den andre sida, så var det også mykje interessant å lese her. Damene forsto litt norsk, men dei kunne ikkje snakke anna enn ein og annan setningen. Men dei satt no med ordbok og stotra seg gjennom desse bøkene, målet deira var å gjere dette materialet litt meir tilgjengeleg for engelskspråklege lesarar. Og etter fattig evne prøve eg å hjelpe dei med ting dei ikkje forsto. Noko av dette var retteleg underhaldande lesnad, ikkje minst statuttane for ”Kvinde Foreningen”, for her skulle alt gå retteleg for seg. Dei hadde laga seg ein eigen ”rol” for serveringa, dei skulle berre varte opp med to sortar ”kakes” og tre sortar ”kokkis”, i tillegg til ”Suker Lumps”, kaffi skulle det derimot vere rikeleg av, nok til at alle fekk så mykje som dei berre lysta. Og dersom ein no skulle finne på å setje fram meir på bordet enn dette, vanka det ”fen” på femti cent. Ein kan berre tenkje seg korleis desse husmøta må ha eskalert til gedigne serveringskonkurransar mellom ”Kvindene” før ein fann grunn til å setje ned foten og innføre ”fen”.

Som ei slags takk for hjelpa kasta så damene seg over telefonen for å finne fram til nokre sogningar til meg. Og det klarte dei, så søndag klokka to skal eg få møte ein vaskekte sogning på rundt 80, og ei dame i førti-åra med røter til Nordfjord. Eg er litt spent på korleis det vil gå, norsk-amerikanarane er litt sensitive for dialektar annan enn deira eigen, så eg lurer litt på om eg klarer å kommunisere med dei. Eg tek til å få litt sving på ”Konvalle-norsken” no, men det spørst om det hjelper stort i møtet med desse Værråki-folka. Taim vill tell…

Deretter gjekk turen tilbake til Westby, der eg fekk nokre minutt til skyping med Gamlelandet før turen så gjekk ned til Kon Valle (Coon Valley). Der hadde eg ein avtale på Fjord Bar med Sunny, ein farmar på 67 år. Eg vart fortalt at det kunne vere lurt å møte han der, og dei hadde sikkert rett i så mååte. Da eg kom inn, sat han og venta, og han hadde korta tida med ein dram. Og Sunny var igjen ein draum for ein feltarbeidar, han hadde mykje å fortelje om det meste, og to drammar seinare var han retteleg i godlune. Det var berre oss to i baren, og eg gjorde opptaket der. Rett nok var det litt bakgrunnsstøy, men Sonny snakka så høgt at han nok kompenserte for litt slikt brå. Men brått fekk Sunny det travelt, han skulle sitje barnevakt klokka fire, vi tok kvarandre i handa og takka for ei triveleg stund, og så gjekk han. Og da var det eigentleg ikkje noko anna å gjere enn å takke for seg og reise tilbake til Westby igjen. Eg kjøpte meg litt mat, og sette meg så på motellet for å rydde litt opp i opptaka som eg har samla inn under denne ”treppen”. Sist eg dreiv feltarbeid, så brukte eg kassett-spelar, og da skreiv eg namn og dato på kvar kassett. No har eg konvertert til digitalismen, noko som er veldig praktisk, men som også fører til at ein berre sit med kryptiske filnamn. Så kvelden har altså gått med til å rydde opp i dette før eg gløymer namna på dei eg har snakka med.

Elles er det roleg på dette etablissementet no i kveld, i går regna det nesten ti centimeter her, og no i ettermiddag har det også vore ruskevêr, det er rett nok nokså varmt ute, men det regnar altså litt. No dei siste par dagane har det vore mange her på motellet som er her for å prøve fiskelykka i Coon Creek (Kon-krikken, som dei seier her), og desse er svært lite nøgde med alt regnet, da ville vassføringa blir for stor. Men samstundes har eg vondt for å forstå at dette bekk-siklet skal vere ein av dei beste fiskeplassane på desse kantane av verda. For dette er ikkje meir enn ein liten bekk, dei fleste plassane bør ein fint klare å hoppe over. Men det er tydelegvis ikkje alltid storleiken som tel når ein skal ut for å fiske.
Som sagt, det er stille og roleg her, og det ser også ut til at husflua Lena har pakka saman og reist sin veg. Eg skal på ingen måte seie at eg saknar henne, forholdet mellom oss var vore noko anstrengt den tida vi har hatt saman.
Og slik går no dagan…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 22. september: Westby, Springdalen og Sørryggen

Ein ny dag her på den amerikanske prærien. I dag møtte eg opp heime hos Mrs Olson, ei dame i 70-åra som eg møtte sist eg var her i området, og som eg visste kunne snakke bra norsk. Og meininga var at ho også skulle be heim ei kusine som kunne snakke norsk. Så eg såg for meg at vi tre skulle sitje rundt kjøkkenbordet og snakke om laust og fast på norsk. Men slik vart det ikkje, for Mrs Olson hadde bestemt seg for å toppe laget gjennom å invitere nokre fleire ”norskerar” i slekta si. Og alle som dukka opp til denne ”eventen” var trivelege folk, noko anna kan ein absolutt ikkje seie, problemet var berre at det var heilt umuleg å få dei til å snakke norsk. Alt gjekk på engelsk, og slik sett vart utbyttet litt magert. Men kaffien var da god, og det same var kaffibrødet, men det var no ikkje det eg hadde reist heilt frå Noreg for å finne ut av. Derfor var eg litt skuffa da eg gjekk derifrå, sjølv om dette eigentleg ikkje overraska meg så veldig – når vi er to eller tre, går det bra på norsk, men er det fleire, så blir det lett engelsk. Etter denne litt mislykka seansen, sette eg kursen tilbake på motellet igjen, eit etablissement som heiter Central Express. Det kan kanskje vere folk som vil hevde at dette namnet er litt misvisande, i amerikansk samanhengeg er det lite ”central”, og ”expressen” kan også vere litt venskeleg å få auge på, sjølv om livet her heilt klart er tilpassa ein litt småtreig inntrønder, her tekein ting som det kjem …

I halv to-tida køyrde eg ned i Springdalen, til Larry, som lever under ”bloffa” på Springdalsryggen. Og Larry kan snakke, og i tillegg er han svært hjelpsam. Han hadde nokre gamle bøker som han ikkje forsto så mykje av og som han ville ha litt hjelp med å finne ut av kva var. Dansk-norsk rettskriving og gotiske bokstavar er ein kombinasjon som Larry ikkje heilt har taket på. Denne boksamlinga hans besto for det meste av salmebøker og annan religiøs litteratur, i tillegg til ei over hundre år gammal anatomibok som tok for seg ulike plager og skavankar, inkludert fleire sider om alle farane knytt til ”selvbesmittelse”. Han ville gje bort heile samlinga, men desse bøkene har det nok best her i Springdalen. Likevel så plukka eg med meg ei bok, ”Farmerkonen Marit Kjølseths Erfaringer i Chicago”, med undertittelen ”En Skildring af en med Bylivets Mysterier ukjendt Kvindes Oplevelser under et kort Ophold i Havestaden”. Og sidan dette eksemplaret var ”Syvende Udgave”, publisert i Chicago i 1902, må dette vere ein av Allan Sætres heilt store kioskveltarar. Denne boka er tydelegvis mykje lese, ho heng nesten ikkje saman, og eg har enno ikkje kasta meg over dei 108 sidene om Marit i Chicago. Eg kan derfor heller ikkje gje noko innhaldsreferat ut over at det på side 103 er ei teikning der Marit tømmer nattpotta i hovudet på ei gruppe byfolk, så ein bør kanskje ikkje gå inn i denne lesinga med forventing om ”By og land – hand i hand”. Eg skal kome tilbake med eit fyldigare innhaldsreferat så snart eg har lese dette storverket. Medan eg bladde i bøkene, snakka Larry heile tida på norsk, og sjølv om kona ikkje forstår det spøtt av kva han seier, let han seg ikkje affisere av slike detaljar. Deretter var det servering av hermetisk aure med kaffi til; kvar for seg smakar dette kanskje ikkje så ille, men etter min smak, så ”fittar” dei ikkje så godt saman – men ein kan sikkert venne seg til mykje rart her i livet.

Larry har mange norskspråklege venner, og etter å ha snakka om laust og fast i ein times tid, sette vi kursen mot Sørryggen. Først stakk vi innom Blyhovde-farmen, og kårkallen der, som var i slutten av 60-åra, snakka godt norsk. Han dreiv og klipte graset da vi kom, og vi vart ståande ute og snakke, og da særleg om gammaltida. Deretter gjekk kursen ned i ein av dei små dalane på Sørryggen som eg ikkje hugsar namnet på, og der låg det ein farm der dei av alle ting dreiv med alpakka. Fram til årtusenskiftet dreiv dei fleste farmarane i dette området med tobakk, men dei siste åra har det vorte slutt med det. Tobakken var viktig ”cash crop” for mange, men no er det ikkje etterspurnad etter den tobakken dei brukte å ”avle” her i området meir. Derfor prøver mange å finne gode alternativ til tobakksdyringa, nokre prøver seg med vindruer, medan andre altså satsar på så eksotiske ting som alpakka. Kor som er, farmaren her dreiv å vøla ”fenset” da vi kom, og også her vart vi ståande ein dryg halvtime og drøse om laust og fast. Igjen, eg blir også denne gongen overraska over kor godt mange kan snakke norsk. Etter dette møtet gjekk turen tilbake til Lindvik-ryggen, ned Lindvik-bloffa og ned i Springdalen, der eg slepte av Larry. Dette var ein svært interessant tur.

Deretter fann eg vegen tilbake til motellet, der eg fekk litt tid til å lese e-post og gjere unna anna ”kjårs”. Klokka halv seks gjekk turen inn i Westby igjen, til ”The Iversons”, dei er utruleg snille og hjelpsame, og eg har konstant dårleg samvit for dei – dei gjer alt dei kan for å hjelpe meg, stiller huset til disposisjon for lydopptak, serverer både ”hot dish” og kaffe til meg, i det heile, eg er litt usikker på korleis eg skulle ha klart meg utan hjelpa deira.

Klokka seks hadde eg avtale om intervju med ein av dei eg ser på som eit høgdepunkt her – ein dei kallar Johan og som bur på Springdalsryggen. Det vara og det rakk, men Johan dukka ikkje opp. Fru Iverson måtte til slutt ringe han, og sonen Gunnar (!) tok telefonen, og joda, sjølvfolket var på veg ut døra. Og ti minutt seinare kom dei, Johan og kona (her heiter det forresten kjerringa) var som ungfolk å rekne, han hadde vakse opp med norsk heime, så han snakka godt norsk. Vi to benka oss rundt kjøkkenbordet, og vi snakka ein dryg time på norsk. Dette er første gongen eg har møtt folk her borte på min eigen alder (han var som eg fødd i 1961) som kan snakke norsk. Han kunne faktisk fortelje at han vaks opp med berre norsk heime, og at han knapt kunne engelsk da han begynte på skolen. Skolen var eit sjokk for han, han hadde faktisk venta at alle ungane skulle kunne norsk slik som han, men så viste deg seg altså at ingen andre kunne snakke dette merkelege språket. Og verst av alt, han kunne lite engelsk, så han hadde ”ei hard tid” i starten. Men etter kvar så ”mæka” han det, og no snakkar han mest engelsk. Likevel, det var svært merkeleg å høyre livshistoria hans, særleg med tanke på at vi begge vaks opp samstundes, begge vaks vi opp med berre norsk heime, men likevel har svært ulike erfaringar – så vidt eg hugsar, var det ingen som mobba meg for språket mitt første skoledagen.

No er eg tilbake på motellet igjen, og veret her er noko for seg sjølv. I heile dag har det vore godver, men no i kveld var det skikkeleg torever. Eg måtte gå frå bilen og inn, og på desse fem metrane vart eg heilt gjennomblaut. No prøver eg å få tørka buksa og skjorta mi, men eg veit ikkje heilt korleis det vil gå. Elles har eg ikkje sett husflua Lena i kveld, har ho alt flytta ut, skal tru? Eg har i alle fall ikkje klart å ta livet av henne. Men når sant skal seiast, så saknar eg ikkje henne så veldig.

Og slik går no dagan her i Junait’n.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar