Onsdag 20. juni: Seattle og Vancouver, WA

Ny dag med nye mulegheiter: No skulle vi ned til Vancouver på grensa til Oregon for å møte nokre potensielle norskamerikanarar der. Her borte er vi heilt på upløgd mark, og vi veit aldri kva vi vil finne. Tidlegare har vi i hovudsak vore på jakt etter «heritage speakers», men her må ein ta det ein finn, både folk som har utvandra sjølve og også norsk-amerikanarar som har lært norsk andre stader enn heime. Og slik vi har arbeidd denne gongen, veit vi ikkje riktig kva vi får.

Hovudkjelda for kontaktar har vore Sons of Norway. Dei fleste er veldig hjelpsame, men samstundes veit dei ikkje heilt korleis dei skal hjelpe oss. Dermed får vi også informantar som vi akkurat no synest ikkje er så veldig interessante, men kven veit, kanskje også desse ein dag vil kaste lys over språkutviklinga i det norske Amerika.

Etter ein svært rask frukost og litt hektisk pakking, kom vi oss i veg før åtte. Men turen sørover frå Seattle var drygare enn kva vi hadde trudd. Det er vakkert landskap vi passerte: Veldig norsk, men samstundes også veldig framand. Den første avtalen vår var på motellet der vi skulle bu, og da vi kom inn i lobbyen, sat det ein gjeng på 5-6 godt vaksne folk og venta på noko – og dette «noko» var nok oss to. Vi sjekka inn og rigga opp studio på begge romma våre. Og som vanleg blir det litt tannlegekontor-aktig, med venterom der folk berre sit litt urolege, flakkar med blikket og ventar på tur, og to turnuskandidatar som etter beste evne prøver å halde orden i køen medan dei gjer sitt beste for at klienten skal klare seg gjennom seansen. Eg fekk med meg nokre inn på rommet mitt, medan Janne «behandla» nokre på sitt rom. Dei «pasientane» som eg hadde, var ikkje alle så heilt gode på norsk, men dei klarte seg tolleg bra. Ein av dei hadde ei svært merkeleg historie å fortelje i frå Stillehavskrigen: Som offiser i handelsflåten var han i Asia med last (eg må innrømme at eg ikkje heilt hugsar kor det var), og siste kvelden, medan båten vart lossa, fekk han permisjon. Saman med nokre andre reiste han inn til sentrum, og der møtte han bror sin (som han ikkje viste kor var eller om han levde). På imponerande kort tid klarte vi å dokumentere språket til denne gruppa, men «This is America», og her er det absolutt ikkje tid til å drive dank.

Klokka tre venta neste gruppe på oss, og denne gongen var det vi to som skulle ut i felten og oppsøke klientellet. GPS-en hjelpte oss fram, og berre nokre få minutt forsinka var vi framme hos den neste gruppa som var ein familie på tre generasjonar. Bestemora snakka «mårråksmål» (Meråker), den eine sonen hadde også ein gong snakka dette gudegitte språket, men så hadde han fått det for seg at det var så mykje betre å snakke etter skrifta. Og barnebarnet snakka også godt, ho hadde lært det gjennom studium. Eg snakka mest med bestemora, ho var kanskje litt rusten i språket, men når ho fekk varma opp litt, så glei det da rimeleg godt. Og det viste seg at ho hadde vokse opp i Renner i Sør-Dakota, ein plass der eg gjorde feltarbeid for 25 år sidan. Dermed hadde vi også nokre felles referansepunkt i samtalen. Da vi var ferdige med opptaka, varta den andre sonen i huset opp med norsk mat, det meste hadde han laga sjølv. Denne karen kunne ikkje norsk, så han spurte: Do you still have murr in Norway. Det tok litt tid før eg forsto at det var spekepølse han sikta til. Desse folka var svært glade i spekepølse, og dei fekk denne sendt frå nettopp Renner i Sør-Dakota. Ei lita anekdote: Da eg var i Renner for 25 år sidan, var eg også innom denne pølsemakaren som hadde spesialisert seg på sal av bensin og kjøttmat: På inngangsdøra hadde han hengt opp ein plakat der det stod: We have SPETZ-AMOR. Og desse amor-greiene var nok ikkje noko eksotisk afrodisium, men rett og slett spekemorr.

Etter god norsk mat og triveleg prat, samla vi saman vårt og tok avskil. På vegen heim til motellet kom vi på at etter all denne søtmaten skulle det smake godt med ein boks øl, så vi svinga innom ein matbutikk på vegen. Amerika er eit merkeleg land: Det er sikkert over 30 år sidan sist eg måtte vise legitimasjon for å få kjøpt noko slikt. Og at dokumentasjonen min var norsk, gjorde nok sitt til at køen bak oss etter kvart vart nokså lang. Men vi kom oss da vidare til slutt.

Og slik går nu dagan i Vancouver, WA

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 19. juni: Seattle

Den første natta i USA slokna eg tidleg, men til gjengjeld vakna eg også tidleg. Alt i tre-tida var eg nokså klar og vaken, eg brukte viljestyrke og klarte å døse fram til klokka fem, men da makta eg ikkje meir og karra meg opp. Folk som kjenner meg vil nok seie at denne iveren etter å kome seg ut av senga er eit heilt nytt personlegheitstrekk ved meg. Men det å vakne tidleg betyr ikkje nødvendigvis at ein får gjort mykje arbeid i morgontimane. Før eg reiste til Amerika fekk eg installert nytt oppsett til pc-en, og dermed forsvann også vital info for Skype, ulike drivarar og slike ting. Det hadde jo vore stas med litt kontakt med dei der heime slik at dei veit at det er liv i meg, men slik det er akkurat no, ser ikkje det ut til å vere muleg.

Janne og eg starta arbeidsdagen med å køyre ned til den svenske klubben der vi skulle snakke med to svenske damer. Og no vart ein ny standard for informantar sett i og med at vi fekk møte folk som ikkje var pensjonistar. Den eine av dei to var ei dame på rundt 40 som hadde vakse opp med svensk heime. Og i motsetnad til mange av dei norske informantane vi har hatt, forsto denne dama også inntrøndsk utan særlege problem. Vi hefta ikkje så veldig lenge der, straks opptaka var gjort, sette vi kursen ned til Sons of Norway-losjen. Der har dei noko som dei kallar «Kaffe stua» der folk møtest til ein kaffiskvett og ei brødskive. Vi er ikkje medlemmer og har i utgangspunktet ikkje lov til å kome inn der. Men her brukte vi «trondhjemspie»-knepet: I alle fall på 80-talet var det vanleg at jentene i Trondheim stilte seg opp ved køen framfor Studentersamfundet og gjorde seg lekre i håp om å få bli med ein mannleg student inn. Janne og eg stilte oss også opp, og sanneleg fungerte dette trikset også her, sjølv om rollane på sett og vis var snudd på hovudet: Vi fekk vere med ei ekte trondhjemspie inn, ei dame som snakka fintrønder og var i 80-åra. Sjølve «Kaffe stua» var eit nokså trist rom med murveggar og utan vindauge. Men inne var det stort sett berre norskspråklege pensjonistar, alle var førstegenerasjonsinnvandrarar. Vi sat der ein dryg time og prøvde å snakke med så mange som muleg. Her var det folk frå mange ulike stader i landet, og vi hadde ei veldig triveleg stund. Men vi hadde ikkje tid til å hefte så lenge, for i 12-tida skulle vi opp til “Nordic heritage museum” for å gjere opptak av ein nordlending.

Ved hjelp av GPS-en fann vi lett fram, og nordlendingen dukka opp samstundes med oss. Dette var ein mann i femti-åra med godt humør: han vitsa, smilte og lo heile tida. Det var tydeleg at han hadde mest sans for sin eigen humor, for det var nesten ikkje måte på kor mykje han lo, ikkje minst av sine eigne vitsar. Det viste seg snart at denne karen ikkje hadde lært norsk i Amerika, i alle fall ikkje så mykje. Men han hadde vore nokre veker på Hamarøy, og det hadde sett varige spor i språket hans – for han snakka med tydeleg nordnorsk aksent. I tillegg hadde han studert språket, og han arbeidde som norsklærar og organist. Likt med svenskane var elles ikkje denne karen heilt i målgruppa for arbeidet vårt, men det er ikkje dermed sagt at språket hans var uinteressant. Etter intervjuet sprang eg som snarast igjennom utstillinga i museet, deretter bestemte vi oss for å sjå oss litt rundt i Seattle.

Vi køyrde litt rundt i Ballard, den norske delen av Seattle, var innom eit indianarsenter (eit svært hus utan så veldig mykje innhald) og såg litt på utsynet over bukta før vi sette kursen net til slusene. Det var mykje aktivitet der nede av folk som arbeidde med å hente opp fisk i laksetrappa , og ikkje minst, trafikk i slusene med båtar som gjekk ut og inn. Veret hadde også letta no, og sola skein, så vi hadde ei fin stund der nede. Utpå ettermiddagen køyrde vi tilbake til motellet og gjekk ut for å ete middag.

Og så mykje anna enn det er det vel ikkje å berette, anna enn at når ein inntrønder på vandring i den store verda prøver å utvide det gastronomiske repertoaret til å omfatte litt anna enn berre kjøttkaker og trøndersodd, så kan det lett oppstå problem. Sidan vi ville ete i nærleiken av motellet, var ikkje utvalet av restaurantar så veldig stort, men vi fann til slutt fram til ein koreansk restaurant, og inn der strena vi. Vi bestilte noko som eg ikkje heilt forsto kva kunne vere, men eg meinte at det kanskje kunne vere steikt flyndre eller noko i den retninga. Og det var det faktisk, men det eg ikkje heilt hadde sett skulle kome, var at dette skulle fortærast med pinnar. Det var verkeleg ei finmotorisk utfordring – når ein som uøvd skal prøve å reinse beina frå flyndra, så har ein sitt å stri med. Og betre blir det eigentleg ikkje av at ein er småtrøytt og sikkert litt irritabel. Men med ein pinne i kvar handa fekk eg det da i meg på eit vis. Janne derimot har tydelegvis gjort dette før, ho sat der svært så elegant og beherska og tedde seg som om ho var barnefødd i Seoul.

Og slik går no dagan på Vestkysten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

18. juni 2012: Halden – Seattle

Da er vi i gang igjen med enda ein runde med feltarbeid i Det norske Amerika: dette er noko eg første gong gjorde for over 25 år sidan, og det er sikkert eitt eller anna gale med meg når eg framleis har så stor glede av å reise rundt på den amerikanske landsbygda og snakke norsk med gamle folk. Men ja, det har så langt vore frykteleg moro, og vi får håpe at det vil halde fram med å vere det.

Reisa mi starta frå Halden med tog klokka null seks femtiåtte, og av ein eller annan uforklarleg grunn gjekk toget heilt fram til Oslo S utan at eg fekk mulegheit til å prøve ut det makelause konseptet «buss for tog» – utruleg. Deretter var det flytog, og på ny skulle det vise seg at tog verkeleg er tog, og ikkje ein buss slik det var i på den siste amerikaturen. Så endeleg har eg litt handfast empiri som faktisk viser at verda går framover. På Gardermoen møtte også Janne opp, og dermed var forskingsgruppa etablert og i nesten to veker skal vi to gjere vårt beste for å flytte forskingsfronten i ein eller annan retning – i første omgang satsa vi på å flytte denne grensa sørover i og med at vi måtte til Frankfurt for å bytte fly. Frankfurt er sikkert ein OK by, tyskarane er også kjent som store organisasjonstalent, men for meg står ikkje flyplassen der fram som ein dokumentasjon på dette. Ein skulle heller tru at dette var organisert av småbarn fora opp på cola og strøsukker. For denne flyplassen er verkeleg kaotisk og rotete – for meg er det nesten heilt uforståeleg at tyskarane kan ha snikra saman noko slikt. Skiltinga her stiller store krav til den reisande, her kjem ein ikkje langt utan stort pågangsmot og livleg fantasi. Men vi fann da fram i denne labyrinten, kom oss velberga gjennom kontrollen og til slutt kunne vi spenne oss fast i eit flysete.

Om sjølve flyreisa vestover er det ikkje så mykje å berette, anna enn at det er ekstremt kjedeleg å sitje i eit fly i nesten ti timar, og så veldig stort handlingsrom har ein heller ikkje. Og eg må her også nemne at Janne viste stor offervilje og foreslo at eg kunne få sitje ved midtgangen, det hjalp aldri så lite. Likevel fekk eg veldig god tid til å lure på kvifor det i seteryggen framfor meg var lagt inn nokre smale metallskinner under foret som heile tida åt seg inn i kneskjela mi. Eg kan nesten sjå for meg det sadistiske smilet til ingeniøren når han kom fram til at slik må eit ordentleg flysete vere konstruert. Her bør NIFO så absolutt kunne ha eit potensielt æresmedlem.

Også denne flyturen tok slutt, og eigentleg trudde eg at karrieren som turistkveg ville vere over for denne gongen. Men så vel var det ikkje, det var vel eigentleg først no det starta. Og den store utfordringa her var den amerikanske passkontrollen. Vi hadde plass langt bak i flyet, og derfor kom vi oss seint av flyet, og dermed også seint til passkontrollen. Her venta det oss ein uhorveleg lang kø, og denne køen var slik at han nesten ikkje rørte seg. Vi venta og venta, medan karane i skranken tok seg retteleg god tid – og dette er karar som er drilla i utspekulert utspørjingsmetodar og iskalde blikk, og dei brukte uhorveleg lang tid på kvar av stakkarane som kom fram til skranken. Det gjekk verkeleg seint framover, og vaktene tok seg god tid – frykteleg lang tid. Men vi var neppe dei første som har stått i kø her, for ved dei ulike køane var det plassert uhorveleg store luftvifter som det verkeleg var amerikanske dimensjonar over, sjølv korntørkene som finst heime i Trøndelag blir puslete samanlikna med desse monstra.

Til slutt kom vi oss gjennom passkontrollen, fekk henta ut koffertane, kome oss på toget, bytta til buss, og til sist kom vi til bilutleigefirmaet. Og dette var verkeleg ei positiv overrasking. Eg må vere ærleg og innrømme at eg trudde eg hadde bestilt og betalt ein halvgammal bil, men dette var svære greier. I fjor hadde vi eit skikkeleg monster av ein Ford, denne gongen fekk ein doning som ikkje var dårlegare. Heller ikkje Janne hadde noko å utsetje på denne farkosten, og ho bør jo ha greie på slikt sidan ho har lese delar av pensum til båtførarprøven og veit t.d. at det er dårleg sjømannskap å gha fenderane ute i fart. Og sjølv om eg elles er heilt blotta for forretningstalent, må eg berre vedgå at denne gongen hadde eg gjort ein god handel. Så kanskje dette er starten på eit nytt og betre liv som business-mann? Og med nybilen duva vi nordover gjennom Seattle sentrum og til utkanten av byen, der vi hadde tinga oss motell for dei to første nettene. Og slitne, og med kroppen full av jetleg kunne vi finne romma våre og ta kvelden.

Og slik går no dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 24. juni: Minneapolis

Denne siste dagen i Minneapolis hadde vi tenkt å bruke til å sjå oss litt rundt, men dagen vart ikkje heilt som vi hadde tenkt. Rett etter frukost gjekk eg innom rommet for å prøve å snakke litt med familien, som no er i Spania, og i samband med dette sjekka eg også e-posten min. Og der låg det ei lita kosemelding frå Icelandair: “Dear customer. Due to industrial action your flight to Oslo has been cancelled. For rebooking and further info please call +354 50 50 100 or visit Icelandair.com “. Eg sette da kursen nedover gangen og mot rommet til Janne, der eg møtte henne i døra; og det var tydeleg at ho også hadde fått den same meldinga.

Ja Icelandair er sanneleg noko til selskap, vi sjekka dette telefonnummeret, og vi var innom heimesida til dette fortreffelege selskapet, men ikkje fekk vi svar, og ikkje fann vi informasjon. Vi fekk da den glupe ideen at vi kanskje kunne ta turen ut på flyplassen, der var det sikkert nokon som kunne hjelpe oss. Men igjen var det tydeleg at dette selskapet har reindyrka taktikken med å låse døra, dra ned rullgardina, dra ut telefonledningen og så å håpe at det heile vil gå over av seg sjølv. Om sider fann vi ei dame som i alle fall var villig til å undersøke litt for oss. Det var ikkje så veldig mykje ho fann ut, anna enn at det ikkje gjekk noko fly frå Island til Oslo; ei ny ventetid der oppe var vi ikkje så veldig sugne på. Utrusta med eit nytt telefonnummer reiste vi tilbake til hotellet igjen og rigga oss til ved telefonen. Og her låg det an til venting, og det er tydelegvis ein eller annan glupingen som har funni ut at ventetida blir ei så mykje meir positiv oppleving berre ein pøser på med søt musikk. Eg trudde kanskje storheitstida til hammondorgelet med rytmeboks forsvann på same tid som LP-platene, men dette stemmer ikkje heilt, det er snarare slik at dette stasmøbelet har flytta frå grammofon til telefon. Uansett, etter ein dryg times venting i selskap med veldig søt musikk, kom vi endeleg igjennom. Og dama i den andre enden var svært så snakkesalig – eg kan godt forstå at det vart lang ventetid for å kome igjennom til henne. For å gjere ei lang historie kort, vi fekk til slutt booka over til Delta si rute via Amsterdam. Og etter å ha brukt mykje av dagen på å ordne opp i dette billett-rotet, kunne vi endeleg gå ein runde for å sjå på denne metropolen. Eg har vori i denne byen før, men eg hadde berre svært vage minne om kva det var å sjå her. Og eigentleg var det ikkje så rart at minna var vage, for det var vel eigentleg ikkje så mykje å glane på. I det heile, det litt amputerte programmet vi fekk som turistar, var eigentleg langt nok. Vi gjekk derfor tilbake til hotellet igjen for å arbeide, dvs. ordne opp i alt videomaterialet som vi har samla, og også sikre at vi har kopiar av alt. Det ville vere for ille om vi skulle miste det vi har samla desse dagane. Og i morgon reiser vi heim, vi skal berre ein snartur innom Mall of America først, og da er jobben vår gjort her i Midtvesten. På andre sida av havet ventar jetleg, klesvask, kontor og andre kvardagslege ting.

Og slik gjekk no den siste dagen her i Amerika.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 23. juni: Sunburg, Minneapolis

Litt utafor Wilmar ligg småbyen Sunburg, og der hadde vi gjort avtale om intervju heile dagen. Og medan eg tidlegare i veka kunne imponere med lokalkjennskap til småvegane rundt Westby og Coon Valley, er dette Janne sitt rike. Inne på det dei kalla Kultur Hus, sat det to damer og venta på oss, og gjensynsgleda var stor da dei fekk sjå Janne. Desse to damene hadde lagt køyreplanen for oss, og vi rigga oss raskt til på to rom oppe på loftet. Programmet var nokså stramt, det kom grupper på to og tre kvar time utover heile dagen, og desse fordelte vi oss imellom som best vi kunne.

Hovudoppgåva mi var å snakke om farming med dette trauste bonde-folket. Og etter kvart har eg fått litt tak på dette, sjølv om det heile til tider kan framstå som lett absurd. For rett nok kjenner eg ord som bailer, blower, combain og disc, men eg har litt vage idear om kva dette eigentleg er og kan brukast til. Joda, eg vaks opp ikkje så langt ifrå ein gard, og der hadde dei både traktor og forhaustar. Og eg har som gutunge også vore med på mjølking i sommarfjøs, hesjing og potetplukking. Men denne erfaringsbaserte kunnskapen kjem lett til kort når ein skal føre ein laus og ledig samtale om maskinelt jordbruk på prærien. Eg prøvde da å late som om eg hadde uvanleg god greie på kva dei snakka om, og understreka nettopp dette gjennom å slå om meg med dei fire glosene som eg kan (men framleis er litt usikker på kva tyder): bailer, blower, combain og disc (i alfabetisk orden er dei lettare å hugse). Og stort sett så vart desse innspela tekne for god fisk, og samtalen gjekk for det meste i ein vennskapleg tone om viktige ting som bailer, blower, combain og disc.

I ettertid slår det meg at desse opptaka skal lagrast for ettertida. Så får eg berre håpe at ikkje ein eller annan agronomspiren finn på å skulle høyre på dette. Det andre som bekymrar meg litt, er kor håplaust lite politisk korrekt eg er i val av samtaletema. For når eg skal gjere opptak av menn, så køyrer eg sikkerstikket mitt: bailer, blower, combain og disc. Er det kvinner derimot, så styrer eg samtalen lett inn på arbeidet ved kjøkkenbenken. Det kan godt vere at eg framleis kan ha eitt og anna å lære som feltarbeidar.

I 12-tida var det innlagt lunsj-pause, og da vart det diska opp med mykje godt. Og det seier eg heilt utan ironisk klang, for etter nesten to veker med mykje kjemisk plumbo-mat, var dette meir jordnære varer med både suppe og smågrovt brød. Og dei to damene i arrangementskomiteen gjorde sitt beste for at vi skulle føle oss som heime. Kort sagt, det vart ei triveleg stund rundt matbordet. Etter maten var det på han igjen, og det vart ein lang dag med mykje prat om bailer, blower, combain og disc. Og eg gjorde så godt eg kunne for i virke interessert, men under det siste intervjuet sleit eg verkeleg for å halde augo oppe – det var heilt forferdeleg, eg måtte bruke all mi makt for ikkje å duppe av: eg hadde også tungt for å fokusere blikket. Og det var da Janne viste fram stoltrikset. Ho var ferdig med intervjuet sitt, og gløtta innom til oss for å sjå til kameraet. Ved sida av denne apparaturen stod det noko som likna på ein stol, og Janne fekk det da for seg at denne stolen sikkert kunne vere god å sette seg på. Men denne stolen var ikkje som andre stolar, under putene var det ei heller vaklevoren ramme; stolputa ramla ut og i golvet, og same vegen gjekk det med Janne. Det var kanskje ikkje elegansen i nedslaget som gjorde mest inntrykk på oss, men det er så rart med det, heller ikkje her ute på prærien er det kvardagskost å sjå ein professor liggje klistra innmed golvlista medan ho kavar og spreller. Sjølv eg vakna til litt av dette underhaldningsinnslaget.

Utpå ettermiddagen var vi ferdige, da hadde vi også gjort eit skikkeleg dagsverk, og kursen kunne no gå til Minneapolis, der vi hadde tenkt å bruke den siste dagen. Her fann vi eit hotell i nærleiken av sentrum, og det eg sette mest pris på, var at det låg ein jazzklubb eit par kvartal unna. Og dersom ein kan klare seg ein kveld her borte utan å måtte høyre Nidelven, så var dette ein fin stad å sjå innom og også ein flott finale etter hektiske dagar med feltarbeid.

Og slik går no dagan i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 22 juni: Wanamingo, Wilmar

I dag gjekk turen tilbake til Wanamingo igjen. Da vi kom hit for over ei veke sidan, hadde vi gjort mange avtalar om opptak, men vi mista jo ein dag pga dette Icelandair-tullet, og derfor ville vi samle opp litt meir. Eg hadde særleg lyst til å snakke med Irene og Sigurd, eit ektebar som bur på ein farm midt imellom Zumbrota og Wanamingo. Irene er dotter til ein av informantane som eg hadde her for 25 år sidan, og det kunne vere interessant å sjå om ho snakka like godt som opphavet. Desse to hadde det svært travelt, men om vi kunne kome med ein gong, kunne det kanskje vere ein ørliten opning i avtaleboka deira. Igjen rota vi litt med denne GPSen, som insisterte hardnakka på at dei budde midt ute på ei “field”. Men etter å ha spurt etter vegen, fann vi da fram utan fleire problem. Irene og Sigurd var trivelege folk, og igjen invaderte vi privatlivet til folk, og utan skamvett rigga vi opp utstyr, kopla straum medan dei sat rundt bordet med kaffikoppen i handa og såg litt undrande på oss.

Sigurd var litt forsiktig av seg og sa ikkje så veldig mykje, noko han forklarte med at det var så sjeldan at han slapp til når han var saman med henne. Og det hadde han sikkert rett i, for dette var dame som hadde snakketyet i orden – her gjekk det i stjørdalsmål både på innpust og utpust. Og Irene hadde mykje å fortelje, her trong ein ikkje drive med utspekulert intervjuteknikk for å få nokre ord ut av henne. Men av og til måtte ho ut på kjøkkenet for å røre i ei gryte som ho hadde ståande der, og da fekk også Sigurd armslag til å kome med nokre ord.

Det var to ting som særleg fascinerte meg med dette møtet. For det første slo det meg kor avslappande og godt det var å kunne snakka min eigen dialekt utan å måtte prøve å knote døl. Her ute på prærien er det særleg spørjeorda som er problematiske, og ein veit liksom aldri heilt om ein skal bruke “å”, “ke”, “va” eller “kva” eller noko anna for å bli forstått. Men her var eg på trygg grunn, og “ka”, “kæm” og “koffer” var trygge val. Og jo meir eg palataliserte velarar og slo om meg med jamning og dativformer, jo lettare vart eg forstått. Så her kan ein verkeleg snakke om å få spele på heimebane.

Det andre som også fascinerte meg, var eit par språklege trekk som vi ikkje har høyrt som mykje av andre plassar her ute på åkerviddene. Det eine gjeld dativ, som her i høgste grad var levande. Det andre var at Irene faktisk også hadde konjunktiv – ho skilde mellom “va” og “vo” for “var”. Dette høyrde eg også for 25 år sidan her borte, men eg hadde eigentleg trudd at det hadde gått av moten no. Men eg innser også at vi språkfolk må vere nokre merkelege skapningar når ein kan bli så uhorveleg “eksaita” og kome i julestemning berre ein høyrer lydkombinasjonen “vo”. Hmmm…

Etter denne seansen og eit par koppar kaffi tok vi avskil med dei to. Eigentleg kunne vi godt ha tenkt oss nokre fleire opptak her, men vi innsåg også at det ville vere ei umogleg oppgåve å leite heilt på måfå etter folk med palatalar og utjamning. For 25 år sidan kunne eg det, og gjennom å lese namn på postkassene slumpa eg ofte borti norskspråklege. Men den tida er nok definitivt over her borte, sjølv om det også er utruleg kor seigliva det amerikanorske språket trass alt har vore.

Vi hadde lang reiseveg vidare opp mot Wilmar og Sunburg, og vi kom derfor fram til at det beste nok var å begynne å køyre. Vegen oppover var lang, og han vart ikkje kortare av at vi eit par gonger ignorerte gode råd frå damestemmen i GPS-en. Men i regnveret fann vi da fram til Wilmar til slutt. Dette er på ingen måte noka perle; ein skal nok vere ein stor lokalpatriot for å kunne seie noko vakkert om denne staden, for her var det sanneleg ikkje mykje som pirra den estetiske sansen vår. Men så er vi jo heller ikkje her for å beundre banebrytande arkitektur, så lenge vi kan finne folk som kan snakke norsk, så er vi begge godt nøgde. Og etter det Janne seier, så skal det finnast slike ikkje så langt unna. Ho var i dette området i fjor, så ho bør jo vite det. Og om ho har rett, får vi vite sikkert i morgon.

Og slik går no dagan her ute på prærien.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 21. juni: Viroqua, Rushford, Rochester

Siste morgon på Old Towne Motel i Westby for denne gong, og vi hadde svært uklare planar for dagen. Det som særleg interesserer meg, er jo nytt Coon Valley og Westby-materialet. Og det har vi fått, utan at det eigentleg tilfører så veldig mykje nytt.

Janne og eg har sikkert eit svært godt utvikla organisasjonstalent – saka er at vi kanskje ikkje alltid er like flinke til å bruke det. Slik hadde det seg at da vi starta dagen i dag, hadde vi nesten ingen avtalar ut over å sjå innom Florence på Løvåsryggen før vi reiste frå området. I tillegg hadde eg alt fått napp hos ein flekkefjording i Viroqua, hos han skulle vi vere klokka tolv. Men vi hadde også namn på sogningar i La Crosse og i Rushford, men desse hadde vi enno ikkje gjort avtalar med. Amerika er på mange måtar eit avansert land, men det manglar heilt klart mykje når det gjeld telefonsystemet – for ein nordmann framstår dette som gammaldags, og lite ser ut til å ha endra seg på dei siste 25 åra. Derfor er det også så viseleg ordna at ein ikkje kan ringe La Crosse frå motellet i Westby – heller ikkje resepsjonen kunne hjelpe oss med det. Vi forsøkte derfor mobilane våre, men heller ikkje med dei fekk vi kontakt. Så etter litt skyping og e-post fann vi det best å pakke saman, og vi sette derfor først kursen ned til Florence, og ho var svært glad for å få besøk. Ho lånte gladeleg ut telefonen sin til oss, for ho bur innafor grensa til Coon Valley, og da er det gratis å ringe ned til La Crosse. Dessverre var det ikkje noko svar å få der nede, slik at vi eigentleg ikkje hadde noko program for ettermiddagen. Tida oppe hos Florence var svært triveleg, og ein kan ikkje seie anna enn at vi er privilegerte som har ein slik jobb der vi kan reise rundt og prate med folk.

Gleda ved dette privilegiet avtok kanskje litt da vi kom til kontakten vår i Viroqua. Det var trivelege folk dette også, og dei gjorde det dei kunne for at vi skulle føle oss velkomne, men det vart liksom litt i meste laget. Matbordet stod klart da vi kom, og da vart vi med ein gong sessa på kvar vår side av bordet. Og serveringa var i høgste grad nokså uortodoks, kanskje mest fordi dei ville oss så vel og sette fram alt dei meinte kunne vere godt. At alle desse godsakene kanskje ikkje heilt passa saman, fall dei nok ikkje inn. Vi opna med ein makaroni-/kylling-/fiskesalat (dette er eigentleg første gongen eg har misunt Janne sitt alibi som vegetarianar – for dette såg ikkje så veldig godt ut, og smaken stod eigentleg godt i stil med det visuelle inntrykket – så kaffikoppen vart hyppig brukt til å skylje etter med). Deretter vart det pøsa på med påsmurte rosinbollar med ost og skinke, lefse og sursild, og da ein hadde rydda litt plass slik at berre sursildlake flaut over tallerken-botnen, lempa vertinna på ein svær muffins og eit solid stykke banankake. Her skal eg ikkje svartmale heilt, både muffinsen og banankaka var god på smak på den sida som ikkje låg ned i sildelaken. Derimot kan eg fastslå at korkje banankake eller muffins utan vidare kan oppgraderast til gourmetmat etter ein runde med marinering i slik lake. Det som var tiltenkt til å vere det gastronomiske høgdepunktet, var ei blautkake med påskrifta “Velkomen”, dekt med mange kuler is. Ein kan ikkje anna enn beundre kor langt den kjemiske industrien har kome i dette landet, men det er også tydeleg at det enno er litt å gå på.
Deretter vart vi flytta inn i salongen, der det vart litt småprat om laust og fast, det var mykje dei gjerne ville fortelje oss om og vise fram. Men så vart det ymta frampå om at dei hadde “boxes with hundreds of pictures from Norway”. Janne såg faren som lurte i eit slikt utsegn, slo raskt og myndig fast at vi nok måtte kome oss vidare vestover til nye avtalar. Det var lurt. Eg veit berre at hadde eg vore der åleine, så hadde eg sikkert sitti der enno og sett i gamle album med gulna fargefoto frå 70-talet, smila og nikka høfleg medan eg hadde gjort mitt beste for å sjå interessert ut. Vi braut derfor opp, takka for oss og sette kursen vestover 61-vegen. Eg treng nok ikkje seie noko om at vi aldri tok fram opptaksutstyret vårt medan vi var der.
Etter ein liten stopp i Westby igjen, fortsette vi ned til Westby. Her var målet å snakke med formannen i Sognelaget, men han var ikkje heime denne gongen heller. For å heve humøret litt ( i alle fall mitt, eg veit ikkje korleis Janne følte det) gjekk vegen til Dave’s guitarshop i 3rd street. Dette er ein plass som eg skriv om i fjor haust, derfor skal eg ikkje bruke meir plass her, anna enn å seie at dette framleis er den heftigaste gitarbutikken eg har sett.
Her gjorde vi eit siste forsøk på å få litt fornuftig ut av denne dagen, og da gjennom at vi gjorde eit siste forsøk på å kontakte heimelsmannen vår i Rushford. Og denne gongen fekk vi endeleg fast fisk – her fanst det faktisk folk som kunne snakke sogning – halleluja!

GPS-en vart stilt inn og etter ein time var vi framme i den vesle byen. Der møtte vi ein godt vaksen mann på 92 år som verkeleg snakka norskamerikansk sognemål. Men gamlingen hadde tydelegvis vore ute ei vinternatt før, og han var svært mistruisk. I ettertid kan eg også forstå han litt. I iveren etter å dokumentere dette språket, tok vi oss kanskje litt for vel til rette. Mannen stilte svært mange kritiske spørsmål om kva dette skulle brukast til, om det var pengar involvert, kvifor vi fekk pengar til å reise rundt slik – i det heile var han utruleg skeptisk til oss framandfolka, sjølv om han mjukna litt opp når han fekk høyre at vi hadde fått namnet hans frå kjenningar i Veroqua. Men heilt trygg var han nok ikkje, og han vart nervøs og lurte på om han skulle skytast da kamerastativet skulle riggast opp. Elles gjekk intervjuet svært greitt, gamlingen var god til å snakke, og han var også lett å snakke med.

Etter ein dryg time braut vi opp, og vi kunne da setje kursen nordover i retning Wanamingo igjen. Så får vi sjå kva som kjem ut av morgondagen.

Og slik går no dagan her i det norske Amerika

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 20. juni: Westby, Springdalen og Sørryggen

I dag har vi hatt eit relativt tett program her i området rundt Westby. Som eg har antyda tidlegare, har eg ikkje heilt funne fram til min naturlege døgnrytme, noko som i og for seg har sine positive sider. Eg vakna derfor relativt tidleg, fann fram datamaskinga og tenkte at eg kanskje kunne skrive litt medan eg venta på at det skulle bli fullt dagslys og tid for meg til å få på meg fillene og verkeleg starte dagen. Det vart ikkje så mykje skriving, derimot nokså mykje skyping, og klokka 8 kunne eg møte i resepsjonen for “frukost”. Og frukost i denne samanhengen er ikkje meir innfløkt enn at Janne og eg før helga gjekk amok på Hanson’s og spleisa på brød, ost og banan, og dette har vi no samla i ein plastikkpose. Enkelt er det utan tvil, man når alternativet er smultringar med sjokoladetrekk og melis, så er det meir enn godt nok. Ikkje sidan rep.-øvinga Vingtor IV på Andøya våren 1986, da Forsvarsmakta heilt gløymte meg på post nede ved Merke-krysset og derfor også slapp å bruke dyrebare forsvarskroner til å fø meg, har matstellet på morgonen vori enklare. Men ost og brød får duge her ute på prærien.

I formiddag skulle vi dele oss i to, Janne starta ut saman med Erma og vener, medan eg skulle snakke med Sonny. Eg vart med for å hente Erma, og vinteren har på ingen måte svekka det gode humøret hennar. Ho stod framfor appartment-huset og venta på oss, og straks eg steig ut av bilen, baud ho opp til dans. Dette er verkeleg ei makalaus kvinne. Eg fekk deretter skyss tilbake til motellet, medan damene skulle opp i byen for å treffe fleire.

Klokka 11 sharp dukka Sunny opp, og da var det berre å slå på opptaksutstyret, så var det meste av jobben gjort. For også Sunny er ein som liker å prate, og han har til tider sterke meiningar om mykje og mangt, også ting ein med fordel kanskje ikkje treng å ha så sterke meiningar om. Men han om det, samtalen vår var også denne gongen triveleg. Og sjølv om vi har snakka tidlegare, var det framleis mykje han hadde på hjartet. Men akkurat som sist så fekk han det plutseleg så travelt, han måtte heim fordi han måtte sitje barnevakt for barnebarna.

Neste post på programmet var ein snartur nedi Springdalen for å plukke opp Larry. I haust var han ein svært nyttig kontakt for meg, og han tok meg med til fleire stødige “norskerar”. Også i dag hadde han laga ei lita lysløype til oss. Vi låg litt bak programmet, så vi hadde ikkje tid til eit sivilisert middagsmål, det vart berre ei halvtørr brødskorpe og ein banan i all hast før Janne med stø hand styrte denne farkosten gjennom åkerhavet på Vestprærien og ned Springdalsryggen til Larry. Det var veldig triveleg å møte han igjen. Første stopp var på Gronvold-farmen oppe på Sørryggen, og Mr Gronvold var retteleg ein kløppar til å “lage” norsk. Etter kvart dukka det også opp ein gammal nabo som gjerne kunne tenke seg å vere med på moroa. Og med Larry som førstefiolinist skal det mykje til om det ikkje blir prata norsk i eit slikt selskap. Heile seansen vart avslutta med ein kjapp kopp kaffi og jordbærpai; vi låg framleis bak programmet til Larry og hadde ikkje stunder til å tøve bort meir tid på unyttig prat.

Deretter gjekk vegen ned i byen igjen, der skulle vi møte fleire. Lengst inne i den eine butikken, der vareutvalet besto av feilvarer og mat utgått på dato, var det sett opp nokre respateksbord. I tillegg var det ein disk, og bak den stod det ei dame og trakterte kaffi og noko å bite i. Ein feltarbeidar bør sanneleg ha garva magesekk og eksepsjonelt god syreballanse, for dette slit verkeleg på kroppen.

I lokalet stod det ein kar i 60-åra og venta på oss, han korta tida med å slafse i seg ein is. Det var tydeleg at mannen ikkje hadde snakka norsk på mange år: han brukte gjerne lang tid på å finne fram til orda, og vi kunne sjå korleis han sleit med å presse kvart eit ord mellom glottis og opp igjennom larynx og farynx. Nokre gonger bøygde han seg i knea og la hendene framfor anletet, andre gonger gjekk han opp på tå, la hovudet litt på skakke bakover for å sikre ordet frie luftvegar, samstundes som han gestikulerte med armene og knytte nevane slik at ein berre såg det kvite under naglane før det etterlengta ordet vart forløyst mellom leppene hans. Eg har aldri sett slik ei kroppsleggjering av language attrition.

Kundetrafikken er var ikkje særleg stor her, berre ei ørlita dame med ei enorm handlevogn manøvrerte seg mellom hylleradene, så vi rigga opp kamera i ein krok, for no skulle vi sikre materiale som heilt sikkert vil kunne flytte forskingsfronten. Trass i at mannen sleit noko heilt frykteleg med å snakke norsk, var det tydeleg at også han ein eller annan gong hadde «laga» døl, og trass i alle språklege skavankar, klarte han faktisk å gjere seg forstått. Det skal bli interessant å sjå nærare på dette unike opptaket (for du hugsa vel å setje videokameraet på opptak, Janne? Eller ….?)

Etter denne merkelege seansen køyrde vi heim Larry før vi staka ut kursen tilbake til Westby. Og over ein pizza vart planane for morgondagen lagt.

Og slik går no dagan her i God’s country

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 19. juni: Solider Grove, Viroqua og Westby

Dette vart ei nokså uroleg natt – det er lenge sidan eg har opplevd slikt torever. Med rudiment av norsk døgnrytme i kroppen, opplever eg noko så uvanleg som å vere kveldstrøytt, slik at eg sovna tidleg. Men eg vakna litt utpå natta av eit forferdeleg leven, og det sto på i mange timar. På det verste skrall det samstundes som det blinka, og denne elektriske aktiviteten gjorde faktisk at lyset i displayet på mobilen min slo seg på fleire gonger i løpet av natta – det har eg aldri opplevd tidlegare.

Etter frukost starta vi ringerunden til dei namna vi hadde på blokka, men vi innsåg fort at vi hadde vore veldig uheldige med valet av dag og tid: For det første er dei fleste i kyrkja tidleg på dagen, derfor var det nesten ingen som tok telefonen. Dessutan oppdaga vi at dette er farsdagshelga her borte, så folk hadde som rimeleg er andre planar. Ein av dei få vi fekk tak i, var Johan på 50, den yngste norskspråklege som eg har funne her, men han har ikkje tid denne gongen. Eg har alt opptak av han, men det hadde vori storveges om vi også kunne ha fått filma denne karen. Etter eit par timar med ringing vart vi nærast desperate og bestemte oss for å gå ein liten tripp. Det vart på ingen måte noko som likna ein ekspedisjon over innlandsisen på Grønland eller vandring over Besseggen, det vart berre ein liten rusletur langs seksjonsgrensa bak hotellet og tilbake igjen. Turgåing ser ut til å vere eit ukjent fenomen her på prærien, vi folk vinka til oss, og for alt det vi veit, rista dei sikkert også kraftig på hovudet når dei hadde passert. Men det var også ein bil som stoppa. Basert på tidlegare erfaringar med beinaktivitetar her, venta eg at ho skulle by oss skyss. Men neida, ho lurte på om vi ville at ho skulle ta bilete av oss. Og sidan dette er “the land of the free”, kunne vi jo vanskeleg nekte henne det. Og resultatet: Grant Wood hadde sikkert klart dette betre.  Likevel, eg har enno til gode å oppleve at folk heime i gamlelandet stoppar opp for slike ting.

Deretter gjekk turen ned til Borgen’s og middag klokka 12, der vi hadde ein halvveges avtale med “The Iversons”. Og trass i den situasjonen dei er i, vart dette igjen eit svært triveleg gjensyn. Berre vegetarar går frå Borgen’s utan å ha prøvd kjøttkakene deira, som gjerne blir servert med lefse og kaffi til. Fulle av nytt pågangsmot gjorde vi nokre nye forsøk, og endeleg fekk vi napp hos ein sogning nede i Viroqua. Og enda betre, han hadde ei søster på “nursingheimen” nede i Soldiers Grove, og dit hadde vi alt tenkt oss for å møte Mabel, ei dame som ut frå kva folk sa, skulle vere “ekte sogning” og kapabel til å snakke norsk. Janne er svært så ivrig etter å finne sogningar, og det tok ikkje lange tida før vi var på god veg sørover for å finne denne plassen.

Amerikanske nursingheimar er ofte eit trist syn: Plass på slike institusjonar er ofte svært kostbar, og derfor dryger dei også i det lengste med å flytte inn der, heilt til helsa har svikta fullstendig. Vi forsto vel med ein gong at dette ville bli ein bomtur, for her var politikken “full privacy – no photos”.  Bomtur-inntrykket vart også bekrefta etter det første besøket til ei dame som svært gjerne ville ha besøk, men som ikkje kunne snakke eit ord norsk. For ikkje å framstå som likrøvarar tok vi oss litt tid til å snakke med henne før vi gjekk vidare til den neste på lista. Men heller ikkje den neste dama kunne snakke norsk, så det einaste vi fekk ut av denne turen, var eit kort innblikk i kva som kanskje ventar oss om nokre år: det var sanneleg ikkje lystig.

Deretter gjekk turen tilbake i retning mot Viroqua og ein 90-åring som også skulle vere slikt eit unikum til å snakke sogning. Og dersom det å kunne seie “God dag” gjer at ein kan bli sett på som eksepsjonelt språkmektig, så stemmer nok denne karakteristikken. Denne manglande språkkompetansen vart rett nok kompensert gjennom at dette trivelege parfolket hadde god lyst til å snakke, men reint fagleg var det svært lite å hente her, og “visitten” vår vart derfor heller ikkje så lang som han kanskje burde ha vori.

Vel tilbake på motellet i Westby ringte eg til Tip i Skogdalen: han har ei dotter tidleg i 50-åra som etter det dei seier skal kunne snakke norsk. Familien hennar hadde vori ein tur lengst nord i Wisconsin, og ho var sikkert sliten etter å ha brukt store delar av dagen på å køyre tilbake til Westby. Likevel ville ho hjelpe oss. I all hast rigga vi opp studio inne på rommet mitt, dama med foreldra møtte opp, og det berga verkeleg dagen vår. Janne tok seg av intervjuet, og det slo meg at ikkje sidan Einar Haugen på 1940- og 50-talet har ein lingvist hatt høve til å intervjue ei så ung norskspråkleg kvinne i desse delane av verda. Dette var verkeleg ein “højnare”.

Og slik går no dagan …

Skrevet i Uncategorized | 13 kommentarer

Laurdag 18. juni: Westby

Dette var første dagen her i området, og i 9-tida sette vi kursen til trailerhuset hennar Florence oppe på Springdalsryggen. Vi var veldig usikre på om ho ville vere der åleine, eller om ho hadde bedd heim nokre fleire. Da vi duva inn på plassen hennar, såg vi at det var fleire bilar samla der, og det såg vi på som eit godt teikn. Og det var det! For Florence hadde mobilisert to staute karar, Archie frå Skogdalen og Howard frå Nordryggen. Og etter litt småplunder med å rigge oss opp og skifte batteri, var vi klare. Janne var inne på kjøkkenet saman med Florence og Archie, medan Howard vart med meg inn på stova. Å snakke med trauste norsk-amerikanarar i godt vaksen alder er noko eg  har gjort det mange gonger. Derfor har eg også nokre tankar  kva som funkar og kva som ikkje funkar. Men likevel er det slik at nokre gonger glir alt nesten av seg sjølv, medan det andre gonger går heilt i stå. Kva som avgjer dette, er eg sanneleg ikkje heilt sikker på, men det er berre slik. Denne gongen følte eg at det svinga litt, vi fekk til ein “lett og ledig” samtale om smått og stort, og det var først da Janne kom inn frå kjøkkenet og lurte på om vi snart var ferdige at det gjekk opp for meg kor lenge vi hadde snakka. Mannen var rett og slett ein draum som samtalepartnar, slike informantar kunne det gjerne ha vore fleire av.

Etter denne seansen gjekk vegen ned i Norskedalen, der det var Midsummer Fest. Her var det mykje folk, og svoltne som vi var, sette vi kursen mot matutsalet. Og her kunne eg få kose meg med pølse i brød som hovudrett med rømmegraut til dessert, og til dette herremåltidet høyrer kaffi. Janne var litt meir dristig, i staden for pølsemat, satsa ho på lefsewrap. Det er kanskje litt uvanleg at ein vegetar-wrap i stor grad er fylt med skinke, men det er no så mangt som er merkeleg i dette svære landet. I Norskedalen er det slik at ein ikkje treng ete utan litt underhaldning til, og Norskedalen Trio gjorde sitt beste for å skape lengt etter trøndersk jord gjennom nytolking av Nidelven, særleg vokalarbeidet i refrenget var av ein slik kvalitet at det kan gjere varige inntrykk i eit sart trøndersinn.

Medan vi sat der kom det ein og annan kjenningen bortom for å prate, og det er alltid triveleg å snakke med folk her. Etter maten og underhaldninga gjekk vi ein runde og såg på museet, og kvar gong eg er her, bli eg imponert over kva dei har fått til. I tillegg til alle husa dei har samla her, er naturen også svært så vakker i denne delen av staten. Eg kan heller ikkje nekte for at eg har mange minne frå denne staden, da eg først kom til Wisconsin på 1980-talet var eg innom her ganske ofte, og da kunne eg alltid finne nokre stødige karar med overalls og skyggelue på ein av benkane her. Og dette var gamle farmarar som treivst best når dei fekk snakke litt norsk. Benken er tom for slike karar no, men som sagt, det er triveleg å vere her. Oppe i hovudbygget var det utstilling av ulike typar trearbeid, som rosemåling og treskjering. Og her kjem det ei dame og helsar på oss, den herlege og lettliva Erma, ein framtoning det er heilt umogleg å ikkje bli glad i.
Etter ei lang økt oppe i Norskedalen sette vi kursen mot Westby igjen, no skulle vi innom “The Iversons” for å helse på og kanskje også få litt hjelp med å finne fram til nye informantar. Og vi fann Iverson heime, men dette er ein heimsøkt familie. Dagen før hadde det vori gravferd for svigersonen hans på 51 år, dei hadde funne han daud i senga. Han insisterte på at vi skulle gje oss til litt, og eg vel å tolke det slik at han gjerne ville ha nokon å snakke med. Som rimeleg er, hadde han ikkje fått skaffa oss informantar, men han hadde nokre namn vi kunne prøve. Vi vart sitjande der ei stund og småsnakke, og Iverson varta opp med rotekte norsk mat: pizza. Litt utpå kvelden reiste vi tilbake til hotellet og prøvde på ein ringerunde, men det var få som tok telefonen, og dei som så gjorde, hevda hardnakka at dei ikkje kunne snakke norsk. Dette lovar ikkje godt for morgondagen….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar