Laurdag 11. november: Westby

I dag er det Veterans day her i flatlandet, men eg er usikker på om denne dagan gjeld slike som meg – veteranar i prærielingvistikk – eg trur kanskje ikkje det … Som vanleg ringde Larry meg i åtte-tida, han hadde ein ny «norske» til meg, og denne karen budde i el avv leigeromma like ved gammalheimen Norseland, dette var på ein måte den største bukken Bruse av Lee-karane. I går var Larry og eg innom dei to mindre Lee-bukkane, ekte «Norwegian batchelelor farmers» nede i Skogdalen. Men desse gutane var framleis veøldig «bisige» med å køyre «kombain» og selgje høy – prærielingvistikk var dei mindre opptekne av. Når det er sagt, i 2010 gjorde eg lydopptak inne i «sheddet til desse to», og da var Larry og eg der ein liten time og snakka «norskt». Men no hadde dei dessverre ikkje tid til slikt, kanskje i helga – og kanskje ikkje. Den største bukken Bruse som vi møtte i dag, hadde derimot tid nok. Kona hans var også der, ein sogning som dessverre var ustø i norsk, det vesle ho kunne, hadd ho plukka opp hos dølane som ho budde saman med. Eg rigga opp utstyret og medan Larry sat med nasen i La Crosse Tribune prøvde eg å få til ein laus og ledig samtale, noko som på ingen måte var lett. Heldigvis kunne Larry av og til heve blikket og få samtalen på rett veg igjen. Joda, vi snakka jo, men laus og ledig samtale vr det kanskje ikkje. Og at kona knapt nok snakka norsk, gorde det ikkje lettare. Etter 70 års ekteskap vil ein jo framleis gjere maken til lags, og for at ho skulle føle seg inkludert heile tida, var Lee-karen snar til å slå over til engelsk. Igjen, dette var kanskje ikkje noko som løfta prærielingvistikken opp til nye høgder, men det kunne også ha vore verre. Etter ein dryg time takka Larry og eg for oss og kjørde ned til Borgen’s for å få oss kjøttkaker og lefse. Og etter ein heller blodfattig frukost, gjorde det godt.

Larry skulle vidare inn til «Værråki» for å kjøpe «stoff» til middagen han har invitert meg på i morgon, medan eg kunne ta ein liten times pause på motellet før neste seanse.

Elles har det vore kaldt her dei siste dagane, inne i Minnesota var gradestokken nede i minus 10, medan det her var nesten svalt, rundt null. Men det regna litt no i dag tidleg, og dette fraus straks på vegen. Så det står ikkje å nekte for at det var litt småsleipt på «rådane». Heldigvis skal det bli litt mildare dei neste dagane, og nokså snart vil heldigvis verneldinga for Midtvesten interessere meg lite.

Klokka tre hadde eg avtale med Kristina nede på Borgens, og ho kom presis, Vi fekk bruke bakrommet der til opptak, men sidan dei stenger klokka fire, hadde vi berre ein time på oss. Kristina og dottera kom som avtalt, vi rigga oss opp og hadde derfor ein time for oss sjølve, der vi snakka om laust og fast. Og det fine var at dottera på 16 var veldig snakkesalig, så her fekk eg dokumentert ein ny fasett av prærienorsk – denne gongen ikkje snakka av godt vaksne og trauste farmarar, men unge folk. Fantastisk!!

Som sagt, Borgen’s stenger klokka fire, så etter ein time med prat måtte vi ut. Vi tok avskil, og om det i framtida blir nye turar hit, så har eg god lyst til å snakke meir med desse to. I tillegg skal det finnast ein 5-åring i denne familien som også kan litt norsk. Dermed skulle også framtida mi vere sikra – no veit eg at fram til eg blir pensjonist så vil det nokså sikkert vere norskspråklege her på prærien.

Etter at dette var over, slappa eg litt v på motellet før eg no i kveld var nedom restauranten igjen for å få meg eit nytt mål med Canadian Walleye. Godt!

No i kveld ringde Larry igjen, han hadde funne fram til ein ny kqr wsom kan snakke norsk, så klokka «halv over ni» så er det på han igjen – da skal vi ned mot Viroqua for å møte enda ein traust norskspråkleg farmar. Life is good!

Å slik går nu dagan….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 10. november 2017: Westby, Springdalen, Coon Valley

Sjølv om eg var nokså trøytt i går kveld, vakna eg som vanleg litt over sju: no har eg utan tvil funne ein «vanleg» døgnrytme. Det einaste som er litt rart, er at eg framleis er veldig kveldstrøytt. Jaja, det kunne jo vere verre ting som plaga meg.

I dag i 8-tida ringde Larry igjen og lurde på om eg trong hjelp, og det er alltid fint å få hjelp av Larry. Han skulle ringe litt rundt og så ringe meg tilbake igjen. Om han da ringde medan eg dusja eller medan eg var i resepsjonen og henta meg «supplements» til «påssåmaten», veit eg ikkje. Eg høyrde i det minste ikkje noko meir frå han. Derfor tenkte eg at eg kanskje kunne køyre ned til han i Springdalen slik at vi kunne samsnakke «face to face». Men da eg kom ned dit var alt stengd og ingen Larry var å sjå. Men Larry er jo ein aktiv pensjonist, og han hadde sikkert eit ærend ein eller annan stad. Dersom måtte eg – litt mismodig – returnere til motellet igjen. Eg har Lynx på PC-en min, men det er svært variabelt kor godt det fungerer her ute – nettet er ikkje akkurat prima her. Men eg prøvde å ringe til Larry, og no tok han telefonen. Joda, han hadde vore heime heile dagen, men han hadde vore i «mancaven» sin. Men no hadde han skaffa meg to trauste norskamerikananrar nede i «Konvalle» som ville snakke med meg, og da var det berre å ta ein ny tur ned til Larry for å hente han før vi kunne fortsette ned til «byen».

Husverten her hadde ein stor garasje der han dreiv og fiksa opp gamle bilar, og der rigga vi oss til. Snart kom det også ein Stakston-kar innom, og da kunne seansen starte. Stakston-karen var svært så pratsam og det var tydelegvis moro for han å snakke norsk – og han var også god til å snakke. Den andre karen meldte seg snart ut: «I realize that you are in another league then me», ha han. Han kunne mange norske ord, men å setje desse saman til setningar var over hans kompetanse. På ein måte var dette litt sårt, og etter beste emne prøvde eg å inkludere han litt. Men reit språkleg hadde han lite å by på. Derimot kunne han vise fram eit restaureringsprosjekt han hadde på gang – ein Volvo. Og da mjukna han litt opp – det var på ingen måte lett å få ein slik doning på vegen igjen, særleg fordi elektronikken var heller utfordrande. Men dette kunne vi snakke lenge om – rett nok på engelsk. Etter ein dryg time takka Larry og eg for oss, og sjølv om det var varme i garasjen, var det heller golvkaldt, og eg skal ikkje nekte for at eg fraus på føtene, kledd i sommarsko som eg no ein gong er.

Deretter køyrde eg Larry heim, og der kunne Garry friste med varm te, kjeks og ost. Det gjorde godt for ein småforsen prærielingvistskrott. Telefonsystemet her på prærien er eit mysterium for meg, og eg har problem med å snakke med folk «out of town». Eg var veldig oppteken av å avtale møte med denne relativt unge dama med bakgrunn frå Bodø og særleg avkommet hennar. Eg fekk derfor låne telefonen til Larry for å ringe henne: eg møtte da mannen – som knapt kan eit ord norsk (sjølv om han no arbeider i Oslo), men kona var ikkje heime. Etter Garrys traktering køyrde eg tilbake til motellet i Westby igjen, gjennom Lynx på PC-en min kom eg i kontakt med dama, og vi avtalte da eit møte. Ho skulle ned til La Crosse for å handle i morgon, og på returen kunne ho møte meg på Borgen’s cafe. Det passa meg fint, eg håper også at ho har med seg nokon av avkommet.

Deretter gjekk eg ned til restauranten og fekk meg litt mat, og resten av kvelden har eg vore her på rommet mitt og tjona litt med ulike oppgåver. Eigentleg var planen min å ha ein undervisningssekvens for studentane våre heime i Halden. Eg kokte derfor saman ein powerpont som eg kunne bruke, men det viste seg umuleg å sende denne frå meg. Vi får sjå kva vi gjer – ei mulegheit er også å gjere dette når eg er tilbake i fedrelandet.

Og slik går nu dagan ….

 

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 9. november 2017: Sioux Falls, Baltic, Renner, Westby

Som prærielingvist har dette vore ein møkkadag, kanskje eigentleg som venta. Eg hadde ei god natt på motellet i Sioux Falls, eg vakna i rimeleg tid, og etter ei stund forsto eg at eg hadde veldig god tid – klokka på rommet levde framleis i hawai-skjorte og bermudashorts, dvs. sommartid. Ute var det nok på ingen måte temperatur for eit slikt antrekk, det var sol, men 8 kuldegrader og iskald nordavind. Eg gjekk ned og fekk meg frukost (som var litt betre enn kva ein vanlegvis finn på motell her på prærien), pakka «stoffet» mitt og sette kursen nordover mot Renner og Baltic. Her reiste eg rundt for 30 år sidan og kunne finne mange som kunne snakke norsk. Landskapet som møtte meg, var litt ulikt det eg kunne hugse, ned mot Red River-elva var det svært så bakkete. Eg fann Renner, og eg fann også vegen vidare til Baltic. Ingen kan påstå at Baltic er ein storby – eg hadde vondt for å kjenne meg igjen, og eg hadde også vondt for å finne institusjonar her som gjorde at det var ein by, og ikkje berre ei husklynge. Joda, kornsiloen fann eg, og også baren der eg stakk innom for 30 år sidan, og der ingen da hadde kjennskap til at dette samfunnet var norsk. Men eg fann ikkje gode hjelparar som bibliotek, posthus eller gammalheim. Eg køyrde gate opp og gate ned (eller kanskje rettare – den eine gata opp og den andre ned), og eg er nesten sikker på at eg kjende igjen nokre av husa der informantane mine budde den gongen. Men alt av norsk «stæsh» var borte. Kort sagt, eg hadde ingen plass å søke hjelp.

Eg ga eigentleg opp prosjektet, i staden søkte eg ut på bydgda der dei fleste med «trondhjem»-bakgrunn den gongen budde. Og ikkje minst, eg fann lett Østre Nidaros Kirke. Men det var ingen her. På turen opp hadde eg sett fleire bilar nede i Renner, og eg bestemte meg derfor for å reise tilbake dit. I vegkrysset som er Renner låg framleis den merkelege miksen av kjøttutsal og bensinstasjon. Eg prøvde meg inn der. Og dama bak disken var svært så hjelpsam, sjølv om ho ikkje heilt forsto kva eg var ute etter. Men ho gjekk inn på bakrommet til slaktaren sjølv, og snart kunne eg melde behovet mitt for ein røsleg kar, blodig i antrekket og men ein stor kniv i den eine handa. Joda, han var jo norsk, men han visste ikkje av nokon som kunne snakke norsk. Men eg burde ta meg ein tur ned til Renner-kyrkja, der kunne det vere nokon som kunne hjelpe meg. Eg takka for det gode rådet og sette kursen ned dit. Der var det tydelegvis «kvindeforening», eit dusin kvinner sat rundt eit bort og småsnakka. Eg presenterte meg og fortalte at eg var på jakt etter norskamerikanarar («yeah, there is a lot of them here», sa dei i kor før eg rakk å fullføre setninga) som framleis kan snakke norsk: «Nope, nobody around here», sa dei da, «and if there were, they would be out on the field». Så her var det lite hjelp å få. Men eg burde prøve meg i Vestre Nidaros Church, der kunne kanskje presten hjelpe meg. Eg takka for rådet og sette meg i bilen på jakt etter denne tredje kyrkja. Og etter litt fram og tilbake på grusvegane fann eg også fram dit. Og der stod det ein bil framfor kyrkja, så her burde det kanskje vere håp om å få hjelp. Eg gjekk inn i kontor-delen, men der var det stengt. Sidan eg også var her inne for 30 år sidan, tenkte eg at eg kunne ta ein titt inn i sjølve kyrkjerommet for å sjå igjen det, og også prøve å finne folk. Og der fekk eg gleda av å skremme livskiten av ei dame som stod og tørka støv på prekestolen: da eg gløtta innom døra og kremta litt hoppa ho høgt i veret. Det var kanskje ikkje kvar dag at framandfolk såg innom midt på blanke formiddagen. Eg fortalte kven eg var og kva eg var på jakt etter, og da kunne ho melde at presten nettopp hadde starta ut, at ho var ny her, av tysk opphav og eigentleg frå Nord Dakota. Om eg ikkje misforstod heilt, så var dette prestefrua. Som sagt, ho var ny her, og det ho frykta mest, var at ho no sikkert vart nøydd til å ete lutefisk: For i denne delen av verda er det venta at gode lutheranarar skal ete lutefisk – gjerne i store porsjonar. Og fortalde henne da om kva syn eg hadde på denne spesialiteten, og dermed gjorde eg vel eigentleg lite for å ta frå henne den angsten …

Eg takka for meg og sette meg i bilen igjen for å vurdere litt, det var svært uvisst når presten ville vere tilbake, og sjølv om han hadde noko som kunne likne på eit norsk namn, var han ny her og kjende neppe til språksituasjonen i dette området. Eg hadde ingen fleire plassar der eg kunne prøve meg. For 30 år sidan hadde postkassane namn, da kunne eg køyre rundt på måfå, leite opp farmar der eigaren hadde eit norskklingande namn: no er det berre «brann-nummer» som skal gjere det lettare for brannbilen å finne fram, og ei talrekke hjelper lite for ein prærielingvist. Eg måtte derfor konkludere med at å leite etter norskspråklege ville vere «mission impossible». Og eigentleg var eg kanskje ikkje så veldig overraska over det negative utfallet. For to år sidan kontakta eg sonen til det som for 30 år sidan var kontakten min her, og han heller visste ikkje av folk som framleis kunne snakke norsk – med unntak av mora Belva, som den gongen hadde passert 100, og som no var «6 feet under». Det mest fornuftige var derfor å setje kursen tilbake til Wisconsin igjen.

Å krysse Minnesota tek tid, rundt fem timar for å vere nøyaktig. Eg stoppa som snarast på vegen for å få meg ein matbit, og utpå kvelden kunne eg kunne eg sjekke inn på motellet i Westby igjen. Det var ikkje rare greiene eg klarte å skrape samamn på denne turen vest for Mississippi, skarve seks timar med opptak. Men slik er det av og til. Eg meldte meg for Larry, og han skulle prøve å finne nokon som ville snakke i morgon. Westby og Coon Valley er eigentleg sikkerstikk i denne bransjen, her har eg kontaktar, og her er det framleis folk som kan snakke norsk, sjølv om ein også her tek til å skrape botnen i tynna.

Og slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 8. november 2017: Appleton, Campbell, Swift falls, Appleton, Sioux Falls

Dette har vore ein heildag på «råden» – dessverre resulterte det ikkje i nye opptak. Eg vakna litt over sju, fekk meg litt «påssåmat» (moteller her gjer ingen forsøk på å servere anna enn tynn, pissly kaffi). Og no hadde eg også ein slags plan, sjølv om han nok ikkje var god. Jimmy har tydelegvis gått i dekning og vil ikkje snakke, og da får det vere som det vil med han. Kevin såg ikkje bort frå at han kunne vere litt skeptisk til å bli utsett for hardhendt lingvistisk feltarbeid. Vi får sjå om eg nokon gonk klarer å tivnge denne karen i kne.

GPS-en vart derfor stilt inn mot Campbell, ei lita grend ein halvanna time nordvest for Appleton. Og grunnen til at eg ville dit, var på ingen måte lingvistisk – derimot privat: på 1890-talet busette gammalonkelen min seg her i strøket, og om «www.findagrave.com» er til å lite på, så skal det også finnast eit par Hjelde-graver her. Turen oppover gjekk fint, det var klårvel, men nokså kaldt – 3-4 «norske» kuldegrader. Etter å ha rota litt fann eg til slutt fram til Vukku Lutheran Church: så det var altså her mange frå Vuku, inkludert «skyldfolket» mitt prøvde seg før det reiste vidare til den nord-vestre delen av Nord-Dakota. Kyrkjegarden avr ikkje så veldig stor, derfor hadde eg god von om å finne desse Hjelde-gravene, men dessverre, dei var ikkje der. Mange av gravsteinane var berre ei plate lagt inn i bakken, og mange av desse var meir eller mindre gjenvokse med gras.

Dermed venta neste post på programmet, Swift Falls, der det etter det dei seier skal finnast nordfjordingar. Det var eit par timar å køyre dit, men vegane er rette og gode her borte, Beatles underheld på radioen ( når eg blir litt lei av Fab4 byttar eg til Public Radio), bilen er varm, medan det ute er surt og kaldt, så i eitt-tida passerte eg Swift Falls utan heilt å merke det. For eit par år sidan fekk eg kontaktinfo til ein nordfjording som hadde vakse opp her, tidlegare har eg ringt han utan å få svar, men denne gongen fann eg ingen info om han i telefonkatalogen, og det er kanskje ikkje eit godt teikn. Han var heller ikkje å finne som obituaries, men han kan sikkert strykast frå rullane våre. Derfor hadde eg ingen til å hjelpe meg, og det bør ein nok ha her på prærien. Swift Falls er primært ei lita klynge med hus, i tillegg til ei kyrkje og ein bar. Det var mange bilar framfor baren, og ingen framfor kyrkja, så valet var «isigt» – det var baren. Her inne sat det farmarar i sin beste alder (dvs på lag som eg), og ved disken sat ein kar eit stykke opp i 70-åra, med eit par tomme ølglas framfor seg. Og medan han bestilte det tredje, fann eg ein traust hamburgar i menyen. Karen ved sida av meg ville gjerne prate, og han lura da på kor eg var frå – eigentleg eit godt spørsmål, sidan eg vanskeleg kan tru at det er så mange som er som eg og skriv Swift Falls inn på GPS-en og har denne plassen som mål. Etter litt laust og fast om ver og maisdyrking, prøvde eg meg på om det var mange «norskerar» irundt denne plassen.. Joda, det var da det, kunne han fortelje, inkludert han sjølv. Så lurte eg litt på om det fanst nokon som kunne snakke norsk. Joda, denne karen kunne ikkje anna enn norsk før han starta på skolen. «Og e e go tel å banne på norsk», sa han. Dette var jo verkeleg lovande. Og vi snakka litt, som han Ola frå Sandefjord – «det gikk på engslek og norsk». Så bar eg fram erendet mitt – eg dreiv og gjorde opptak av dei som enno snakka norsk. Akkurat det var ein veldig effektiv måte å setje sluttstrek for nrosk-pratinga. Plutseleg kjente han ingen som snakka norsk, dessutan måtte han snart til traktoren ute på «filda» igjen. Så det eg eigentleg fekk ut av han før rullegardina gjekk ned, var at det skal finnast fleire som enno kan snakka norsk her (tidlegare var det også mange oppe mot Hammock), og det skal også finnast ein norskfødd dame her ein eller annan stad. Men der stoppa det, og da eg var ein snartur innom toalettet, nytta denne karen høvet til å snike seg unna. Uansett, trass i ein litt uheldig tilfeldig kontakt som gjekk i vranglås, så kan det sikkert vere noko å finne her – berre ein ahr kontaktar: ut frå det eg har høyrt, dreiv deg med norsk konfirmasjon her fram til rundt 1950, og da skulle ein jo også vente å finne ein og annan som framleis kan snakke det. Hmmm….

Etter ein eineståande kaloririk burga i Swift Falls, køyrde ned til Appleton igjen for å levere frå meg opptak til County-museet her. Det har vore svært hjelpsame med meg når eg har gjort desse intervjua, og eg synest også der er fint at språk går inn som ein del av museumssamlinga.

No er planen min å leite i området rundt Sioux Falls etter fleire, derfor sette eg kursen ned dit. På vegen nedover vart det mildare, og vel framme var det faktisk 4 C, det kjennest behageleg etter den sure vinden Minnesota kunne by på. Eg hadde ikkje bebstilt motell her, og det skulle vise seg å vere ei utfordring, i tillegg til at eg var i ferd med å gå tom for bensin. Eg fann ein bensinstasjon og fekk fyllt opp, men nettet her virka ikkje, Derfor brukte eg litt tid på å reise frå bensinstasjon til bensinstasjon, motell til motell for å finne netttilgang. Endeleg ordna det seg, eg fann eit OK motell heilt i vegkanten, og no sit eg på rommet mitt med påssåmat igjen, eg må også kopiere materialet før eg tek kvelden. Og i morgon blir det først Baltic og Renner, deretter håpar eg på napp på Sons of Norway her i byen. Vi får sjå korleis dette går.

Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | 3 kommentarer

Tysdag 7. november 2017: Marshall, Madison, Appleton, MN

Da eg kom på motellet i går kveld, starta eg prosessen med å vaske klede, og klokka gjekk mot to i natt før eg kunne hente nyvaska sokkar ut av vaskemaskina. Derfor vart det retteleg seinkveld, og resultatet av dette var at eg ikkje vakna før klokka var godt over åtte. Dette var på ingen måte ei krise sidan eg ikkje hadde avtalar i Madison før klokka var eitt. Eg tok derfor livet litt med ro før eg i 11-tida sjekka ut frå hotellet. Og for første gong på denne turen hadde eg natterast med god hotellstandard: på ingen måte overdådig, men i det minstet ørlite «komfort» med litt anna enn ein skarve pinnestol å sitje på. Og ute var det minusgrader og «snøheilt».

Turen opp til Madison (ikkje i Wisconsin, men Minnesota) gjekk unna på ein dryg time, eg hadde derfor også tid til å stikke innom kaféen The Pantry for å få meg ein matbit: chili-meny er kanskje i utgangspunktet ikkje så veldig norsk, men det får duge for slike som meg.

Litt før eitt kunne eg parkere framfor county-museet, og der var det  kjentfolk å sjå. Kontaktmannen Kevin var dessverre «busy» på fila no, men han hadde sendt «kjerringa», og første pasient skulle dukke opp klokka eitt sharp. Men ingen pasient kom, derfor vart det ringt litt, og da fekk eg eigentleg forklaringa, november er ingen god månad å kome hit. Heime i Trøndelag er bøndene stort sett ferdige med onnarbeidet på denne tida, dei går berre og ventar på at dei skal ut og hente juletre. Her på dei store viddene er det litt annsleis, no har det vore fuktig ei stund, men dei siste to døgna har die hatt frost og klårver, og da er det høgsesong for å ta inn maisen, eller «harveste kornet», som dei seier på desse kantane. Derfor måtte førstemann, som skal vere ein kløppar til å snakke «trondhjemmer», prioritere levebrødet framfor språkforsking. «Next time you should come in September», sa kjerringa til Kevin, da er det nesten «håbåll» å rekne her på viddene. Eg får skrive meg det bak øret, ikkje minst fordi det er eit par norskspråklege som også reiser ned til Florida når gradestokken peikar mot kuldegrader slik han gjer no.

For å fylle programmet mitt, sette museumsstyraren seg bak rattet og henta inn ein gammal kjenning: Røa-dama som eg har snakka med eit par gonger tidlegare. Deretter kom Phillip innom, og han er retteleg ein kløppar til å snakke norsk. Rett nok er han godt oppe i åra og har passert 90 med god margin, men for han er ikkje det eit hinder. Han likar veldig godt å snakke norsk, og det var veldig moro å få snakke med han igjen. Eg testa også ut den utspekulerte elisiteringsoppgåva mi for cirkumfleks, men det fungterte veldig dårleg, han forsto rett og slett ikkje kor eg ville. Nei, å sitje på kontoret heime i Østfold og spekulere ut slike ting er nok bortkasta tid…

Kevin stakk også innom, han er ikkje så frykteleg stø i å snakke norsk, men trøska hans hadde køyrd sund, og da hadde han ikkje noko betre å finne på enn å sjå innom. Og han syntest det var storveges å kunne høyre på at Phillip og eg snakka «trondhjemmer». Eg gjorde også eit kort opptak med Kevin, han forstår mykje berre eg snakkar seeiinntt oogg ttyyddeelleeg, men han slit med å setje ord saman til setningar. Åkke som, Kevin har vore svært hjelpsam med å få dette til.

I halv fem-tida skulle vi opp til gamleheimen for å møte to gamle kjenningar der, den eine snakkar også godt «trondhjemmer», men sist eg møtte han, hadde han med seg Minnesota-meisteren i lutefisk-eting, og sidan denne karen nok ikkje kunne snakke så mykje norsk, glei samtalen da over til engelsk. No såg eg for meg at det kunne bli meir norsk, men heller ikkje denne gongen vart det særleg flyt i norsk-snakkinga hans. Derimot hadde han Hammond-orgel på rommet, og han ville gjerne vise fram det musikalske repertoaret sitt, som skulle vere svært så norsk. Noko av det kunne eg utan problem kjenne igjen, man ein kan nok trygt seie at denne karen – som mange andre kunstnarar – tok seg store friheiter i tolkingsarbeidet.

Opptakssesjonen vart avslutta oppe på rommet hans Morris, og da var vi tre-eine, og da gjekk det mykje på norsk, særleg Morris er glad i å snakke «trondhjemmer», men helsa er nok ikkje heilt på topp. Uansett så var dette eit triveleg møte, og det er dessverre berre å innsjå at tida da alle snakka norsk i dette området nok er over.

Eg takka for meg og reiste så opp til Appleton, der standarden på motellet nok er reine Hilton samanlika med det dei kan tilby i Madison. Heimekoseleg kan ein vanskeleg seie at det er, her eg sit på pinnestolen, men det får duge. Etter å ha sjekka inn kryssa eg «råden» til bensinstasjonen og kjøpte med meg ein liten pizza som eg no fyller vomma mi med.

Planane for i morgon er framleis litt difuse, eg skal prøve å få kontakt med Jimmy igjen, ein kar som tydelegvis har gått i dekning, men som eg «recorda» for 30 år sidan. Dessutan ville museet i Madison ha kopi av opptaka mine, og det bør dei jo få. Eg har eigentleg fleire mulegheiter, eg har lyst til å reise ned til Baltic, SD, der eg for 30 år sidan fann mange frå Meråker, eg vil veldig gjerne opp til Doran og sjå Hjelde-gravene på Vukku-kyrkjkegarden der, dessutan skal det vere ein del «norskera» rundt Swift Falls og Starbuck som kanskje kan snakke norsk enno. I så fall blir det mest for å etablere kontakt, så kan eg eller andre gjere innsamlingsarbeidet neste år. Eg får sove på det. Uansett, dette er frykteleg moro, kanskje mest på grunn av det nostalgiske ved det – det var slik eg farta rundt for 3o år sidan, og ikkje minst får eg sjå ei side av Donald Trum sitt rike som svært få andre nordmenn får møte. Men mest stas er det sjølvsagt å få oppdage at ein på vestsida av Mississippi-røvveln klarer å ta seg fram med «trondhjemmer»-dialekt: ingen kan på alvor nekte for at eg ikkje kan snakke eit verdsspråk! 🙂

Å slik går nu dagan —!

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 6. november: Westby, Wanamingo, Marshall

I dag har vore ein nokså hektisk dag. Larry hadde time hos doktoren i «Verråki» i dag i ni-tida, derfor skulle vi møtast klokka «hælv over ti» for å starte feltarbeid igjen, han hadde fleire mulege kandidatar som han alt hadde gjort avtale med. Eg fsann derfor ut at eg skulle innom skolen i Westby for å finne ut om det kunne vere muleg å etablere ein eller annan type praksisavtale for lærarstudentane våre i Halden. Men skolesjefen var oppteken, eg måtte kome tilbake klokka eitt. Eg var derfor innom Dregne-ståret for å sjå på samlinga dei har av ulike typar norskamerikansk krimskrams før eg reiste tilbake til motellet for å vente på Larry. Det tok ikkje mange minutta før han dukka opp, og da kunne vi køyre til West Avenue, der det skulle vere eit par som snakka norsk. Kona opna døra, og dette såg da veldig lovande ut, sidan det var umiskjenneleg lukt av lefsesteiking som møtte oss. Og dette var dame som dreiv stort, så langt i år hadde ho brukt nesten 300 kilo potet til å lage lefse. Språkleg vart dette heller magert, kan ein seie, det var frykteleg vanskeleg å få noko ut av dei, sjølv om Larry verkeleg gjorde så godt han kunne. «Dom e messom bljuge», konstanterte han da vi gjekk mot bilen. Jaja, det er ingenting å gjere med slikt. Vi gjekk da innom naboane, Ron og Sandra, for Sandra hadde lova ut kaffi og sandwich, og ein matbit kan jo vere greitt å få med seg før ein fører forskingsfronten vidare framover. Dei hadde vore på busstur til Missouri i helga og hadde mykje å berette. I eitt-tida måtte eg ein snartur tilbake til skolen, sidan eg hadde avtale med skolesjefen der, og han var veldig positiv – sjølv om han ikkje hadde norsk bakgrunn. Men internasjonalisering var han veldig oppteken av. Det einaste som bremsa han litt, var at dette måtte gjennom skolestyret, i tillegg ville han ikkje leggje band på ein ny sjef som han håpa ville vere på plass i løpet av eit års tid. Men han såg heller ingen grunn til at dette ikkje skulle vere muleg å få på plass.

Etter ein interessant samtale henta eg Larry, og så reiste vi inn i sentrum igjen, til eit anlegg for pensjonistar. Og der var det samle tre-fire smilande norskamerikanarar. «Vertinna» hadde spela «kordin» i Norskedalen’s Trio, og ho gjorde sitt beste for å snakke norsk. Rusten var det, og ho sleit med å finne orda, men skitt au – ho snakka i det minste norsk. Det kom også to andre som skulle vere gode på norsk, men for meg hjelper det lite når dei er «bljuge» og ikkje vil snakke det. Derimot var det ein gammal farmar som såg bortom, og han var ikkje heilt ueffen til å snakke norsk. Dessutan kon det eit par andre bortom som også ville sjå på denne seansen. Igjen, kanskje ikkje eit høgdepunkt i livet som prærielingvist, men greitt nok. Larry har gjort så godt han har kunna for å finne nye folk som kan snakke norsk, og det er dessverre tydeleg at no tek vi til å skrape botnen. Elles var «vertinna» veldig oppteken av å vise fram ting – ho henta ein CD-spelar slik at vi kunne få høyre smakebitar av Norskedalen Trio’s repertoar, ho henta ulike utklippsbøker som ho gjerne ville vise fram, og eg hadde sikkert vore der enno og bladd i gamle album dersom eg ikkje skulle på langferd. Marshall ligg nesten 500 kilometer vest for Westby, klokka var over fire, og i tillegg hadde eg avtale om å sjå innom Irene og Sigurd i Wanamingo. Eg måtte derfor takke for meg og kome meg vidare.

Litt forsinka kom eg fram til Wanamingo og fann utan vanskar det nye huset som Irene og Sigurd har kjøpt seg i Wanamingo, det var artig å møte dei igjen, og dei har fått seg eit fint hus. Men det kunne sjå ut som om Sigurd stura litt etter flyttinga, farmen dei hadde flytta frå, var trass alt barndomsheimen hans. I det heile var han svært stille, men Irene kompenserte godt. Ho hadde invitert meg på «søppel», og det var godt å få litt «vanleg» mat igjen – sjølv om ho også opererte med rimeleg store porsjonar. Etter eting og småprat starta eg opp opptakaren min og prøvde ut det uvanleg utspekulerte elisiteringsverktyet som eg har snikra saman i det siste for å kunne dokumentere cirkumfleks. For så langt som eg no er i stand til å vurdere, var det svært lite cirkumfleks å finne hos desse to. Der rauk eigentleg hypotesen min, men det får så vere. I åtte-tida i kveld takka eg for meg og sette inn GPS-en mot Marshall. Det var drygt tre timar som venta meg, og sjølv om det var mørt, var det ikkje vanskeleg å sjå at eg no bevega meg inn i eit vinterlandskap. Vegane var framleis greie, men i vegkanten låg det eit lag med snø. Om bilturen er det ikkje så veldig mykje å fortelje, GPS-en losa meg trygt inn til Marshall. No har eg fått vaska klede her på motellet, klokka er sikkert over eitt, men i morgon har eg avtale i eitt- tida på museet i Madison, og det er ein dryg time herifrå, så skal eg klare fint. Og der ventar både gamle og nye «trondhjemmera». Så får eg sjå kva eg finn på onsdagen, da får eg kanskje prøve meg i Baltic, der eg for ein mannsalder sidan fann mange frå Meråker. Korleis det er no, derimot ….

Og slik går nu dagan her i vinterlandskapet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 4. november og søndag 5. november 2017: Westby, La Crosse, Norskedalen

Heller ikkje i helga fekk eg gjort feltarbeid, laurdag vakna eg ikkje før klokka var litt over sju, eg låg litt og dorma medan eg høyrde på radio frå gamlelandet og las litt i avisene. Ute var det grått og regna, og det var ikkje ver som frista til uteaktivitetar. Likevel sette eg kursen ned til La Crosse sentrum for å gå meg ein tur på «memory lane». Her nede brukte vi å vere mykje i helgene for 30 år sidan, men sjølv om eg i og for seg klarte å kjenne igjen meg, var det på ingen måte slik eg hugsa det. Den gongen gjekk det ord om at 3rd Street var den gata i Statane som hadde flest barar, men det kan umuleg stemme i dag, får gata var eigentleg stusslege greier. Og det var heller ikkje så overvettes mange butikkar her. Men på Dave’s guitar shop var det noko anna, ein kan sikkert seie mykje rart om denne sjappa til Dave, men stussleg er det ikkje. Her heng det hundrevis av gitarar på stativ og veggar, sortert etter fabrikat og modell. Eg kjenner ikkje til noko som kan måle seg med dette, og det er eigentleg fryktleg rart at det er muleg å drive noko slikt i ein småby mindre enn Fredrikstad. Og butikken er også bygd på sidan sist eg var her, så det er nok ingen grunn til å tru at dette går dårleg. Etter å ha sett meg litt rundt i byen, køyrde eg opp til Larry igjen, men han var ikkje heime. Og da var det ikkje så mykje anna å gjere enn å reise tilbake til motellet for å setje seg på «gjemmekontoret» igjen. Og så mykje meir er det vel ikkje å fortelje om den dagen.

Søndagen representerte heller ikkje noko løft for prærielingvistikken. Etter «påsså-frukost» køyrde eg igjen ned til Norskedalen for å sjå kva dei hadde å by på, og det var eigentleg ikkje så veldig mykje. Der var vi 3-4 personar, og museumsområdet var stengt på grunn av hjortejakt. For å skaffe nokre kroner i kassa auksjonerer dei ut jaktrettar i området til folk som vil drive med «båggåhunting», og da er det nok tryggast for alle partar at turgåarar ikkje fer rundt i området. Uansett, eg kunne sitje der eit par timar og arbeide før eg igjen prøvde meg nede hos Larry. Og som i går var den karet ute på eiga hand. Eg fann da ut at eg kunne forsøke å gjere opptak av nokre av dei «gamle» informantane vi har. Eg reiste derfor over til Erma, men ho var oppteken – ho hadde besøk. Og betre gjekk det heller ikkje da eg prøvde meg hos Sam, for han ville helst sjå på fotball på TV i staden for å snakke med slike som eg. Og det burde eg eigentleg vite: søndag ettermiddag er nesten ekstra heilag i desse kantane av verda, for da speler gjerne Greenbay Packers kamp. Og er det noko som gil livet innhald i her borte, så er det kampane til Packers. Javel, eg kan vanskeleg få stoppa desse kampane, så det einaste eg da kunne gjere, var å trekke meg tilbake til motellet igjen og vente på betre tider. Eg fekk også retta klokka mi, eg fann ut dei også her har stilt om til vintertid. Og etter middag på restauranten tok eg relativt tidleg kveld, for morgondagen har eit tett program.

Og slik går nu dagan…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 3. 2017: Westby, Coon Valley

I dag har eg hatt ein svært så roleg dag på prærien der eg ikkje i det heile har drive med feltarbeid, i staden har eg hatt «gjemmekontor» og pusla med ulike jobbrelaterte ting. Dessutan var eg nok også litt «æksaita»; no i september arbeidde vi intenst med ein søknad om støtte til å styrke den digitale kompetansen i lærarutdanninga vår, og i går fekk vi svaret, vi hadde fått 18 millionar til dette! Og sjølv om det renn ikkje så reint lite verdalsblod i årene mine og slik sett burde vere van med at lottorekka går inn, var dette uvanleg moro. Som vanleg vakna eg i seks-tida, men denne gongen klarte eg å dorme ein liten time til før kom meg opp av senga. Sidan eg ikkje hadde avtalar i dag, men derimot ulike «kontorting» å drive med, sette eg med etter «påssåfrukosten» ned for å arbeide litt. Eg forlenga også opphaldet mitt her med ei ny natt, eigentleg blir eg vel her til måndag, men ein veit jo aldri kva prærielingvistikken har å by på.

Å sitje på rommet vart litt småtrist, eg fann derfor ut at eg like gjerne kunne ta turen ned til Norskedalen for å setje meg der. Men der hadde dei skoleklassar på besøk, og etter ei stund fekk eg eit klart hint om at dei gjerne ville låse av hovudbygget medan dei viste ungane rundt på museet. Eg er sikkert tungnæm, men ikkje så treig at eg ikkje forsto kva dei meinte. Eg sette derfor kursen ned til Konvalle for å få meg litt å ete, klokka var trass alt godt over tolv. Etter suppe på Stockyard-restauranten køyrde eg opp til Larry for å prate litt med han. I går kjøpte eg denne akkevittflaska frå Duluth som eg hadde tenkt til han, og noko slikt takka han på ingen måte nei til. Vi ringde så denne bodødama nede i Readstown, og dette ser eg veldig fram til. Ho har ei dotter på 16 som er nokså god på norsk, i tillegg har ho ein 5-åring som også kan litt norsk. Dette bør bli moro. Eg hadde håp om at vi kunne møtast no i helga, men mannen hennar har nettopp kome heim frå jobbreise, og da må sjølvsagt familien ha førsteprioritet. Men neste helg skal vi møtast, og det bør kunne bli bra, det er trass alt ikkje så ofte at vi prærielingvistar møter norskspråklege fødd etter årtusenskiftet. Så får vi berre håpe at det ikkje dukkar opp ting som gjer at dei endrar planar.

Deretter reiste eg opp til Westby igjen, ein liten tur innom Dregne-ståret høyrer jo med før ein finn arbeidsplassen sin på motellet. Denne dagen går heilt klart ikkje inn som eit høgdepunkt i prærielingvistikken, men no er eg i det minste litt meir ajour når det gjeld jobbrelaterte ting.

I morgon har eg heller ingen klare planar, men eg har eigentleg nok å gjere, inkludert å lage utspekulerte elisiteringsoppgåver til trønderane i Lac Qui Parle. Dessutan har jo Dave’s i La Crosse eitt og anna å friste med. Men no er det snart sengetid her ute på flatbygdene.

Å slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 2. november 2017: Westby, Coon Valley og Pomkiryggen

Som vanleg vakna eg tidleg til meg å vere – i seks-tida, og da kunne eg fortsette å leggje planar for dei neste dagane. Eg fann da ut at eg skulle tilbake til gamle tomter, til Baltic i Sør-Dakota, der eg for tretti år sidan møtte mange frå Meråker. Dessutan hadde eg frykteleg lyst til å sjå Doran i Minnesota, der svært mange verdalingar ein gong slo seg ned og grunnla kyrkjene Stiklestad og Vukku (med to k-ar). Og så var tanken min å svippe nedom Starbuck og Glenwood, der det kan finnast nordfjordingar. Etter å ha forsøkt å ringe heim til mor (som ikkje svarte) og til medarbeidarar på jobb (der sambandet var frykteleg dårleg) pakka eg kofferten og gjorde meg klar til å sjekke ut. Da ringde Larry, han hadde nye informantar til meg og var lite viljug til å høyre om denne måfå-turen inn i Dakota. Da var valet enkelt, eg forlenga opphaldet mitt her på motellet og køyrde ned i Springdalen til Larry. Han var nede i garasjen da eg kom, klar for nye eventyr på prærien. Vi køyrde først ned til Coon Valley, der det skulle bu ein sogning. Og sogningar har vi så langt funne lite av, så det såg eg verkeleg fram til. Dette var ein kar i 80-åra som hadde vakse om i området rundt Viroqua, men han hadde i mange år arbeidd på mølla i «Konvalle». Dette var ein interessant kar, men i språkleg samanheng litt merkeleg. Han snakka eigentleg ikkje norsk, men han hadde eit nokså stort ordtilfang som han kunne ramse opp – og at dette var henta frå eit vestnorsk repertoar, var det liten tvil om. Han kunne også norske barneregler av ymse slag, men å setje dette ordtilfanget til setningar, nei det våga han seg ikkje på. Og «for the record», ordet han hadde for å gå til fots, det var «travla». Han er for «bjug» til å snakke norsk, sa Larry, og som vanleg er eg redd for at Larry har rett.

Han varta opp med kaffi og brød med smør, og vi hadde ei triveleg stund rundt kjøkkenbordet hans. Som sagt, det skal veldig mykje godvilje til for å kunne seie at han snakka norsk, men på den andrer sida, det han fortalde var jo interessant nok. Etter ein dryg time heime hos han, sette Larry og eg kursen ned til restauranten Stockmans. Der kjøpte vi oss kjøttsuppe (som var god), og vi såg oss også litt rundt på alt som var hengt opp i tak og veggar. Det var uhorveleg mange utstoppa hjortehovud her, Larry kunne da fortelje at denne samlinga var resultatet av at kvinnfolka har vetorett i heimen: karfolka hadde altså deponert desse praktstykka her for å få fred på heimebane – det er eigentleg ikkje så veldig vanskeleg å forstå kvinnfolka her. Dessutan var det mange interessante og flotte foto på veggane. Her var det mellom anna eit stort foto av Otis, far til Larry, som stod med banjoen sin – han var akkurat slik eg hugsar han. Og på ein annan vegg hang det eit «portrett» av Haugen-karane som dreiv og hogg ved. Vakkert! Eg møtte også syster til Larry , ho arbeider her, men kan (dessverre for meg) ikkje snakke norsk. Også det såg ut til å vere ei triveleg dame.

Vi hadde litt god tid før neste avtale, så eg fekk full omvising i downtown Coon Valley (noko som er fort gjort); vi var innom det gamle, legendariske Anderson-ståret, som no har vorte antikk-butikk, og også butikken der mennonittane har utsal av ulike eksotiske matvarer: Her kan ein faktisk sikre seg honning på 16-litersdunkar (4 gallon), om ein no nokon gong skulle få bruk for slike kvantum.

Deretter køyrde vi opp Sørryggen og til Pomkiryggen, der vi skulle møte ein ny kar, Orville på 90. Og dette var ein veldig vital herremann, han høyrde kanskje ikkje så veldig godt, men så lenge han snakka, var ikkje det eit stort problem. Igjen forsto han ikkje meg så veldig godt (no har eg nesten mista alt av sjølvtillit som feltarbeidar på prærien), men Larry var velvillig tolk, og da gjekk det meste greitt. Vi sat der ei god stund, og Larry har no vore med meg så lenge at han fungerer som fullverdig prærielingvist, og da er det ikkje noko problem. Han kjenner spørsmåla mine og klarer fint å gjere alt dette på eiga hand. I tillegg synest han at det er frykteleg moro, og det er utan tvil også noko som kjenneteinar oss prærielingvistar. Det var veldig moro å høyre dei to prate saman, og Orville var svært god til å snakke norsk. Igjen så var dette kvalitetstid på prærien!

I firetida kunne eg køyre Larry heim, deretter var eg først oppom Norskedalen berre for å gå meg ein liten tur (som nyslått medlem bør ein jo få litt utbytte av medlemskapet), deretter var eg innom kyrkjegarden i Konvalle for å leite etter kjente graver. Og familienamna her, også på dei nyare gravene, var stort sett norske. Det er veldig merkeleg å gå her på eit heilt anna kontinent å sjå namn som ein kjenner frå «gamlelandet». Til og med gravsteinen til den siste informanten var der, ferdig med inngravering – det einaste som mangla var dødsdatoen. Halloween er ein ting, men dette ….?

På denne turen har eg svært store problem med å ta kopi av materialet som eg samlar, det ser ut til å vere eit problem med SD-porten på datamaskina mi. Og dette kan eg absolutt ikkje leve med. Heldigvis har eg eit svært stort minne kort i kameraet denne gongen, men lell. Derfor tok eg turen ned til La Crosse no i ettermiddag for å få hjelp på Best Buy. Eg fann lett fram på gamle tomter, og etter litt fram og tilbake kom eg ut av denne sjappa med både ny kabel og ein ekstern SD-port – og denne gongen fungerer det. På tur tilbake til Westby stoppa eg innom Family-ståret (som no har bytta namn til Festival), og på likør-avdelinga der tenkte eg å kjøpe med ei flaske akkevitt til Larry: han er ein kar som gjenre vil prøve nye ting, og i det siste har eg misjonert litt for fårikål, og det vil han svært gjerne prøve å lage sjølv. Ken kva er vel fårikål utan ein liten skvett med akkevitt? Og etter mykje leiting (og til slutt hjelp frå klerken) fann eg ei flaske. Og denne akkevitten må eg seie at eg er svært nysgjerrig på, for dette er noko som heiter Øvrevann Aquavit, og det er produsert oppe i Duluth. Vi får håpe og tru at det er greie saker – prisen var i alle høve veldig norsk.

No er eg tilbake på motellet i Westby igjen, og etter eit godt fiskemåltid på restauranten her sit eg no her på rommet mitt og lurer på kva eg skal finne på i morgon. Eg har desse ungfolka i Redstown som eg vil snakke med, i tillegg har Larry avtalar for meg på måndag. Det ser derfor ut til at eg får slå meg til her i byen no i helga, og det kan vere greitt nok det. I morgon trur eg at eg må etablere litt kontor igjen, det er nok av ting på jobb som eg må ta tak i, dessutan skal eg snart ha nettundervisning i prærienorsk som eg må førebu, og eg bør også tenke litt nærare på kva eg skal gjere med desse trønderane mine i Minnesota: målet mitt med dei er mellom anna å sjå litt nærare på prærie-apokope, og da bør eg nok lage eitt eller anna i sjangeren utspekulert elisitering. Vi får sjå kva det blir til. Men no er klokka over 11, og eg er stuptrøytt. Neste post på programmet er derfor senga.

Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | 499 kommentarer

Onsdag 1. november 2017: Westby, Orfordville

I dag kunne altså bli ein merkedag for meg som feltarbeidar – å få møte den siste Haugen-informanten er eigentleg noko eg trudde ikkje ville kome til å hende. Så det var med spenning at eg etter ein kjapp påsså-frukost sette meg i bilen og stilte inn GPSen med kurs austover. Tre timar i bil er jo tre timar i bil, men no skal det også seiast at amerikanarane verkeleg har lagt ting til rette for ein prærielingvist som meg, for kanal 18 på bilradioen er The Beatles Channel, og her underheld desse fire Liverpool-karane døgnet rundt. Sjølv for meg kan dette faktisk bli i litt for store dosar. Men etter mil etter mil med maisåkrar, kunne eg ein eller annan stad i «She loves you» kruse inn hovudgata i småbyen Orfordville, og før det siste «yeah, yeah, yeah» hadde tona ut, hadde eg passert byen med god margin. Dette er med andre ord ingen storby, altså. Eg kom ein liten time før avtalt tid, derfor returnerte eg til bensinstasjonen på den andre sida av byen for å få meg ein matbit og kanskje også kople meg opp på nettet og sjekke e-posten.

Passeleg god og mett kunne eg parkere framfor huset til denne norsk-amerikanaren, ta med meg veskene mine og banke på. Eg hadde kanskje ikkje venta hornmusikk og ordføraren på plass for å ønske meg velkommen, og det var heller ikkje det som venta meg. Derimot ein svært skeptisk norskamerikanar eskortert av ei dame og ein heller bisk kar. Og eg slapp heller ikkje inn utan vidare. Først måtte eg vise legitimasjon og gjere greie for kven eg var, deretter vart desse dokumenta grundig sjekka før «skrindøra» forsiktig gjekk opp og dei slapp meg innafor, men framleis osa det skepsis på lang veg. Og det var ikkje måte på kontrollspørsmåla som eg fekk: dersom immigrasjonsmyndigheitene er nøye og skeptiske, så var det ingenting mot dette, ja her kan myndigheitene med Trump i spissen verkeleg ha noko nytt å lære for korleis ein forsvarer grensene. Karen som eg ville snakke med, var godt vaksen, han var dårleg til beins og tok seg berrfot fram, godt støtta ein gåstol. Men det var også tydeleg at sjølv om han fysisk tok til å bli skrøpeleg, var denne karen svært så skarp enno, han hadde vore igjennom dette ein gong før og forsto fort kva eg var ute etter. Vi sessa oss ned, og vi starta seansen med at eg spelte av ein stubb frå opptaket med han 69 år tidlegare. Det oppretta full tillit på ein blunk. Så rigga eg opp utstyret og gjorde klart til opptak, men det vart ikkje lett å kome i gang med dette, for denne karen meinte at eit slikt møte var «breaking news» som måtte lokalavisa. Han ringde derfor i eitt for å få nokon til å kome, men da redaksjonen tydeleg vis hadde andre ting å bruke arbeidstida si på, kontakta han like godt «townbordet» for å få fortgang i det journalistiske arbeidet. At han også vart avvist der, hadde han vanskeleg for å akseptere. Uansett, etter kvart roa han seg, og eg kunne trykke på «record»-knappane – eg trudde eigentleg da at det verste hadde lagt seg.

Det tok ikkje lang tid før eg forsto at eg her sto framfor ei svært stor utfordring – han forsto meg ikkje. Han høyrde godt, det var ikkje det som var problemet. Mannen var døl, og etter år saman med dølane i Westby, trudde eg at eg kunne turnere slike folk, men ikkje denne karen, nei. Same kor mykje eg apa etter westbynorsk, kom eg ikkje igjennom. Hmmm, merkeleg. Vi vart da samde om at eg skulle stille spørsmåla på engelsk, så skulle han svare på norsk. Og dette fungerte på eit vis, men før han hadde vorte varm i trøya, ringde det på døra og ein journalist dukka opp. Han hadde dårleg tid, men han ville gjerne ta bilete no, så kunne han kome tilbake ein annan dag og intervjue Merlin. Og opphaldet vart nok lengre enn journalisten hadde tenkt seg, for hovudpersonen hadde mykje å fortelje. Svært mykje, faktisk.

Da bladfyka endeleg klarte å frigjere seg og kome seg vidare, trudde eg at det endeleg skulle bli litt arbeidsro igjen, men da måtte jo sjølvsagt Merlin kaste seg over telefonen og fortelje at no ville han endeleg kome i avisa – han hadde godt håp om at dette burde kome på førstesida. Etter kvart roa han seg, og vi kunne halde fram. Og det gjekk rimeleg greitt, sjølv om eg innsåg at eg var alt for dårleg førebudd på denne samtalen. Spørjeliste brukte eg ikkje sidan bakgrunnen hans er svært så godt dokumentert gjennom feltnotatane til Magne Oftedal som var her i same ærend for 69 år sidan, han hadde brukt tre dagar på intervjuet den gongen. Og eg angra litt på at eg ikkje hadde teke med meg Larry, han hadde sikkert klart å føre ein lett og ledig samtale med denne karen. Elles er det litt av kvart å merke seg av språkleg snask, mellom anna lokale variantar av ordet «å snakke»: I Coon Valley «lage» dei norsk, i Blair «spreke», medan denne karen «spiker». Og som alltid er spørjeorda ei utfordring. Eg prøvde alle variantane eg kunne, men det var få som kom heilt igjennom. Åkke som, i firetida pakka eg saman utstyret mitt og takka for meg, på ein måte var eg ekstremt fornøgd, eg hadde møtt det som må vere «the holy grail» for oss prærielingvistar, den siste gjenlevande informanten til Haugen, på den andre sida var eg berre passe fornøgd, for det burde vere muleg å dra litt meir språkleg stoff ut av denne karen enn det eg klarte no i ettermiddag. Men for å sitere folket på præien her: «slik går det».

Etter å ha takka for meg sette eg kursen tilbake til Westby igjen, og med Beatles i bakgrunnen køyrde eg igjennom Madison, såg så vidt gata der eg budde for 25 år sidan og kom meg trygt tilbake til rommet mitt her i Westby. Vel framme og på nett kunne eg også lese e-post frå kontakten min Kevin i Appleton, Minnesota: det passa dårleg med feltarbeid der no i helga fordi han skulle drive hjortejakt. Neste tysdag derimot. Og det var litt dumt – da må eg leggje nye planar, eg får sove på korleis eg no går vidare.

Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar