Fredag 4. november 2016: Stevens Point, Iola; WI, Marshall; MN

Dette skulle bli ein svært så lang dag med mange ulike ingrediensar, som feltarbeid, lang transportetappe, toppa med drama av ypperste merke. Eg hadde av ein eller annan grunn ei litt uroleg natt, eg sovna seint, sov uroleg og vakna tidleg – anten er det jetleggen som framleis sit i kroppen, elles så er det berre at eg tek til å bli ein gammal gubbe. Eg håpar jo det første, men må jo også innsjå at det siste også godt kan vere tilfellet. Litt av grunnen til denne nattlege uroa var nok også at eg hadde lagt igjen telefonen min (med vekkarklokke) i bilen, men var for trøytt til å orke meg ut for å hente han, og da var eg i tillegg litt redd for å sovne av. Vi starta dagen med samling på kafeen der vi skulle ete frukost, og på ny vart det traktering som burde dekke kaloribehovet – om ikkje næringsbehovet for fleire dagar framover. Deretter kontakta eg Dale igjen, det ville vere avgjerande for om vi i det heile skulle reise tilbake til Iola igjen, eller om vi skulle fortsette direkte inn i Minnesota. Men Dale skuffar ikkje, på ny hadde han hosta opp nokre informantar til oss. Vi fekk derfor i all hast pakka sakene våre og sjekka ut frå dette eigentlegveldiggodtundermiddelsgode motellet og sett kursen nordaustover.
Dale venta på oss ved Main Street i Iola, og etter å ha teke ein titt på røslege Vidar (ein trestatue av ein viking med øks og ski), fortsette vi til ein privat institusjon for å møte ei dame på 101 år. Planen var eigentleg å besøke henne i går, men da hadde ho vore forkjøla; framleis var ho litt skranten, men formen var tydelegvis betre no. Og no var ho veldlig glad for at vi kunne kome, ho hadde vore redd for at det ikkje vart noko av «visiten» sidan ho hadde meldt avbod. Vi gjorde ein liten times opptak med henne, ogs sjølv om ho nok var litt svak og halvlåg i stolen, så var det tydeleg at ho likte dette. Og det står heller ikkje å nekte for at trass i alderen, så var dama svært så forfengeleg. Vi hadde med fotokamera, og da vill ho ha «portrett» av seg. Vi tok nokre plater, men ho var på ingen måte nøgd med resultatet. Derfor måtte vi prøve igjen, og denne gongen hadde ho ordna litt på håret og endra positur. Dette bildet var ho ikkje så aller verst nøgd med, men så oppdaga ho at ho ikkje hadde tennene på plass. Dermed vart dette fiksa, og denne gongen fall alle pikslane til ro på ein slik måte at ho meinte resultatet var presentabelt. Vi takka for oss (noko som var ein omstendeleg prosess sidan ho gjerne ville prate meir) og følgde Dale opp til nestemann, ein sprek «trondhjemmer» godt oppe i 80-åra. Dette karen hadde utvandra saman med foreldra rett etter krigen, han kunne vise til ein lang og ærerik idrettskarriære både som fotballspelar og skihoppar, og han hadde også på andre måtar klart seg godt. No var han ein snartur oppom Iola for å sjå etter litt før han i morgon startar sørover igjen. Dette var ein svært vital og aktiv kar, og når han var frå sjølve Trondheim, hadde jo han og Alex litt å prate om. Medan vi var der, tok det også til å tikke inn meldingar frå Hendricks: kontakten vår der ville lett kunne klare å skape saman nokre folk, han sendte ei namneliste på rundt 20, og han skulle også arrangere heile seansen. Dersom dette held, så er det berre fantastisk! No var det også klart at vi berre måtte til Hendricks! I 2-tida braut vi opp, da var det tid for å begynne å tenke på vegen vidare vestover, det er jo trass alt over 60 norske mil til Marshall, der vi tenkte å overnatte. Men først måtte vi ha mat, og da stakk vi innom restauranten på andre sida av gata frå i går, og der var det meir enn nok av feittrik mat å velje frå. Medan vi satt der, tok det til å ry inn med godt vaksne karar som benka seg rundt disken og ville prate litt medan dei tok seg ein kaffikopp. Dei lurte på kven vi var, og da måtte vi jo fortelje kor vi kom frå. Det viste seg da at det var fleire av desse som kunne litt norsk, og ein av dei var faktisk veldig god. Dette betyr jo at det også i framtida må vere muleg å gjere meir feltarbeid her – om det da blir ein ny tur….
Men vi hadde ikkje stunder til å hefte så veldig her, for vi skulle forflytte oss til Marshall før vi kunne ta kvelden. Kari og eg starta, og dei tre andre kom etter, vi fann ut at det ville vere umuleg å drive kolonnekøyring heilt fram uansett. Det er ikkje så veldig mykje å seie om bilturen, å køyre bil på prærien er ikkje så veldig utfordrande – det meste går jo rett fram. Det einaste som kan skape spenning, er dyr av ymse slag – særleg skal ein ha respekt for hjort. Men det gjekk bra, vi kom oss gjennom tvillingbyane og ut på den amerikanske landsbygda, mil etter mil. Utpå kvelden kunne vi endeleg sjå Marshall som eit slags Soria Moria i den mørke, men måneklare natta; utan vanskar kunne vi også finne motellet – eit motell av den vanlege sorten, men litt oppgradert samanlikna med det vi hadde i Stevens Point. Sidan dei andre var eit stykke bak oss, gjekk Kari og eg over gata for å få oss ein matbit, eller kanskje rettare, ei usannsynleg komprimert samling av kaloriar. Vi veit jo at fries er steikt i feitt, men det treng jo strengt teke ikkje vere slik at dei er feittet skal renne av dei. Medan vi pakka i oss desse bombene, ringde Alex og kunne melde at også dei var framme, men også at det var eit elefant-stort problem – han hadde mista ryggsekken sin med pass og alt han hadde med av elektronisk utstyr. Og dette er jo krise. Ein ting er at det utan dette utstyret blir meir tungvint å sikre materialet vi samlar, men det verste er dette med pass, for det treng han for å kome heim. Før eg gjekk til ro, sjekka eg bilen for å sjå om sekken hans var der, men det var han sjølvsagt ikkje. Dette er på ingen måte moro, vi får håpe det ordnar seg. I ein «always look at the bright sides of life»-tradisjon kunne vi i det minste glede oss over at det i morgon er lina opp nokså mange meir eller mindre språkmektige i Hendricks, eg håpar at det blir bra.
Og slik går nu dagan …

Skrevet i Uncategorized | 6 kommentarer

Torsdag 3. november 2016: Stevens Point, Iola og Norske, Wisconsin

I dag skal vi altså gjere feltarbeid i det som gjerne blir omtala som «Indi-landet» – området rundt Iola. Starten på dagen var litt brå, kan ein kanskje seie – Stevens Point er ein av dei få plassane der eg har dekning på mobilen, og sjølvsagt måtte naboen min i Halden ringe meg litt før 5, og etter det sovna eg ikkje igjen. I sjutida kravla eg meg opp av senga, kanskje ikkje heilt utkvilt, men skitt au, slik er no ein gong det tøffe livet til ein prærielingvist. Etter kvart så var vi alle samla på restauranten rett over plassen her, og ein ny dose med tung og feittrik præriemat vart konsumert. Så vart bilane lasta opp, GPS-en stilt inn og bilkortesjen med prærielingvistar rulla i veg. Vi fann Iola lett, og derifrå var det berre å følgje County-vegen vestover til vi fann hus-nummeret til kontakten vår Dale. Også dette er ein fantastisk kar, og sjølv om han som rørleggar har meir enn nok å bruke arbeidstida si på, så tek han altså fri resten av dagen for å vere med oss rundt. Det same gjorde han i fjor da eg var her, og dette er jo heilt utruleg! Men han seier at han ser verdien i det arbeidet vi gjer, og at han vil gjere sitt til at også det norske språket i Iola blir dokumentert på ein skikkeleg måte. Vi starta feltarbeidet i «sagmølla» til Julian i Norske, ein heilt fantastisk plass. Om det er noko som fortener namnet man-cave, så må det vere dette. Denne kulturelle institusjonen ligg litt inne i skogen, og i tillegg til sjølve sagbruket, så står det eit mange vrak av ymse slag spreidd rundt omkring, mange bilar, inkludert eit bar retteleg gamle Fordar, Case-traktorar, ulikt jordbruksmaskineri, bikubar med radio som skal halde bjørnen på avstand – you name it. Det meste av dette utstyret står fram  i ulike sjatteringar av rustbrunt , det er veldig prega av at det var mange år sidan dei var i bruk. Det stod også ei bordbu av ei varmestove der, og her skulle vi gjere opptak. Dette er altså paradiset til sagbruksmeister Julian på godt over 80 år – her kan han verkeleg vere herre i eige hus. Dette lokalet var absolutt ikkje prega av overdrive støvtørking, rydding og vask, her satsa ein på at alt ordna seg heilt sjølv. Trivselen vart skapt av varme i omnen og kaffi i kjelen. Snart kom det også fleire trauste karar innom, nokre kunne snakke norsk, medan andre berre hadde observatørstatus,  og intervjua kunne ta til. Kor stø dei var som språkbrukarar var kanskje litt ymse, men dei er alle nyttige som informantar, og det er gjerne dei som språkleg sett er mest rustne som er mest interessante i samband med språkforsking. Og som seg hør og bør, vart denne økta avslutta med trekkspellmusikk og tamburin, og til slik underhaldning måtte sjølv dei to lettkledde kalenderjentene på veggen få lov til å smile søtt ned på musikantane.

Så var det nonstid og tid for litt mat i vomma igjen, og vi sette kursen til den «norske» restauranten i byen, og her pynta store flagg og foto av Geiranger opp det meste av veggplassen. Om vi hadde vore i tvil tidlegare om at Iola er ein norsk stad, vart all tvil fjerna her inne. Og maten vart jo klassisk igjen, med eit nytt solid påfyll av animalisk feitt i ymse former. Etter maten gjekk turen til den siste informanten vår i dag, ein godt vaksen kar som ein gong hadde vore med i Korea-krigen. Dette var ein retteleg spreking, og det var lite i måten han førte seg på som indikerte at han måtte vere nesten 90 år gammal. Og det var også tydeleg at han likte å snakke norsk, det var ingenting som indikerte at han vart sliten, og heller ikkje mengdetrening med språklege «games» gjorde at han gjekk i stå. Etter over to timar med slik behandling var det kanskje heller prærielingvistane som vakla ut døra og sette seg i bilen med kurs mot det fantastiske hotellet i Stevens Point. Der fekk vi oss «litt» middag, eit måltid som på mange måtar løfta «Swedish meatballs» inn i ein ny liga for smaklaus mat. Måltidet var ikkje vondt, men det var ikkje så veldig godt heller. Resten av kvelden har eg vore her på rommet og forsøkt å kontakte folk, utan særleg hell. Den mest interessante ville vere den siste gjenlevande informanten til Einar Haugen, men eg får ikkje svar. Derimot så fekk eg ei melding frå ein kontakt langt inne Minnesota om at han lett kunne hoste opp eit 20-tals informantar til oss, og det er jo ikkje dårleg. Vi får klare at han kan ha dette på plass til laurdagen.

Og slik går nu dagan her i Indi-landet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 2. november 2016: Westby, Norskedalen, La Crosse og Stevens Point

I dag hadde vi ikkje noko program anna enn at vi skulle flytte på oss, og vi skulle også vere bittelitt turistar og sjå oss litt om. Etter standard præriefrukost frå «påsså» sjekka vi ut og reiste opp til Dregne’s, ei fantastisk samling med ulike typar norskamerikansk krims-krams. Deretter gjekk turen til gammalheimen Norseland for å ta farvel med Florence. Igjen vart dette ei veldig fin stund, og vi kunne prate litt og vere «friends from Norway». Kvar gong eg reiser frå Westby så har eg trudd at dette er siste gongen, men empirien tek til å vere nokså eintydig på at det ikkje er tilfellet. Så no når eg reiste ut av byen, så var det absolutt med eit lite håp om å få kome hit igjen ein gong. Ikkje fordi at dette er ein så fantastisk by (fordi det er det absolutt ikkje), men fordi folka her er fantastiske og fordi det er veldig rart å kunne snakke norsk med innfødde på eit anna kontinent.

Vi køyrde ned Skogdalen og opp til Norskedalen, der ein av dei frivillige (som dagen før hadde snakka med oss som journalist i Westby Times) skulle vise oss rundt. Det var ein vakker haustdag, og også Norskedalen er ein veldig triveleg plass å kome tilbake til. At eit så lite samfunn som Coon Valley og Westby klarer å halde dette oppe gjennom frivillig arbeid, er jo heilt utruleg! Og ikkje berre held dei dette oppe, dei har også klart å byggje det ut og gjere det større. Ja, dette er eit arbeid som det står all respekt av! Etter ein rundtur på dette anlegget og litt aktiv bruk av kredittkort på «giftståret», kolonnekøyrde vi til Coon Valley, der vi stoppa på «etarplassen» Legacy. Her var det muleg å få dekt kaloribehovet for ei lita veke i berre eitt måltid, og det måtte vi jo gjere. Eg skal ikkje nekte for at det på ingen mte er nokon usmak på det dei serverer her, men sikringskost er det nok neppe.

Etter dette måltidet, så delte vi oss opp etter tradisjonelt kjønnsrollemønster: Jentene ville gjerne sjå på gravsteinar og slike ting medan vi gutane hadde frykteleg lyst på å ta turen ned til Dave’s. Det ville jo vere for ille om ikkje Alex skulle få oppleve Dave’s. Og med to bilar var det lett for oss å få viljen vår – Dave’s. For ein plass! Dette er verkeleg paradiset for gitartullingar som oss: her har dei det meste, inkludert ein Strat som Eric Clapton ein gong la handa si på. At noko slikt skal finnast i ein så liten by som La Crosse er også veldig merkeleg, trass alt kan det ikkje vere så veldig mange Gibson ES 175-arar som kvar dag blir impulskjøpte her, men samtidig så er det tydeleg at denne butikken går godt, og no bygger dei faktisk på. Det er moro å vere saman med Alex, ikkje minst fordi han har så lett for å kome i kontakt med folk. Han går rundt og beundrar gitarar, ser han ein annan som gjer det same, så tek han kontakt og slår av ein prat, og når sjølvaste Dave viser seg, så tek han kontakt og startar ein laus og ledig konversasjon om ulike gitarmodellar. Det må også seiast at Dave’s er ein uvanleg triveleg gitarbutikk, her heng ikkje gitarane berre til stas, her kan vi også få prøve dei. Og igjen, vi er ikkje tunge å be. Alex plukka ned ein artig liten sak som av alle stader er bygd i Sparta, Wisconsin. Prislappen var i høgste grad internasjonal – 100.000 kroner skulle dei har for vidunderet. Eg var meir beskjeden, eg prøvde eit par artige «django-gitarar» til ein meir folkeleg pris. Også dei var artige strengeleikar, og å tukle litt med dei minte meg på at no må eg snart kjøpe meg ein ny gitar.

Tida går fort når to raringar som Alex og eg er på gitarbutikk, og klokka fem gjekk det opp for oss at vi burde kome oss vidare – trass alt er det fleire timar opp til Stevens Point, der vi skal overnatte. Den første delen av turen var vakker, da kunne vi sjå naturen, inkludert delar av Mississippi-elva. Den siste delen var grei, men da var det mørkt, og eg fokuserte veldig på å sjå etter hjort i veggrøfta. For hjort er eit trafikkproblem her, i vegkanten ligg kadavera på rekke og rad. Vi fann motellet vårt (som utan tvil tek seg betre ut på foto enn «live» (Westby var nesten luksus mot dette). Men greitt nok, vi får jo det vi betaler for, og dette var tolleg billeg. Så gjekk vi til restauranten for å ete før eg kontakta «Iola-mannen» for dagen i morgon. Eg trur dette kan bli bra, men no er det også sentgetid.

Og slik går no dagan her i Wisconsin

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 1. november 2016: Westby

Ein ny dag her oppe på prærien, og igjen er programmet nokså tett, og møtestaden var frukost frå «påsså» i resepsjonen. Sjølv om eg tappert forsøkte å gje inntrykk av at eg hadde vore vaken lenge, så er nok sanninga at eg i dag ikkje vakna før klokka var godt over sju, og at eg godt kunne ha sove eit par timar til. Eg ordna meg raskt, kom meg i fillene og fann  meg ein plass ved frukost-buffeen i resepsjonen. Vaffel, saltpølse, banan og kaffi gjorde susen. Medan eg meska meg i dette kulinariske paradiset gjekk eg også igjennom e-posten min, og der var det mykje rart som venta. Eg innsåg faktisk at her måtte eg prioritere, og medan dei andre reiste ned til Vanilje-kyrkja igjen, brukte eg ein liten time på å svare på e-postar. Eg veit jo at det er umuleg å melde seg ut av verda i over to veker og likevel venta at verda ventar på meg. Etter denne (eigentleg litt traurige) seansen sette eg kursen opp til kyrkja igjen, og der var det heldigvis full fart, og som sagt, det er flott å sjå at ungdommen finn seg til rette her. Og det tok heller ikkje lang tid før Larry dukka opp igjen, han hadde med eit gammalt brev som han ville ha hjelp til å lese, dessutan er han jo eit lett bytte for nye «games». Det ser eigentleg ut til at Larry er ein veldig lykkeleg mann så lenge han får «lage» norsk. Etter at denne seansen var over, sette vi kursen ned til byen for å ete lunsj saman med med Leum og Iverson, og vi ville da prøve plassen Bleach (eller kva det no heiter), som ligg like ved Dregne’s hardware store. Og burgermenyen her var i og for seg bra, men dei som satsa meir på vegetar, kunne i etterkant melde at dette var tarvelege greier. Eg tvilar absolutt ikkje…

Etter dette (litt omdiskuterte) herremåltidet, sette vi kursen tilbake til kyrkja igjen, og der satt det alt trauste norskamerikanarar og venta på oss; Howard og Archie. Og igjen fekk ungdommen boltre seg medan eg tok ein rask tur tilbake til motellet for å skrive litt fleire administrative e-postar. Eg var tilbake i kyrkja igjen før det var for seint, og der satt Archie g Howard og prata: moro! Det som da sto igjen var innspurten: The Bagstads. Vi venta lenge og vel før dei kom, og dette er retteleg hardved: gamlingane har ein gong snakka meir norsk enn engelsk, medan dottera på 57 også har vakse opp med norsk som dominerande språk. Heile forteljinga er interessant – og også litt rørande. Ungjenta Bonnie , som i præriielingvistisk samanheng nesten representerer barnespråk, var svært så flink på testane, eigentleg er det heilt utruleg at eg kan snakke med folk min alder her borte! Det er alltid veldig moro!!!

Resten av kvelden vart brukt til kopiering av matrerialet, og vi tok også turen ned til restauranten for å få oss mat. Og igjen, maten var nokså god.

Og slik går no dagan her på prærien…

Skrevet i Uncategorized | 3 kommentarer

Måndag 31. oktober 2016: Westby

Så er vi altså tilbake på det som for meg er veldig gamle tomter – det norskamerikanske kjerneområdet i Westby. Og sjølv om verda tydelegvis endrer seg rask, er det godt å sjå at det er delar verda som ikkje endrar seg så veldig mykje – om i det heile. Og ein slik trygg plass er heldigvis Westby. Det vil seie, det er nokså små endringar å spore, og motellet er ein slik plass der verda faktisk har gått framover, rommet mitt var reint og i god «shape», og også frukosten var oppgradert til litt meir enn nokre slagna kornflakes i ei skål og ei mugge med litt pissly mjølk til å skvette over. No var det faktisk juice og vaffel, og mjølka hadde fått ny heidersplassen sin i kjøleskapet. Bra! Men ut over dette er nok det meste andre ved det gamle her, noko som også er veldig bra. Etter ei samlingsstund i lobbyen, sette vi kursen inn til Vanilje-kyrkja her i sørbyen der «forskingsfabrikken» skal setjast opp. Her var kontakten vår Eileen på plass, den nye generasjonen med prærielingvistar kasta seg med liv og lyst over opptaksutstyret og rigga til to «studio», og snart dukka det opp to trause norskamerikanarar, Elisabeth og Larry. Og som vanleg er det frykteleg triveleg å få møte Larry. Ungdommen tok seg av intervjua, og igjen er det vakkert å sjå at det er ein ny generasjon med feltarbeidarar som kan føre arven vidare – i den samanhengen er det samstundes litt trist å vite at det i framtida nok vil bli litt knapt med norskspråklege å drive feltarbeid på. Så vi får gle oss så lenge vi kan. I 12-tida reiste vi opp til Borgens for å ete lunsj, og tradisjonen tru vart det «kjøttkakur og lefsa». Så reiste dei andre tilbake til kyrkja for å fortsette arbeidet medan eg tok ein tur ned til Ron og Sandra. Igjen så var det eit veldig triveleg gjensyn, Ron arbeidde ut når eg kom, men har såg nok besøket mitt som ein god grunn til å avbryte dette arbeidet og ta meg med inn, og der var også Sandra. Ho hadde nettopp gjort klar korga med godsaker til seinare på denne Haloween-kvelden, og det var ikkje småtteri som skulle delast ut. «We except like 200 children», sa ho, og korga var stor nok til å mette minst det dobbelte. Dei henta også inn to nabopar, fleire av desse kunne snakke norsk, og det var veldig triveleg å sitte der og snakke: det meste gjekk på engelsk, men det vil vere synd å seie at norsk ikkje vart brukt heller. I firetida braut eg opp og køyrde opp til kyrkja igjen, og der var det framleis full fart med fleire norskamerikanarar under behandling. Ut mot kveldinga var vi ferdige og Kari og eg kunne ta ein liten runde i byen for å sjå på dette med trick and treats – for no var det verkeleg Halloween. Nede i gatene her slo det meg kor heldig eg var som hadde Kari ved sida av meg: Hadde eg vore einsleg mann som køyrde sakte rundt og glodde på småungar som gjekk rundt i festlege klede, så hadde det nok ikkje gått så veldig lang tid før eg hadde vorte stoppa av sheriffen. Etter å ha sett dette, kunne vi sette kursen tilbake til motellet igjen, og der venta det eigentleg to viktige ting: sikring / sortering av materialet pluss ein stengt restaurant. Alt dette burde eigentlege vere som venta – det er trass alt ikkje første gongen at Janne og eg er her, og da bør vi jo vite at Old Towne Inn er stengt på måndagar. Løysinga vart at vi reiste opp til nordbyen, til den gamle Eklov-stasjonen og kjøpte med ein Uffda-pizza og ein veggie. Og når prærielingvistar er svoltne og slitne, så er det få ting som kan skape så god stemning som ein skikkeleg uffda-pizza. Det heile vart toppa med ein liten vinskvett i glaset.

Og slik går no dagan i livet til ein prærielingvist

Skrevet i Uncategorized | 2 kommentarer

Søndag 30. oktober 2016: Atlanta, Minneapolis, La Crosse, Westby; Wisconsin

Ny dag med tett program, og eg vakna i kjend stil i halv seks-tida, eg vasskjemde håret, eller skvetta litt vatn over meg, fekk på meg fillene og tusla ned i frukostrommet. Etter kvart kom den eine etter den andre ned, med eitt unntak – Kari. Vi tenkte lenge at ho kanskje hadde gjort seg ferdig med frukosten før vi vakna – at ho kanskje åt på rommet – at ho ikkje brukte å ete frukost … Men da vi klokka fem på sju sto nede i resepsjonen og venta på shuttlebussen, og Kari heller ikkje da viste seg, vart vi litt urolege og eg gjekk for å sjekke. Eg banka på døra og sa «Kari» litt halvhøgt, og det skal eg seie gjorde susen: Akkurat denne morgonen sette ho nok uslåeleg personleg rekord i kombinasjonsøvinga raskt morgonstell og pakking: da bussen starta motoren, kom Kari springane og kasta seg på. Det heldt akkurat!

Flyplassen i Orlando er USAs største, og både Rygge og Værnes blir nok dessverre overgått her, sjølv ein solid dose lokalpatriotisme kan ikkje bøte på det. Vi sjekka inn, gjekk igjennom sikkerheitssjekken, tok toget til rett terminal og fann til slutt også «gaten». Det viser seg at vi av ein eller annan grunn har fått business-billettar (noko som nok kan forklare ein litt stiv pris på denne reisa), men på den andre sida, slik luksus har jo heilt klart sine fordelar – ikkje minst god plass. Etter drygt 2 timar i lufta, var vi over – og litt seinar på – gamle tomter: Minneapolis, og Uffda-land. Her gjekk også det meste glatt, vi fekk koffertane våre, vi fekk henta ut to bilar: Janne i ein gedigen prærieskonnert, medan eg har vist litt meir måtehald og kunne hente ut ein meir kledeleg SUV. Vi lastsa opp, kopla inn GPS-en og sette kursen sørover og ut av byen – og snart var eg på skikkeleg gamle tomter, eit landskap som eg på 80-talet tråla på jakt etter inntrøndsk jamvekt og palatalar. Vi passerte Zumbrota og Rochester, kom oss etter kvart inn på Highway 90, og etter over to timar på «råden» kunne vi krysse den blå brua over Mississippi og finne det første samlingspunktet vårt: Dave’s Guitarshop i La Crosse. Etter eit mål med mat og litt handling på veldig kjente tomter (gamle Quillins, seinare Family, no Festival) kunne vi ta sjarmøretappen til Westby. Litt utpå ettermiddagen kunne vi sjekke inn på trauste Old Towne Inn, og standarden her no er faktisk eit lite hakk betre enn kva det var for eit par år sidan. Joda, heilt OK, så dette teiknar jo bra for framtidig feltarbeid. Kvelden vart først brukt til ei økt på gamleheimen Norseland for å besøke Florence, ei fantastisk dame som etter kvart har vorte ein institusjon for oss prærielingvistar. Gjennom 30 år med prærielingvistikk har eg besøkt gammalheimar mange gonger og erfart at når norskamerikanarane har hamna her, så er det lite spåkleg materiale å hente – dei her er gjerne litt for skrøpelege til å fungere som gode informantar. Men eg innser også veldig klart at eg nok har vore alt for arrogant i å trekke ein slik konklusjon. Eg har jo sjølvsagt ikkje tenkt på at dei «ferske» prærielingvistane som vi no har med, aldri har møtt dette merkelege språket «live», og for dei var denne stunda ein svært nyttig introduksjon til Det norske Amerika. Dette var faktisk det første møtet dei hadde med «the real thing», og dei imponerte meg i måten dei tok utfordringa. Feltarbeid er mykje meir enn utspekulert elisitering, skal det fungere godt, er det ikkje minst viktig med ein solid dose empati, mykje tolmod, konsentrasjon og fokus.

Og slik går no dagan her på prærien …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 29. oktober 2016: Arthens, Atlanta, Georgia

Dette var tredje konferansedagen – og etter tre hektiske dagar går det altså mot slutten. Programmet for dagen vart i og for seg nokså komprimert og blir derfor presentert svært punktvis:

  • Pakking & utsjekk før 9 Dette var eigentleg ikkje så veldig krevjande – med ein god dose jetleg I kroppen, går det framleis veldig greitt å greit å vakne om morgonen. Og sjølv om eg som alltid er trøytt om morgonen, får eg knapt sove etter klokka 5. Så akkurat dette klarte eg faktisk, også i dag.
  • Konferansestart klokka 9 Å finne fram på ein slik akademisk institusjon er på ingen måte ei enkel sak, sjølv om eg no visste – eller rettare burde vite vegen. For det står ikkje å nekte for at eg sleit litt – utan at eg skal gå i detalj om det.
  • Konferanse: Også i dag var programmet bra, og det er mykje og mangt som gler ein halvgammal mann – ikkje minst er det stas at det er så mange som interesserer seg for dette feltet: i 25 år var det berre eg som dreiv litt med norsk i Amerika, og det står ikkje til å nekte at ein til tider følte seg som ein avvikar i språkvitskapen: Her sto eg og studerte korleis ulike meir eller mindre subtile språkdrag visna bort og forsvann, samstundes som eg fann ei stor (nokre vil seie pervers) glede i å kunne få vere vitne til denne prosessen. I dag er det nesten kø i rekkene for å få studere og dokumentere dette språket og måten det forsvinn på: anten veks det no fram ein ny og talrik generasjon med slike språkvitskaplege avvikarar, elles så betyr dette at også normale folk kan finne glede i å sjå på denne prosessen. Og berre så det er sagt, eg håpar at det siste er tilfellet. At vi prærielingvistar er litt rare og merkelege, det skal eg vere forsiktig med å nekte for, men at vi er direkte tullingar …tja …
  • Konferansemiddag Alle skikkelege konferansar skal jo ha ein konferansemiddag – og middagen skulle starte klokka 6. Gromgutane Joe og Mike hadde den fantastiske ideen at sidan denne restauranten skulle vere minder enn 20 min gange frå universitetet, så hadde vi veeeldig god tid til å stoppe på vegen for å ta ein aldri så liten øl.  Derfor stoppa vi. Og trass i at vi no er midt i Halloween og folk gjer kva dei kan for å skremme vatnet av kvarandre, så var desse minutta eit uvanleg triveleg friminutt i livet. Kvart på seks tok Joe ansvar, samla mannskapet i litt spreidd formasjon og peikte ut marsjretning – og i ein litt uryddig formasjon slentra vi etter. Etter å ha gått ein dryg halvtime, forsto vi at Josh i arrangementskomiteen neppe har gått denne ruta sjølv når han kunne finne på å hevde at dette var «a twenty minutes walk». Men vi kom da fram, kanskje ikkje til rett tid, men tidsnok til å få vere med på middagen.
  • Shuffle & motell I 9-tida på kvelden braut vi opp frå middagsslabraset, og no fekk eg prøve noko som eg aldri har prøvd før: vi reiste tilbake til hotellet ved hjelp av transportkonseptet Uber – og det funka jo det. Frå Athens venta rundt ein og ein halv time i shuttlebuss, og kombinasjonen pratesjuk sjåfør og stuptrøytte passasjerar er nok ikkje alltid optimal, men grei nok. Og det var vanskeleg å be han halde stilt, sidan han hadde sagt ja til å køyre oss på motellet, og ikkje til flyplassen som er den eigentlege ruta hans. Og om motellet skal eg ikkje seie så mykje, dette etablissementet har nok ikkje så frykteleg mange stjernene i reiseguiden, men for funksjonen «sove nokre timar» var det greitt nok – eg sovna som ein stein.

Og slik går no dagan på reisefot …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 28. oktober 2016: Athens, Geeorgia

Så er det andre konferansedag – igjen tusla eg ned på restauranten for å få meg ein matbit, og som vanleg var det kjentfolk å treffe der og skravle litt med. Og sidan eg eigentleg er ferdig med pliktnummeret mitt – foredrag saman med Karoline pluss å vere «stol», så har eg eit litt avslappa forhold til resten av denne konferansen. Vi var ein gjeng som møttest i resepsjonen litt før ni for saman å gå til universitetsområdet, og for meg passa dette bra – i dag har dette sirkuset flytta lokale, og eg tviler eigentleg på om eg ville klare å finne fram på eiga hand. Men fann fram, gjorde vi, Silvina Montrul var også på plass no, og eg kunne handhelse takk for sist i Halden. Så starta programmet klokke 9, og som vanleg er innhaldet interessant, deretter var det pause for poster-presentasjon, og der var jo Janne og eg (pluss Ida) representert, før vi braut opp og gjekk på byen for å ete lunsj. I går hadde eg løksuppe, og det same landa eg på i dag: gørrgodt, som dei seier i Halden. Så var det ei ny langøkt med foredrag før Montrul runda dei heile av med ein skikkeleg «key note» – moro. Så vrt det ein bitteliten matbit før herrane Putnam og Salmons & fleire lokka meg med til bryggeriet Coppers Creek for å ete. Steikt fisk smakte godt, særleg med tanke på at vi no snart skal på prærien der pizza og burger er sikringskost. Og IPA-ølet var det heller ingen usmak på.

Akkurat no har eg trekt meg tilbake på hotellrommet, klokka har passert 10, og det er snart leggetid for slike som meg. Åkke som – så langt har denne amerikaturen vore fin, og snart blir det feltarbeid – det ser eg fram til!

Og slik går nu dagan på konferanse ….

 

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 27. oktober 2016: Athens, Georgia

Første konferansedagen er unnagjort, og det har vore ein interessant dag. Etter frukost sette eg meg til med arbeidet igjen for å få litt fasong på foredraget, og klokka 10 møtte eg Karoline nede i lobbyen, der vi snikra og lima saman delane våre: vi oppdaga også nokre store svarte, teoretiske hol som vi kanskje ikkje hadde teke høgde for da vi for fleire månader sidan tenkte ut dette foredragaet. Eg trur vi klarte å gøyme dei fleste av desse hola, men sikkert ikkje alle: ein vaken tilhøyrar vil lett oppdage kor det er litt vaklande empiri. På den andre sida, dette er jo eigentleg ein workshop, så det må vere rom for litt smårot i det teoretiske og/eller empiriske syskrinet. Vi brukte ein time på å gjere oss ferdig, deretter var vi ein snartur på byen for å ete lunsj før konferansen starta i 2-tida. WILA er eit fantastisk forum sidan det er så inkluderande – det er litt «family reunion» over det, og det er veldig bra. Karoline og eg var første par ute – og slik sett kan vi vanskeleg kallast buljongpar: og eg trur eigentleg at vi klarte rimeleg bra – det var kanskje ikkje eit foredrag som kjem til å endre lingvistikken heilt, men det var heller ikkje slik at folk kasta rotne egg på oss. Og uansett, det er alltid artig å ha foredrag saman med nye folk. Eg har aldri vore så tidleg ute med foredrag, og det var veldig godt – no kunne eg faktisk fokusere på kva dei andre hadde å kome med, og ikkje berre sitje og gruble over mitt eige stoff. Flott program og velorganisert konferanse, og når det i tillegg er sol og27 grader ute, så er det eigentleg fint når programmet er over også. Siste post på programmet den dagen, var besøk på eit ølbryggeri nede i sentrum, og der skulle det vere ølsmaking. Og dette var eit litt uvanleg konsept: det viste seg at bryggeriet ikkje har lov til å selje øl, men dei har lov til å selje glas, og når ein kjøper eit glas til 15$, så får ein også eit klippekort med seks påfyll. Og når språkfolk får litt øl i glaset, så blir det også snakkesalige, og når språkfolk blir snakkesalige, så vil dei jo helst snakke om språk, må vite. Ergo, ein triveleg kveld. Seinkveld vart det no rett nok ikkje, klokka var vel litt ogver ni da eg tusla heim og kraum under dyna. Trass alt så har eg jo jetleg enno, må vite.

Og slik går no dagan her i sør.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 25.- onsdag 26. oktober 2016: Halden, New York, Atlanta, Athens (Georgia)

Javel, så vart det altså ein ny tur over blåmyra I år også – og dei neste to vekene får mastersøknad, FoU-leiing, lærarutdanning og oppussing i heimen få lov til å vere mastersøknad, FoU-leiing, lærarutdanning og oppussing i heimen utan at eg skal blande meg så veldig mykje inn i det. For igjen har Janne på Tekstlaben lagt opp til amerikatur og ein solid dose feltarbeid – og når det er snakk om feltarbeid på prærien kombinert med litt faglege samtalar og drøs ved ein eller annan amerikansk akademisk institusjon, så er eg lett å be. Eg er jo klar over at eg tek til å bli ein nokså gammal sirkushest no, som sikkert berre vil vere til plunder og heft når ungdommen skal elisitere seg opp og fram, men på den andre sida – å framleis få lov til å drive med dette 30 år etter at eg først slo inn på denne smale forskarvegen, er nesten utruleg – det er eigentleg berre synd og trist at få andre språkfolk har vist interesse for dette før no dei siste åra. Men slik er det vel med det meste, vil eg tru, det er først når det nesten er for seint at folk kjem strøymande til.

Åkke som, tysdag den 25. klokka 0530 ringde vekkarklokka i heimen, gamlingen stavra seg opp av senga, fekk på seg fillene, og ein dryg halvtime seinare satt han i drosje ned til Halden stasjon. Derifrå gjekk reisa med streikefritt tog – inkludert flytog – til Gardermoen. Joda, eg måtte vente litt på Oslo S før eg reist vidare, men denne halvtimen på Oslo S var heilt tilfeldig: om det er nokon som trur at eg gløymde pc-veska mi med det meste av teknisk utstyr på venterommet på Halden stasjon, og måtte vente på Oslo S til ein eller annan snill konduktør henta veska mi og tok henne med på toget som gjekk ein halvtime seinare, så tek dei heilt feil. Slikt skjer jo aldri med meg, og dermed basta – eg vil ikkje høyre meir snakk om dette. Så det så. Og om det er nokon som i tillegg kjem i skade for å nemne at eg (nesten) la igjen mobiltelefonen min på flytoget, så blir eg berre sint (når eg tenker etter, så trur eg nesten ikkje at eg nokon gong har vore skikkeleg sint, så det kunne jo eigentleg vere interessant å prøve korleis ein fører det når ein blir skikkeleg sint: arg – ja, men sint – trur eigentleg ikkje det … ikkje så langt i livet i alle fall – men det kan jo kome dagar etter dette.) Uansett, det må det må da vere lov å leggje frå seg mobilen for å ta på seg jakka utan at det blir oppstyr av det (at eg var på god tur ut av flytoget før dette oppstyret starta, var berre heilt tilfeldig. JA; DET VAR DET!!!!)

Flyreisa er det ikkje så mykje å berette om, eg møtte UiO-gjengen på Gradermoen litt over klokka ni, vi sjekka inn, og etter ei stund tok SAS oss til vers i ein stasleg Airbus, og vi kunne sette kursen vestover. Flyreisa var som flyreiser flest – det er lite å fortelje om. Og etter sju timar i lufta, landa vi i New York. Der var det ny runde med sjekking og venting før vi nokre timar seinare kunne fortsette i retning Atlanta. Igjen, her var det lite som skjedde, anna enn at vi måtte vente på buss vidare til Athens. Og nokså seint pp kvelden, etter over 20 timar på reisefot, kunne vi endeleg sjekke inn på hotellet. Dette må vere ein av dei mest langdryge amerikaturane eg har vore med på – eg skal ikkje seie noko stygt om turen, anna enn at han var langdryg: det tok nesten 24 timar frå eg gjekk ut ytterdøra heime i Halden til eg var på hotell i Georgia. Og eg veit at eg absolutt ikkje har nokon grunn til å klage – dei gamle utvandrarane brukte jo fleire månader frå dei reiste heimafrå til dei kunne «kleime» ein ny bustad.

Etter ei god natt i tilnærma koma, stavra eg meg ned i restauranten i 7-tida i dag, og der var det fullt av kjentfolk, både norske og danske. Og det siste var ikkje minst viktig, sidan eg i morgon skal ha eit foredrag saman med Karoline frå Københavns universitet. Og når sant skal seiast, så er det mykje ugjort på dette foredraget. Uansett, Karoline og eg fekk i det minste mulegheit til å snakke litt saman og legge noko som kan minne om ein plan, eg kunne forsvinne på rommet mitt for å arbeide vidare, medan ho jobba vidare med sitt, og litt utpå dagen kunne vi møtast igjen for å koordinere arbeidet vårt litt, og slik dreiv vi på. Eg må berre innrømme at så langt så har eg berre i veldig liten grad fått føling med at eg er ute i den store verda – eg har berre arbeidd med denne presentasjonen. I kveldinga gjekk vi alle ut for å ete litt, og det er godt å sjå at Karoline er så roleg – det ser ut til at ho har full kontroll – sjølv føler eg det ikkje slik. Med jetleg blir det jo tidleg kveld – eg prøvde å arbeide litt vidare, men eigentleg trur eg at akkurat det arbeidet var fånyttes, eg var stuptrøytt.

Uansett, slik går no dagan her i «the deep south» …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar