Onsdag 22. okt. Fargo, ND; Ulen, MN; Flom, MN; Fergus Falls, MN

I dag var vi igjen relativt tidleg oppe, og no som jetleggen har teke til å sleppe taket har eg i staden gått inn i ein fase der eg i større eller mindre grad berre er trøytt og vrangsnudd heile tida. Men slikt skal ikkje stoppe ein prærielingvist. Igjen hadde vi ein enkel frukost på motellet, og igjen kom David innom oss før vi var heilt ferdige. Men vi var så raske som vi kunne, og i rimeleg tid kom vi oss i veg opp mot Ulen igjen, denne gongen i to bilar. Igjen fann vi den trauste gjengen på seniorsenteret, og igjen sette vi kursen opp til museet. Her følgde vi oppskrifta frå dagen før, Janne elisiterte inne på kontoret medan eg snakka med dei om farming, farming og farming. Og eg oppdaga fort at eg kanskje ikkje heilt har førstekompetanse i å snakke mange timar om ulike måtar å drive med farming på i eit synkront og diakront perspektiv. Og berre med eit kort avbrot der vi køyrde ned til bensinstasjonen for å kjøpe oss ein matbit, var vi i Ulen fram til i to-tida. Deretter sette vi kursen mot Flom, der vi skulle møte tvillingane Aron og Arvid, to flotte karar i 70-åra som liker å snakke norsk. Men Flom er ingen stor stad, og sjølv om vi klarte å finne det på kartet, var det tydeleg at GPS-en sleit litt, han meinte tydelegvis at flom låg midt ute i ein maisåker. Igjen kom gamle kunster med kartbok litt til sin rett – den einaste skilnaden var at eg tidlegare berre hadde kartbok og derfor heile tida måtte vite kor eg var, mens eg no lett lit fullt og heilt på GPS-en. Vi kan nok ikkje nekte for at vi sleit litt med å finne denne byen, og det var da også ein by av merket «nåla i høystakken», for da vi omsider fann fram, var det lite å bli imponert over: Det var stort sett ei hovudgate med nokre hus på kvar side, og «that’s it». Vi var tomme for batteri til utstyret vårt, og derfor trudde vi at kanskje grosseriståret kunne vere rette plassen, men det var det absolutt ikkje: butikken var heilt folketom, inga betjening og ingen kundar. Janne våga seg frampå med eit litt forsiktig «hallo?», deretter eit litt meir sonort «hallo, is there anybody here??», men ingen dukka opp. Vi gjorde ei kjapp inventaroppteljing og fann ut at det nok var lite sannsynleg at dei hadde slike nymotens ting som AA-batteri. Derimot kunne vi utan å vere hovudperson i ein av romanane til Patrick Süskind for å forstå at ting kanskje var slik dei burde vere. Ein titt over kassa-apparatet løyste også ut litt nostalgi, for her hadde dei framleis eit utval av Kodaks filmar i format som det tydelegvis har vist seg vere vanskeleg å selje.

Deretter stakk vi innom hardwareståret, og der hadde dei mykje rart, inkludert batteri. Her kunne vi også spørje etter vegen til Swenson-karane, og da var det nesten «a walk in the park» å finne fram, «it’s the only house on that road», sa dei, og eg trur nok dessverre at dei har rett.
Vi fann huset til dei to tvillingane, og det var ein fin heim dei hadde. Vi vart med ein gong tekne med inn i «det norske rommet», dette var eit tilbygg til huset som hadde pressa seg fram fordi den eine av brørne hadde hatt bygging av himmelseng som hobbyprosjekt. Men så viste det seg at senga ikkje fekk plass i det gamle huset, og da måtte dei altså byggje på. Og her hadde dei samla eit stort utval med sjølvlaga artefaktar, for dette er karar som er hage med hendene, og ølbollar såg ut til å vere spesialiteten. Etter ei slik omvising rigga vi opp utstyret vårt og Janne starta igjen opp med elisiteringa, og det er rart å høyre slikt tydalsmål her ute på dei store viddene. Da vi omsider var ferdige med opptaka, takka vi for oss og sette kursen ned til Fergus Falls, der vi hadde bestilt motell. Turen nedover gjekk greitt, det småregna litt, men det var lite trafikk, og etter eit par timar i bilen kunne vi sjekke inn på eit. Motellet var kanskje ikkje så veldig mykje å skryte av, for å vere ærleg, slitt og småskittent som det var. Og det skulle også vise seg at det alt var folk på det rommet som eg var tiltenkt, så etter litt fram og tilbake kunne eg installere meg i dette herberget. Og ved berre å kaste eit halvt blikk på interiørarkitekturen her, er kanskje «dristig» eit dekkande ord – særleg fargevalet imponerte. Rett nok er eg fargeblind, men sjølv eg oppfatta at denne veggen var sjokkrosa. Dette var ille for meg, og eg kan vanskeleg setje meg inn i kor fælt dette må vere for fargesterke folk.
Dei siste to timane før midnatt brukte vi til å få oss litt mat (eg kjøpte inn «påsså» igjen), i tillegg til at vi måtte lage kopiar av materialet vi har samla inn. Og når vi sit med dette, får Janne lett panikk – alle opptaka som vi har gjort, er utan lyd. Dette har skjedd oss tidlegare også, og det er absulutt noko av det vi fryktar. Men da har det berre vore eitt opptak, no var det alt. KRISE!! Heldigvis var problemet at Janne hadde sett lyden på Mac-en på lydlaus. Så no er det også tydeleg at vi er svært slitne prærielingvistar, og vi innser at vi nok har planlagt dette opphaldet litt for stramt, men slik er det når ein skal prøve å presse så mykje feltarbeid som muleg inn på alt for få dagar. Og dessverre har vi ikkje rom for å leggje inn ein fridag.

Og slik går nu dagan på prærien…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 21. oktober: Fargo, ND og Ulen, MN

I natt var eit nokså uroleg ver med sterk vind som ula; heldigvis uroa det ikkje meg noko særleg – endeleg tek eg til å få ein døgnrytme i kroppen som eg kjenner igjen, i koma om natta og trøytt om morgonen. Eg krabba meg opp litt over sju, møtte Janne nede i frukostsalen og der hadde vi ei lita stund til å leggje planar for det vidare arbeidet vårt før vi skulle starte opp. Avtalen var at David skulle kome i halv ni-tida, men dette er ein kar som heilt klart lever etter salige Ingemans motto om at Morgenstund har Guld i Mund. Han tok seg ein kaffiskvett medan han venta på at vi skulle gjere oss klare, og i halv ni-tida sette vi kursen oppover mot Ulen. Og igjen fekk vi erfare at slike bliturar er ein fin arena for litt vaksenopplæring, for David snakka heile tida og fortalde og la ut om både det eine og det andre. Og han var svært kunnskapsrik og visste mykje om korleis dette landsskapet vart forma under istida. Vidare kunne han peike ut Hjelde-brusken for oss, ein skogpull som til gangs har plassert Hjelde-namnet på kartet – om berre målestokken er stor.

Framme i Ulen var vi innom senior-senteret, og der sat det ei gruppe godt vaksne og veldig trauste farmarar i skjermlue, overalls og med solide arbeidssko på. Og vi oppdaga fort at dette var stødige karar av norsk opphav som framleis fann glede i å kunne å snakke norsk. Vi nykommarane måtte jo også ha litt traktering, og deretter gjekk vi på «The viking sword museum» for å gjere opptak. Der rigga vi oss raskt opp med to studio, eitt inne på kontoret og eitt ved inngangsdøra. Janne tok styringa inne på kontoret, for der inne skulle det elisiterast, og det til gangs. For denne gongen skulle ho køyre dei gjennom ganske omfangsrike testar knytt til syntaks, genus og pronomen. Eg må innrømme at eg ikkje hadde særleg tru på at noko slikt ville gå bra, eg hadde også for mange år sidan brukt litt meir direkte måtar – absolutt utan hell, men ein skal jo ikkje sjå bort frå at Janne kan vere mykje meir utspekulert enn kva eg ein gong var. Men slike arbeidsmåtar tek tid, om det ikkje kan måle seg med Haugens 12-14 timar per informant, så gjekk det fort eit par før informanten var losa trygt gjennom lysløypa. Og medan Janne drei med dette, hadde eg dei andre under behandling der vi snakka om dei tre standardemna farming, farming og farming. Samstundes innsåg vi at tidsplanen vår ville ryke med veldig god margin, for elisitering er tydelegvis noko som tek veldig lang tid, samstundes måtte David vere tilbake i Fargo til klokka eitt. Dette løyste vi ved å avtale nye intervju i morgon, og sidan dette var karar som sette pris på å snakke norsk, var dei ikkje tungbedne, dei tok gjerne ein dag til med oss. Dermed pakka vi saman vårt og sette kursen ned til Fargo og Sons of Norway der. Her møtte vi Arnold og Carol, igjen to stødige karar som like å snakke norsk. Her kosta Carol traktering på oss, deretter rigga vi opp utstyret igjen og gjorde klart til dei to intervjua. Janne gjennomførte på ny harde økter med syntaktisk elisitering medan eg tusla litt rundt i lokalet og snakka med folk. Snart dukka David opp igjen, og vi kunne fortsette samtalen der vi slapp. Etter kvart var også intervjua ferdige og vi kunne pakke saman og reise kvar til vårt. David var også med, for han hadde jo bilen sin ståande utafor motellet vårt og hadde behov for skyss. Vel tilbake på motellet starta den minst morosame delen av arbeidet, å kopiere opptaka og ordne dei slik at ikkje går i surr for oss. Her har vi også mulegheit til å oppdage om noko har gått gale: marerittet er jo om vi står med opptak utan lyd. For å redusere sjansen for dette, bruker vi lydopptakar i tillegg. I 9-tida tusla vi over gata til ein restaurant for å få oss litt mat. Igjen så viste Midtvesten seg frå ei lite Michelin-vennleg sida, men eg skal ikkje svartmale heilt, vi veit jo at det er slik maten her på prærien er, og da får vi finne oss i det: Og for meg går det greitt (sjølv om eg ikkje synest dette er heilt topp), det er verre for Janne som absolutt skal vere vegetarianar – folk som ikkje liker feitt flesk og tjukke biffar må nok føle seg nokså framande her ute på dette flate landskapet. Tilbake på motellet igjen avslutta vi kveldsøkta med litt meir arbeid og sortering av materialet.

Og slik går nu dagan i North Dakota

Skrevet i Uncategorized | 26 kommentarer

Måndag 20. oktober: Los Angeles (California), Minneapolis (Minnesota), Fargo (North Dakota)

I dag var det tidleg revelje, vi skulle ta eit fly frå LA til Minneapolis som gjekk klokka 10, og vi meinte da at vi da burde vere der seinast halv ni. Og sidan vi trudde det kanskje tok ein dryg time med taxi frå hotellet til flyplassen, konkluderte vi med at det sikkert var best å kome seg av garde klokka kvart over sju. Janne og eg møttest til denne fasjonable frukostbufeen klokka halv sju, pakka i oss litt mat, raska saman reiseeffektane våre, sjekka ut og var klare til avreise til avtalt tid. Igjen hadde vi nok gjort ei lita feilvurdering: turen ut til flyplassen tok tjue minutt, innsjekkinga og sikkerheitskontrollen gjekk også utan problem, og vi var usedvanleg tidleg ute med å setje oss i «gaten» for å vente. Men tida går jo også på eit vis når ein ventar.

Flyturen med Sun Country Airlines gjekk også heilt greitt, men sjølv om dette er eit selskap som opererer med hovudbase i Minnesota, var det lite her som kunne minne om den gjestfridommen som vi kjenner så godt frå prærien. For dette var absolutt eit selskap som gjekk Ryan Air ein høg gang når det gjeld å ta seg betalt for det ein i det heile kan ta seg betalt for. Dette er i og for seg neppe eit nytt forretningsprinsipp, men det er heldigvis svært sjeldan at ein får sjå det i så reindyrka form (Men det kan også gje folk ørsmå gleder, som da eg humra av å høyre at betalingssystemet ikkje godtok visa-kortet til mannen rett bak meg, og at han alt var så godt som ferdig med å tømme vinglaset som ha hadde bestilt.) Og heller ikkje det dei tok seg betalt for, var det eigentleg nokon god grunn å ta seg betalt for. Eg kjøpte meg noko dei meinte fortente namnet «cheese and turkey sandwich» – det var verkeleg ille. Mikrobølgeomnen er jo ei storveges oppfinning, men det betyr ikkje at alt blir godt dersom ein legge det litt i ein slik omn. Og det betyr absolutt ikkje at alt blir kjempegodt berre det får liggje veldig lenge i eit strålingsfelt på 2450 Hz. For dette var verkeleg semmert, eg visste faktisk ikkje at det var muleg å diske opp med noko så dårleg og i tillegg ta betaling for det. Huff – eller for å starte akklimatiseringa til Midtvesten: Uffda!

Janne og eg vart sitjande saman med ein far med ein liten småtass; han var frå St Paul og 25% norsk og ein triveleg kar. Han kunne hjelpe oss med nokre av test-setningane som Janne har tenkt å bruke på denne turen, og han fortalte også at han kunne ein norsk song som han ein gong hadde lært på skolen. Og kven skulle vel ha trudd at ein småbarnsfar frå storbyen kunne lire av seg eit vers eller to av «Ja vi elsker» medan vi låg i marsjfart i 10.000 fots høgd. Makalaust!
Flyturen tok som alle flyreiser slutt, og etter tre timar med trykk-komprimering av kneskålene var det frykteleg godt å kome seg på beina og gå litt igjen. Vi henta koffertane våre, og da var vi med ein gong i prærielingvist-modus – planar for feltarbeid måtte leggjast. Vi hadde rett nok nokre namn og adresser på eit papir, men det var også alt; ingen konkrete avtalar, ingen kjennskap til kor folk budde – vi starta rett og slett på bar bakke. Vi kom nokså raskt fram til at Fargo kanskje var plassen for litt improvisert feltarbeid, og eg ringde til slutt opp til ein av kontaktane som vi hadde der. Og han var klar på ståande fot, han skulle ringe litt rundt og sjå kva han klarte å skrape saman. Janne og eg pusta letta ut, no kunne det vere håp om å få gjort litt feltarbeid også; deretter gjekk vi til Dollars – eit litt enkelt og rimeleg bilutleigeselskap som vi også tidlegare har brukt. Og igjen kunne dei stille med eit uhyre av ein prærieskonnert, ein SUV som nok burde ha uhorveleg mykje plass til all attrisjonen som vi håper å fylle koffertane våre med. Vi stilte inn den nyinnkjøpte GPSen vår mot Fargo og starta opp.
Turen oppover gjekk greitt, men med delar fylt av rushtrafikk, solnedgang i motlys og etter kvart svarte haust. Og i halv ti-tida geleida GPSen oss inn til det motellet som vi hadde bestilt. Eller rettare, til det hotellet vi trudde vi hadde bestilt. For det skulle snart vise seg at vi hadde bomma litt, da klerken bak skranken ikkje fann bestillinga vår, ba han oss sjekke om vi hadde bestilt på rett motell, og det hadde vi sjølvsagt ikkje; vi skulle til nabomotellet.
Der sjekka vi inn, og for å spare tid skulle Janne ta ein ny telefon til kontakten vår medan eg skulle forsøke å oppdrive ein vegetar-pizza. Janne meinte at slikt burde ein kunne finne på dei fleste bensinstasjonar. Kanskje det, ja – det gjorde ikkje eg, eg leita og leita, til sist måtte eg ty til GPSen igjen, og da vart det langtur, heilt ned i sentrum. Men der fann eg til gjengjeld ei open bule som kunne fikse ein pizza. Svært glad kunne eg ta pizzaen med meg, og enda gladare var eg over at eg klarte å finne vegen tilbake til hotellet. Og i resepsjonen sat Janne saman med kontakten vår og snakka norsk. Han hadde funne fram til informantar for oss, og han ville også vise veg i morgon. Klokka var nesten 12 da vi braut opp og gjekk kvar til vårt. I morgon blir det nok hektisk feltarbeid, og det ser eg fram til.

Og slik går nu dagan i Midtvesten…

Skrevet i Uncategorized | 35 kommentarer

Tysdag 14. – søndag 19. oktober 2014: Halden, Los Angeles

Så var det på han igjen, da. For når Janne ved UiO lokkar med konferanse i Los Angeles og deretter ei veke med feltarbeid i Midtvesten, er det ei relativt enkel sak å seie ja. Og sidan denne bloggen handlar om feltarbeid, skal eg ikkje bruke mykje plass til å fortelje om opphaldet her i sommarlege California eller reisa hit: Eg slår berre fast at eg er her etter ei uproblematisk, men i og for seg langdryg reise: NSB klokka 06.02 frå Halden, flytog til Gardermoen; innsjekking (der det ei kort stund såg ut til at Janne skulle få problem med visumet), fly til Frankfurt og vidare til LA; møte med immigrasjonskontrollen (har også dei gått på smilekurs no?), drosje til Hildegard House (der heisen ikkje fungerte); ein kjapp tur ut for å få seg ein matbit i kveldinga, og deretter rett til køys! Det er utruleg kor hardt denne jetleggen kan sparke skrotten til halvgamle menn!

Heller ikkje denne gongen hadde eg foredraget mitt på stell før eg reiste heimafrå, så onsdag morgon arbeidde eg desperat for å stable opp noko som med litt godvilje kunne likne på strukturert tomprat. Janne tek tydelegvis til å kjenne meg som som ein prinsippfast prokrastinator og viste stor forståing for dette behovet som eg hadde for å koke noko saman. Til gjengjeld forsøke eg å gjere gjengjeld gjennom å vere sosial og bli med på ein tur ned til Santa Monica Beach om ettermiddagen: Og i denne merkelege byen er det som dei kallar metro, ein blå buss som kjem når han kjem – om du er heldig. Vi trava (for ikkje å bruke ordet «travla») litt rundt nede ved stranda, såg på piren, kjøpte is, tusla rundt, følte oss litt som ekte og sorglause turistar før vi igjen sette oss på bussen tilbake til hotellet. Vi fekk da eigentleg erfare at LA, buss og rushtrafikk kanskje ikkje heilt er ei vinnaroppskrift – det var mørkt da vi kom tilbake til hotellet.

Torsdagen har eg eigentleg inga klar erindring av – jetleggen herja framleis, og foredraget var på ingen måte på plqss: No hasta det verkeleg med å skape noko som kunne minne om struktur i tompratet mitt. Janne og eg gjorde avtale om å møtast til lunsj. Da var ho også klar for å starte livet som turist igjen, men denne gongen måtte eg seie nei, arbeid venta, og det vart seinkveld på rom 214.

Fredag vakna eg tidleg, og igjen fekk eg nokre timar til å koke vidare på denne Toro-suppa av eit foredrag. Trøysta mi får vere at eg eigentleg trur at eg kan betre enn det eg fekk vist her. Men skitt au, det er i det minste andre som vil ha interessante ting å leggje fram. Frukosten nede i resepsjonen er ei historie for seg, rommet er lite, det er ingen plass å sitje, ingen plass å setje frå seg ein tallerken eller ein kopp; kort sagt – dette har neppe fått nokon pris for funksjonell interiørarkitektur, nei. Etter dette herremåltidet fekk eg god hjelp frå trivelege NTNU-folk med å kome meg trygt opp til UCLA; konferansen vart opna etter planen, eg hadde eit tidleg startnummer og stotra meg på litt ustø engelsk gjennom mine 20 minutt med halvstrukturert prating. Bortsett frå det var dagen på alle måtar fin.

Det er tydeleg at desse amerikanarane ikkje er særleg bevandra i «Hovedavtalen for statsansatte», for sjølv neste dag, ein makalaust flott laurdag, så er det slik at «the show must og on» med nye foredrag. Og sjølv for ein halvskolert røvar som meg var det eitt og anna som eg trur at eg fekk med meg og forsto. Og det er også utruleg at det no er fleire phd-studentar ved NTNU som arbeider med Amerika-norsk: ME LIKE, for å sitere Tarzan eller kven det no var.

Laurdag ettermiddag var eg med «guttane» Joshua, Joe og Mike ut på byen; planen var svært enkel og lettfatteleg: å få i seg ein god, kald øl før festmiddagen. Men vi feilvurderte nok litt, for det skulle vise seg svært vanskeleg å finne ein plass der dei kunne by på slike syndige ting. Av ulike grunnar var det området vi gjekk i, tydelegvis busett av folk som ikkje såg det som eit mål i livet å bruke opp pengane sine på slikt. Først langt nede på Sunset Bulevard fann vi ein plass der dei kunne by på bygg i flytande form – og akkurat da følte vi det som vel fortent. Etter å ha delt ei mugge gjekk vi over på den libanesiske restauranten der festmiddagen skulle vere. Maten var god, og sjølv om planen opphavleg var å sjå litt på nattelivet etterpå, vart det denne edle tanken erstatta av tidleg retrett til rommet – uteliv frista på ingen måte etter klokka ni på kvelden: jetleggen har framleis eit godt grep.

Søndag var siste dagen med workshop, og igjen vakna eg før klokka ringde, men no vaknar eg ikkje så tidleg som eg gjorde tidlegare i veka – det er tydeleg at det etter ei stund er muleg å venne seg til å leve etter amerikansk mønster også. Etter ein som vanleg enkel frukost, ståande med ein toast i den eine handa og ein kaffiskvett i den andre, gjekk vi i samla tropp opp til universitetsområdet. Og igjen var det eit interessant program. Dette var siste dagen med workshop, og da vart seansen avslutta til lunsj. Og deretter tok folk til å gå kvar tjo sitt, nokre skulle ta flyet heim med ein gong, andre skulle bruke eit par dagar til å sjå seg litt rundt. Og så var det også dei som eigentleg tenkte seg heim, men som på grunn av streik i Lufthansa fekk gle seg over ein dag eller to ekstra i LA – utan at dei såg ut til å setje så overvettes stor pris på ein slik omtanke frå flyselskapet.

Etter ein enkel lunsj i ei av studentkantinene (som sjølvsagt er opne på ein søndag), skulle vi på den obligatoriske gå-turen som har vorte ein naturleg og integrert del av kulturen til dette workshop-miljøet. Så naturleg er han, at så mange som fire hardcore prærie- og pampas-lingvistar som møtte opp i resepsjonen før avgang; to danskar i tillegg til Janne og meg. Vi tok bussen ned til Venice Beach, og deretter vassa vi langs stranda opp til Santa Monica Beach. Vassa ja, dei andre luringane hadde teke på seg bukser som kunne passe for denne typen villmarksliv; heimføingen frå Inntrøndelag stilte som vanleg opp med storsko og lange Ola-bukser. Say no more! Men elles var turen triveleg, og vi kom oss også med ein ekspressbuss tilbake mot hotellet, og denne farkosten brukte ikkje rare tida opp til hotellet. Igjen hadde vi igjen store planar om uteliv og overdådige middagar, men for døgnville folk er nok det beste å satse på «påsså-mat» til kvelds og tidleg retrett.

Og slik gjekk nu dagan i LA …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 17. september: Saskatoon

I dag er siste dagen vår her i Saskatoon, og da hadde vi berre ein informant igjen: mora til grensekontrolldama som Janne møtte i passkontrollen da vi kom hit for ei dryg veke sidan.

Igjen er Bjørn kjentmannen vår, og i ni-tida plukka vi opp han og sette kursen nord for byen. Der venta det ei ekte «little old lady», ei artig dame med røter til Sakshaug og Frol. Og når ein møter folk med slike røter, kan det jo vere eitt og anna ein kan snakke om. Dama var livleg og glad i å snakke, men ho sleit nok aldri så lite med å snakke norsk, kanskje særleg i starten, men etter kvart vart ho litt varm i trøya og trass i at det til tider lugga litt, så gjekk det da greitt. Så var det tid for litt kaffi og pai og meir prat om laust og fast før vi måtte takke for oss. Da fekk vi staute feltarbeidarane ein klem som verkeleg sette standarden, det var ikkje måte på kor godt ho klamra seg til oss, og ho ville nesten ikkje sleppe taket. Og sjølv om det er litt vemodig, er det også litt godt å vite at vi har fått gjort det vi kom for å gjere denne gongen også. Da sto det berre att å køyre Bjørn til lesegruppa (eller var det skrivegruppa denne gongen?) som han driv og ta avskil med han også. Eg kjem nok til å sakne det livlege blikket hans, historiene, humoren og latteren hans. Men han har store planar om ein ny tur til Noreg, så det er ikkje umogeleg at vi møtest igjen.

Dermed hadde Janne og eg resten av dagen for oss sjølve. Søndag var vi på indianarsenteret for å sjå oss rundt, men vi rakk nesten ingen ting. Og sidan billetten framleis kunne brukast, sette vi kursen tilbake dit igjen. Vi hadde venta at når dei først hadde bygd eit slikt senter, hadde dei også noko å vise fram, men når sant skal seiast, så var det ikkje rare greiene, Eit romantisert indianartelt og ein utstoppa bisonokse var liksom høgdepunktet her. Senteret var bygd ved det dei trudde kanskje kunne vere eit gammalt fangst- og buområde.

Sidan dei ikkje hadde mykje å vise fram innomhus, tenkte vi derfor at det dei hadde å vise fram ute, måtte vere spektakulært. Det var det dessverre ikkje, men vi gjekk på ein turstig som gjekk i eit fint landskap, og etter ei dryg veke med mykje stillesitjande feltarbeid, var det verkeleg godt å røre seg litt. Deretter kjøpte vi lunsj før vi returnerte til motellet og starta opp ei ny arbeidsøkt. Utpå kvelden runda vi det heile av med middag, og så fantasilause som vi er, vart det jernbanerestauranten igjen. Og dermed er også denne turen snart over, i morgon tidleg må vi reise herifrå i fire-tida for å rekke flyet til Denver. Der må vi vente det meste av dagen på flyplassen før vi reiser vidare til Reykjavik. Eg har ein aldri så liten mistanke om at vi vil vere litt slitne når vi kjem fram der.

Og slik gjekk den siste dagen i Canada.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 16. september: Saskatoon

Så var det slutt med helg og og ein halv dag med latmannsliv, her nord på prærien gjeld ikkje arbeidsmiljølova, så det er berre å karre seg opp om morgonen og starte arbeidsdagen i rett tid. Etter den tradisjonelle frukosten på nabohotellet med egg og flesk venta arbeid med foredraget. Det skal på ingen måte nektast for at panikken tek til å bre seg no – dette kan umuleg gå særleg bra: eg har absolutt ikkje kontroll. Vi hadde avtale med Bjørn litt over 12, og på turen nedover stoppa vi i kjøpesenteret nede i sentrum for å handle med oss ein matbit. Som vanleg venta romsdalingen og flaska nede ved inngangsdøra, og som vanleg stilte han i nyvaska klede og bobla over av entusiasme. Utan Bjørn hadde det ikkje vorte rare feltarbeidet, er eg redd. Og som vanleg dreiv han folkeopplysning på veg nedover til kyrkja der vi skulle møte informantane.

Her var det alt nokre som venta da vi kom, og det vi trudde kanskje skulle vere ein eller to, viste seg å bli seks – åtte. Vi var raske til å få opp utstyret – det merkest at vi no tek til å bli varme i trøya. Janne tok med seg den første klienten inn i kyrkjeskipet, som fungerte som studio 1, medan eg tok med meg 97 år hamle Hanna inn i studio 2, som for anledninga var innreidd som Jerikos murar. Og på same måten som for mange tusen år sidan i Jeriko, vart lydnivået uforsvarleg høgt. Og her var det ikkje blåsing i basun som fekk murane til å riste, men stemmebruken min. For Hanna høyrde så godt som ingenting. Eg snakka høgt, og ho berre såg på meg og sa «hee?»; eg ropte, og ho sa berre «hee?»; eg brukte alt eg hadde av militær kommandorøyst, men trass i at eg kan vise fram eit vitnemål med karakteren 5+ i militær kommandoføring frå Luftforsvarets skoler i Stavern, var dette til lita hjelp for meg her, Hanna sa berre «Hee?». Eg prøvde så å variere tonehøgda litt i håp om at eg kanskje kunne streife innom eit eller anna frekvensområde som Hanna framleis kunne oppfatte, men det gjekk utruleg tungt. Omsider fann eg eit frekvensområde der det såg ut til at ein og annan amplituden sneik seg igjennom øyregangane. Eg klarte ikkje å intervjue Hanna, men eg klarte å få henne til å snakke norsk, og berre det syntest eg var ein prestasjon. Det gjekk etter kvart opp for meg at så lenge eg skreiv, så snakka ho, når eg slutta med skrivinga, slutta ho å snakke. Så for å få litt språk over til digitalt medium, sat eg på slutten og berre skribla på papiret, og så lenge eg skribla, så snakka Hanna. Etter ein halvtimes tid med slik skribling sa vi oss ferdige, og nestemann sto for tur. Det vart ein hektisk ettermiddag med fleire intervju og opptak av samtalar. Og Hanna venta tolmodig på at dei andre skulle bli ferdige medan ho sjølv no hadde kome i siget og snakka norsk til alle rundt henne. Og putseleg høyrde ho også alt som vart sagt rundt henne. Janne og eg prøvde også å vere litt sosiale og vise folkeskikk, kvar informant får litt juggel som takk for hjelpa, og det må jo førebuast, samstundes som vi må halde orden i papir og informantkodar. Og midt oppe i dette kaoset, gjekk det opp for oss at vi hadde gløymt ein av informantane i studio 1, i ein halvtime sat ho heilt åleine og venta tolmodig på oss, og ho var på ingen måte sur eller grinete på grunn av dette. Slik gjekk dagen, og i fem-tida kunne vi pakke saman, køyre Bjørn heim og setje kursen tilbake til motellet. Der venta ei ny økt med arbeid. Og med unntak av ein snartur ut for å hente heim ein pizza, gjekk kvelden med til å prøve å snekre saman noko som kan likne på eit foredrag.

Og slik går nu dagan ..

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 15. juni: Saskatoon

FRIDAG! I alle fall som feltarbeidar, for utruleg nok har vi ingen avtalar i dag. Derfor vart dette også ein litt roleg dag med frukost etter klokka åtte. Deretter sette vi oss til å arbeide litt. Janne har sitt å drive med, og eg har eit knapt halvferdig fordrag som skal haldast på Island. Eg gjorde så godt eg kunne og prøvde å vere effektiv – i den grad ein inntrønder i det heile er i stand til å vere effektiv. Og eg veit ikkje riktig kva retning dette foredraget kjem til å ta. I eitt-tida kom Janne bortom og spurte om vi kanskje burde handle litt til dei «søte små». Og som leiar for det nasjonale senteret for prokrastinering, syntest eg dette var ein uvanleg god ide. Før eg reiste fekk eg ei handleliste lang som eit uår frå sekstenåringen Andrea heime. Men Saskatoon er no ein gong berre ein liten by her ute på prærien, og denne lista var tilbassa butikkane i Mall of America og derfor full av ting som ein neppe finn i denne byen. Vi får sjå kva ho seier til det. Deretter sette vi kursen opp til eit indianar-senter litt utafor byen, men vi kom for seint til å få så veldig mykje ut av det, derfor vart det ein ny tur tilbake til sentrum der vi gjekk og såg oss litt rundt før vi tok med oss ein pizza og køyrde heim for å kombinere eting med litt lett småjobbing. Det har vore hektiske dagar så langt, så det var veldig godt med ein litt rolegare dag no. Det einaste som bekymrer meg, er dette foredraget som eg på ingen måte har nokon kontroll på. Så her får eg nesten satse på at underets tid enno ikkje er over – og at eg kan prioritere arbeid med dette no ei stund.

Og slik går nu dagan…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

14. september: Saskatoon, Archerwill

Dei siste dagane har det vore heitt her ute på viddene med temperaturar over 30 grader på det varmaste; i dag ventar dei ein kaldfront, og da kan temperaturen ramle hardt og brutalt ned mot 20 grader. Og på veg opp til nabohotellet der vi bruker å kjøpe frukost, var det tydeleg at det var eit heilt anna drag i lufta, sjølv om det framleis var eit veldig klårt og vakkert ver.

Etter frukost starta vi turen ned til sentrum for å hente romsdalingen Bjørn, og framfor oss venta ein tre timars lang biltur på litt varierande underlag mot Archerwill, ein ørliten plass austafor Saskatoon. Bjørn var som vanleg i godlune da vi henta han, og ein treng verken bilradio eller smart-telefon som underhaldning når ein reiser saman med Bjørn: Skal ein sleppe til med nokre velvalgte ord sjølv også, så må ein nytte høvet når Bjørn pustar inn. Så turen var prega av tilpassa folkeopplysning for feltarbeidsfolk. Elles er det ikkje så mykje å fortelje om bilturen, alt er åker her, alt er flatt her, og det einaste som kanskje rører seg litt, er skurtreskene og støvskyer etter farm-maskineri.

I Wadena stoppa vi for å ha oss «a little lunch», Bjørn meinte at dette ville bli eit minneverdig feinschmecker-høgdepunkt som vi kom til å leve lenge på. Og rett skal vere rett; eg kan nok ikkje nekte for at dette på mange måtar var litt minneverdig, men det var ikkje på grunn av dei potensielle stjernene i Michelin-guiden. Her serverte dei kinamat-buffet, eller kva ein no skal kalle det. Og det hadde neppe vorte nokon nobelpris på Ivan Pavlov i 1904 dersom han hadde frista hundane sine med ei slik oppdisking. Her kunne dei heller ikkje skulde på at dei i staden for å lage god mat, brukte tida på aggressivt reinhald. På ingen måte – ein rask titt på golvet avslørte eigentleg det meste om menyen dei siste par vekene. Ein snartur innom doen hjalp heller ikkje særleg for å heve det generelle inntrykket, for her hadde sisterna gått sund slik at ein ikkje kunne trekke ned. Eg skal ikkje gå særleg i detaljar, men det var svært tydeleg at eg på ingen måte var den første som hadde høve til å oppdage dette, og at skaden neppe hadde skjedd dei siste par døgna. Etter denne skilsetjande opplevinga, kunne vi køyre vidare, og vi kom etter kvart inn på kronglete grusvegar som skulle ta oss til heimen til Sandra og mannen. Her var det berre Sandra som var heime. Mannen hennar, som etter det vi hadde høyrt skulle vere god til å snakke norsk, var ikkje heime, han var på harvest-arbeid 60-70 km lenger vest. Men det skulle kome tre andre norskspråklege dit i løpet av dagen, men det kunne kanskje dryge litt sidan dei også skulle vere med på ei likferd først.

Bjørn tok kommandoen og viste oss rundt på farmen medan han vidareførte arbeidet som folkeopplysar, og Janne og eg var i denne samanhengen folket. Denne plassen låg ikkje midt ut i eit ope landskap, men inne i eit litt kupert skogsområde der det også låg eit vatn. Og snart tok det til å dukke opp folk, så vi rigga oss opp inne vi bestestova til Sandra. Som vanleg bytta Janne og eg litt på med å gjere intervjua, og den første dama snakka retteleg bra. Ho hadde røter til Gudbrandsdalen, og da skulle ein jo tru at Coon Valley-norsken min kunne kome til nytte, men slik var det dessverre ikkje. Så av og til sleit vi aldri så lite, særleg fordi eg trudde at Coon Valley-ord som flaur for mjøl og røvvel for elv skulle vere gangbar mynt også her, men slik var det ikkje. Deretter kom det to søstrer som nok sleit litt meir med å snakke norsk. Dei forsto det meste, men det var svært lenge sidan dei hadde snakka, og stort sett svara dei på engelsk med eitt og anna norske ordet innblanda. Eg trur at både Janne og eg raskt innsåg at her var det ikkje så frykteleg mykje å hente, så vi tværa heller ikkje ut meir enn vi måtte. Før vi skulle reise, viste Sandra oss ulike ting i huset, mellom anna ei turu, og er det noko Janne har sans for, så er det nettopp turu – eg har enno ikkje heilt forstått kva som er så gjævt med turu, men for tururisten Janne er det få ting som kan lyse så opp i prærie-kvardagen, som det å oppdage ei turu.

Deretter venta det tre timar i bil med folkeopplysning, hornmusikk og Beatles, ei etter mitt syn svært så fruktbar blanding. Klokka gjekk mot ni da vi var tilbake i Saskatoon igjen, og etter det fantastiske Kina-måltidet, var vi faktisk litt svoltne. Derfor runda vi av dagen nede på restauranten ved jernbanen igjen, og som vanleg var maten veldig god her.

Og slik går nu dagan på prærien

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 13, 2013: Saskatoon – Outlook

I dag så er det altså fredag den 13., utan at vi eigentleg let oss merke av det. Vi starta dagen som vanleg med frukost klokka 7, og no har eg endeleg funne rytmen, eg har slutta å vakne i fire-tida, og eg har også slutta å vere stuptrøytt heile dagen. Og frukost med speilegg og flesk burde jo leggje eit solid grunnlag for kreativt feltarbeid. Igjen hadde vi ein roleg morgon, der vi prøvde å jobbe litt, og først i elleve-tida starta vi opp prærieskonnerten vår og sette kursen ned til Bjørn. Derifrå skulle vi til ein plass som heiter Outlook, og dette har ikkje noko med Bill Gates og Windows å gjere. Vi sette inn bynamnet i GPS-en, og damestemmen hadde ei bestemt meining om kor ho ville – viss ikkje truga ho med «recalculating»: Bjørn hadde også ei veldig klar meining om kor han ville, og det er ikkje til å nekte for at dei hadde ulike tilnærmingar til vegval. Bjørn vann. Etter nesten to timar køyring over heilt flate prærievidder, kom vi fram til denne byen, og Outlook er vel ikkje av dei plassane på jorda som har vore mest brautande. Men bensinstasjon hadde dei (noko som var litt prekært), og eg trur også det ville vere muleg å få kjøpt seg ei skurtreske eller ein traktor der – andre ting unkke det kanskje vere litt verre med.
Vi kom fram i god tid, fylte drivstoff, spurte veg, og fann utan problem fram til kyrkja der vi skulle møte staute norsk-canadiske. Men da vi kom fram der, var det ingen å sjå, og vi frykta litt for at dette ville bli ein fjasko. Vi sette oss på ein benk i skuggen, men ingenting skjedde – her sat vi berre. Bjørn tok med seg oksygenflaska og sette seg i skuggen, Janne fann seg raskt til rette i solsteiken medan eg virra litt rådlaus rundt. Etter ei stund trudde vi at vi høyrde at folk prata, og Bjørn tok da flaska med seg for å undersøke. Og da hadde det kome tre-fire stykke inn som meinte dei kanskje kunne klare å seie nokre ord. Eit raskt overblikk tilsa eigentleg at vi her sat med velvillige folk som så gjerne skulle ha imponert oss med litt norsk, men som i beste fall kunne klare å stotre fram «uffda» og «takk». Janne meinte at vi her kanskje burde «feike» litt og få dette litt raskt unna. Eg såg også poenget – men så er det dette med «humble Norwegians» da. For det viste seg snart at vi her hadde folke som verkeleg kunne snakke norsk. Janne ga meg førstevalet av informantar i dag, og naturlegvis blinka eg meg ut folk som eg trudde kunne forstå meg. Eg visste at det var ein nordmøring i forsamlinga og spurte etter han, og da spratt det opp ein sprek, liten kar med solide arbeidshender. Eg tok han med inn i rommet, og det var fort klart at han nok ikkje var nordmøring – derimot hadde han veldig dårleg tid, for sjølv om han var nesten 90, så måtte han jo ut på fila og køyre combine, må vite. Dette var ein svært livleg kar, og han var svært så stø på norsk. Når denne oppskrytte nordmøringen var ferdig – som eigentleg viste seg å vere gudbrandsdøl, var det turen til ein vestlending. Denne karen sleit med Parkinson, men likevel gjekk sjølve intervjuet ganske bra. Han hadde også studert på Blindern, så sjølv om han kunne sitere bestefaren på at «stavangermål e jo det beste språkje», så hadde denne informanten ein meir skriftsmålnær varietet å vise fram.
Dei to siste informantane eg hadde, var frå Inderøya, og det var mor og dotter. Mora var ødd her i dette området, man hadde vore tilbake i gamlelandet mange gonger for å besøke slekta si på Utøya – Ulvin. Og da hadde vi litt av kvart å snakke om. Vidare hadde denne informanten også ei dotter som kunne snakk norsk – ho hadde vore norsklærar på den lokale høgskolen, og ho hadde også vore eit år på Sund folkehøgskole. Vi hadde mykje å snakke om, og det er veldig godt å vite at mange her i Canada veit kor heimbygda mi er.
Men alt har ein ende, og da klokka gjekk mot seks, kunne vi pakke saman. Og på vegen heim ville Bjørn gjerne innom kasinoet her, som indianarane driv. Vi spelte ikkje med pengar, berre gjekk litt rundt og såg på. Og Bjørn følte seg heime her, ein gong i veka tek han bussen til denne plassen berre for å møte folk og ha litt moro. Vi åt i restauranten, og for meg som et kjøtt, så var det nok å ta av, for vegetarianaren Janne var det kanskje litt annsleis, men ho finn seg i et og klagar lite.
Rundt åtte vr vi tilbake på hotellet, og for sørste gong på denne turen kunne vi samlast på rommet mitt og kopiere opptaka om vi har. Kvelden gjekk veldig fort, og vi klarte til slutt å organisere det materialet som vi har samla.

Og slik går nu dagan i dette svære landet …

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 12. september: Saskatoon – North Battleford

I dag hadde vi ein relativt roleg start på dagen. Som vanleg vakna eg lenge før vekkarklokka, men no klarer eg å dra meg fram til klokka er over seks før eg står opp. Det betyr vel at kroppsrytmen tek til å bli tilpassa lokal tid. Og sidan det er dårleg stell med frukostservering her, var vi oppe i restauranten på det andre hotellet for å ete. Tida fram til 12 gjekk med til litt arbeid i ro og mak – Bjørn var innom sjukehuset på kontroll i dag tidleg, og sidan helsevesenet i dette landet er som slike vesen bruker å vere i mange andre land, tok dette si tid. Men omsider var han ferdig, og vi kunne setje kursen opp mot North Battleford, som ligg knappe to timar herifrå. Køyringa gjekk greitt, vi starta på breie motorvegar og endte opp på smale (men svært så rette) grusvegar, medan romsdalingen heile tida underheldt oss. Eg blir berre meir og meir imponert over denne mannen. Vi fann også farmen der vi skulle, og der venta det tre personar, vertinna (som ikkje snakka norsk) og eit farmarpar som kunne litt norsk. Men før vi i det heile kunne starte arbeidet, måtte vi sjølvsagt ha «a little lunch», noko som er uhorveleg svære greier her borte. Deretter måtte vi bort i gammalhuset der vi skulle serverast kaffi og dessert, noko som også var uhorveleg svære saker, og først når vi var så godt som sprekkeferdige, meinte vertinna at det var på tide å snakke litt norsk. Med strekk-skadde vomskinn måtte vi no drive ulike gymnastiske øvingar for å ta fram utstyr og rigge opp kamera. Eg forstår godt at Grethe Roede aldri starta opp og dreiv det til noko stort som feltarbeidar i Det norske Amerika. Janne tok hand om mannen, som var halling, og det gjekk jo retteleg så bra, Men svake batteri i høyreapparatet og amerika-norsk språksjargang, for det var tendensar til litt «goddag mann, økseskaft». Janne lurte litt på kva mannen hadde arbeidd med, og det var neppe ei veldig stor overrasking at han kunne opplyse at han var farmar. Men i tillegg hadde han også drivi med pæsskontroll. «PASSKONTROLL», sa Janne, «har du drivi med passkontroll?» Ja, det hadde han gjort. «Nede på grensa, da?», spurte Janne. «Nei, beint her». «HER?». «Ja, her». «PASSKONTROLL HER??». «Ja, beint her!». Og slik dreiv dei på, heilt det det gjekk opp for feltarbeidaren at pæsskontroll ikkje var passkontroll, men pest control.

Deretter var det min tur, og da var det kona frå Bardu sin tur. Og det gjekk også greitt unna, og om det er slik at eg kanskje kunne gjere ein aldri så liten tabbe som feltarbeidar, så kjem eg sjølvsagt ikkje til å gjere noko stort poeng av det. Men skulle ein feltarbeidskollega derimot finne på å vere litt uheldig, ja så må ein jo vurdere om det ikkje kan ha allmenn interesse….

Etter at opptaka var unnagjort og utstyret pakka saman, tenkte vi at det var på tide å kome seg tilbake til hotellet. «See you at the Co-op», sa dei berre. For dit skulle vi innom for å ha “litte søppel”.
Javel, da sette vi kursen dit, og igjen fekk vi oppleve at også canadiske porsjonar ikkje er for småmette folk. Det var ikkje måte på kor mykje dama lessa på til oss, og folkskikk har vi jo, så ete, det måtte vi jo. Så prøvde vi oss med eit nytt «Tusen takk for oss», men da fekk vi høyre at vi berre måtte setje oss, for vi skulle vere med på møte. Når Battleford endeleg hadde slike fjernsynskjendisar innom, så måtte ein jo arrangere møte i Sons of Norway. Bjørn viste veg, og inne i lokalet var det fullt av gråhåra norsk-amerikanarar. Så song dei nasjonalsongane, hadde ein stor sesjon med referat frå dei ulike direktørane i laget, det var vel knapt ein av dei som ikkje var direktør for eitt eller anna. Og det er ikkje sagt at formannen i laget hadde så frykteleg mange studiepoeng i «organisasjonsledelse» frå HiØ, for møtet stampa i veldig tung sjø medan tida gjekk. Og så kunne vi jo også sjå fram til ein ny runde med kaffi og kokkis, og det lysta vi jo veldig på akkurat da. Men vi fekk det da ned. Klokka tok til å bli mange da vi reiste derifrå, og det gjekk mot midnatt før vi var tilbake på motellet igjen.

Og slik går nu dagan her i dette halvmerkelege landet…

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar