Kategoriarkiv: Uncategorized
Tysdag 21. september: Westby
Eg er tidleg tilbake på motellet i dag, faktisk før klokka seks. Og eg har hatt ein interessant dag med møte med nye folk her i Westby. I dag tidleg såg det ikkje så veldig lovande ut, eg vakna av … Les videre
20. september: Westby og Coon Valley
Dette er første arbeidsdagen på eiga hand, og eg starta da med frukost heime hos ”The Iversons”, leiaren i Sons of Norway her i byen, han og kona har lova ut å hjelpe meg med å finne fram til fleire … Les videre
18.- og 19. september: Heartland, Wisconsin
Hausten 1987 vart eg kjent med tyskaren Matthias. Han budde i nabohuset i La Crosse, og saman med dei andre internasjonale studentane i 2323, hadde vi ei herleg tid. Etter kvart reiste vi kvar til vårt, eg fann meg «kjerringemne» … Les videre
16. og 17. september, Madison
Da har vi bite i det sure eplet, tilpassa oss reglane for monopol-spel og ”flytta tilbake til start”; til Madison, der vi for ei veke sidan samla oss for å leggje ut på denne herlege reisa i Det norske Amerika. … Les videre
15. september: Coon Valley, Madison
Dette er siste dagen her i denne omgang. Og no hadde vi avtale med Haugen-karane på Sørryggen og Bagstad-folket i Skogdalen. Begge desse besøka var interessante, kvar på sin måte. Haugen-karane er ungkarar godt oppe i åtti-åra, og eit besøk … Les videre
14. september, Westby
Så er vi da i Westby, og det er rart å vere tilbake her. Eg hugsar det første møtet mitt med dette småbyen for 24 år sidan, i ein velvaksen Malibu-bil som eg fekk låne for anledninga, putra eg inn … Les videre
13. september: Decorah, Mabel, Westby
I dag har vi fått med oss tre statar, eigentleg utan å anstrenge så veldig. Som eg har prøvd å få fram tidlegare, så har vi hatt hovudkvarter i Decorah dei siste dagane, på eit i og for seg akseptabelt … Les videre
12. september: Spring Grove og Decorah
På ny var det relativt tidleg revelje, enkel frukost på motellet The Bluff Inn før vi i halv ni-tida sette kursen frå Decorah til Spring Grove – denne gongen for å ta del i gudsteneste i den lutherske (les norske) … Les videre
11. september: Decorah, Harmony, Spring Grove
Da er vi godt i gang med innsamlingsarbeidet. Framleis er døgnrytmen min litt i ulage, eg vaknar nokså tidleg om morgonen enno, så for ein gongs skuld var eg den første av gjengen på plass i ”matsalen”. Og matsalen på … Les videre
10. september: Madison – Blair – Decorah
I dag gjekk start-skotet for den store innspelingsekspedisjonen. Etter ei god natt i Madison, i eit reint rom og ei rein seng, sette vi oss i sving i halv ni-tida. Målet var Blair, ein liten norsk-amerikansk småby i Trempealeau county, … Les videre