Kategoriarkiv: Uncategorized
Laurdag 26. november 2022: Buenos Aires
I dag skal vi ha ei samling i den nordiske kyrkja – skråstrek – den svenske klubben (som ligg under same tak og som i stor grad ser ut til å vere det same). Hit har vi altså invitert alle … Les videre
Fredag 25. november 2022: Buenos Aires
Igjen ein dag med feltarbeid, og denne gongen hadde Veronica skaffa oss ein plass for intervjuet på eit av universitetsinstitutta som ligg rundt om i byen. Eg har jo på ein måte lært meg til at Buenos Aires er overmåte … Les videre
Torsdag 24. november 2022: Buenos Aires
For meg vart denne torsdagen ein litt ugrei dag i den forstand at eg ikkje fekk gjort det eg hadde tenkt å gjere; men samstundes så er det av og til slik når ein driv storskala feltarbeid. Vi hadde to … Les videre
Onsdag 23. november 2022: Buenos Aires
Endeleg feltarbeid igjen: etter ein roleg morgon reiste vi i eitt-tida ut til verkstaden til norskargentinske John, eller Juan, som han jo heiter her. Dette er ein av dei som høyrer til den «yngre» innvandringsbølgja sidan han kom rett etter … Les videre
Måndag 21. november og tysdag 22. november 2022: Buenos Aires
Fridagar, eller rettare dagar utan feltarbeid. Og etter å ha vore på vegen non-stop i tre veker, er det veldig godt med eit lite avbrekk. For det går relativt greitt når ein er i feltarbeidsmodus, da er det liksom det … Les videre
Søndag 20. november 2022: Oberá, Posadas, Buenos Aires
Dette er altså siste dagen her i Oberá for denne gongen, og som det kanskje har gått fram, så har vi hatt det veldig fint her. I dag har vi berre ein avtale, deretter har vi nokre timar til å … Les videre
Laurdag 19. november 2022: Oberá
I dag skulle vi ha den store innsamlingsdagen med heile tre postar på programmet – og vi skulle starte i ei svært så overkommeleg tid – klokka 10 gjennom å møte eigaren av verktybutikken. Av ein eller annan grunn hadde … Les videre
Fredag 18. november 2022: Oberá
No tek endeleg døgnrytmen min å falle litt på plass – kanskje litt for godt faktisk, for å vakne ein ekstra time tidlegare om morgonen har på ingen måte vore noko å kimse av når ein også skal gjere unna … Les videre
Torsdag 17. november 2022: Buenos Aires, Pasadas, Oberá
Klokka halv fem i dag tidleg ringte vekketenesta Kari, og da var det ikkje anna å gjere enn å karre seg opp. Morgonstellet gjekk raskt unna sidan det ikkje var frukost enno, og i god tid før fem møttest vi … Les videre
Onsdag 16. November 2022: Buenos Aires
Så er eg tilbake her i sør etter ei nokså lang reise frå Chicago, via Miami til Buenos Aires. Men for første gong som prærielingvist klarte eg å sove fleire timar på flyet sørover, så eg var ikkje heilt vrak … Les videre