Laurdag 30. juni: Fargo, Alexandria, Minneapolis

Da tek faktisk opphaldet vårt her i Amerika til å gå mot slutten. Det har vore intenst og hektisk, men også interessant og gjevande. Vi starta dagen uvanleg seint i dag, først klokka ni møttest vi til frukost. Deretter pakka vi saman og starta turen mot Minneapolis, der vi har tenkt å vere den siste natta. Og som vanleg er det ikkje så veldig mykje å fortelje frå livet inne i ein SUV, det vi kan sjå, er stort sett snorrette vegar og enorme vidder med jordbruksland.

På vegen austover måtte vi sjølvsagt stoppe i Alexandria, ein by med eit tydeleg norsk innslag. Og det som interesserte oss mest her, var å få sjå den såkalla Kensington-steinen. Dette er ein runestein som vart funne på slutten av 1800-talet, og ut frå inskripsjonen skal han vere frå 1362. Eg skal ikkje ta opp heile denne debatten her, Kensington-steinen kan framleis skape litt dårleg stemning rundt eit norsk-amerikansk middagsbord, og skal eg gå ut med mitt eige syn her, så er denne steinen berre tull og fantasi. Uansett, steinen og historia er utan tvil svært fascinerande, og det er ikkje vanskeleg å forstå at denne steinen skulle bli viktig i norsk-amerikansk mytologi – den var trass alt eit handfast prov på at skandinavane hadde vore her lenge før denne søringen Cristobal Colon dreiv ut av kurs. Her kan ein nok også snakke om nasjonsbygging, slike funn viste at skandinavane hadde førsteretten på dette landet.

Til saman brukte vi rundt to timar på å vase rundt i Alexandria, deretter sette vi igjen kursen mot Minneapolis. Igjen viste GPS-en seg som ein lite god ven, sjølv om vi hadde skrive inn ein adresse, vart det etter kvart tydeleg for oss at vi var på feil kurs – vegane vart smalare og smalare medan avstanden mellom husa vart større og større. Men vi fann etter kvart ut korleis vi skulle finne fram til sentrum. I fjor fann vi fram til eit motell midt i sentrum av byen. Dette var i og for seg ein bra plass, men sentrum i Minneapolis er ekstremt daudt på kveldstid, og vi hadde litt yst på å finne fram til ein restaurant utan å bruke heile kvelden på å leite. Omsider fann vi eit nokså bra hotell på Nicolett Island, prisen var kanskje litt i overkant, man dette var siste kvelden vår her i dette landet, så skitt au. Vi gjekk oss ein tur langs med elva og fann oss også ein uterestaurant. Etter ei så intens økt med feltarbeid, var det verkeleg godt å berre vere ein del av folkelivet. I morgon kveld reiser vi tilbake til gamlelandet, men først skal vi innom Mall of America for å rydde litt plass på bankkontoen.

Og med det kan Calamity Jane og Wild Bill setje hesten på stallen, tørke sveitten av panna, riste av seg støvet og takke for seg for denne gongen. Og for å halde oss til klisjeane: Vi var alle samde om at vi hadde hatt ein fin tur.

Og slik gjekk den siste dagen i Amerika….

Skrevet i Uncategorized | 36 kommentarer

Fredag 29. juni 2012: Fargo

Dette er siste dagen med feltarbeid, og akkurat no er det litt godt å tenke på, sjølv om vi har hatt det veldig moro og vi har fått møte mange interessante personar. Men det er også litt slitsamt å reise rundt på denne måten og heile tida møte nye folk. Vi skulle ned på Sons of Norway-losjen for å gjere intervju, men dette var litt «magical mystery tour»: vi visste lite kva vi ville finne av folk, for her var det Møyfrid som hadde regien. Møyfrid er ei dame som tok kontakt med meg i fjor, ho hadde studert på universitetet i Fargo (eller var det i Morehead) og ho kjente derfor det norsk-amerikanske miljøet i dette området ganske godt. No var ho her på ferie, og ho hadde altså sagt seg villig til å arrangere ein slik seanse for oss. Vi møtte opp i losjen klokka 11, og da var det ei gruppe på knapt ti personar som hadde møtt fram, mange med bakgrunn frå Hallingdal, men også Tydalen var representert ved Aaron og Arvid, to einegga tvillingar som hadde kome inn til byen frå Flom i Minnesota. Vi åt først lunsj, noko som skulle vise seg å vere ei aldri så lita utfordring sidan vi nettopp hadde ete frukost. Litt forsiktig prøvde eg meg med ein bolle suppe og ein halv sandwich i håp om at dette ville vere ein liten, overkommeleg porsjon – så feil kan ein altså ta om halve sandwichar!

Etter maten rigga vi oss til på to rom og starta med feltarbeid ut frå samlebandprinsippet. Dei fleste av informantane hadde vakse opp med norsk heime, og det var tydeleg at dei fann glede av å kome og snakke norsk med oss. Det var særleg to informantar som fascinerte meg, dei to einegga tvillingane Aaron og Arvid frå Flom i Minnesota. Desse to var «Norwegian bachelor farmers» i 60-årsalderen; dei budde saman og dreiv ein farm ilag. Eg hadde store problem med å skilje dei frå kvarandre; at dei også møtte fram med identiske klede, gjorde det ikkje lettare å halde dei frå kvarandre. Dei hadde røtene sine i Tydalen, og dialekten peikte også i den leia. Dette var altså karar som hadde budd saman heile livet, og dei var også svært koordinerte når dei snakka. Ein av dei kunne starte ei setning, medan den andre avslutta. Det var moro å høyre på dei. Utpå ettermiddagen tok det til å tynnast ut på «venterommet», da hadde nokre venta i fleire timar. Og klokka var nesten fire før vi kunne dra ut kontaktane, pakke saman utstyret og takke for oss.

No kunne vi endeleg ta oss tid til å vere litt turist, så vi køyrde derfor over elva til Morehead, Minnesota, der vi ville ta ein titt på Hjemkomst-museet. Dette er eit museum bygd rundt båten Hjemkomst, ein kopi av Gostadskipet som tidleg på 1980-talet vart sigla frå Duluth til Noreg og tilbake igjen. Og bak dette museet har dei også snikra saman ein kopi av ei stavkyrkje. Det er i og for seg OK å kunne seie at ein har sett dette museet, men for ein nordmann som har sett «the real thing» i galmelandet, er kanskje ikkje dette så overvettes interessant.

Så mykje meir skjedde vel eigentleg den dagen, vi fann oss ein plass for å ete middag, og resten av kvelden brukt vi på å kopiere materialet vårt.

Og slik går nu dagan i Nord-Dakota.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 28. juni 2012: Mayville, Hatton og Fargo

Endeleg ein litt rolegare morgon, for i dag trong vi ikkje køyre på timevis for å kome fram til informantane, og da slapp vi også å stresse så mykje for å kome oss vidare. Da vi sjekka inn på motellet i går, åtvara dama i resepsjonen oss mot frukosten som dei serverte. Dette var nok ei dame som visste kva ho snakka om, for frukosten var svært så skrale greier. Motell-frukostane er stort sett svært enkle, rista brød med syltety på er liksom standardmenyen i dette landet, men på dette motellet mangla det rista brød, og da vart det ikkje så fælt mykje igjen. Vi gjekk derfor ned til Paula’s igjen for å bli oppvarta, og der fekk vi ein solid frukost. Deretter pakka vi saman og sette kursen mot nabobyen Portland, der vi skulle møte ein «kniv-halling». Han var ute og klipte plen da vi kom, og han og kona budde i eit gammalt hus i Broadway Avenue. Denne bustaden er nok noko eigedomsbyråa ville ha marknadsført som «villa med særpreg», for her var det mange detaljar som viste at snikkararbeid av høg kvalitet. Vi rigga oss til ute på verandaen, og mannen var snakkesalig og hadde mykje å fortelje om. Etter ei tid kom det ei anna kvinne bortom, og ho kunne også norsk. Vi vart på denne plassen eit par timar før vi pakka saman og gjorde oss klare for neste avtale: Janne var også innom dette området for to år sidan, og no skulle vi møte ein av informantane frå den gongen. Denne mannen hadde ein vakker heim eit stykke utafor Hatton, og det skulle ikkje så mykje fantasi til for å sjå at dette måtte vere ein nevenyttig norske. Han tok imot oss på gardsplassen og viste oss straks rundt alt det norske som han hadde. Han hadde m.a. laga eit stabbur i ein litt ubestemmeleg stil, og der hadde han samla saman mange ulike «norske» ting. Mannen var heller ikkje åleine her, han hadde invitert eit lite titals personar med norsk bakgrunn. Nokre av dei kunne snakke norsk medan andre var med for å sjå litt nærare på oss to tullingane frå Noreg. Vi gjekk inn, og interiøret var også über-norsk, og særleg hadde han spesialisert seg på sitjegrupper av sjølvlaga kubbestolar med innskorne motiv i tradisjonell norsk-amerikansk stil. Her brukte vi finstova som studio, medan «frontrommet» fungerte som venterom. Ein etter ein kom dei inn og snakka med oss, og no var det absolutt ingen tvil om at dette var Nord-Dakota-norsk vi fekk møte, og igjen kunne eg føre ein lett og ledig «agronomish» samtale om blower, disc og combine. Tida gjekk fort her, og Janne og eg bytta på om å gjere opptaka. Da denne seansen var over, varta verten opp med lapskaus. Litt utpå kvelden kunne vi takke for oss og setje kursen mot Fargo. Her fann vi oss eit motell og gjorde oss klare for den siste dagen med feltarbeid.

Og slik går nu dagan i Nord-Dakota.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 27. juni: Bismarck, Hatton og Mayville

Også i dag vart det ein god dose med køyring, vi skulle frå Bismarck og opp til området ved Hatton, der det tradisjonelt skal vere fleire store enklavar med gammal norsk busetjing. Her hadde vi to avtalar, først med ein som dei kalla «The wild Norwegian», deretter med ein storfarmar på over 90. Men sjølv om ein har både avtalar og adresser, så er det ikkje dermed sagt at alle problem er løyste; GPS-en kjenner ikkje nødvendigvis til alle avkrokane i dette landet, og vi fekk ikkje noko treff når vi prøvde å skrive inn adressa. Vi fann det derfor best å bruke den gamle og enkle metoden, å køyre opp til staden og deretter håpe på at vi kunne spørje oss fram. Vi var nokså sikre på at vi kom til å finne byen, Janne hadde var der for eit par år sidan og meinte å erindre at det ikkje var så veldig vanskeleg å finne fram. Turen oppover tok drygt fire timar, og som vanleg så hamna vi på små grusvegar før vi omsider kom fram. Vi parkerte utafor banken, og sjølv om eg er mann, fall det i mitt lodd å gå den tunge vegen inn for å spørje meg fram. Å spørje etter vegen er noko av det verste eg veit, det bryt verkeleg med alle instinkt i kroppen min, men til pers måtte eg. Dette er ingen stor by, og sidan det ikkje var andre kundar i lokalet, vart det personlege servicen svært god – særleg da dei forsto at eg var frå Noreg. Tre «kundebehandlarar» kasta seg med stor iver over oppgåva med å forklare meg vegen. Dei teikna kart og stod i, og informasjonen som dei ville gje meg, vart også kvalitetskontrollert gjennom at dei ringde venner og kjente. Det einaste dei ikkje ville gjere, var å ringe direkte til denne villmannen. Etter kort tid kunne eg gå ut med eit svært detaljert kart som skulle gjere det lett å finne fram. «You can’t miss it», sa dei, og det gjorde vi heller ikkje. Villmannen var heime da vi kom, men vi fekk inntrykk av at det ikkje passa meir enn høveleg med besøk, han skulle ha slektssamling om nokre dagar, dessutan var kona hans relativt ny-operert i eit kne, og ho stod fram i all si glans som eit verdig motstykket til «Mannen som ikke kunne le». Vi forsto at vi burde bruke tida godt, og derfor rigga vi opp utstyret så fort vi berre kunne og starta intervjuet. Da villmannen forsto at han skulle bli eit vitskapleg objekt, tødde han opp litt, og vart svært så snakkesalig. Og sidan han brødfødde seg som folketalar og underhaldar, glei dette glatt unna. Sjølv «Dama som ikke kunne le» kvikna litt til, og før vi skulle gå, hadde ho rigga til brus og kake til oss. Eigentleg hadde vi det litt travelt, vi skulle nå ein ny avtale, men vi tok oss likevel litt tid til å ete saman med dei. Og det var eigentleg bra, for vi hadde heller ikkje adressa til den neste kontakten. Villmannen fekk no tid til å forklarte oss vegen, og han meinte det også her ville vere uråd å bomme, det var berre å gå etter lukta, sa han. Før vi reiste vidare, viste han oss også litt rundt på farmen, og han hadde litt av kvart å vise fram, både veteranbilar og gamle hus.

Omsider takka vi for oss, skjerpa luktesansen vår og sette kursen nordover ut frå instruksjonane vi hadde fått. Det slår oss forresten at i Amerika snakkar dei ikkje om å svinge til høgre eller venstre, dei held seg til himmelretningane. Villmannen hadde faktisk rett, vi var på ingen måte i tvil om at vi hadde kome rett da vi nærma oss den neste farmen: Dette var ein svært stor eigedom med over 5.000 krøtter, og det var store flokkar med dyr rundt denne plassen. Vi banka på og vart møtt av ei godt vaksen kvinne. Mannen, som skulle vere informanten vår var ute i «pastret», men via walkie talkie vart han busendt. Kort tid etterpå storma ein sprek kar i 90-åra inn i den teppekledde stova med cowboy-støvlane på. Det var ingen tvil om at denne karen var van med høg fart og effektivitet, her skulle det snakkast norsk, og det skulle i tillegg gå raskt. Igjen fekk vi fram utstyret vårt i ein fei, og seansen kunne starte. Gamlingen hadde nok helst sett at han hadde fått rampelyset for seg sjølv, han insisterte lenge på at kona ikkje kunne snakke norsk, sjølv om ho fleire gonger protesterte på norsk og sa at ho sjølvsagt kunne snakke det. Samtalen gjekk fort unna, og ein «self-made man» har gjerne litt av kvart å ytre seg om. Etter ein liten time hadde vi samla det vi ville ha, vi pakka saman og stemninga var i og for seg gemyttleg og god heilt til Janne mumla eitt eller anna om den intellektuelle kapasiteten til Sarah Pallin – og ho la nok ikkje særleg vekt på fram-snakking. Men da var vi alt ute av døra og på veg mot bilen. Vi sette no kursen mot Mayville der vi fann oss eit motell og tok inn for natta. Før vi gjekk til ro, var vi innom restauranten Paula’s – noko som tydelegvis var ein institusjon her. Dette etablissementet, der lite hadde skjedd sidan Beatles toppa hit-listene, var ei unik oppleving, det var eitt eller anna med interiøret som fekk meg til å tenke på Edward Hoppers Nighthawks. Servicen var grei nok, noko anna var kanskje heller ikkje å vente sidan vi hadde lokalet åleine og det var fem servitørar på jobb.

Og slik går nu dagan i dette merkelege landet.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 26. juni: Glasgow, Bismarck

Dette er siste dagen i Montana. Vi var oppe i rimeleg tid for vi hadde avtale om å sjå innom gamle Hartvik i 8-tida; vi berre pakka tinga våre inn i bilen og køyrde ned til pensjonistbustaden hans. Deretter tok sonen hans, som er vaktmeister der, oss med på frukost. Eg kan ikkje nekte for at eg etter ei veke med nokså enkel frukost hadde lyst på litt solide saker, derfor bestilte eg egg og bacon. Men her i Amerika er porsjonane enormt store, og dette var mat for minst to personar. Janne var litt meir forsiktig og bestilte pannekake; da fekk ho ei nokså lita pannekake med ein smørklatt på. Janne såg straks at det her låg eit potensielt problem: at ho om eit par timar skulle bli skrubbsvolten medan eg framleis var stappmett etter dette måltidet. Men da kjenner ho ikkje meg, det er utruleg kor mykje ein kan pakke i seg med hjelp av seig inntrøndsk viljestyrke.

På veg tilbake stakk vi innom Bob, ein 98-åring som også budde her, og som etter det dei sa skulle snakke ein heilt annan dialekt enn dei andre. Det var ikkje noko tvil om at Bob var ekte trønder, han hadde røtene til Statsbygda, og språket hans peika også i den leia. Bob var ein lun og triveleg kar, men han var også fåmælt, særleg når det skulle snakkast norsk. Vi prøvde oss litt med samtale, men kom fram til at det neppe var nokon vits i å gjere opptak. Hadde vi vore her ti år tidlegare, hadde nok det vore ei anna sak. Deretter gjekk vi tilbake til Hartvik igjen, og vi hadde ei triveleg stund. Men det kom etter kvart folk inn for å vere vitne til denne seansen, og til slutt var det ei stor gruppe samla for å sjå på at Hartvik snakka norsk, og kanskje også for å inspisere desse to raringane frå Noreg. Også litt yngre folk stakk innom, inkludert ein kar som kunne fortelje at han hadde funne ei gammal norsk songbok heime. Og det var på dette tidspunktet at Janne verkeleg sjokkerte meg, for her er kortversjonen av det ho sa til mannen– i oversett form: «Dersom du hentar denne boka, skal saktens vi språkforskarane syngje ein song eller to frå dette praktverket». Det er i slike situasjonar at eg forstår behovet for vetorett i eit demokrati. Da ho kom med dette forslaget, trudde ho kanskje at dette var ei heilt vanleg songbok, men Mads Berg har aldri vore ein stor helt her ute på prærieslettene. Ho vart litt usikker da ho såg at denne boka frå 1879 var trykt med gotiske bokstavar og berre inneheldt heilt ukjente religiøse songar dikta av den svært ukjente utgjevaren, som eg ikkje hugsar namnet på; det var heller ikkje noko som indikerte kva melodi desse songane skulle syngjast til. For å berge oss ut av denne litt kinkige situasjonen, stemte vi i med «Ja, vi elsker», «Per Spellmann» og «Alle fugler små de er». Stakkars folk som måtte høyre på dette, for framføringa vår representerer ei nytolking som heilt sikkert manglar sidestykke på desse delane av kloten. Eg ser heilt klart behovet for «Feltarbeidarens songbok – til trøyst i tunge stunder». Her bør det absolutt vere eit umetta kommersielt behov.

I 12-tida tok vi farvel med desse herlege folka og ny kurs vart lagt rett austover mot Nord-Dakota. Vi hadde eingong tenkt å sjå innom det nordvestre hjørnet av denne staten, men vi fann fort ut at der er det heilt uråd å finne motell. Her har dei i det siste funne mykje olje, og da har det også kome inn svært mange framandfolk som håper å få vere med på moroa. Vi endra derfor planar og bestemte oss for å overnatte i Bismarck, og med ny optimisme og pågangsmot sette dette som ny destinasjon i GPSen.

Vi stoppa litt ved ei grill-sjappe i Wolf Point, og her fekk vi erfare at high-tech også har funne ein plass i restaurant-næringa. Den teknologiske nyvinninga her bestod i at det ved kvart bord var montert ein raud telefon. Ein måtte bestille ved hjelp av denne gjenstanden, sjølv om serveringsdama som tok imot bestillinga sto berre eit kort stykke unna. Og denne teknologien vart verkeleg sett på prøve da Janne skulle ha greie på vegetar-menyen. Men på dårleg linje over ein svært så kort avstand ordna også dette seg, dei hadde nokre halvtørre salatblad liggjande.

Etter kvart som vi nærma oss Nord-Dakota, vart det fleire og fleire store truckar på vegen, og da vi kom inn i denne staten, såg vi eit landskap fullt av oljetårn og brakkebyar, og Williston er ein av dei byane som er mest prega av den nye olje-aktiviteten. Her stoppa vi og hadde den store gleda av å handle bensin av ein kar som ut frå namneskiltet heitte Mr. Dusten. Men her i Amerika kan sjølv Dusten vere triveleg og grei, i alle fall så lenge han ikkje har norsk bakgrunn. I denne byen hadde vi planar om å gjere eit intervju med ein ny informant. Vi hadde ikkje nokon avtale med denne karen, men bror hans, som var informanten vår i Billings, sa at han skulle ringje denne broren og bu han på at vi kanskje ville kome. Telefonsambandet mellom desse to statane er tydelegvis ikkje heilt prima. Men vi hadde adressa hans, og ut frå alt det norske krims-kramset som han hadde utafor inngangsdøra si, så kunne ikkje dette vere noko anna enn ein ihuga norske. Vi banka på, og ein spreking på 93 år opna døra; det var ikkje måte på velvilje da han høyrde kva vi var ute etter. Her følte eg meg litt som ein stunt-lingvist, vi ringjer på døra til folk, stormar inn, tek full kontroll over livet og heimen til ein heilt framand person, og når vi har fått det vi er ute etter, pakkar vi saman, takkar for oss og dreg vidare. Eg håper at informantane våre ikkje opplever det på same måten. Uansett, dette var ein svært snakkesalig kar, og han hadde også mykje å fortelje. Han fortalte om slike ting som krigen, livet som restauranteigar, og om oljepengane han hadde fått. Og dette var også ein informant av den gode, gamle typen som hadde lært seg norsk heime. Og sjølv om han var sprek, sprang han ikkje rundt slik broren han gjorde.

Etter denne seansen sette vi kursen til Bismarck; vi vart rådd til å køyre omvegen via Minot, det vart ein nokså lang tur, og det var seint før vi endeleg kunne sjekke inn på eit motell.

Og slik går nu dagan her i Midtvesten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 25. juni: Billings, Glasgow

Dagen i dag har verkeleg vore bilens dag. Og igjen viser GPS-en at han kan ha litt irrasjonelle fakter. Turen skulle gå frå Billings og opp til Glasgow i Montana der vi hadde etablert kontakt med ein familie. Vi kom oss utan problem ut av Billings, og kursen gjekk rett nordover. GPS er eit fantastisk hjelpemiddel når ein skal ta seg fram i eit nytt landsskap, men samstundes er det også lett å lite fullt og heilt på den mekrande kvinnestemma i denne magiske dåsen. Etter kvart vart det mindre og mindre trafikken, og vegen vart også smalare og smalare. Til slutt var vi inne på ein svingete grusveg, og sidan dette er beiteland til ranchane, går det også krøtter og hestar i vegkanten. Da vi forsto at dette kanskje ikkje akkurat var hovudvegen nordover, måtte vi fram med gammaldags navigeringsutstyr – vi måtte lese kart. Vi fann da ut at vi nok gjorde lurt i å endre kursen litt, og etter ein time eller to kom vi endeleg til sivilisasjonen igjen, om da ein asfaltert veg kan kallas sivilisasjon. For her er det verkeleg folketomt, ein kan køyre lenge før ein møter ein bil, og det er også langt mellom kvar heim. Landskapet endra seg også raskt, frå fruktbare åkrar og enger til sletter med tørt gras, frå område med skog til karrige, men fascinerande fjellheimar. Og vi bevegde oss i dette landskapet i steikande solskin og temperaturar over førti.

Vegen nordover var lang, og vi stoppa i ein liten by som heiter Jordan for å ete litt. Dette var ein svært så liten og merkeleg by, der bensinstasjonen liksom var sentrumet i urbanisasjonen. Ut frå vareutvalet er det særleg fisking ein skal drive med her, for fiskeutstyr av ulikt slag var eit nisjeproduktet der utvalet var svært godt. Vi fekk oss litt mat, noko som på desse kantar er synonymt med ein burgar, og så kunne vi køyre vidare.

Langt utpå ettermiddagen kom vi fram til Glasgow, og vi fann også fram til familien som skulle hyse oss. Dette var retteleg trivelege og omtenksame folk, og dei gjorde alt dei kunne for at vi skulle ha det bra. Her fekk vi også møte bestefaren, ein fabelaktig mann på mange-og-nitti år som snakka eit litt udefinerbart flatbygdmål. Denne karen var forbausande vital, sjølv om helsa tok til å skrante litt og han ikkje var så sterk som i gamle dagar – etter det som vart fortalt om «gammaltida», brukte ikkje denne karen jekk når han skulle skifte hjul, han berre løfta opp bilen medan ein av sønene sette på det nye dekket. Gamlingen inviterte oss med ut på restaurant for å ete «søppel», og der var delar av familien samla. Det var ein triveleg og svært omsorgsfull gjeng vi som møtte oss.

Deretter reiste vi heim til vertsskapet vårt igjen, vi rigga opp utstyret, og Janne starta første delen av intervjuet med bestefar Hartvig. Men etter ein dryg time var det tydeleg at gamlingen tok til å bli sliten, og vi fann derfor ut at vi skulle fortsette dagen etter. Det må nok også seiast at det ikkje berre var folk over 90 som tok til å bli trøytte, og sidan vi skulle opp igjen i rimeleg tid dagen etter, tok vi kveld i rimeleg tid.

Og slik går no dagan i Montana

Skrevet i Uncategorized | 9 kommentarer

Søndag 24. juni: Little Bighorn

Nokre vil kanskje seie at dette er rå luksus, men vi hadde faktisk ikkje noko program i dag. Etter ei svært hektisk veke er det godt med nokre timar helt utan feltarbeid. Vi fann likevel ut at vi ikkje skulle kaste bort tida på å drive dank, for her skulle det opplevast! Ut frå det Janne sjølv kunne fortelje, var det ho som starta denne dagen med å gje andre folk ei aldri så lita oppleving. Sjølv var eg ikkje vitne til det som skjedde, eg er for morgonstrøytt til det, men er har ingen grunn til å tvile på det eg fekk fortalt. Janne har etter det eg forstår stor glede av ein tur i bassenget på morgonkvisten, og når hotellet annonserer at bassenget opnar klokka 08.00, ja så stiller ho opp på slaget klokka 08.00.00. Men så hadde det seg slik at betjeninga enno ikkje hadde fått rota seg til å rulle inn trekket over bassenget før opninga i dag. Slike detaljar stoppar tydelegvis ikkje professorar. Bestemt og resolutt drog ho berre trekket til side, og trass i iherdige protestar frå betjeninga, så erklærte ho bassenget for opent ved rett og slett å hoppe uti. Ikkje uventa skapte dette litt uro i personalet, men slikt får dei finne seg i når det ikkje klarer å passe klokka.

Alt dette kunne Janne fortelje om ved frukostbordet, eller rettare medan vi venta på eit frukostbord. For dette motellet hadde ikkje frukostservering, mat kunne vi få kjøpt i restauranten somm ligg ved sida, og der var det kø. Etter maten bestemte vi oss for å bli turistar.

Turen vår gjekk no til Little Bighorn, ein stad ikkje ukjent for oss som på 70-talet vaks opp med Morgan Kane, For det var her, på desse åsane kledde med tørre grastuster, at ørnene dør og general Custer gjekk ut av tida. Staden, som ligg ein dryg time frå Billings, er i og for seg ikkje noko spesielt anna enn nokre haugar med tørt præriegras. Og ingen kartograf ville ha teke seg bryet med å teikne inn denne plassen om ikkje Custer hadde hatt ein heller dårleg dag på jobben her oppe. Det står fleire monument rundt denne åsen, i tillegg ligg det ein krigskyrkjegard og eit lite museum like ved. Vi gjekk og såg oss litt rundt, først på kyrkjegarden, der vi kunne finne eitt og anna norsk namn, deretter til ein indianarseremoni like ved. Så kasta vi oss på ein guida spasertur der vegvisaren, ein gammal Vietnam-veteran, fortalte i det vide og breie om utviklinga av dette slaget. Ein kan nok trygt slå fast at Janne og eg har litt sprikande interesser når det gjeld slike ting som flankemanøvrar, opphaldande strid, lausriving med konsentrert ild og kringvern. Etter ein relativt grundig inspeksjon av slagfeltet i over 40 grader Celsius, kjøpte vi oss ein kaffiskvett før vi sette kursen til eit nytt Custer-museum. Her var det også multimodale presentasjonar av både troppeforflyttingane og utviklinga av slaget. Også ulike taktiske resonnement vart presenterte på ein grundig og svært så innsiktsfull måte. Janne forsvann raskt inn i gåvebutikken medan eg som gammal løytnant viste standhaftigheit og tolmod.

Etter dette innblikket i fortida fann vi ut at vi gjerne ville ta ein titt på eit indianarreservat slik det er i dag. Kartet vårt viste at det går ein veg gjennom reservatet, men GPS-en hadde lite lyst til å geleide oss inn i dette ukjente landskapet. Men slike små-protestar frå ein skarve GPS skulle ikkje få stoppe oss, og inn i reservatet bar det. I starten gjekk det fint, men etter kvart vart vegen dårlegare og dårlegare, til slutt gjekk det over til å likne mest på ein inntørka elveleie. Landskapet her var utruleg vakkert, og sjølv ein fargeblind kunne ane ulike nyansar av grønt og raudt. Til slutt kom vegen inn på ein aude farm, og der var det så godt som slutt. Her inne i indianarland gjorde vi som Custer burde ha gjort, vi slo retrett. Retur-vegen hadde ikkje vorte noko betre sidan vi var der sist, og det var derfor seint på kvelden før vi kom tilbake på hotellet og kunne sjekke inn på romma våre.

Og slik går nu dagan i indi-land.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 23 juni: Shelby, Billings

Da er det Sankthans her i dette merkelege landet, utan at vi eigentleg la så mykje merke til det; det einaste var kanskje at det bak motellet vårt låg ulike ting som det fint kunne ha vore laga bål av. Vi starta dagen med å lage ekstra kopiar av materialet vårt og kontakte nye informantar. Telefonsystemet her i Amerika er elendige saker, lokalsamtalar frå rommet er gratis, men problemet for oss er at lokal er svært lokalt, skal ein ringje til nabobygda, er det fort fjernsamtale, og telefonen på motellet er sperra for slike ting. Dessutan fungerer mobilen vår berre halvveges her borte, så vi slit litt med å kommunisere med omverda.

I 11—tida sette vi kursen vidare sørover, og første stopp var Great Falls. Her vi hefta litt for å få oss ein aldri så liten matbit, for frukosten i Shelby var tarvelege greier. Deretter krusa vi vidare på interstate-en mot Billings. Vi ville gjerne finne oss eit motell før vi troppa opp hos informanten vår her for å gjere opptak. Men vi hadde dårleg tid og hadde ikkje gjort så mykje research på førehand, og vi måtte derfor lite på «finn hotell-funksjonen» på GPS-en. Det første forslaget til dette unikumet var sjukehushotellet inne i byen. Dette er sikkert eit bra etablissement når ein er sjuk, men vi fann raskt ut at vi ikkje ville slå oss til der. Det neste forslaget til GPS-en var eit motell i sentrum, og vi sette kursen dit. Dette var ein nokså dyr plass, nesten norske prisar, men vi hadde ikkje tid til å leite meir.

Deretter gjekk vegen vidare til informanten vår, som butte i eit leilegheitskompleks for eldre like utafor byen. Dette var eit stort anlegg, og medan vi prøvde å finne fram til leilegheita hans, fekk vi også høve til å sjå oss litt rundt. I fjor var vi innom ein gammalheim i Solder Grove i Wisconsin som viste ei lite vakker side ved den amerikanske eldreomsorga. Det vi fekk sjå her, var ei heilt anna side, for dette såg bra ut. Men så kosta det også. Til slutt fann vi informanten vår, og etter litt rituell småprat gjorde vi oss raskt klare for opptaka. Dette var ein kar som snakka godt norsk, problemet var at han høyrde svært dårleg. Særleg frekvensområdet til stemmen min såg ut til å vere heilt daudt. Janne sleit også, og når det ikkje kom inn klagar for husbråk, så kan nok det ha samanheng med at at alle i nabolaget her har sterkt redusert høyrsel. Elles var mannen svært vital og i god form, han sprang ut og inn heile tida med ting han ville vise fram. Etter ei stund roa han seg litt, og eg trudde ei stund at eg hadde klart det meisterstykket å få fram noko som kunne likne litt på ein samtale. Men så fekk han sjå Janne stå med eit kamera i handa, og da sprang han ut på soverommet for å hente to av sine eigne kamera for å ta bilete av oss. Så sjølv med litt trøndersk understatement, må ein nok seie at heile seansen vart nokså uroleg. Til slutt måtte vi meir eller mindre gje opp, for mannen ville no ta oss med på restaurant. Vi pakka saman og vart med han til ein amerikansk restaurant før vi returnerte til motellet vårt og eg avslutta dagen med å lese litt på nettet.

Og slik går nu dagan i Montana.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 22. Juni: Spokane, Kalispell, Shelby

Vi innser at vi nok har planlagt denne turen litt for tett, i dag skulle vi reise frå Spokane, WA til Kalispell, MO, og avtalen om intervju var klokka 13. Vi sjekka ruta opp mot GPS-en, og dette såg ut til å bli ein grei, men hektisk dag, men det var nok før vi oppdaga at vi skulle krysse ei tidssone. Og timen vi hadde lagt inn til litt tissing og eting forsvann før vi i det heile hadde starta. Om bilturen er det ikkje så mykje å seie, anna enn at dette er eit veldig stort land der det tek tid å flytte på seg. Og vi har det da så komfortabelt som det går an å ha det i ein bil. Vi kunne sikkert ha hatt det enda betre også, om vi berre hadde funne ut av denne jungelen av knappar – og om vi hadde hatt litt betre tid. For heller ikkje denne gongen hadde vi ikkje tid til å stoppe for å ete lunsj, vi måtte berre koste på. Vi tok oss rett nok tid til å kjøpe ein pizza på vegen, men vi hadde på ingen måte tid til å sette oss ned og i ro og mak nyte dette – her måtte vi berre «frem, frem, over de høje Fjælde». Vegarbeid og omkøyring gjorde at vi tok til å kome i beit for tid, og til slutt måtte vi berre bite i det sure eplet og innrømme at dette klarte vi ikkje. Problemet her i dette store landet er å få gitt beskjed til dei som ventar på oss, vi sendte nokre SMS-ar, men utan særleg håp om at dei ville kome fram.

Til Kalispell kom vi nesten tre kvarter for seint; her skulle vi få bruke kyrkja som studio, og vi var litt redde for at folk hadde vorte sure og berre gått. Men neida, dette var ein tolmodig gjeng. Det stod oppsmurt mat og venta på oss, og deretter var det berre å rigge seg til med to kamera. Janne etablerte seg ved altaret medan eg fann eit meir profant møterom. Og dei neste tre timane losa vi ein etter ein igjennom intervjuet. Og som vanleg på denne reisa var dette ei gruppe med nokså blada drops. Øystein frå Larvik hadde utvandra i tenåra, han snakka svært godt norsk, og han sette tydelegvis svært stor pris på denne stunda. Andre var meir rustne og sleit svært med å formulere meiningsfulle ytringar på norsk. Ut frå Einar Haugens definisjon på tospråklege, «able to produce meaningful utterences in two or more languages», så var nok eit par av desse heilt i grenseland.

Etter denne seansen venta meir kvalitetstid saman med damestemmen i GPS-en, vi skulle no vidare i retning Billings. For liksom å sjå litt anna enn store vidder og asfalt, fann vi ut at vi skulle leggje ruta gjennom Glacier Park, eit fjellparti i den nordaustlege delen av staten. Og igjen, på kartet såg ikkje dette ut til å vere lange omvegen, men det blir fort noko anna når ein skal køyre. Joda, det var eit mektig og vakkert fjell-landskap vi reiste igjennom, sjølv om eg ikkje er heilt sikker på om det var den vakraste turist-ruta vi tok. Men ho var grei nok. På denne vegen kom vi også inn i eit indianar-reservat, og dette var triste greier. Det er tydeleg at det ikkje er her den amerikanske draumen har gått i oppfylling, armod og forfall prega området. Det var ingenting å sjå her, så vi kom oss vidare, og i god fart sette kursen søraustover. Ja, kanskje i litt for god fart, for med eitt kunne eg sjå blålys i bakspegelen. Janne sa seg straks villig til å vere med på å dele på bota. Eg slakka på farten og svinga ut av vegen, og bilen til sheriffen stoppa bak meg. Han kom ut av bilen, løyste hempa til skytevåpenet og gjekk bort til oss med gladmeldinga om at vi hadde passert han i 81 m/h. Eg har det ikkje med å krangle med folk, særleg ikkje med slike som går rundt med skarpladde våpen, og når sant skal seiast, så hadde eg nok ikkje så veldig hardtslåande argument heller. Han tok med seg førarkortet mitt og forsvann tilbake til bilen sin igjen. Der vart han sitjande ei lang stund før han kom tilbake. I staden for bot, så fekk eg ei grundig innføring i amerikanske trafikkreglar med hovudvekt på fartsreglane. Eg lytta interessert på denne privatleksjonen; det er så rart med det, når pedagogen står der med ein skarpladd Colt ved hofta, så høyrer ein på det som blir sagt. Kanskje den neste skolereformen bør bli at alle lærarar blir utstyrt med ein skarpladd Colt?

Etter dette avbrekket kunne vi fortsette vidare søraustover. Vi kom til slutt inn til Shelby, og etter litt fram og tilbake fann vi både eit litt slitt motell og ein restaurant like ved jernbanen. Og så mykje meir er det ikkje å fortelje frå denne dagen anna enn at vi no veit at også amerikanske tog kan lage bråke.

Og slik går nu dagan i Montana

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 21. juni: Vancouver, Spokane

Da er jetleg-en tydelegvis ute av kroppen, for i dag vakna eg ikkje før halv åtte, lenge etter planen. For planen vår var å vere på vegen klokka åtte, dermed fekk «fast-food» med eitt ei litt anna tyding. Eg fekk no pakka i meg ei halvmjuk brødskive og kasta innpå ein kaffiskvett, pakka saman tinga mine litt og ein halvtime seinare var vi på vegen igjen.

Vi hadde avtalar klokka tre og seks, og heller ikkje her var vi heilt sikre på kva vi kunne vente å finne. På kartet ser ikkje Amerika så frykteleg stort ut, men avstandane her er enorme, og sjølv om vegstelle stort sett er prima, tek det likevel tid å forflytte seg. For å vere framme til avtalt tid måtte vi redusere stoppane til eit absolutt minimum: a) ein kort stopp for å fylle drivstoff og b) ein kort stopp for å kjøpe oss litt mat.

a) Drivstoffprisane her i Amerika er svært så rimelege samanlikna med det vi er vane med i Gamlelandet, ein liter her kostar rundt 6-7 kroner. Og det gjer at vi vanskeleg kan gjere anna enn å smile litt når amerikanarane klagar på at dette er så ekstremt dyrt. Men no begynner eg nesten å forstå dei: for bilane her er lite gjerrige på drivstoffet. Eg har ikkje finrekna på dette, men så langt har forstått, så vil doningen vår ha drygt 1,5 liter på mila, og da er reisekostnaden fort oppe på eit norsk nivå. For sjølv om tanken tek nesten hundre liter, så er det relativt kortvarig moro her borte.

b) Lunsjen vår i dag var verkeleg fastfood: Vi stoppa på ein «trøkkstopp» og kjøpte vatn og ein liten veggie-pizza, og med dette i hendene spurta vi bort til bilen, starta opp doningen og kosta vidare. Og dette festmåltidet vart konsumert på vegen vidare medan vi høyrde på den mekrande kvinnestemma i GPS-en som gav oss gode råd om kor vi skulle ta av.

Til slutt fann vi fram til Spokane og den lokale losjen der til Sons of Norway. Dette var eit svært stort og flott bygg, etter det dei sa, var dette ein gong den største SoN-losjen i heile Amerika. Også her venta det folk på oss med kaffi, goro, gromkake, sandbakkels og andre godsaker. Snart var opptaksutstyr rigga opp, dei første informantane plassert på ein stol, medan andre venta ute i gangen. Og dermed var vi i gang. Folket her hadde også litt ulik bakgrunn, nokre var fødde i Noreg, andre var fødde i Amerika, men av folk som kom etter krigen, nokre var tredjegenerasjons innvandrar som framleis snakka den opphavlege dialekten. Og så hadde vi nokre med norskamerikansk bakgrunn som i ulik grad hadde lært seg språket i litt vaksen alder. Og desse var heller ikkje berre folk av førkrigsårgang, eit par av dei var fødde etter at Juri Gagarin hadde skremt vatnet av amerikanarane. Dette var med andre ord ein heilt annan kategori informantar enn dei vi har møtt på tidlegare ekspedisjonar og heilt annleis enn dei eg møtte på 80- og 90-talet, og dette representerer også ei heilt ny utfordring for meg. Tidlegare har eg klart meg godt i samtale med farmarar om uår, dyreavl og åkerbruk, men her kjem ein ikkje så langt med slik småprat, så samtalen kan derfor lett gå i litt rykk og napp når ein ikkje har sikkerstikk som tractor, bailer og blower å snakke om.

Reint lydmessig var heller ikkje rommet optimalt, akustikken er sikkert bra når ein skal framføre Nidelven og Kan du huske gamle Norge? Men arkitekten hadde nok aldri i tankane at dette lokalet skulle bli brukt til å flytte forskingsfronten, og Janne og eg hadde rigga oss opp i kvar vår krå. Eg gjorde så godt eg kunne for å få samtalen til å gå, og det gjorde nok Janne også. Frå kråa mi fekk eg inntrykk av at stemninga i det andre hjørnet var usedvanleg god, plutseleg kom det lokalpatriotiske songar om Bergen, etterfølgd av trudeluttar av meir religiøs karakter.

Etter endt dyst var Cindy, ein av informantane, med oss ut for å ete, også det var ei triveleg stund. Alle tre satsa vi på torsk, og når eg melder meg på i torskekøen, så er det dessverre ikkje fordi eg er ein fiskeentusiast, men det er meir det at menyen om svært kort tid vil vere burgar og pizza frå morgon til kveld, og da kan det vere fint å ikkje vere heilt matlei alt før denne gastronomiske hestekuren startar.

Og slik går no dagan vest for Rockey Mountains.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar