Tysdag 21. september: Westby

Eg er tidleg tilbake på motellet i dag, faktisk før klokka seks. Og eg har hatt ein interessant dag med møte med nye folk her i Westby. I dag tidleg såg det ikkje så veldig lovande ut, eg vakna av nokre heftige toreskrellar, og regnet pøsa ned. Og sidan eg no reiste til Amerika utan å ha med meg regnklede, såg eg for meg at det ville bli ein litt ufyseleg i ei søkkvåt t-skjorte. Heldigvis klårna det opp, og i ni-tida våga eg meg ut i bilen. Igjen måtte eg ty til hjelp frå ”The Iversons”. Dette er ekte ”norskear”, men dei snakkar ikkje norsk, sjølv om dei nok forstår mykje. Og som vanleg kasta dei seg rundt og hosta opp nye informantar til meg. Første sette vi kursen til sørbyen, der er det eit ”apartment-hus” der det bur fleire norskspråklege. Målet vårt var å snakke med Sam, han hadde farma på grensa ute mot Løvås-ryggen, og han hadde nettopp flytta inn. Derfor visste han heller ikkje av andre norskspråklege som budde der. Sam tok meg seg Mr Anderson, og vi sette oss inne på eit av fellesromma. Mr Anderson tok litt rolla som Tause Birgitte, han var mest oppteken av fisking og kunsten å kome seg opp før fire om morgonen for å sikre seg den beste fiskeplassen i Coon Creek (eller Kon-krikken, som det heiter i desse delane av verda). Å snakke norsk, brydde han seg mindre om. Men Sam vart fort varm i trøya, og samtalen glei lett oss imellom heilt til Irma dukka opp med gåstol og i morgonkåpe og crocs, og da tok ho raskt kommandoen. Også ho var ei gudegåve for ein feltarbeidar, her gjekk det på både innpust og utpust. Sam fekk smetta inn eitt og anna ordet, men elles var det Irma som sette standarden. Det kom også fram at eg faktisk har møtt Irma tidlegare: I 1997 vart eg tilsett ved Høgskolen i Østfold, og det tok nokre månader før heile familien flytta ned, derfor vart det nokre turar opp til Trøndelag. Og på ein av desse turane var eg innom Glomstad i Gudbrandsdalen for å få meg litt mat. Eg var åleine i matsalen der, men på tur ut til bilen møtte eg eit busslass med turistar. Dei fleste snakka engelsk, men så var det også to med eit språk som avslørte ein norsk-amerikansk bakgrunn, dei hoppa elegant mellom norsk og engelsk når dei snakka, og det var heilt klart noko kjent med måten dei brukte språka på. Eg kom i snakk med dei, og etter kvart kom det fram at desse var frå Westby, og den eine av deie var faktisk Irma. Så verda er neppe så stor som nokre vil ha det til.
Etter at vi var ferdige med opptaka, vart eg invitert med på rominspeksjon. Denne bu-komplekset er laga for pensjonistar, men eg synest det ser bra ut. Her har dei kvar sin bustad med stove, kjøkken, soverom og bad. I tillegg er det ulike fellesrom og ein ”kærteikar” som har litt tilsyn. Irma si leilegheit var stappfull av krimskrams; ho hadde katt, men katta forsvann nesten mellom alle desse tinga. På veggen hang det kruthorn til ”børsestoff”, gamle børser, og fiskefluer, i taket hadde ho fiskestenger. Bakgrunnen for mange av desse tinga er svært tragisk, ho mista sonen sin i kreft for eit par år sidan, og mange av desse gjenstandane hadde tilhøyrd han. Det mest morbide i denne samlinga var eit lite skrin med oska etter sonen. Det var svært sårt å sjå innom, og det mest overraskande var eigentleg det gode humøret hennar, ho skravla, smilte og lo nesten heile tida, og eg trur ho sette stor pris på å få snakke så mykje norsk igjen. Denne dama var verkeleg ein herleg framtoning, men det krev nok sikkert også eit godt humør for å klare seg gjennom ei slik tung tid. Deretter gjekk vegen innom leilegheita til broren hennar, fiskaren. Han hadde også stor sans for nips, men med ein litt annan stil enn søstera; her var det utstoppa fisk som dominerte. Om ein ikkje visste betre, kunne ein nesten tru at dette var fiskedisken til Meny på Tista-senteret, og ikkje ein heim her i Midtvesten. For her hang det store ruggar vegg opp og vegg ned, alle på eikeplakett med inskripsjon med dato og stad under. Og gubben såg ikkje bort frå at det med tida kunne kome fleire fiskar opp på veggen, om no Vårherre ville det slik.
Etter dette møtet sette eg kursen tilbake til sentrum igjen. Først var eg innom Degernes Scandinavian gift shop, ei fascinerande samling av norsk ”junk”. Deretter kryssa eg gata og fann meg ein plass på Borgens. Der fekk eg kjøttkaker med kaffi til, eg kjem kanskje til å sakne kaffikoppen til maten når eg er tilbake i Gamlelandet, eller kanskje ikkje ….
Deretter var eg ein snartur innom motellet for å ”skype” litt med dei som ventar heime. Og medan eg var der, ringte Iverson igjen, han lurte litt på korleis det gjekk med meg. Eg kunne berre seie som sant var eg hadde hatt ein fin dag. I to-tida køyrde eg ned dit, og da inviterte dei nabokona, ho kunne også litt norsk. Men det var umuleg å få henne til å snakke norsk, lydopptakaren min skremde nok aldri så lite. Men ho var veldig triveleg, vi sat rundt kjøkenbordet og drakk kaffi og småsnakka nokså lenge. Ho kunne fortelje at ho ei tid hadde arbeidd på gammalheimen Norseland, og der var det svært nyttig å forstå norsk. Fleire av gamlingane snakka mest norsk, og det slo seg lett vrange dersom dei ikkje vart forstått. Deretter kom Mrs Haakenson innom, ei dame på 79, og ho kunne snakke norsk. Ho er kanskje typisk for den siste generasjonen med norskspråklege her. Ho lærde eigentleg ikkje norsk heime, ho påsto at ho hadde studert litt på eiga hand, men eg har litt vondt for å tru henne, det er neppe så veldig mange lærebøker som fokuserer på dølamål. Denne enka var også veldig lettliva, og trass i at ho var godt vaksen, arbeidde ho framleis deltid i gravferdsbyrået Vossateig. Og samtalen vår kretsa derfor i stor grad rundt gravferdsskikkar og andre slike oppløftande ting. Men vi hadde det retteleg triveleg, ”The Iversons” serverte kaffi medan vi sat rundt kjøkkenbordet og snakka. I halv seks-tida var eg tilbake på motellet, eg gjekk da bortom ”grosseri-storet” til Hanson og kjøpte meg litt tørrmat, og no i kveld har eg kosa meg med rundstykke med salami, eit akseptabelt alternativ til pizza og burger. Og her har vi det retteleg triveleg, både ho Lena (husflua) og eg. Det einaste eg lurer litt på, er om Lena kjem til å overleve dette svært så platonske sambuarskapet, tida vil vise …

I morgon ventar noko som ser ut til å bli ein hektisk dag. Klokka ni skal eg på ”kvinneforening” heime hos Mrs Olson, deretter vil turen gå ned i Springdalen for å snakke med Larry. Og det eg trur kan bli høgdepunktet, er eit møte med Mr Hanson, ein ”ungfole” på rundt femti år. Ut frå det dei seier, vaks han opp med norsk heime, og han skal derfor vere god på norsken.

Og slik går no dagan her i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

20. september: Westby og Coon Valley

Dette er første arbeidsdagen på eiga hand, og eg starta da med frukost heime hos ”The Iversons”, leiaren i Sons of Norway her i byen, han og kona har lova ut å hjelpe meg med å finne fram til fleire informantar. Det eg særleg er på jakt etter, er ”ungdommar”; i denne samanhengen vil det seie folk fødde etter 1940. Og medan eg gafla i meg speilegg, ringte dei rundt og gjorde eit par avtalar etter klokka 12. Dessutan viste dei meg det siste nummeret av lokalavisa Westby Times; der var det eit innlegg skive av den eine av Haugen-karane på Sørryggen. Her skreiv han eigentleg om kvinnesak og peikte på at det var mange kvinnene i Amerika som i dei første tiåra av 1900-talet ikkje fekk dei rettane som han meinte dei burde ha hatt. Det eksemplet han brukte, var hans eiga mor. Ho var fødd i Amerika og derfor statsborgar her, men så gifta ho seg med ein norsk-amerikanar som enno ikkje hadde fått amerikansk statsborgarskap. Resultatet av dette var faktisk at ho også vart fråteke det amerikanske statsborgarskapet sitt, og det tok fleire år før ho fekk det tilbake og dermed på ny fekk stemmerett. Artikkelen var godt skriven; det er tydeleg at dette er ein svært oppegåande mann, sjølv om han no dreg seg mot nitti år.
Etter å ha takka for meg sette eg så kursen ned til Skogdalen og opp i museet i Norskedalen. Tidlegare brukte det gjerne å sitje nokre gamlekarar på benken ved inngangsdøra der og snakke norsk, men dei er nok borte no. Det var i det heile svært så stille der i dag, berre Tamy, ”basen” sjølv, var til stades da eg kom. Ho viste meg rundt i museet, serverte kaffi og vi drøsa litt om kva som har skjedd i dalen dei siste to tiåra sidan sist eg var der oppe. I det heile var dette ei triveleg stund.
Deretter sette eg kursen tilbake til motellet, der skulle eg møte Larry Leum klokka tolv, han skulle guide meg litt rundt. Larry hadde snakka med ein av Stavsli-karane som bur ute på countryet i retning Viroqua, og dit reiste vi. Igjen vart det ein ny runde med kaffi, og medan vi sat rundt kjøkkenbordet, gjekk samtalen laust og ledig, og da særleg om skoledagane. Begge desse karane er midt i seksti-åra; dei hadde gått på ”høgskolen” saman, og derfor hadde dei mykje å snakke om, så eg trur også opptaket vart bra. Deretter gjekk kursen over Løvåsryggen, Springdalsryggen og ned i Skogdalen igjen, der var det ei enke som skulle i bryllaup no til helga. Ho kunne berre nokre få ord på norsk, men grunnen at vi måtte innom henne, var at ho ville ho så gjerne seie noko til brudeparet på norsk. Eg oppretta da konsulentfirma på flekken og prøvde etter fattig evne å hjelpe henne med språkvask og uttaletrening før den store dagen. Dette skulle vere på ordentleg norsk må vite, Westby-norsk duger ikkje i ei slik høgtidsam stund. Verken brur eller brudgom kan norsk, så slik sett hadde det kanskje ikkje spelt så stor rolle kva ho sa og korleis ho sa det, så lenge dei to fekk inntrykk av at dette var noko på norsk. Men her skulle det altså gå retteleg for seg, og også for meg var det fint å kunne hjelpe til litt som ei lita gjengjeld for all den hjelpa eg får her.
Etter denne seansen køyrde eg på eiga hand rundt i bygda for å bli litt betre kjent på alle ”lortrådane” som går på kryss og tvers her gjennom dalane og over prærien. Eg reiste derfor først ned til Thrune-farmen, der Norskedalen-museet har samla saman nokre fleire hus. Det var i og for seg stengt der, men eg kunne fritt gå rundt og sjå på husa. Og eg kan ikkje anna enn vere imponert over alt arbeidet som er lagt ned for å bygge opp dette bygdemuseet. Heldigvis har dei god tilgang på eldsjeler som gjerne tek eit tak, og det blir tydelegvis resultat av slikt.
Deretter gjekk turen vidare opp på Sørryggen og inn på Bredebygda, der eg utan særleg problem kjente meg igjen. Deretter stoppa eg ved Vangskyrkja for å sjå på kyrkjegarden. Her var det mange norske namn på gravsteinane, men det var ikkje så veldig mange med inskripsjonar på norsk.
Frå Vangskyrkja gjekk vegen vidare austover gjennom Westby og til Viroqua, der eg var innom ”departmentståret” og kjøpte ein datakabel til kameraet mitt (På Westby-norsk heiter det sjølvsagt ikkje kamera, men ”portrett-maskin”, men det er ei anna sak).
I morgon skal eg innom Sons of Norway-”basen” Iverson igjen, deretter blir det nok ein tur for å intervjue gamle kjenningar som har flytta inn hit til byen. ”The Iversons” er svært hjelpsame, og når dei frå områ seg litt, kjem dei lett opp med mange namn på folk som dei trur enno kan snakke norsk.
Det er heldigvis ein god del her som framleis snakkar norsk, men det ser også ut til å vere nokså mange her fødde under eller etter krigen som vaks opp med norsk heime, men som ikkje snakkar det lenger. Men etter det dei seier, skal det faktisk finnast nokre få her som er fødde rundt 1960 og som snakkar norsk. Eg håper eg får høve til å møte desse. Elles ser det nesten ut til å vere slik at den eldste i barneflokken snakkar norsk, men ikkje dei yngre. Men om dette faktisk stemmer, veit eg ikkje enno. Uansett, slik det ser ut no, så kan det bli mange interessante møte i dagane som kjem.
Veret her er elles svært fint no i kveld. I dag tidleg var det kjølig, og det regna også litt. Men medan vi sat rundt kjøkkenbordet hos Stavslien, slo det om; himmelen vart plutseleg heilt klår og temperaturen steig sikkert med over ti grader. Så no i kveld er det vakkert her, luft er god og sval, og månen er nesten full. Eg håper berre det vil halde fram på same måten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

18.- og 19. september: Heartland, Wisconsin

Hausten 1987 vart eg kjent med tyskaren Matthias. Han budde i nabohuset i La Crosse, og saman med dei andre internasjonale studentane i 2323, hadde vi ei herleg tid. Etter kvart reiste vi kvar til vårt, eg fann meg «kjerringemne» medan eg budde der, Matthias gjorde det same, og vi var på ingen måte særlingar i så måte – ein skulle nesten tru at Kirsten Giftekniv hadde meldt flytting til Madison Street.
Uansett, Matthias og eg har klart å halde litt kontakt i alle desse åra, sjølv om vi ikkje har sett kvarandre sidan det vart feira bryllaup i Madrid i 1991. Eg hadde eigentleg innstilt meg på at vi aldri skulle møte kvarandre. Men no når eg skulle til Wisconsin tok eg kontakt med han, og det vart eit svært godt gjensyn. Og frå laurdag til søndag budde eg heime hos familien han, og vi brukte mykje av tida på å oppdatere kvarandre og mimre, og eg hadde det svært så fint. Og etter nesten to veker med norskamerikanarar og amerikanorsk rundt meg, var dette eit lite pustehol og eit sprang tilbake til ”gammeltida”.

Turen tilbake til Westby gjekk fint, sjølv om denne hersens GPSen på ny snudde vrangsida til og takka for seg. Etter litt kreativ køyring fann eg fram til Fish Hachery, der eg ei tid budde i 1992, og derifrå fann eg lett vegen vidare. Så no sit eg på ny på motellet i Westby, eg har fått meg ein matbit på bensinstasjonen på andre sida av gata, og i morgon ventar nok ein runde med feltarbeid. Fredag var eg sliten og kunne godt ha tenkt meg å sjå følgje tilbake til Gamlelandet. No i kveld er eg på ny klar for ei økt med opptak av norskspråklege i dette merkelege landet.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

16. og 17. september, Madison

Da har vi bite i det sure eplet, tilpassa oss reglane for monopol-spel og ”flytta tilbake til start”; til Madison, der vi for ei veke sidan samla oss for å leggje ut på denne herlege reisa i Det norske Amerika. Der har vi tilhald på Lowell-senteret inne på ”campus”, og etter netter på motell av litt ymse kvalitet, var det reine paradiset å kome inn der. Konferansen var fagleg interessant med mange fine innlegg, både om generell lingvistikk, så vel som om norsk og tysk språk i Amerika. I lang tid no har eg vore den einaste som har hatt ei spesiell interesse for det norske språket her i Amerika, og da er det flott å oppdage at også andre no ser ut til å vise interesse for dette. Eg hadde presentasjonen min utpå ettermiddagen fredag, og starten gjekk ikkje heilt som smurt. Lingvistikk-miljøet er Mac-dominert, og da eg kom med Bill Gates-utstyret mitt, ville sjølvsagt ikkje projektoren vere med på leiken. Eg sveitta og sleit med å få Powerpiont-presentasjonen min (som eg hadde brukt det meste av natta på å lage) til å vise seg på lerretet. Eg vart meir og meir sveitt, medan folk vart litt rastlause og begynte å forsyne seg med kaffi. Til slutt måtte eg kapitulere, og etter mykje om og men fekk eg flytta fila mi over i ”eplehagen”, og da kunne i det minste folk sjå. Kva eg i halvørska klarte å stotre fram på engelsk, er eg litt usikker på, men dei klappa no til slutt – kanskje for at eg i det heile klarte å bli ferdig, og dei var også høflege nok til å stille spørsmål. Etter denne økta venta det skummande øl ute på terrassen, og utpå kvelden var vi ute på restaurant og fekk oss mat, og det var i det heile ei svært så god stemning. Og det var faktisk litt rart å ta avskil med folk etter ein slik tur. Rett nok har vi berre vore saman ei dryg veke, og vi er på kvar vår måte nokså ulike. Men likevel har vi delt opplevinga av eit norsk Amerika, og det dette smidde oss saman desse dagane. I det heile, dette har vore ein svært så minnerik tur.

Og slik går no dagan i Midvesten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

15. september: Coon Valley, Madison

Dette er siste dagen her i denne omgang. Og no hadde vi avtale med Haugen-karane på Sørryggen og Bagstad-folket i Skogdalen. Begge desse besøka var interessante, kvar på sin måte. Haugen-karane er ungkarar godt oppe i åtti-åra, og eit besøk hos dei var som å gå tilbake i tid. Her kokte dei kaffi, laga mat og bakte brød på ein gammal vedkomfyr. Det er nok ein og annan som sikkert ville meine at å hyre inn ei hushjelp kanskje kunne vere ein god idé, men slik tenker nok ikkje desse karane. Dei såg ut til å vere svært så nøgde med livet sitt; her brudde høgt og fritt og kunne gjere som dei alltid hadde gjort. Dei hadde berre ei ku no, men det var nok til at dei kunne lage sitt eige smør enno. Men trass i at det meste av inventaret var det amerikanarar utan å bluke vil kalle vitage, hadde modernitetet også meldt seg her på desse kantane – dei var utrusta med noko av det mest gigantiske ein kan få tak i av satellitt-antenner. Da fekk vi altså bekrefta at alt er stort i Amerika.
Etter opptaka gjekk turen til Borgens Cafe i Westby gjen, der vi fekk oss litt mat. Deretter sette vi kursen ned Springdalen og Skogdalen til familien Bagstad. Begge er aktive pensjonistar, dei speler enno norsk musikk i Norskedalen trio, og mannen sjølv er ein habil treskjerar. Ingen av desse aktivitetane vart det gjort forsøk på å skjule. På veggane hang det diplom frå ulike spelmannskonkurransar, og treskurden var eit dominerande trekk i heimen. Eg er ingen kjennar når det gjeld slike ting, men slik eg kunne vurdere det, var mannen svært så stø med kniven. På kjøkenet hadde han hengt opp eit lite utskore skap med eit rundt hol i. Mannen var svært så stolt av dette skapet, men det er muleg at dette endra seg litt da vi begynte med folkeopplysning og kunne melde at dette brukte vere eit bruksmøbel som pryda mange norske heimar på 1800-talet, og da som oppbevaringsstad for lusekammar.

Før vi reiste, stemte han fela, og vi fekk høyre felemusikk, jodling og sjølvsagt ein spontan tostemt versjon av Nidelven. Etter kaffi og ”kokkis” gjekk turen vidare austover til Madison, der det ventar to dagar med konferanse.

Og slik går no dagan i Midtvesten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

14. september, Westby

Så er vi da i Westby, og det er rart å vere tilbake her. Eg hugsar det første møtet mitt med dette småbyen for 24 år sidan, i ein velvaksen Malibu-bil som eg fekk låne for anledninga, putra eg inn her for å bli norsklærar på Westby high school; og det meste ser faktisk ut til å vere ved det gamle på denne staden. Vi oppretta studio i heimen til ein svenske, og der var det fullt av folk som kunne snakke norsk. Nokre av dei hadde eg møtt før, andre var nye for meg. Men det var også rart å sjå slektningar til nokre eg brukte som informantar på 90-talet – likskapen var somtid heilt utruleg.
Vi rigga opp filmstudio i kjellaren, og der gjekk praten laust og ledig, det var tydeleg at dette var folk som brukte norsk enno i dag. Eg fekk også høyre nytt om kva som hadde skjedd her sidan sist eg var på desse kantane, for det meste gjekk det på kven som hadde gått bort. Faktisk er dei fleste av dei gamle informantane mine borte. Eg veit sjølvsagt at noko anna ville vere rart, men dette var folk som eg i stor grad kom på innsida av, derfor er det også vemodig å høyre at dei ikkje er meir.
Likevel, opptaka gjekk relativt fint, eg håper at det materialet vi har samla dei siste dagane, kjem til nytte på ein eller annan måte i framtida. Eg blir igjen overraska over at det er så slitsamt å berre sitje og snakke med folk. Når seansen er over, er det lite overskot til å gjere noko anna en å sitje på motellet og vente på at klokka skal gå mot elleve slik at ein med godt samvit skal kunne gå og leggje seg. Her er det lite utagerande natterangling …
Og slik går no dagan i Westby

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

13. september: Decorah, Mabel, Westby

I dag har vi fått med oss tre statar, eigentleg utan å anstrenge så veldig. Som eg har prøvd å få fram tidlegare, så har vi hatt hovudkvarter i Decorah dei siste dagane, på eit i og for seg akseptabelt motell. Eg må seie at etter tre netter på dette tarvelege motellet i La Crosse, så aksepterer eg det meste, og dette kryp-innet i Decorah var heilt klart OK. Ikkje så mykje meir, men OK. Og med rosemåling på veggen, så bør dette også falle i smal for ein lite blasert inntrønder. Anyway, morgonen vart dedisert til Vesterheim, det største etniske museet i Amerika. Det var i og for seg ei interessant oppleving, men samstundes hadde dei samla på mykje rask frå gamlelandet. Kor som er, den norsk-amerikanske samlinga var interessant, og samlinga med gamle hus var også flott, sjølv om mange av bygga heilt klart hadde fortent litt betre omgjevnader. Uansett, guiden var entusiastisk og viste oss gjennom rom etter rom med treskjering, rosamaling, broderi og anna utagerande norsk-amerikansk ekspresjonisme. Rundt klokka tolv hadde Janne og Signe foredrag om dette prosjektet, og da var det stinn brakke med godt vaksne folk som hadde lyst til å høyre kva vi galningane driv med. Deretter var det ein runde med opptak med ein godt vaksen norsk-amerikanar inne på museet. Vi hadde eigentleg tenkt å gjere opptaket inne på eit av kontora, men der bråka det svært mykje frå vifta, så til slutt slo vi oss ned i eit av romma på museet. Der fekk vi arbeidsro, og opptaket glei relativt bra. Slike intervju med norsk-amerikanarar har eg gjort mange gonger, men det er alltid ei utfordring å få samtalen til å gli. Når det er folk ein ikkje kjenner og som ein veit lite om, krev det ikkje så reint lite konsentrasjon å få samtalen til å gå ”naturleg” – kva no det måtte vere.

Etter opptak og lunsj-pause på Coop-en i Decorah, sette vi kursen mot Mabel igjen, der venta Sonja med katt og veninne på at vi skulle dukke opp. Sonja sjølv sleit litt med norsken i starten, men veninna var svært så taletrengt, medan katta gjorde sitt beste for å male og sjarmere oss framandfolket. Denne sekvensen trur eg også stort sett gjekk greitt, damene var svært så lykkelege over i det heile å klare å halde ein samtale gåande på norsk i så lang tid – den eine av dei påsto at ho ikkje hadde snakka norsk på over 60 år – eg har eigentleg litt vondt for å tru henne.
På turen heim stoppa vi i Spring Grove, eg må med skam innrømme at vi da kjøpte lokalavisa, det er no ikkje kvar gong ein kjem på førstesida berre fordi ein synest det er stas å prate med framandfolk som snakkar det same språket som ein sjølv gjer.
Deretter venta Westby, turen dit gjekk utan problem, landskapet er vakkert rundt Mississippi-dalen, og i skumringa kunne vi svinge inn på motellet i Westby. Og for ein gongs skuld føler eg at GPS-en er overflødig, her har eg vore mange gonger tidlegare og kjenner vegane relativt godt.

Og slik går no dagan i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

12. september: Spring Grove og Decorah

På ny var det relativt tidleg revelje, enkel frukost på motellet The Bluff Inn før vi i halv ni-tida sette kursen frå Decorah til Spring Grove – denne gongen for å ta del i gudsteneste i den lutherske (les norske) kyrkja der. Og som så mange andre plassar her i Midtvesten var det fullt av folk på plass da klokka drog seg mot kvart over ni og gudstenesta skulle begynne. Vi sleit litt med å finne ein høveleg plass – det frista liksom ikkje så mykje å strene fram for å setje seg på første benk. Eg prøvde litt forsiktig å smyge meg ned på ein av dei bakre benkene, men der skulle songkoret sitje. Og sidan baryton-røysta mi neppe tek seg særleg godt ut i eit kor, måtte eg til slutt ta til takke med ein benk langt framme. Og messa byrja med at presten ønskte oss lingvistar velkomne, vi måtte reise oss – til full applaus frå dei andre frammøtte.

 Etter messa var det samling i ”beismentet” – der skulle det vere kaffi, og norskspråklege var særleg velkomne. Her var det møtt fram både kjente frå dagen før, og også nokre eg tidlegare ikkje hadde snakka med. Mange av dei frammøte var takknemlege for igjen å få prøvd ut språkferdigheitene sine litt, og vi hadde ei triveleg stund.

 Deretter var vi ein snartur bortom den gamle kyrkjegarden, eller rettare sagt plassen der dei gamle gravsteinane stod – da det vart behov for ein større parkeringsplass ved kyrkja, ordna dei enkelt opp i det. Berre ein av steinane hadde inskripsjon på engelsk, alle dei andre på norsk.

Ettermiddagen gjekk så med til eit eit lynkurs i gentesting og slektsforsking (noko som ikkje interesserte oss så veldig, kan ein kanskje seie), lunsj, eit kort besøk i ein ”amerikansk” heim i Decorah og middag, før vi til slutt sette kursen tilbake til hotellet. Som seg hør og bør på ein søndag, var dette ein relativt roleg dag for meg – andre på gruppa brukte ettermiddagen til feltarbeid på gamleheimen. Slik eg forsto det på dei, hadde visst dette vore ei svært interessant og uvanleg oppleving på mange vis.

Og slik går no dagan i Midtvesten

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

11. september: Decorah, Harmony, Spring Grove

Da er vi godt i gang med innsamlingsarbeidet. Framleis er døgnrytmen min litt i ulage, eg vaknar nokså tidleg om morgonen enno, så for ein gongs skuld var eg den første av gjengen på plass i ”matsalen”. Og matsalen på dette motellet er på ingen måte lett å finne – eller gjenkjenne som matsal. Det er kort og godt to bord i ein tarm av ein gang der det er plassert litt frukostblanding, brødmat og frukt. Igjen må eg kome tilbake til motellet i La Crosse – der var rommet elendig, klientellet shabby, nabolaget utriveleg. Men frukosten var faktisk ikkje så heilt ille, sjølv om helsetilsynet sikkert hadde stengt heile greia på sekundet om dei da skulle sjå nokon grunn til å bry seg om ein slik stad. Men eg vart da mett også her, og kvart over åtte var vi alle på plass i bilane for på ny å krysse grensa til Minnesota, denne gongen med avtale ute på landsbygda nord for småbyen Harmony i Minnesota. Og på vegen opp så skjedde faktisk underet over alle under – GPS-en fekk ein litt omsorgsfull dask av medpassasjeren, og da var han like god igjen. Men likevel vart han ikkje så god at han fann fram til den adressa vi hadde langt ute på prærielandet. Men lell – vi hadde på ny GPS i bilen! Vi rota som vanleg litt før vi fann fram – GPS-ar trivst ikkje så godt langt borte frå urbane strok, men til slutt klarte vi å finne denne farmen som låg heilt i vegkanten, og som vi hadde passert både tre og fire gonger. I ”levehuset” møtte vi farmaren sjølv og kona hans, i tillegg til mange naboar og venner som kunne snakke norsk. Og ut frå samlebandprinsippet så fekk alle foreviga stemmen sin. Men eg må innrømme at eg slit litt med dette formatet: Tidlegare hadde eg god tid, kunne snakke med folk og ta meg litt tid til å bli kjent med informantane mine før intervjuet starta. Men her må vi drive industrielt feltarbeid – nokre gonger er det tendensar til at det svingar litt, andre gonger er det meir daudt. Men ein kjem nok inn i det etter kvart. I dag hadde eg også språkproblem – her var det særleg hallingar og såkalla rørosingar samla, men dei hadde til tider problem med å forstå meg. Så her ein eller annan staden ser det ut til at grensa for inntrøndsk som verdsspråk går, hadde eg ikkje visst betre, ville eg ha trudd at Mississippi var ei slik språkgrense.
Så var det ”a little lunsh”, som er være greier, før vi sette kursen til ein ny småby, Mabel, der det var dampmaskinfestival. Der var det rigga opp dampmaskiner av ulikt slag, i tillegg til at det jo måtte vere ekte parade. Og skal det vere parade her i dette området, så skal tek det seg grueleg godt ut med noko norsk. Og skal det vere noko norsk, så tek det seg jo veldig godt ut med eit vikingskip på hjul. Og disponerer ein eit vikingskip på hjul, så er det utan tvil praktisk å kaste inn nokre frå Noreg. Og i så måte stod vi litt utsett til, så endskapen på visa var at vi som vaskekte avkom av trauste vikingar, måtte vere med i denne såkalla ”flåten”. Og der sto vi, på litt ustå bein midt på dekket av eit vikingskip med hjul, på slep etter ein Ford pickup (Modellnamnet hugsar eg ikkje, dersom nokon skulle vere interessert, kan eg prøve å finne ut av det). Og lengst framme i stamnen stod ein røsleg norsk-amerikanar med lausskjegg (syntetisk skjegg ser absolutt ikkje ut til å vere noko å trakte etter – det klør visst noko innmari), hjelm av plast med isopor-horn, og eit solid sverd som han vifta med og på den måten sikkert sette varige spor i sarte barnesinn langs ruta. Vi nordmennene vart utrusta på litt meir fredeleg vis, ei kone i bunad kom og stakk i oss kvart vårt norske flagg. Og så bars det i veg, i fire til fem knops fart gjennom byen. Eg veit ikkje om eg heilt er eit naturtalentet for denne typen aktivitetar, det må eg trygt seie. Men eg forsøkte jo å smile tappert og vifte med flagget til dei mange hundre som var møtt opp for å sjå dette spetakkelet. Og for å toppe programmet, og eventuelt få biletet vårt på framsida av lokalavisa, så slo vi like godt til med song: Pål sine høner, Kjerringa med staven og andre songar som er velegna når ein på litt ustø bein står ombord i eit vikingskip som blir drege av ein Ford pickup gjennom ein norsk-amerikansk småby her ute i Midtvesten. Men vi skulle nok ha øvd oss litt på førehand, det forsto eg etter kvart: ei av dei godt vaksne bunadskledde damene ombord kom og retta oss, vi rota visst litt med teksten i tredje verset. Det verste er at kona hadde heilt rett!

Etter denne skjelsettande opplevinga, var vi klare for ei ny økt med industrielt feltarbeid. Vi fekk da låne eit heilt hus her i Spring Grove, og vi rigga opp studio i fleire av romma, medan ”frontrommet” fungerte som venterom. Der sat det trauste kvinner og menn med nummerlappar og venta på tur, nesten som hos tannlegen. Og så vart dei slusa igjennom, ein etter ein, mest hallingar, men også ein og annan trønderen frå Waterloo ridge, det som ein gong vart kalla Røros-ryggen. Eg hadde to godt vaksne farmarar under behandling, men eg makta aldri å få dei til å føle seg komfortable med situasjonen. Dei klaga på at eg var litt ”hard” å forstå, dei la heller ikkje skjul på at dei ikkje likte å sitje framfor eit kamera på denne måten. Dei var opptekne av at dei ikkje snakka så ”korrekt” norsk som dei gjerne skulle ha gjort. Men eg synest dei klarte seg godt eg, og det var moro å snakke med dei. Ingen av dei hadde vore i Noreg, der skulle begge gjerne ha vore – om dei no hadde hatt pengar til slikt. Det er av og til veldig sårt å drive med denne typen feltarbeid, ein kjem til tider veldig nært innpå folk sjølv om ein på ingen måte kjenner dei.

Elles er det svært interessant å få eit innblikk i det norsk-amerikanske livet ute på prærien. Sosiologen Herbert Ganz snakka på 70- og 80-talet om ”The new ethnicity” i dei kvite immigrantmiljøa, og denne etnisiteten tok da gjerne form av å vere ”symbolic ethnicity”, dvs at mange bindestreks-amerikanarar på ny ville marke etnisiteten sin, og da gjennom ei noko overflatisk symbolmarkering. Og ei slik markering av norsk etnisitet finn vi mange stader, gjennom at dei heime heng opp flagg, har ulike suvenirar som rosemåla gjenstandar, utskorne troll og slike ting ståande omkring. Men eg har mistanke om at uttrykka for etnisitet som vi har sett her ute på prærien, stikk djupare enn som så. For desse folka føler seg som norske, sjølv 150 år etter at folket deira slo seg ned her. I dag var vi innom ein heim der det eine vegguret var stilt etter norsk tid, og der kong Håkon og den provisoriske juni-regjeringa frå 1905 hang på veggen. Heime stiller vi også vegguret etter norsk tid, men det er nok lenge sidan både kong Håkon og regjeringa til Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen vart plukka ned av veggen. Derfor er det også noko grunnleggjande og gjennomgåande trygt og gjenkjenneleg med denne manglande moderniteten som ein kan finne her.
Og slik går no dagan her på prærien.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

10. september: Madison – Blair – Decorah

I dag gjekk start-skotet for den store innspelingsekspedisjonen. Etter ei god natt i Madison, i eit reint rom og ei rein seng, sette vi oss i sving i halv ni-tida. Målet var Blair, ein liten norsk-amerikansk småby i Trempealeau county, mest kjent for fabrikken som lagar lefse. Dessutan skulle det også vise seg at dei dreiv med vinproduksjon der også, i kor stor grad dei har hatt suksess på det feltet, kjem eg tilbake til så snart eg har fått tak i ein korkeopnar.

Turen oppover tek to til tre timar, og vi skulle møte ei gruppe med norskspråklege i kyrkja der. Turen gjekk i og for seg udramatisk, med unntak for at GPSen, som eg har betalt blodpengar for, plutseleg vart svart. Heldigvis hadde eg kart med meg, og vegen frå Madison til Blair er ikkje alt for komplisert. Men likevel er det litt surt å betale dagpengar for noko som ein ikkje har glede av. I Blair rota eg også. Det viste seg at det er to norske kyrkjer i denne småbyen med litt i underkant av 2000 innbyggjarar. Og sjølvsagt fann eg fram til feil kyrkje. Men eg fekk hjelp av prsten og fann til slutt fram.

I forsamlingsrommet i kjellaren på kyrkja var det mobilisert ei gruppe på mellom ti og femten godt vaksne norsk-amerikanarar som hadde møtt fram for å bli intervjua. Vi var i alt 7 nordmenn der som sprang rundt med mikrofon og gjorde opptak, det må ha vore svært så overveldande for dei, dei opna knapt kjeften før vi stod der klar til å stikke ein mikrofon opp under nasen deira.

Men igjen blir ein imponert over kor gode nokre av desse er til å snakke norsk. Ikkje veit dei noko om folket som kom over, ikkje veit dei kor dei kom ifrå og ikkje veit dei når dei kom. Men språket til dei fleste er framleis flytande og velfungerande, og det er også svært interessant å høyre kor stor vekt dei legg på å rekne seg som norske. Dei varta opp med norskprega mat, kjøttkaker og lefse, rosettar og kransekake. Og tida gjekk fort i slikt lag.

I firetida sette vi kursen tilbake mot Decorah. Da sleit eg litt igjen, det må eg innrømme: Utan GPS og utan å sjå sola hadde eg litt vanskar med å orientere meg. Men etter litt filing fram og tilbake fann eg vegen mot Mississippi-dalen til Minnesota, og etter karthandel i La Cresent, kunne vi relativt trygt bevege oss inn i Decorah, Iowa via Spring Grove. Dette er ein veg eg kjørde fleire gonger for tjuefem år sidan, men denne gongen var eg heilt avhengig av kart for å finne fram. Og no er det seinkveld her på motellet, i morgon blir det ein hektisk med stramt program.

Og slik går no dagan i Midtvesten.

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar