Tysdag 8. november 2022: Westby, Viroqua og La Crosse

Så kom altså siste dagen med feltarbeid her på prærieviddene for denne gongen, og klokka ti hadde vi avtale med Tip og Bonnie i Vanilje-kyrkja. Tip er ein av dei vi har gjort opptak av over mange år, frå tidleg 1990-talet og fram til i dag, så slik sett bør han vere interessant. Og sjølv om han synest han tek til å bli gammal med 90 år på baken, så har han framleis moro av å snakke norsk. Og med seg hadde han også den eldste dottera, som er fødd på slutten av 1950-talet; også ho synest det er moro med norsk. Så det vart altså ei aldri så lita feststund oppe i kyrkja medan desse to snakka. Så kom det ei anna dame som kyrkja hadde henta inn, og ho kunne også snakke norsk, men det er noko med konteksten når mange norskamerikanarar møtest: sjølv om dei alle i større eller mindre grad synest det er moro så snakke norsk, så glir det fort over til engelsk så snart dei blir fleire enn tre (noko som vi også var). Så sjølv om vi her kanskje ikkje fekk samla inn banebrytande språkdata frå denne dama, så er det likevel viktig å dokumentere språk og haldningar til alt norsk gjennom ein slik samtale. Da klokka drog seg til litt over tolv, etterlyste kyrkja Sam, og kort tid etterpå møtte han opp. Og igjen fekk vi eit par gode timar saman med denne gamle farmaren, og han er svært ivrig etter å snakke norsk. Og når han var framfor kameraet, var det som å kaste på ein femmer, for han snakka i eitt. Rett nok er tydelegvis høyrsla hans svært redusert, så han høyrde ikkje spørsmåla mine. Men det stoppa han ikkje frå å snakke, så dette var i stor grad «Goddag mann, økseskaft», men for oss som er meir opptekne av korleis han snakkar enn kva han seier, så var dette heilt topp.

Men klokka gjekk fort, og i tre-tida hadde vi ein ny avtale med ei dame i 50-åra, som vi skulle møte i Veroqua. Og igjen var det nesten berre  å avbryte samtalen med Sam for å kome seg vidare, og berre to minutt for seint var vi på plass i eit hjørne av biblioteket her i dette gamle sogning-strøket. Vi rigga opp utstyret vårt raskt, og denne dama var tydelegvis uroleg, for i dag er det val av representantar her i Statane, og vi hadde nok litt samanfallande syn på korleis vi håpa – og frykta – dette ville gå. Men trass i denne uroa var ho veldig snakksam og ga oss gode data og nærare forståing av korleis bakgrunnen hennar var. Vi både henta inn info om bakgrunn og gjorde nokre «games» for å få henne til å fortelje ei historie på norsk og på engelsk. Og da vi ei stund seinare kunne pakke saman opptaksutstyret, visste vi at no tok dette feltarbeidet til å ta slutt snart, det er berre ein igjen som vi skal intervjue: Vi har avtale med dottera til denne dama medan vi er i Madison på konferanse; ho er student i byen, rundt 20 år og dermed den desidert yngste talaren i materialet vårt. Dessutan har ho to yngre sysken, så «to be continued», som dei seier.

Vel tilbake i Mazdaen bestemte vi oss for å køyre tilbake til La Crosse og avslutte denne runden med felt arbeid med ein matbit og ein ølskvett oppe på 3rd street. Men her må det seiast at vi sjølve var nokså nære å drive matauk på vegen mot La Crosse. For rett som det var (midt mellom avkøyrsla til Bohemiryggen og  Indi-bluffa for lokalkjende) så kom det springande tre hjortar over vegen – nok så nære, men ikkje kritisk nære. Eg trampa på bremsa og reduserte farten, og det var frykteleg bra, for like etterpå kom det fjerde dyret (som denne skapningen blir kalla her borte – deer = dyr), og denne gongen var ikkje klaringa så veldig stor – heldigvis gjekk det bra.

I La Crosse, litt seinare på kvelden, søkte Lykke og fromme seg litt på måfå ut i nattelivet. Vi fann ei burger-kneipe nede i sentrum der vi fekk oss ein matbit, og rett over gata var det også ei kneipe der ein kunne få seg eit glas med kald øl.

Og her sluttar soga om Lykke og fromme på feltarbeid for denne gongen. Det som ventar no, er reise austover til Madison, WILA-konferanse med presentasjonar for oss begge, deretter tek vi avskil på søndag der Lykke reiser medan eg blir igjen på prærien: Eg reiser til La Crosse da for å sjå innom Larry igjen, deretter set eg kursen mot Chicago måndag. Og tysdag sit eg på flyet sørover mot nye feltarbeidseventyr – denne gongen blir det pampaslingvistikk i Argentina. Eg tek pause i blogginga til da.

Å slik går nu dagan ……

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Tysdag 8. november 2022: Westby, Viroqua og La Crosse

Måndag 7. november 2022: La Crosse, Westby, Con Valley og Norskedalen

I dag måtte vi opp tidleg, og i kjent Lykke og fromme-stil så var ikkje alt heilt på stell når det gjeld avtalar, plassar, informantar og slike ting. Vi hadde rett nok avtale om å møte Doug klokka ni, men fram til i går kveld hadde vi litt vage meiningar om kor dette møtet skulle skje. Så vi sendte ein e-post til den såkalla Vanilje-kyrkja (som framleis er konkurrent til Sjokolade-kyrkja – 150 år etter splittinga og striden om predestinasjon og over hundre år etter at dei ulike synodane slo seg saman igjen), og seint i går kveld fekk vi svar om at vi var velkomne i møtelokala der for å gjere opptak. Vi visste heller ikkje kor mange som ville kome, men vi hadde jo eit lite håp om at Doug skulle få tak i nokre. Resultatet viste seg derfor å vere at vi hadde vi ein plass å vere, men ikkje så mange andre enn Doug å prate med. Men sekretæren i kyrkja tok ansvar og kasta seg over telefonen, og snart hadde ho ei lita liste med namn for oss. «Heilt konge», som ungdommen gjerne seier!

Så da starta vi med Doug, og han er ein erfaren informant som har vore med på dette mange gongar, og Lykke drog lasset denne gongen og klarte å dra ut ein dryg time med opptak av denne karen. Og når Doug var ferdig, stod det ein ny kar og venta på oss, ein av dei beste lefsebakarane frå Skogdalen (som no har flytta inn til byen etter at heimen hans vart heilt øydelagt av flaum for nokre år sidan). Igjen så vart det ei veldig triveleg stund med ein veldig oppegåande norsktalar her.

Så vart det plutseleg lunsjtid, og da måtte Lykke og fromme prøve å finne ein plass å ete. Tidlegare har Borgens kafé vore sikkerstikket for prærielingvistar, men etter pandemien er det veldig mykje som har endra seg, også matvanene her ute på dei store viddene. Så no er Borgens stengt fleire dagar i veka, inkludert måndagar. Vi såg oss litt rundt i Westby, men alt av etarplassar såg stengde ut, så derfor køyrde vi ned til Coon Valley, der det også er nokre slike plassar. Men også i Coon Vallary var alt stengt, så vi endte faktisk opp med å kjøpe oss litt mat på bensinstasjonen. Deretter måtte vi innom Norskedalen – her er det alltid eitt og anna norskamerikansk stæsj ein kan plukke med seg heim. Dessutan måtte vi jo inspisere det gamle norske landsskapet her, og da gjekk vegen vidare oppover Skogdalen, planen var å sjå hoppbakken, men da må ein jo svinge av ved Skogdalskjerka for å kome opp Øyumsdalen. Men slike svinge-detaljar er tydelegvis lette å gløyme, så vi fortsette med stø kurs opp dalen, og om til slutt opp på prærien igjen, ikkje langt frå Cashton. Derifrå fann vi (utan GPS) tilbake til Westby og det gamle hardware-ståret til Degnes, som no mest er eit utsal av norskamerikansk juggel. Vi prata med folka der og kjøpte også med oss nokre småting. Så dette var ein dag full av moro. Etter Degne-ståret sette vi kursen tilbake til La Crosse, og da måtte vi sjå innom Larry. Dette er ein fantastisk type som er utruleg glad når han får snakke norsk, og tidlegare har eg alltid brukt han som kontaktperson. Men no er kona hans sjuk, og det krev absolutt sitt nær sagt døgnet rundt. Uansett, vi hadde det veldig triveleg med litt småprating der.

Vegen vidare inkluderte ein tur innom det store grosseri-ståret i La Crosse (tidlegare Quillins) og også ein aldri så liten svipptur forbi Madison street. Vi stoppa ikkje der, berre køyrde roleg forbi det som var heimen mine for over 30 år sidan. Dette er absolutt ein stad der eg har veldig mange gode minne – memory lane, som dei seier: Det var ein heilt fantastisk periode i 1986-87 som på veldig mange måtar har forma meg, både fagleg og på andre måtar; eg kom jo dit for å dokumentere det amerikanorske språket, og det er jo derfor eg er her i dag også. Og så var det middagen da; rett ved sida av hotellet er det ein gammal togstasjon som no er restaurant, og dit fann vi vegen. Og det var eigentleg ei veldig fin avrunding av dagar på vegen. Vi skal framleis drive litt med feltarbeid, men no er det i litt meir faste former, og vi skal overnatte meir enn ei natt på same plassen. Og det siste er veldig stas 😊

Og slik går nu dagan…..

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Måndag 7. november 2022: La Crosse, Westby, Con Valley og Norskedalen

Søndag 6. november 2022: Alexandria, Brooten, Wanamingo, La Crosse

Søndag – og endeleg ein litt lang søndagsmorgon. For det første har vi ikkje avtale før i Brooten klokka eitt; dessutan fekk vi ein time ekstra på grunn av at amerikanarane slo til med vintertid i natt. Så dermed vart det ein litt roleg morgon med god tid over kaffikopp og avis før vi pakka saman «stoffet» vårt. For å sleppe å sitte i bilen og vente på at klokka skulle bli halv eitt, sat vi i resepsjonen i staden og jobba litt. Og ikkje minst brukte vi tida til å tulle: av ein eller annan grunn (joda, grunnen er nok at vi til tider sit time etter time i bil medan vi rullar over prærien, og da er det jo fint å finne noko å korte tida med) så har vi fått det for oss at vi skal kommunisere på eit tullespråk som kanskje kan minne om prærie-lomsk, der trykkforskyving, preaspirasjon av klusivar og etterleddstrykk er sentrale ingrediensar, i tillegg til dativ og slike heftige ting. Og for oss to som driv med dette, er det (til tider) veldig moro (når ein absolutt ikkje har noko anna å bruke tida på), men for andre blir det sikkert oppfatta som eit sikkert teikn på ein eller annan alvorleg psykisk diagnose. Men altså, vi kan bruke time etter time på å tulleprate på denne måten. Når eg tenker meg om, så kan eg vanskeleg forestille meg at Seip og Selmer eller Haugen og Oftedal dreiv på med slike ting – men for Lykke og fromme er dette absolutt «innafor».

Så ja, i tolvtida lempa vi tinga våre (som etter kvart har vorte nokså mange) inn i bilen. Og for å seie noko om bilen – vi bestilte ein liten SUV, og det var vel også det vi fekk, ein Mazda CX 30, som burde vere meir enn stor nok for to, men når vi fyller opp bakrommet med to store koffertar, er det ikkje meir plass der, så baksetet er også nokså bomba. Logistikkmessig er det veldig bra at vi berre er to på denne turen, det er rett og slett ikkje plass til ein tredje i baksetet. Men så er vi også berre to, jau, jau, slikk e de ….

Også denne gongen sleit vi litt med å finne fram i Brooten, for dette er absolutt det som må kallast rurale strok. Men Lykke og fromme har jo vore ute ein vinterdag før, så vi fann fram i rimeleg grei tid. Eigentleg så godt tid at vi (på tulle-gudbrandsdalsk) starta diskusjonen om vi berre skulle sitte i bilen til klokka var eitt, eller om det var «innafor» å ta kontakt litt tidlegare dersom ein no skulle vere så uheldig å kome for tidleg – ingen av oss to er eigentleg slik innretta at vi bruker å kome for tidleg og har lang erfaring med det. Det vart til at vi banka på.

Her hadde kontakten vår invitert ein dame i 90-års som kunne snakke norsk. Og det gjorde ho sikkert, utfordringa vår var at dottera var med som sjåfør og hadde uvanleg stort håp om at mora skulle stå fram som ei stor språkstjerne. Og om det er litt krevjande å hente fram eit litt skranglete språkregister litt på sparket, så blir det ikkje særleg betre av at etterslekta er med og i klarspråk melder inn kva forventingar dei har til fleirspråklegheit og mangfald. Men joda, dama snakka jo ho, og det var eigentleg ei veldig triveleg stund vi hadde der. Vi skulle gjerne ha vore der litt tid, men prærielingvistikken er ein hard herre, vi hadde ein litt uklar avtale om møte heilt nede i Wanamingo (fire timar med bil), så etter at vi hadde fått gjort opptaka våre, måtte vi berre reise vidare søraustover inn i trøndsk landskap, til Goodhue county og Wanamingo, der vi skulle møte inntrøndske Irene. Dermed var det berre å finne fram det  tulle-gudbrandsdalske registeret og navigere seg gjennom nesten fire timar med prærielandskap. Vi kom fram til Wanamingo i tidleg-kveldinga, og vi hadde eit veldig triveleg møte med Irene. Vi hadde eigentleg mykje å oppdatere kvarandre på etter nesten fire år, og ho ser ut til å klare seg bra, sjølv om ho vart åleine for eit lite år sidan. Opptaksutstyret kom også fram, så unge Lykke kunne da hente inn strukturerte data, i tillegg gjekk opptaksutstyret medan vi drakk kaffi og åt pai. Og viktigast av alt, så var dette ei veldig triveleg stund. Men det tok til å bli seint, og vi hadde framleis rundt to timar vidare før vi var i La Crosse, der vi skulle overnatte. Denne etappa gjekk heilt glatt: etter å ha teke avskil med Irene kunne vi på tullegudbrandsdalsk kommentere oss igjennom eit nytt landskap før vi etter kvart var nede i dalen og ved Mississippi-elva. Deretter trong eg litt hjelp frå GPS-en, sidan eg ikkje er heilt sikker på kor dette hotellet er. Men joda, vi fann det, og dette er absolutt «all time hight» når det gjeld overnatting, phæntæstic!!!! Alt av restaurantar ser ut til å vere stengt no, så vi ende opp med ein pizza og litt øl på rommet før vi tok kvelden: makelaust!!!

Og slik går nu dagan i dette mangfaldige språklandskapet ….!

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Søndag 6. november 2022: Alexandria, Brooten, Wanamingo, La Crosse

Laurdag 5. november 2022; Fargo, Alexandria

I dag vakna eg i litt meir «vanleg» tid, eg tek altså til å bli akklimatisert til rytmen her på viddene. Og dagens avtale var med ein av dei norskamerikanske småkongane her i Sons of Norway-losjen i sentrum klokka 11. Morgonen brukte eg til ulike småting av meir administrativ art, og litt før elleve var prærieskonnerten fullasta og klar.

Å finne fram til losjen var lett – i alle fall når ein har hjelp av GPS. Og i døra der vart vi møtt av to trivelege karar, kontakten vår og leiaren for losjen. Og begge snakka godt norsk. Det var veldig tydeleg at for dei var det veldig viktig å vise fram sjølve losjen, og det står ikkje å nekte for at dette er eit imponerande bygg med både restaurantdel, festsal og bar. Karane la ut om alle dei ulike detaljane ved bygget, medan Lykke og fromme hengde seg på og prøvde å ta inn over seg dei ulike interiørarkitektoniske detaljane. Eg trur kanskje at vi begge to syntest at dette var litt «over the top», for det var ikkje måte på korleis vikingar, troll og bonderomantikk vart koka saman. Men samtidig var dette veldig fascinerande for slike som oss.

Vi hadde eigentleg venta ein liten kø av språkmektige her, men det var det ikkje, no når hjortejakta har starta, så er det nok uråd å kalle inn språkmektige norskamerikanarar på så kort varsel. Men ein får ta til takke med det ein har, derfor konsentrerte vi oss om dei to vi hadde, og det var eigentleg interessant nok. Presidenten i Sons of Norway er er pensjonert prest, og han studerte ei tid i Noreg, i tillegg til at han ei kort tid var prest i Salten. Og dette hadde sett språklege spor: han fortalte at faren var det som dei i Westby ville kalle «Flekkefjording», med bakgrunn på Sørvestlandet, og dette prega til ein viss grad språket hans.  For til vanleg snakka han «bokmålsk», altså litt norsk etter læreboka. Men så glei han etter kvart over til å bli sørlending med bløde konsonantar og mild stemme. Deretter kunne han varte opp med nordnorske intonasjonsmønester, i tillegg til «æ» og «ikkje». Dette var ei veldig interessant stund, og sjølv om vi ikkje fekk så mange som vi hadde håpa på, så var det veldig interessant å møte desse to. Litt over klokka eitt hinta dei at dei hadde andre avtalar snart, og så godt danna som Lykke og fromme er, tok dei hintet. Så i to-tida tok vi ut kursen mot Alexandria, ikkje langt frå Glenwood. For vi har dei siste timane fått hint om at det kanskje kan vere fleire norskspråklege i området rundt Glenwood som gjerne vil snakke med oss. Og vi kunne sjølvsagt ha sett kursen mot Wisconsin med ein gong, men trass alt så er det laurdag, og det kunne jo vere litt OK med ein bitteliten pause frå organisert prærielingvistikk. Motellet i Alexandria var ei aldri så lita oppgradering frå motellet i Fargo, sjølv om vi ikkje kan snakke om uhemma luksus. Men det var reint (noko eg med alderen har lært å setje pris på), og senga var også rimeleg bra (og det har eg heller ikkje noko i mot). Men her hadde vi ingen kontaktar, så eigentleg var planen vår å vere her litt i håp om at det skulle dukke opp litt fleire i Glenwood-området, og det gjorde det faktisk. Kontanten vår, Arlene, meinte at ho kunne skrape saman eit par til som vi kan ta i morgon. Så da er det berre å vente. Vi hadde ein roleg ettermiddag og kveld, og det var eigentleg godt etter nokre hektiske dagar. Og kvelden vart runda av på «etarplassen» ved sida, der vi hadde selskap av mange jegerar i kamuflasjedressar om kanskje hadde noko å feire, og kanskje ikkje.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Laurdag 5. november 2022; Fargo, Alexandria

Fredag 4. desember 2022: Fargo og Ulen

Nede i Glenwood bles det veldig, ja så kraftig at vi kanskje trur at vi fekk ein aldri så liten bulk av nabobildøra på parkeringsplassen ved motellet. For det var verkeleg krefter på gang, og Lykke fekk seg ein god trykk i trynet da døra hans starta opp heilt på eiga hand. På veg opp til Fargo regna det rimeleg godt, og no er det klårver, men kaldt. Altså minusgradar, men eigentleg ikkje noko dramatisk. Men når vi for eit par dagar sprada rundt i t-skjorte kjem no både boblejakke og sixpencehuva til sin rett – og vel så det, eg frys lett her på flatlandet. I dag hadde vi avtale om å møte ein gjeng norskspråklege karar oppe i Ulen, MN, og det måtte skje etter «middag», for i denne delen av verda er det best å ete «middag» heime, og det skal naturlegvis skje «klukka tøll». Så derfor er det mest praktisk å møtast klokka eitt.

Vi brukte morgonen til lett kontorarbeid før vi sala opp Mazdaen, sette Ulen inn i GPSen og starta motoren. Ulen skulle ligge ein liten times tid unna, og som svært lydige karar gjorde Lykke og Fromme akkurat som stemmen i GPS-en sa (dama i denne boksen har for anledninga fått namnet Hjørdis). Og turen gjekk jo greitt den, og den hadde sikkert gått heilt glatt og uproblematisk om ikkje eg var fargeblind. For det var tydelegvis eit litt iltert raudlys som stod og blinka på dashbordet når vi bevega oss inn i Minnesota, eg vart merksam på denne gråsjatteringa da vi passerte Rollag, og da skulle tanken vere nesten heilt tom medan vi framleis hadde mange mil igjen til Ulen, der det faktisk skulle vere to bensinstasjonar. Og eg skal ikkje nekte for at tanke på å høyre eventuelle kommentarar frå det nære forskarmiljøet om at han derre Fromme skulle ha gått tom for bensin, ikkje var særleg tiltalande. Og dei siste kilometrane før Ulen sat eg stort sett og såg på GPS-en og bensinmålaren. Vi klarte det, og sidan Ulen som sagt faktisk har to bensinstasjonar (og svært lite anna av urbant stæsj), kunne vi faktisk nesten velte oss i rekkeviddeluksus gjennom å kunne velje å tanke i stasjonen på både venstre og høgre sida.

Utafor Ulen-museumet stod det to gamle kjenningar og venta, tvillingane frå Flom, og ikkje lenge etter dukka den eine etter den andre opp slik at vi til slutt var seks språkmektige samla der. Igjen, så var dette i meste laget for oss to å turnere, men kontakten vår tok på seg rolla som underhaldar på venterommet, medan Alex og eg installerte oss i kvar del av lokalet. Og på dei fleste hadde vi alt bakgrunnsdata, og dermed slapp vi å bruke tid på nettopp det. Den einaste nye var ein stuggudaling tidleg i 60-åra, han var andregenerasjons innvandrar sidan mora hadde kome over som gift med ein norskamerikanar med røter i Tydalen. Og historia hans var nokså interessant, han snakka noko som likna på bokmål, men han hadde snakka (nesten?) berre tydaling til han var fire, deretter tok engelsken over, og han hadde lenge unngått å snakke norsk til foreldra, sjølv når dei snakka norsk til han. Men da han vart student, vart interessa hans for opphav og språk vekt igjen, og da hadde han altså lært seg eit meir normert talemål. Men det var også tydeleg at han ikkje snakka eit andrespråk, til det snakka han for godt. Og det er også godt å sjå at det enno finst «unge» prærietalarar (og her ute på viddene vil eg hardnakka hevde at dei som er jamgamle med Beatles eller yngre, representerer eit «ungdomsspråk»).

Vi fekk samla inn nokså mykje data her, og eg trur også at kvaliteten denne gongen er betre enn det vi fekk samla i Glenwood. Tida går fort i godt lag, og dette var eigentleg første dagen at det verkeleg svinga litt 😊 Men samtidig er det også eit spørsmål om kapasiteten vår: I gamle dagar brukte eg gjerne å reise rundt frå farm til farm, og da tok eg meg veldig god tid på kvar – dermed klarte eg heller ikkje meir enn to om dag, ein før lunsj og ein etter. Men no prøver vi altså å gjere unna seks på relativt kort tid, og det er jo veldig bra, men også krevjande – både mentalt (etter å ha snakka med seks er det av og til umuleg å hugse kven som har sagt kva, og derfor kan også oppfølgingsspørsmåla bli litt håplause) og logistikkmessig (kor lenge skal ein kunne plage folk til berre å sitje og vente?). Men utpå tidlegkvelden var vi eigentleg ferdige, folk tok til å bryte opp, og vi kunne også pakke saman «stoffet» vårt og lempe det inn i bilen. Vi tok avskil, med full tank og i sur vind og vakker solnedgang kunne vi kruse ut frå Ulen, passere de mindre kjente stadnamnet Hjelde-brusken (på høgrehanda) på veg mot motellet vårt i Fargo (For det budde ein Hjelde-familie rundt Ulen). Og kvelden vart avslutta med eit mål mat på den meksikanske restauranten og litt småprat på rommet før vi heilt tok kvelden.

Og slik går nu dagan på prærien.

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 4. desember 2022: Fargo og Ulen

Torsdag 3. november 2022: Glenwood (MN), Brooten (MN), Fargo (ND)

I dag er vi skikkeleg i gang med feltarbeid, og for å vise at Lykke og Fromme også har god kompetanse i det litterære feltet, skal vi denne gongen utforske fenomenet synsvinkel. Så i dette innlegget skal altså både Lykke og Fromme få kome til orde, og da blir det kanskje litt opp til lesaren å vurdere om vi har ein upåliteleg forteljar med oss eller ikkje.

Så altså, først ut er Lykke:

Jeg sto opp kl. 08.30, og spiste frokost mens jeg så Fresh Prince in Bel Air på en TV som sto på så høyt i frokostrommet at det var ikke noe alternativ til å se på den. Heldigvis var TV-serien en gøyal klassiker. Etter det tok jeg dagens beste avgjørelse og løp meg en tur langs lake Minnewaska; i shorts og T-skjorte. Kun et par timer seinere merka jeg at været holdt på å snu. Det var varmere klokka 0930 enn det var kl. 12.30.

Vi rakk ikke å kjøpe lunsj på Subway i Glenwood, for der var det lunsjrush, og vi hadde dårlig tid. Men jeg glemmer ikke at vi gikk inn der, og det var stille der, og så snakka vi norsk, og da snudde to-tre stykk i køa på fire seg og så kjapt på oss før de vendte bort blikket. Jeg trur dessverre ikke det var norsken de kjente igjen. De var nok ikke så vant med å ha utlendinger i denne lille byen på ca. 2500 innbyggere som ligger et lite stykke vekk fra nærmeste interstate highway (Som er Hw 94).

Vi plotta inn adressen til et lite hus ute på prærien på GPSen. Der skulle vi møte 5-6 mennesker som snakka norsk. Det huset lå så langt ute på bondelandet at Arnsteins trofaste GPS ikke fant veien. Vi kjørte feil vei en stund. Heldigvis dobbeltsjekka jeg adressa på Google maps. Vi måtte nedprioritere GPSen og jeg kartleste oss manuelt fram til 13595 320th Street, Brooten, MN.

Der var det ei hyggelig hvithåra dama med glimt i øyet som møtte oss. Hun hadde satt på en stor mangeliters kjele med kaffe til de potensielle gjestene. Og 10-15 små flasker med sukkerfri Gatorade hadde hun også satt fram for å smøre tørre struper. Det tok ikke lang tid før det begynte å komme folk. Og disse folka snakka norsk.

Vi blei hjemme hos den hyggelige dama i flere timer og snakka mye norsk. Det vil si, mine opptak gikk bedre enn Arnstein sine, for han hadde tre talere på en gang, og et par av dem hørte så dårlig at de ikke skjønte hva han sa til dem, så de begynte å snakke høyt seg imellom på engelsk. Men, vi fikk noen data i havn, og jeg var i det minste fornøyd.

Vi var ferdig der rundt kl. halv fem, og hadde booka oss motelrom i Fargo, ND for natta. Det var ca. tre timer å kjøre. Så vi satte oss i bilen og kjørte av gårde. Framme i Fargo har været snudd. Nå er det så kaldt at der jeg gikk i bare skjorta i går kveld, er ytterjakke og skjerf nå for lite til å holde meg varm. I morra finner jeg fram en genser!

Motellet var som vi er vant med; litt slitent, med litt ymse klientell. Noen som ser ut som de verken har hørt om hårbørste eller dusj, andre som har en litt særegen lukt av «eksotiske» urter idet de kommer inn fra å ha tatt en røyk. Og så noen som oss, folk på jobbreise som ikke har det rammeste budsjettet. På rommet mitt lukter det litt «rart» (kloakk fra do eller badet?), men rommet virker reint, og hvis jeg lukker døra kjenner jeg knapt kloakklukta. Kjøleskapet virker som det skal og senga ser rein og nyoppredd ut. Det er et amerikansk motell ved det vanlige, med andre ord.

Vi gikk for å spise på meksikansk restaurant rett før klokka var 21, men kjøkkenet deres stengte akkurat da. Så da havna vi på baren som er knytta til motellet. Det er en vaskeekte dive bar med en del forskjellige typer gjester. Hovedrettene var diverse typer pizza, og lite annet, så vi kjøpte det. Det var høy musikk, og jeg hadde sportssendinger fra tre forskjellige kanaler i synsfeltet mitt mens vi spiste. I tillegg til diverse originaler som passerte foran øya, mens vi fordøyde dagens føde. Vi drakk et par øl der, og vi avrunda dagen med en øl til på rommet.

I morgen skal vi gjøre opptak i Ulen, MN, dvs. rett over grensa til Minnesota igjen. Der skal vi møte en gammel bekjent som jeg setter stor pris på. David,  som er tredje generasjons amerikaner som snakker flytende hallingdialekt. Så ja, vi er godt i gang, og feltarbeid går som før!

Og her er Fromme si oppleving av dagen:

I dag vakna eg som vanleg nokså tidleg, og sidan vi ikkje hadde nokon avtale før «early afternoon», fekk eg unna litt møte og kontorarbeid. Tidlegare kunne ein melde seg heilt ut av verda når ein var ute på prærien, men etter pandemien er det framleis mange møte som går på Zoom, og så lenge ein da har internett og ingen andre avtalar, er det vanskeleg å isolere seg heilt. Alex og eg hadde eigentleg tenkt å ete litt lunsj før vi starta ut, men køen på Subway gjekk utruleg seint, og til slutt måtte vi berre bryte av og sette oss i bilen med uforetta sak. Vi prøvde å stille inn adressa i Brooten på GPSen, men utan å få direkte treff. Men vi starta lell, sånn litt i halvblinde, og dette gjekk da heller ikkje meir enn passeleg bra. Snart var vi ute på smale vegar, eller «døstrådar», som dei nok ville seie her. Likevel, gjennom kombinasjonen GPS, Google maps, og ikkje minst ein stor porsjon flaks fann vi heimen til Arlene heilt utan problem. Etter kvart tok det til å renne inn med folk, og vi tok raskt til å forstå at dette ville bli meir enn vi kunne klare å ta unna. Snart var det fem ivrige norskspråklege samla rundt kjøkenbordet til Arlene. Vi bestemte da at vi skulle dele gruppa i to, så eg tok med meg dei tre mennene inn i stovedelen, medan Alexander varta opp «kjerringane» på kjøkenet. Eg oppdaga fort at dette ikkje ville gå så veldig bra. For den eine, som høyrde nokså bra, ville gjerne snakke med meg. Ein annan ville nok også, men han var frykteleg tunghøyd, slik at det var uråd å inkludere han i samtalen. Og tredjemannen kunne nok også litt norsk, men ikkje så mykje som dei to andre: Da han var liten, ville ikkje foreldra at han skulle lære norsk og slite med skolespråket slik dei hadde gjort. Dermed vart det til at den tunghøyrde og den mindre norskspråklege oppretta eit eige dialoghjørne i sofaen. Dei var på ingen måte lågmælte, noko som heilt klart øydela kvaliteten på opptaket. Eg innsåg også at å hysje på dei heller ikkje ville hjelpe – dei var jo trass alt inviterte for å snakke. I gamle dagar fanst det også prærielingvistar som utan vanskar ville ha klart å etablere ro og disiplin på tilhøyrarbenken, men denne typen kustus er nok noko som ikkje heilt ligg til min natur.

Alexander var litt meir nøgd med innsatsen sin, og det betyr at vi i det minste fekk med oss litt data herifrå som vi kan bruke, men fangsten kunne nok heilt klart ha vore av litt betre kvalitet denne gongen.

Da seansen var ferdig, sette vi oss i bilen og sikta oss inn mot Fargo. Og etter nesten tre timar i bil var vi framme i Fargo i Nord-Dakota, der vi skulle vere i to netter. Motellet vi hadde, var ein nedtur samanlikna med den siste natta i Glenwood, men det får duge for oss no. Og i morgon ventar gamle kjenningar i Ulen.

Og slik går nu dagan her ute på prærien….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Torsdag 3. november 2022: Glenwood (MN), Brooten (MN), Fargo (ND)

Onsdag 2. november 2022: Glenwood, MN

I dag vakna eg til «vanleg» tid, dvs. noko som kan minne om norsk tid, og det betyr jo at ein kjem seg opp av senga i rimeleg tid. Vi hadde ein enkel frukost (vaffel & kaffi) og sjekka ut før vi sette kursen mot hovudgata. Etter bittelitt slit med å finne fram til denne møtestaden, kunne vi nokre minutt over ti storme inn på grosseriståret og kaffikroken der. Her satt den lokale formannen i SoN saman med to andre karar, og det var altså desse to som skulle vere så språkmektige. Men denne språkmektigheita var nok dessverre litt oppskrytt, for etter å ha ramsa av seg eit par norske gloser måtte den eine gå, og den andre kunne samtidig melde at han aldri hadde lært norsk, derimot meinte han seg godt kompetent til å synge ulike «norske» songar om ulike utfordringar knytt til kunsten å ete lutefisk. I eit utslag av ekstrem optimisme hadde vi også drassa med oss eit lass med opptaksutstyr – men vi pakka det aldri ut. Bomtur, altså. Etter litt kaffi og småprat tok vi turen ned til county-museet, og om det heller ikkje der var så veldig mange språkdata å finne, så var det mykje anna der som bør interessere prærielingvistar som oss. For her var det fullt av gamle kart, bøker og protokollar av ymse slag som dokumenterer historia til Pope County. Og det fine er at mykje no også er digitalisert og er/skal bli tilgjengeleg gjennom nettet. Vi hadde to veldig trivelege timar nede på museet.

Motellet vi hadde i natt, var ikkje akkurat så mykje å skryte av, og etter kvart tikka det inn ei meldig om at vi hadde ein avtale om intervju klokka 4, men han lurte på kor vi skulle vere. Derfor har vi også oppgradert motellet litt slik at vi kan gjere intervjua på rommet, og det nye motellet mellom sentrum og vatnet var absolutt prima. Eg har rett nok vore her ein gong tidlegare, men eg hugsa likevel ikkje at det hadde slik standard. No må det også leggjast til at motella her no held norske prisar; medan ein tidlegare kunne sove reint og godt for rundt 800 kroner natta, må ein no gjerne opp i 1300. Dollarkursen har det meste av skulda for dette, i tillegg til  amerikansk inflasjon. Så altså klokka fire dukka det opp ein kar som var svært ivrig etter å snakke norsk. Du store min som han snakka, og i løpet av dei nesten tre timane han var innom oss, ga han oss svært mykje data. Så bomturen no tidlegare i dag vart på alle måtar gløymt når det også finst folk som dette. Moro for oss, og eg trur også at det var moro for han.

Vi runda av kvelden med ein tur ned på restauranten nede ved «leiken» der det vart steikt walleye. Gode og mette kunne vi runde av dagen.

Og slik går nu dagan i Minnesota…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 2. november 2022: Glenwood, MN

Måndag 31. oktober og Tysdag 1. november 2022: Halden, Chicago, Beliot, Koshkonong, Glenwood

Så blir det altså feltarbeid i år også, og denne gongen blir det ein skikkeleg tur der både prærie og pampas skal dekkast i løpet av fem veker. Det er no fire år sidan sist eg var på prærien, og er litt spent på om det framleis er muleg å finne nye språkbrukarar ute på dei enorme viddene. Det vil vise seg. Turen starta i grei tid, klokka ni sette eg meg på toget i Halden, og eit par timar seinare møtte eg Alexander på perrongen til flytoget, og det er altså vi to som no skal prøve å utforske og dokumentere ulike finurlege språktrekk ute på dei amerikanske åkerviddene. Tidlegare har eg hatt litt blanda erfaring med Islandair når eg har kryssa Dammen, men denne gongen gjekk det heilt fint, flya gjekk etter ruteplanen, overgangen i Keflavik gjekk også utan plunder og heft, og på vegen vidare kunne vi etter seks kjedelege timar i lufta lande i Chicago. Eg har tidlegare opplevd passkontrollen i denne storbyen som litt trøblete, men denne gongen gjekk det veldig glatt, og eg meiner også å kunne sjå noko som med litt godvilje kunne like på eit smil hos ho som satt i skranken, men det er eg litt usikker på. Trygt igjennom alle kontrollane kunne vi fortsette reisa med eit ekte lokaltog frå flyterminalen og ut til parkeringsområdet. Her skulle vi hente ut ein leigebil, noko som i og for seg gjekk greitt, kanskje med unntak av at køen gjekk frykteleg seint, og dama som styrte med dette hadde lite peiling på kva ho dreiv med og heller ikkje var så veldig lett å forstå der ho mumla med stor tyggis bak munnbindet. Men ho kunne altså fortelje at når vi skulle nordover mot Wisconsin, så måtte vi følgje ein bomveg; men sidan leigebilen ikkje hadde brikke, og dei ikkje tok imot myntar her, så måtte vi dessverre belage oss på å få bot, eller rettare bøter. Og det ville nok bli mange bøter sidan vi skulle igjennom fleire stasjonar før vi kom til Wisconsin. Kort sagt, dette kunne bli ein svært kostbar tur. Men heldigvis var denne dama av dei mindre opplyste, for når vi kom til bilen og fekk snakka med folk der, kunne dei fortelje at joda, brikke var det i bilen, så dette ville på ingen måte bli eit problem. Så i lånt Mazda kunne vi setje kursen nordover til Beloit. Vi fann fram til motellet, som i og for seg var OK, og vi kunne avslutte dagen med litt påssåmat før vi gjekk til sengs.


I dag tidleg vakna eg i kjent stil nokså tidleg, klokka var berre fem, og det var uråd å aktivere Ole Lukkøye igjen, så rundt seks orka eg ikkje å liggje meir, så eg karra meg opp og arbeidde litt med ulike ting, ikkje minst det å prøve å finne fram til nye kontaktar for oss her på prærien. Det vart ein roleg morgon, rundt ni møtte eg Alex i frukostsalen, vi fekk etter kvart pakka bilen og var klare for å møte alt kva dette prærielandet har å by på. Første stopp var naturlegvis Koshkonong, for når ein først er i denne delen av landet, er ein som prærielingvist nesten forplikta til å sjå innom her. Koshkonong i den søraustre delen av Wisconsin blir rekna som eit av dei første vellykka norske settlementa, og her var det fleire tusen av norsk ætt som slo seg ned. Norskamerikanarane kalla gjerne denne plassen Kaskeland, og derifrå var vegen relativt kort for litt avundsjuke i andre bygdelag til eit litt med nedsetjande Kakseland. Folkehumoren vart tydelegvis med i amerikakofferten også.

Vi sette kursen mot kyrkja her, og det var to ting som særleg slo oss. For det første var kyrkjegarden veldig interessant, for her var det mangle gamle gravsteinar med norske namn og inskripsjonar. Men det mest slåande var at det her sto to norskamerikanske kyrkjer midt ute på prærien med berre eit steinkasts avstand. Og igjen er dette knytt til norskamerikanarane si godt utvikla evne til krangel og ufred. For rundt 150 år sidan så rauk dei uklare over spørsmålet om predestinasjon. Eg er absolutt ingen teolog, så eg skal ikkje gå i detaljar her, men det store spørsmålet gjekk på om frelse og fortaping var bestemt på førehand eller ikkje. Og slike spørsmål var altså så vanskelege at ein del av menigheita bestemte seg for å bryte ut og byggje si eiga kyrkje. Så er det no så rart at det er krig i verda, kan ein lure, når slike teologiske finurlegheiter kunne splitte naboar, vener og familiar?

Det var nokre damer som arbeidde her, og dei inviterte oss inn for å sjå oss rundt. Den eine var lokalhistorikar, og ho ga oss ein solid introduksjon av kyrkjelivet i både tidlege og nyare tider her på prærien.

Etter denne danningsreisa måtte vi bestemme oss for kva vi no skulle gjere, og i god Lykke og Fromme-stil meinte vi at Glenwood kanskje var eit område det kunne vere lurt å oppsøke. Eg hadde i «god tid» for avreisa til Amerika prøvd å opprette kontakt med tidegare kontaktar her, men e-posten kom etter ei tid i retur merka som ukjent mottakar. Men det kunne kanskje vere muleg å finne noko berre vi kom oss dit. Vi hadde også litt lause tankar om at vi på turen skulle stoppe innom La Crosse for å sjå på gitarbutikken hans Dave, og vi skulle også sjå innom Wanamingo og be om å få gjere opptak av kjenningar der. Så vi starta med å stille inn GPS-en til Westby, som jo burde liggje på vegen. Vi begynte å køyre vestover, gjennom Stoughton der Hamsun i april 1883 hadde foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson – stort sett for tomme stolar. Vidare passerte vi Madison, og vi følgde motorvegen vestover. I Wisconsin Dells var det tid for ein matbit, og da sjekka eg e-posten: Formannen i Glenwood-losjen av Sons of Norway kunne melde at det skulle vere SoN-møte den same kvelden klokka 19, og at var veldig velkomne der om vi ville. Det sette eigentleg fart i oss, for klokka var rundt tre alt, og det var over fem timar å køyre. Men dersom vi stod på litt, så kunne vi kanskje rekke det før dei stengde, om da ikkje rushtrafikken rundt dei såkalla tvillingbyane skulle sinke oss. Etter ein uproblematisk biltur kunne vi litt over åtte rulle ned hovudgata i Glenwood. Problemet vårt var at vi ikkje hadde peiling på kor Sons of Norway hadde møte. Vi prøvde oss først i eit kvartal der eit kjapt google-søk kunne indikerte at dei kanskje brukte å samle seg, men der var det daudt. Så snakka vi med nokre tilfeldige på ein parkeringsplass, og dei trudde dei heldt til i samfunnshuset, men der var det heller ingen norske flagg å sjå. Til slutt ringde vi til formannen (noko som vi sjølvsagt burde ha gjort med ein gong), og da fekk vi høyre kor dei var – og at alle hadde gått. Men han skulle vente på oss. Og sølv om dette var bomtur, kunne han melde at vi skulle møte to norskspråklege dagen etter, på kaffi-hjørnet i «grosseriståret» klokka 10. Og dette var jo veldig godt nytt for Lykke og Fromme, og heller ikkje kvaliteten på motellet som vi hadde bestilt, der insekta kravla i taket, kunne ta frå oss kjensla av lykke og oppstemdheit. Så blir det altså opptak på prærien i år også, fire år etter sist eg gjorde det.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet …..

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Måndag 31. oktober og Tysdag 1. november 2022: Halden, Chicago, Beliot, Koshkonong, Glenwood

Fredag 4. desember 2021; Buenos Aires

I dag er siste dagen med feltarbeid for meg denne gongen, og da skulle vi nord for byen, i ein «barrio» som ligg ein dryg halvtime med toget unna sentrum. Avtalen vår var klokka tre, så vi «hotellistane» møttest klokka eitt for å ete lunsj før vi tusla ned på stasjonen der vi også møtte Veronica. Toga her er jamt over fulle, og dei ser også relativt moderne ut, dei ligg på ingan mæte bak det vi er van med på Østfoldbanen. Rimeleg presise verkar dei også å vere, noko som ein vanskeleg kan seie om Østfoldbanen, og hovudinntrykket er derfor godt. Og skal ein også leggje inn billettprisane, så er det ingen tvil om kven som kjem best ut, for i dette landet kjem ein langt for ein tikroner.

I denne forstaden skulle vi møte to, ei mor i 80-åra og dotter på drygt 50. OG her vart det snakka norsk med nokre danske trekk. Mora stamma ned frå to sørlendingar som hadde vandra ut på 1920-talet. Og heime hadde ho berre snakka norsk – spansk i heimen vart ikkje tolerert. Denne dama hadde så i sin tur gifta seg med ein danske, og det er nok spor etter han vi høyrer i språket til dei to. Og særleg dottera var tydeleg prega av denne dansken. Begge likte å snakke norsk, og dei hadde mykje å fortelje om som interesserte oss pampaslingvistane. Så vart det ein lengre pause for å ete, og da var det ikkje måte på kor mykje mat dei sette fram, og det låg ei tung forventning om at no måtte vi verkeleg forsyne oss. Og da har ein liksom ikkje så andre val. Vi fekk også ein kort guida tur i heimen hennar, og dette er folk som like å samle på ulike småting. Mora samla mellom anna på teskeier, og ho hadde ei stor samling med slike skeier, og særleg suvenirskeier hadde ho lagt ein elsk til. Og samlinga må vel seiast å vere nær komplett når til og med ei skei med byvåpenet til Steinkjer hadde funne vegen til samlinga. Elles var det også eit godt utval av både skandinaviske bordflagg, nissar og dokker, vikingskip og tobakkspiper, berre for å nemne noko. Eg er veldig glad for at det ikkje er eg som har ansvaret for støvtørkinga i denne heimen. Banda til kvalfangst og Sør-Georgia var også synlege; i gangen hadde dei eit måleri av fjella og fjorden rundt fangststasjonen Grytviken, og sjølv om dette kanskje ikkje var kunst i verdsklasse, så var det tydeleg at kunstnaaren var ein habil målar. Etter at vi hadde ete, så var det på han igjen med meir opptak. Og her må eg innrømme at eg sleit aldri så lite med å halde meg vaken; eg såg faktisk dobbelt og hadde veldig tungt for å konsentrere meg, og det er i det heile frykteleg å oppleve. Derfor var spørsmåla mine til tider rett og slett meiningslause. Heldigvis er var det andre med som kunne løfte intelligensnivået på utspørjinga og redde situasjonen litt.

Klokka sju måtte dottera stikke, ho hadde ein annan avtale, men slike ting stoppar ikkje oss. Nærare åtte braut vi opp og kom oss med toget tilbake til sentrum igjen. Eg hadde håpa på ein litt lang ettermiddag og kveld med pakking, men det vart ikkje så mykje tid til slikt sidan vi hadde bestilt bord på ein restaurant til klokka 23. Men eg fekk lempa mykje av «stoffet» mitt opp i kofferten, og så får vi håpe at han heng saman til eg er tilbake (noko som ikkje er så sikkert sidan glidelåsen vart delvis øydelagd på turen opp i Misiones. Eg er lite lysten til å finne tinga mine spreidde ut over transportbandet i Oslo.

Kvelden vart runda av med ein betre middag – vi hadde til og med bestilt bord, og klokka var vel rundt to da vi tok kvelden. Og i morgon ventar fly tilbake til gamlelandet for meg, medan dei tre andre blir igjen ei veke til for å gjere meir feltarbeid.

Og slik gjekk nu den siste dagen her på pampasen…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 4. desember 2021; Buenos Aires

Torsdag 2. desember og fredag 3. desember 2021: Buenos Aires

I går (torsdag) hadde vi ingen avtale om å gjere opptak. Derimot hadde vi ein lunsj-avtale: for eit par dagar sidan var vi tre hotellistane ute og gjekk ein liten tur i nabolaget, og da meinte Kari og Marie bestemt at dei tydeleg kunne høyre ei dame snakke norsk til eit lite barn. For å vere ærleg, så trudde eg kanskje at dei tulla litt med meg, men Kari tok mot til seg og strena inn i kafeen der dei to hadde gått in og tok kontakt. Og joda, dette var ei norsk dame, gift med ein argentinar, som var ute og lufta seg og sonen på rundt tre. Og da vart det oppretta kontakt, og i går skulle vi altså møtast på ein ute-restaurant like ved biblioteket. Og det vart ei triveleg og interessant stund saman med denne Andrea –  og etter kvart også ei venninne. Andrea er statsvitar og kan ta på seg desse analytiske  brillene, og ho kunne derfor gi eit relativt kvalifisert bilete over stoda her i dette merkelege landet. For Argentina er verkeleg eit merkeleg og eigentleg dysfunksjonelt land der lite fungerer etter intensjonen, men der folk har lært seg til å innrette seg og gjere livet leveleg sånn litt på kanten av det meste. Av dei tinga vi har merka oss, er pengesystemet her. Den offisielle kursen er at ti pesos er rundt ei krone, men vekslar du dollar på svartebørsen får du ein mykje betre kurs der krona ligg nær tjue pesos. Og i husannonsane er prisane berre i amerikanske dollar – og det har nok samanheng med ein nokså hissig inflasjon. Eg forstår berre ikkje korleis eit så rikt land som Argentina kan ha rota det så ille til for seg.

Lunsjen var som sagt triveleg og interessant, og klokka seks hadde vi ein intern avtale av ikkje-lingvistisk karakter, og no turnerer vi metroen som om vi skulle vere banefødde i denne byen. Avtalen var å møte Kari utafor ein restaurant – ho hadde vore heime hos Veronica for å laste opp nokre file via internett. Og vi fann både Kari og restauranten, og denne restauranten var uvanleg anonym, det var berre ei ringeklokke med eit lite skilt som indikerte at her var det mat å få. Vi prøvde forsiktig å ringe på, en utan noko resultat. Vi prøvde ein gong til, og snart kom det også fleire som gjorde ein liten innsats på ringeklokka. Men som sagt, utan resultat. Vi innsåg derfor at dette neppe ville bli ei suksesshistorie og sette derfor kursen mot meir sentrumsnære strok. Og på vegen dit kom vi over ein liten triveleg restaurant der vi fann ut at vi ville ete. Og på spansk vis delte vi på dei ulike matrettane, som inkluderte både spansk pølse og blodpølse. Pølsa ver veldig god, men blodpølsa heldt dessverre ikkje spansk standard, så det siste var ein liten nedtur. Kvelden vart avslutta med busstur tilbake til hotellet.

I dag, fredag, kunne Marie melde at ho ikkje var heit i form og at ho derfor helst ville bli igjen på rommet. Men vi hadde som vanleg avtale om intervju i dag også – og the show must og on – så Kari, Veronica og eg tok på seg denne oppgåva (dette er ein av fordelane ved å vere så mange på feltarbeid, da blir ein litt mindre sårbar). Denne gongen skulle vi møte informanten vår i 12-tida og litt på utsida av sentrum, i dei litt meir røffe nabolaga. Denne karen skulle vere å finne på eit kontor, var forståinga vi hadde. Vi fekk Uber-transport til denne adressa, og det var ein verkstad med ulike kontor. Og det viste seg at han vi skulle møte, var sjølvaste eigaren, ein triveleg og snakkesalig kar på rundt 70. Og her dreiv dei og laga pakningar, eller sim-ringar til hydraulikkpumper og oljeindustrien. Han viste oss rundt i produksjonslokalet, og her var det verkeleg litt av kvart å sjå seg hag i. Ikkje minst hadde han dreiebenkar, men det fanst også ulike presser, inkludert ei esse i det eine hjørnet. Og historia til denne karen var litt annleis enn det vi har høyrt så langt. For det første hadde han bakgrunn frå «dei andre», foreldra hadde utvandra like etter krigen av grunnar som han var svært open om. Far hans var ingeniørutdanna frå NTH i Trondheim, og her nede hadde han møtt Oskar Schindler, og Schindler hadde så kopla denne ingeniøren med ei litt ugrei fortid med ein jøde som dreiv eit lite firma. Og desse litt umake kompanjongane hadde da bygd opp eit firma på over femti mann som produserte ulike mekaniske ting, og da kanskje særleg hydrauliske pumper. Og no var det sonen som dreiv dette vidare, rett nok i noko nedskalert form. Men det såg ut til at denne karen dreiv godt trass i dei økonomiske vanskane ein elles finn i dette landet. Han hadde mellom anna hatt eit tett samarbeid med svenske firma, som Volvo og Hägglund, og han påstod at han kunne snakke svensk også. Kort sagt, her fekk vi høyre ei noko anna livshistorie enn dei vi har møtt så langt.

Etter intervjuet ville han ta oss med ut for å ete lunsj, og da tok han oss med til ein eldre, ærverdig restaurant ikkje langt unna verkstaden. Også dette var ei oppleving med veldig god mat og vin, og også mange nye historier frå livet her i Argentina. For oss var dette verkeleg eit ekstraordinært møte som nyanserte biletet vi så langt har danna oss av det norsk-amerikanske samfunnet her nede. Og med dette ebba dagen på ein måte litt ut. Marie følte seg litt betre utpå kveldinga, så ho kunne bli med ut for å ete middag på ein bar i nabolaget til hotellet.

Å slik går nu dagan…

 

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Torsdag 2. desember og fredag 3. desember 2021: Buenos Aires